Konfirmasjonen..

Me satt akkurat i venstre sving der oppe, inne ved orgelet.. =D

Eg fant igjen ein status på Facebook sidå mi, som eg ikkje kan huska har havna på bloggen.. Då syns eg ikkje det e meir enn rett og rimeligt at den og får vær med..

Bittelitt revidert..

Så her e ein liten trudelutt fra ein konfirmasjon me va i.. Når Mini’en ikkje va så gammal og me fortsatt stort sett va enten i siste liten eller rakk akkurat det me sko ut på.. Nemlig konfirmasjonen te ei eg e Onkel te..

Konfirmasjonen..

Vært i konfirmasjon igår.. Igjen..

I ett fantastisk Mai vær samla me Flokken våras, fikk de i bilen og kjørte avgårde.. Ennå lykkelige uvitande om at bunadshuå te Littlajentå lå på kjøkkenøyå, kameraet i gangen og om strykehjernet va slått av..

Me sko i konfirmasjon te Søster mi si datter, altså ei eg e Onkel te..

Me parkerte sjølsagt i god tid, og entra kjerkå akkurat når klokkaren hadde ringt ferdig.. Me rakk akkurat å setta oss ner før konfirmantane marsjerte inn.. Årsaken te at me parkerte i god tid, men ikkje kom oss på plass før klokkaren drog i tampen.. Va ein liten leiteaksjon itte bunadshuå te Littlajentå, som eg fikk skyldå for at va “missing in action” ..

 

Eg va på nippet te å sei nåke lurt men eg kjente allerede Bodluktå i nasen, så eg holdt klokeligt kjeft..

 

Mens me hadde jogga opp bakken te kjerkå, hadde eg høyrt på ein tirade om kossen i all verden denna familien i det heila tatt øvelevde i fra Kånå..  Så kom sigande inn i det eina øyra, tok strake veien rett gjennom og ut det andra øyra..  Av og te har Kånå rett.. Ting går rett igjennom.. Eg seie det jo klokelig aldri te na, men det e vel sant..

Me havna oppe på galleriet lika ved kyrkjeorgelet og ein nåke øve middels god trompetist.. Te Mini’ens store glede..

At det sikkert va 70 grader oppe på galleriet, såg ikkje ut te å plaga organisten nåke særlig.. Der hu leverte den eine salmehiten itte den andre, men ein innlevelse sjøl Jim Carrey hadde slitt med å overgå.. Eg funderte litt på om eg sko dunka i Bror min så han og fikk organisten med seg, men så kom eg på at han av og te ler skrekkelig høgt.. Så eg lot det vær..

Så tenkte eg at eg sko gjør det alikavel, så Kånå kunne få med seg at andre og gjerna går på ein smell.. Men eg kom på bedre tankar, te slutt..

Det e tross alt forskjell på å vær Toskjen og Idiot.. Og eg hadde ikkje tenkt å vær idiot idag.. Kånå e ikkje så Toskjen enn at hu hadde forstått at Bror min ikkje bare plutselig braut ut i latter, heilt av seg sjøl..

 

Itte ei stund så gjekk Mini’en sin beundring for den nåke middels trompetisten over.. Altså,  at eg beskrive Trompetisten som nåke middels har ingenting med kvaliteten på spillet å gjør..  Tjera vena meg.. Om det vært Ole Edvard Antonsen som stod der og spilte eit nydelig stykke musikk, men kun klarte å få Mini “nåke middels” interessert..

Så blir det i mine auger ein nåke middels Trompetist..

Mini’en va trøtt og då blir han som regel heilt hyper, når han ikkje får sova.. Og det hadde ikkje akkurat blitt kjøligare oppe på galleriet, itte at kjerkå hadde blitt fylt te randen, heller tvert imot.. Så eg benytta anledningen, ga tegn te Kånå at e gjekk ner og ut med Mini’en..  Og spurta ner trappene, før Kånå fikk mulighet te å kuppa planen min, og lurt te seg litt frisk luft..

Av og te, så må man bare utnytta dei få sjangsene som byr seg, te egen vinning.. Eg har meir enn ein gang spurt Kånå om nåke smart, men endt opp som “Svarte-Per”.. Fordi Kånå va endå smartare..

Men ikkje denna gangen.. Ånei du..

 

Plassen Søster mi hadde leigd te å avholda selskapet itte kjerkebesøket, va ei nydelige perla.. Ein koselige fjos omgjort te selskapslokale, med ein stor plen som kidsa sprang rundt å leka på.. Eg hadde klart å lura meg ut i et ubevokta øyeblikk, litt ut i matgilde, og stod nå der ute og nøyt livet, mens tankane gjekk i alle retningar.. Mens me spiste hadde ett eller anna eg ikkje kunne setta fingen på, murra oppe i topplokket..

Og mens eg stod her ute i det nydeliga været og myste mot solå, prøvde eg å grava litt i hjernebarken for å gjerna få det fram i lyset.. Sjølsagt lika nyttelaust som alltid, men man har alltids ett håp..

Men så det blei plutselig litt oppstyr lika ovanføre meg, og folk kom strøymande ut fra lokalet og nerøve bakken.. Eg kvakk litt te når Kånå hadde lokalisert meg igjen, og kauka ut at nå fekk eg bare ordna med å tatt nåken bilder av konfirmanten.. Det va fotografering som hadde skremt godtfolket vekk fra maten.. Så eg rusla nerøve mot bilen for å henta kameraet, men midt i bakken løsna tåkå i hjernebarken.. Helsikke altså.. Kameraet.. Det va det eg hadde murra på under maten, for det hadde eg glemt heima i gangen..

Gubbevaremegvel..

Itte fadesen med bunadshuå te Littlajentå, som faktisk ikkje va mi skyld, men som eg alikavel tok på meg, for fredens skyld.. Så innsåg til og med eg, at nå låg eg tynt an.. Bodluktå begymte formelig å gå i sirkulasjon under neseborene..

 

Eg fikk heldigvis alliert meg med ein av Brødrene min.. De e tvillingar..  Mor våras seie de e toegga.. Men det e det ingen som trur på.. Sjøl einegga tvillingar e ikkje så like på kvarandre, eingang.. Men han sko nå sjølsagt brenna ein cd med nåken bilder på te oss.. Kånå slo seg nåke mismodig te lags med detta, men eg såg på blikket hennas at det muligens ikkje va øve ennå, denna øvehengande faren for å havna i Bodå..

Te slutt så va dagen over, ungane utslitt og leggetid nærma seg med stormskritt.. Så me pakka saken sammen, fekk Flokken i bilen og durte heimover..

Mens me kjørte hadde eg fortsatt denna følelsen av nåke ugjort murrande i hovudet.. Som om det va nåke anna me (les eg) hadde glemt.. Den følelsen hadde ikkje forsvunnen heilt, sjøl om kameraet hadde blitt lokalisert, heima i gangen.. Forsøket på å grava siste rest av grums ut av hjernebarkens uransaklige stier, gjekk lika dårlig som tidligare.. Så eg slo det fra meg og konsentrerte meg om kjøringå, og ikkje minst om å vær obs på at autopiloten fanga opp viktige ting, mens Kånå gneldra om ett eller aent i passasjersetet..

 

Men, når eg rygga inn i carporten heima, og slukka maskineriet, så slo det inn for full styrke..

STRYKEJERNET..

Herreminguud og heile hans hærskare..

Eg spratt ut av bilen som ein ungkar, låste opp dørå i ein fei og føyk opp trappene raskare enn på lenge.. Runda hjørnet på kjøkkenet og fekk hjertestopp i 5 sekund..

Gudhjølpe meg..  Aldri har eg vore meir glad øve at eg tok feil, i nåke eg va sikker på eg hadde rett i..

Kånå og Flokken kom luskande opp og lurte på ka i all verden eg styrte på med.. For flaks i uflaksen, som alikavel va flaks.. Så hadde eg bare spunnet ut av bilen uten å sagt så mye som ett kvekk om ka eg hadde frykta.. Så eg sa ikkje nåke då heller, om det eg hadde trudd men som ikkje hadde skjedd.. Det såg rett og slett ut som om eg va på trygg grunn, hberken meir eller mindre.. Sånn med tanke på Bodå..

 

At eg då, i ett øyeblikk av rein og skjer glede seinare på kvelden, ikkje heilt klarte å skjula min øvebegeistrelse for budeiene i Polen sitt reale håndverks arbeid, under opptredenen deiras..

Og gjerna ga fra meg ein liten kommentar om fordelane som skvulpa i alle retningar, og nesten ut av utringningå på budeiebekledningen

Så endte eg med å nåke muntert bedrøveøig rusla ner i bodå, med øiggeunderlag og soveposen under armane..  Men, det va gjerna heilt greit, sånn egentlig..

Der får eg ivertfall sova heila nattå.. Om edderkoppane holde seg nåkenlunde i ro, og lar ein stakkars Fatter’n få vær i fred..

=D

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg