Gutta på Tur kapittel 1 : Bobilferie, ein rullekebab og litt Værtrøbbel…

Han i Midten, itte morgenbadet på Solplassen Camping, Stavern..

 

Lørdag klokkå 07:30, så blei Eldstemann sendt avgårde te Norway cup sammen med laget sitt, som sko ta buss te Oslo.. Litt seinare på formiddagen, så blei eg og Han i Midten sendt avgårde, på “guttatur” med bobilen te foreldrene mine.. Alt låg te rette for ein perfekt ferie der me la ut på ekspedisjon, i strålande sol, temp målaren i bilen viste 28 grader og humøret va på topp.. Detta va jo nesten litt for godt te å væra sant.. Men.. For det e jo alltids ett “men”, når ting glir for glatt, hverken meir eller mindre.. For itte litt tunellsafari i Åkrafjorden, kor temp målaren nesten gikk løpsk, så møtte me veggen oppe på toppen, med Røldal Skisenter..

Vår herre valgte å åpna alt av sluser, så regnet pøste ner i strie strømmar, tempen sank te 20 fattige grader og lyn og torden omringa oss, fra alle kanter..

Ett virkelig lavmål og ein plass kor alt håp om sumarvær på ferien nærmast brast, det va når me passerte Seljord.. 17 grader, fortsatt åpne sluser og ikkje ein tørr asfalt flekk å sjå, på fleire mil.. Eg og Han i Midten delte et blikk, og me trengte ikkje sei ka me følte og tenkte, tungsinn og mørke tanker hadde lagt seg øve kupeen.. Strengt tatt, så va planen å ta strake veien te Oslo, og innlosjera oss på Bogstad Camping.. Men, me tok ein liten pitstop på ein bensinstasjon i Seljord, løfta fingen i været og kikka ikring oss.. Te venstre som me egentlig sko kjørt, va det svart som i Desember nattå.. Men, te høyre og mot Bø, så såg det nåke lysare ut..

 

” Me tok ein sjefsavgjørelse sammen, og valgte å legga rutå om Bø.. Om det sko visa seg å slå feil, kunne me fortsatt svinga inn på rett ruta, der nere..

 

 

Ikkje fant Han i Midten ei Kebab sjappa i Seljord heller, siden han hadde bestemt seg for å prøva seg på ein Kebab, under denna ferien våras.. Guten som nærmast ikkje lika nåkenting hadde smaka litt av Kånå sin rullekebab, før me reiste.. Og på denna turen så sko han jaggu meg ta skrittet ut, og prøva seg på ein kebabrull.. For mange, så høyrest gjerna detta merkelig ut, men for meg, Kånå og ikkje minst Han i Midten, så va detta et stort skritt.. For ein kar som strengt tatt, har vært “litt” vanskelig i matvegen.. Og i Bø, der hadde guten jaggu meg funnet ei kebab sjappa, på Google.. Av alle ting, så begynte tempen å gå opp, regnet minka av og tordneværet hadde fordufta..

Plutselig, så dukka det opp ei lomma med blåfarge på himmelen, før det brast opp og solå skinte igjen.. Ikkje akkurat fra blå himmel, men nok te at tempen strakk seg mot 26-27 grader igjen..

Kebab sjappå blei lokalisert, me fant oss ein parkeringsplass og durte imot denna sjappå, med kjappe steg.. Svolten hadde begynt å melda seg for alvor.. Dei to karane bak disken på detta indiske gatekjøkkenet som Han i Midten haddde funnet, de sleit litt med å forstå, at me kun sko ha Agurk, Ost og Kebabkjøtt på Han i Midten sin rullekebab, og ikkje omvendt.. Altså, at han kun sko ha dei nevnte ingrediensene inni rullekebaben, og ikkje ut av den.. Han som såg ut te å ha kommandoen, meinte me ikkje kunne ta kebabkjøttet av, ihvertfall.. Då ville det jo ikkje bli kebab meir, på ein måte.. Men, med litt strålande engelsk-norsk kommunikasjon, så blei me te slutt enige..

 

Tjera vena meg.. Eg forstår de jo litt eg, for all del.. Det e ikkje så ofta man får sånne merkelige bestillinger, når nåken ska ha seg ein rullekebab.. Vil eg tru..

 

Normalt så seie man gjerna “ein rullekebab, alt på uten løk og masse dressing”, eller nåke lignande.. Alt itte ka preferanser man har.. Men, her hadde Han i Midten barbert kebab’en, meir eller mindre ner te beinet.. Med tanke på ingredienser.. Mat som guten liksom visste at han lika, så kan me gjerna forsøka å putta litt meir på, ved seinare anledninger.. Guten va ihvertfall storfornøyd med middagen sin, og spiste jaggu meg opp heile rullen, han som me nesten ikkje får middagen i, te tider.. Fordi han ikkje lika det me ska ha.. Men, han får ikkje nåke anna i heimen, enn det Kånå har laga..

Sånn e det bare, meina eg.. Me kan ikkje sy puter unna armane te kidsa heller, de må læra seg normal folka skikk.. Og ikkje har man tid te 4-5 retters middag, fordi ingen i Flokken lika det samma, heller..

 

Klar for rullekebab i Bø..

 

Men, rullekebab med Ost og Agurk, det lika han ihvertfall nå.. For den gikk ner på høykant.. Og når maten va fortært, begge va mette og fornøyd så satte me snuten mot Skien.. Planen va å finna ein camping eg hadde vært på i barndommen, nede ved Stavern.. Eg huska ikkje heilt ka den hette, men ett eller anna med “sol” hadde liksom brent seg inn i hjernebarken.. Så me plotta inn Solplassen Camping på Gps’en, og fyrte bobilen igang igjen.. Resten av turen ner mot Stavern og Solplassen, det va egentlig som ein ferd gjennom ein standard sumar på Vestlandet, med alt det innebære..

 

” Lett skydekke, men varmt og godt i Bø.. Strålande sol, og endå varmare i Skien.. Så traff me lett regn i Porsgrunn, og fallende temperatur.. Før slusene åpna seg lika før Larvik, med torden, lyn og 17 grader igjen..

 

Gudhjølpe meg, altså.. Itte den sumaren me har hatt i år så tenkte eg vel forsåvidt, at det heilt klart ville vært for mye forlangt, å få det samma når me sko på ferie.. Men, liksom bare for å befesta den troen me hadde begynt å få om været, som totalt uberegnelig og sterkt schizofrent, så va det tørr asfalt og sol fra blå himmel, når me ankom Stavern.. Me fikk siste ledige plassen på Solplassen Camping, tok oss ett nydelig kveldsbad i sjøen før me godt fornøyd med dagen gikk te sengs.. Og vakna av ett heidundrande tordnevær, midt på nattå.. Det smalt så inni granskauen første gangen, at eg spratt opp og skalla hovudet i taket, på bobilen..

Han i Midten skvatt lika mye, men meir av meg, enn tordneværet.. Og sovna vel lika kjapt som han vakna, om han då va våken, i det heila tatt..

Eg sovna te slutt eg og, sjøl om det gikk ei stund.. For regnet slo sånn i taket på bilen, at søvnen ikkje fikk slått rot, med ein gang.. Det va jo nærmast som ein konsert, kor alle verdens trommeslagere stod å dundra laust på taket.. Så gale va det.. Det va ikkje nåken sånne lette ittemiddagsbyger ihvertfall, men meir som sånne monsumregnbyger man ser på tv.. Sånn regn som går loddrett i bakken, sjøl om det blåse stiv kuling fra nord.. Hverken meir eller mindre.. Helst meir, sånn egentlig.. Men, eg sovna jo te slutt, å våkna te strålande sumarvær og minst 25 grader, om morgenen..

 

” Man blir ikkje heilt klok på detta været i Norge, men når man får sånne vendingar som stort sett går rett vei, så kan man jo strengt tatt ikkje klaga..

 

Me spiste ein god frokost, før me fant fram shorts, solfaktor og kjøpte oss ein is, på veg te strandå.. Og bada i ett par timar, før me fant ut det va på tide å setta kursen nordover, mot Oslo.. Han i Midten, som hadde vært nåke aktiv på Google, dagen før.. Han hadde oppdaga at det va ett sånt Trampoline senter, i nærheten av Larvik..

Så guten hadde bestemt at detta måtte sjekkast ut, siden me først va der.. Eg kunne liksom ikkje nekta for denna logikken heller, for det e ikkje så ofta me e i dissa traktene, så eg sa meg enige i den saken..

For å vær heilt ærlig, så trur eg den opplevelsen på detta senteret, den ska jaggu meg få sitt eget innlegg.. Både fordi klokkå nå nærma seg 02:00, og ikkje minst fordi ellers så ville detta innlegget blitt skrekkelig langt.. Ein anna grunn, om man ser sånn bloggmessig på det, så må eg jo holda dåkke leserar litt på pinebenken.. Sånn at dåkke vil følga med videre, på ka i all verden me finne på, her hos oss..

 

Så den får komma i Gutta på tur Kapittel 2..

=D

 

” Nåken har gjerna fått med seg ein forsmak idag på Facebook, Snapchat eller instagram.. Og om dåkke vil følga oss litt tettare, når me e på guttatur.. Så følg oss gjerna på dei kanalane og..

 

Facebook siden, de kan dåkke følga her : https://www.facebook.com/fattern/

Snapchat med detta brukernavnet.. : gikkbareiboden

Og instagram her : https://www.instagram.com/fattern/

 

Instagram, den har eg ikkje vært så flink på.. Men, siden me først nevne den her, så får me rett og slett gi litt gass, på den fronten og..

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg