Joggeturen …

 

Eg har fått nåken sånne sprø innfall i voksen alder, som innebære temaet om å komma seg i litt bedre form, sånn med jevne mellomrom. Somme ganger går det over av seg sjøl, før eg får gjort nåke med det, andre ganger hive eg meg ut i det med full innsats. Ingenting ska gjerast halvgjort, på ein måte. Men, det e jo som oftast nåke sånt som skjer. Eg går knallhardt ut i ett par uker, og ende opp som ett slakt itte kun kort tid. Lysten, motivasjonen og den nyvunnet treningsiveren, den forsvinne som dugg i plettfritt solskinn. Fordufta fra hjernebarken frem te neste påfunn dukka opp, og samma greiå gjentar seg …

 

Ein gang, under ein mildt sagt våt sammenkomst, hos den eine naboen her me bor, så våkna eg opp te meldingen om at då va alle påmeldt. Påmeldt te ka, det huska eg ikkje det spor av …

 

Men, eg fikk ein uggen følelse når eg kom opp te frokostbordet, og Kånå spør om eg sko kjøpa meg sånn løpetights nå, mens hu blinka lurt te meg. Jauda, me hadde visstnok meldt oss på ett mosjonsløp her i byen, og hadde lagt store planer om treningshverdagen fremover. Tjera vena meg … Men, me fullførte heile gjengen, og alle nådde målet om å komma i mål, under ein time. Eg va sist i mål av oss naboer, med halvanna minutts margin, te målet me hadde satt oss. Aldri har eg vært meir ødelagt, enn underveis og etter det løpet der. Eg minnast at eg sko spurta dei siste meterene før mål, og ga alt, men uten at eg så mye som auka farten, i det heila tatt …

 

” Ein anna gang, så sko eg begynna å spilla fotball igjen, og drog frem fotballknickersen fra innerst i skapet, og tok ett prøvebøy itte eg fikk den på meg. Og endte med unison krampelatter fra både Kånå og Flokken, når knickersen sprakk med ett durabeligt smell …

 

Nåken fleire innfall har det og vært dei siste årene, stort sett med samme resultat, kvar einaste gang. Eg klara aldri heilt å fullføra dei treningsmålene, som eg bestemme meg for. Men, på syttende mai så hadde me det eina naboparet på middag, og hadde oss nåke godt i glasset, når ungane va i seng. Og litt ut på kvelden, så endte eg opp med å nevna at eg godt kunne tenkt meg, å begynna å jogga litt igjen. Siden naboen e ein som har klart å holda seg litt i form, itte detta mosjonsløpet, og forsåvidt har løpt halvmaraton i ittetid. Det e alltid lettare å få gang på slikt, om man gjerna har ein som pushe seg litt, og han kunne sjølsagt gjør ett forsøk, på å få meg i form …

 

Og idag, så kom meldingen fra naboen, ein sindig kar fra Ålgård, som alltid har ein lur kommentar på lur. Løping klokkå 18:00 ? , spurte han. Gulp, tenkte eg, nå e det ingen vei utenom, rett og slett, det va bare å hoppa i det.

 

Eg fiska frem treningsklærnå som eg handla inn te mosjonsløpet, klær som bare har blitt brukt ein gang, eller kanskje te nøds to. Eg stilte meg opp foran speilet nede i gangen, tok ett bilde, og tenkte det va best eg takka alle dåkke leserar her på bloggen for innsatsen. Sånn i tilfellet denna joggeturen fikk verst mulig utfall. Mini’en kom luntande forbi og spurte ka eg sko, så eg svara jo som sant va, at eg sko trena. – Ska DU trena, Pappa ? Spurte guten, mens han satte opp eit mildt sagt forbløffa andletet. Herreguuud, va det liksom så lite sannsynlig, at Fatter’n sko trena litt ??? Gudhjølpe meg …

 

” Så fikk eg litt panikk, når klokkå nærma seg 18:00 og eg ikkje fant joggeskornå, og begynte ein leiteaksjon av sjeldent kaliber. Før Kånå kom ner å fiska de frem fra skapet i gangen, på to sekund, som va nok ett bevis på at eg ikkje kan leita …

 

Eg rusla ut å møtte naboen her ute på tunet, før me jogga avgårde, mens eg hutta med neven te Kånå som stod på terrassen å filma. Får væra måte på, altså. Naboen informerte meg om planen, som va løping i 4 minutt så ein liten pause, før me gjentok detta fire ganger. Nåke som eg forsåvidt tenkte høyrtes øvekommelig ut. At me liksom jogga rett inn i byggefeltet ved siden av rekkehuskomplekset, det føltes mindre komfortabelt, all den tid eg gjerna ikkje følte meg heilt lur, i denna treningshabitten. Jaja, det fikk nå bare stå te, tenkte eg for meg sjøl. Og gleda meg allerede te dei fira minuttene va over.

 

Me røyk lukst gjennom detta feltet, for under ein undergang og fortsatte mot neste byggefelt. Når me hadde løpt gjennom neste bygggefelt, så nærma oss undergangen med innfartsvegen …

 

Der traff me tydeligvis på nåken som kjente meg igjen, og som forsåvidt kommenterte detta inne på Facbook siden. Eg begynte å lura litt på kor lenge fira minutt liksom va, for det måtte nå ha gått fira minutt nå snart, der me løp under innfartsvegen mens pusten begynte å gå tungt. Eller, ikkje akkurat tungt egentlig, bare fryktelig fort, kanskje. Men, det va naboen som hadde klokkå på armen, så eg rekna nå med at han ga beskjed, sjøl om ein pause va etterlengta, for lenge siden. Te slutt så kom me te ett punkt, kor eg egentlig nesten ikkje haddde meir å gi, sjøl om det sikkert hadde gått i ett bedagelig tempo …

 

” Det e då naboen slippe bombå, nesten oppe med Jysk. – Ja, eg tenkte me starta her eg då, også løpe me tebake mot Skåredalen, sånn ca te den broå. Så gjentar me det fira ganger …

 

Herreguud … Hadde me ikkje begynt ennå eingang, tenkte eg nærmast i sjokk, men gjorde så godt som eg kunne for å skjula det. Det va ca ein kilometer te den broen, fortsatte naboen, og tenkte me kunne finna ut kor langt og ka tempo eg orka, første gangen. Eg, eg tenkte egentlig allerede på, om eg forsåvidt bare hadde ork te å jogga heim igjen, der eg stod å higra itte luft. Men, kunne jo sjølsagt ikkje sei nåke te naboen om det. Første gangen gikk forsåvidt lettare enn eg hadde trudd, men sleit godt med pusten heile turen. Under pausen, så informerte naboen meg, at han tok nå av i sitt tempo, åsså fikk eg liksom finna det tempoet eg følte va rett …

 

Toskjen som eg va, så forsøkte eg jo å holda naboen sitt tempo, dei første hundre meterene, men det fant eg raskt ut at va galskap. Om eg ikkje ville lukst på akutten, va det best å senka tempoet …

 

Pusten gikk som ett uvær, og eg kom liksom i hug ein sang av Sondre Justad, der eg dundra fremover. Riv i hjertet, begynte å gå på repeat oppe i hjernebarken. Og gu som det reiv. Men, av alle andre grunnar enn det han Sondre synge om. Eg kom nesten tebake te der me hadde starta, når naboen kauka at det va stopp. Forbanna greier også, tenkte eg. Hundre meter te, så hadde eg greid å komma tebake te utgangspunktet. Om eg va nåke sleten itte første turen, så gjaldt det dobbelt opp nå, der eg stod å hiksta itte luft, itte den andre turen. Tredje turen huska eg meir eller mindre lite av, bare at beinå begynte å bli tunge som tømmerstokker …

 

” Eg stod der å tenkte før den fjerde turen, at det hadde vært mye meir logisk å løpa heimover nå, denna siste turen. Istedet for lengre vekk fra rekkehuskomplekset våras, som me sko te å gjera nå …

 

Pausen va over kauka naboen, nå va det bare å gi på for eg trengte jo ikkje spara på kreftene lengre, siden det va siste turen. Jammen for helsikke da mann, tenkte eg. Me ska jo heim ittepå fra der nedenfor Jysk, brenne eg alt kruttet nå, så ville naboen bli nødt te å bæra meg heim. Poff sa det, så fauk naboen avgårde, og eg heiv meg på. Det va tungt nå. Skikkelig tungt. Det reiv ikkje i hjarta meir. Hjarta hoppa og spratt, og dunka som besatt inne i brystet, man kunne nesten sjå kossen det pumpa, utanpå t-skjortå. Lårene begynte å fyllast med melkesyra, og blei tyngre og tyngre for kvart skritt.

 

Men, eg bestemte meg for at nå sko eg jaggu meg nå det punktet, kor me starta denna galskapen, slik at eg virkelig nådde det målet ihvertfall …

 

Eg ga på alt eg hadde dei siste hundre meterene, men strengt talt, så trur eg ikkje det raskare. Om det va naboen som va litt snillere med tiden, eller om eg virkelig nådde målet mitt, det ska væra usagt. Det som forsåvidt dundra rundt oppe i topplokket mitt, det va kossen i all verden eg sko komma meg heim, itte den siste kraftanstrengelsen. Men, det gikk på ett vis det og. Det va bare å bita tennå sammen, og trø på det eg klarte. Me tok ett par ekstra pauser, under joggeturen heim, om ikkje me hadde gjort det, trur eg ikkje detta innlegget hadde blitt skrevet. Kånå va ikkje heima når me kom inn på tunet, så eg stod å strekte litt ut i carporten, før naboen rusla heim …

 

” Og eg kunne endelig åpna dørå heima, og sank sammen som ein halvtom mjølsekk, rett der på gulvet i gangen. Og tok detta etter bilde, som e øverst …

 

Eg vett ikkje, men det e vel gjerna ikkje vanskelig, det å sjå forskjellen på dei to bildene. Før bildet, det e vel gjerna av ein muntert bedrøvelig fyr, som forsøke å se positivt på saken. Mens etter bildet, det e vel av ein fyr som gjerna ikkje heilt trur det han kjenne, der det verke i både hjarta, kroppen og sjelå, itte ein påkjenning den ikkje har kjent på lenge …

Men, eg får tru på det som man lese om det med trening, nemlig at det stort sett blir litt verre, før det blir bedre …

Og denna gangen så ska eg jaggu meg stå på, slik at eg komme meg litt inn i detta trenings moduset. Ikkje for å få nåke sumarkropp, eller gå ner nåken kilo, sjøl om det gjerna trengs. Men, rett og slett fordi det e på tide eg komme meg i litt bedre form, slik som eg gjerna va i mine yngre dagar.

Den gangen eg stort sett trente tre ganger i ukå, pluss gjerna ein kamp i helgen …

Det blir garantert ingen føljetong, som dåkke ska få følga med på. Men, det kan fort dukka opp ett innlegg og to, om kossen denna greiå forløpe seg, vil eg tru …

Goa Nattå, Folkens … Og sov godt.. =D

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg