Notholmen – Ei Rundreisa i Min Barndoms Verden…

Idag blei me velsigna med ein fantastisk sumardag, ein sumardag me ikkje har sett lignande av på lange tider.. Me sko egentlig inn å bada med strandå hos søster mi, men idag morgens ringte bror min å lurte på om me ikkje sko kjøra inn te Notholmen.. Egentlig ikkje ein holme, men meir ei litå halvøy med 2 små strender som møte kvarandre i midten..

Min og bror min sin barndomsplass kvar einaste St.Hans kveld, der me gjekk og bada når me va små og fanga reker og krabbe..

Sjølsagt syns eg det va ein strålande plan, i detta nydeliga været me vakna te.. Me har vært der ein gang før.. Eg, Kånå og Flokken.. Når eg sko gjennomføra denna her utfordringen som gjekk som ein farsott på Facebook, for nåken år siden.. Kor eg jumpa ut i vannet tidligt i Mai, og holdt nesten på å stryka med når eg traff isvannet..

Men idag så sko de få oppleva Notholmen på sitt besta, med godt øve 20 varmegrader og strålande sol fra ein blå himmel..

 

Me pakka kjeks, husholdningssaft og solkrem, stua Flokken i bilen og suste innover mot min barndomsplass.. Der eg bodde fram te eg va 10 år, og grunnlaget for min barndomsverden blei lagt.. Midt i fjorden mellom Hervik og Skjoldastraumen, der Borgøy begynne eller slutta.. Alt itte kossen man ser det.. Me parkerte på vår egen Katthult, ei litå ekra som blei brukt te campingplass, fotballbane og andre lignande ting.. I gamle dagar..

Før me rusla nerover sjøbakken og svingte te venstre ner mot Notholmen..

Bror min og familien fra Bodø og mine foreldrene va allerede kommen.. Og Tante Marit, naboen våras i barndommen.. Itte ei litå stund kom både Tante Elin og Onkel Øyvind, begge på litt utradisjonelle fremkost middel.. Tante Elin hadde sykla og Onkel Øyvind kom i trebåten sin, med Kånå og dei 2 gutane deiras.. Det blei rett og slett nesten som ett lite slektstreff, der nere på Notholmen idag..

Ja, til og med søskenbarnet mitt Bjørn Olav kom nerom, han og familien har øvetatt Gurihuset som me kalla det..

 

Gurihuset, kor søster mi og bror te Bjørn Olav, dunka Onkel Ola med ei mugga vann.. Når han satt i fred og ro og ana ingen fare, og leste aviså på utedassen.. De hadde lurt seg opp på loftet, løfta litt på ein takstein og helt ei full mugga vann rett i pappen på Onkel Ola.. Det e nesten så eg huska brølet ennå.. Når Onkel Ola spratt dassvåt ut fra utedassen og hytte neven itte rampen, som stakk lattermilde te skogs..

Tjera vena meg.. Det va som om ein foss med minner flomma over idag, og overvelda ein småsleten Fatter’n.. Mens me kosa oss og bada..

Som den gangen eg og sønnen te Tante Marit, stod og lurte bak om naustet.. Når to sjøvante nabogutar kom inn vikå med den åpne gavlabåten deiras, på jakt itte makrell.. Kor me samla samen nåken skjeinesteinar, som me sendte utøve.. – Kast, Kast.. Brølte Edvin te Bjørn Egil, før me høyrte båten ga gass.. Me ramla fram i krampelatter for me klarte ikkje holda oss meir..

Og når me blei oppdaga, hytta de tolleknivane mot oss og lovte oss både det eina og det andra.. Men då va me allerede halveis på vei opp sjøbakken

Eller den gangen eg ramla på sjøen, inne ved naustet.. Sjølsagt med redningsvest på meg.. Men når far min sko dra meg opp, sklei han og på den sleipe kaikanten og stupte øve meg og rett i sjøen.. Te slutt måtte me svømma rundt naustet, og karra oss i land der det va ein liten slipp.. Tjera vena meg.. Det e nesten så eg huska dei søkkvåte tunge klærnå, mens me traska søkkblaute heimover te hu mor..

Det va ganske så nostalgisk å bivåna gutane som bada og styra på idag, fanga krabbe og reker te den store gullmedaljen..

 

Akkurat som far deiras gjorde, for ett kvart århundre siå + moms.. Der nere på Notholmen.. Ein plass som ofta samla heile familien om sumaren, både te store og små begivenhetar.. Det va ein slags samlingsplass, kor me bada og grilla og feirte St.Hans..

Og eg trur både Kånå og Flokken storkosa seg der nere idag.. Nett som eg gjorde i barndommen..

Dei 2 eldste ville ikkje heim, egentlig ikkje dei 2 minste heller.. Men Kånå lokka de med Burger fra McDonalds te middag.. Så då gjekk det seg te, men det va jaggu meg såvidt det va godt nok.. Og då e det gale.. Men eg forstår de eg, kan skjønna eg gjør det..

For det va ein liten nostalgisk reise inn i min barndoms verden idag.. Både når me va der, og nå i ittetid..

 

Notholmen leverte ivertfall te 20 i stil idag.. På alle måtar…

Hverken meir eller mindre…

=D

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg