Ein torsdags Morgen i mild Koma..

Eg sitte bak i skapet på lastebilen på jobb og svelge unna ein kopp kaffi, regnet trumma taktfast på taket og ein skokk med varer står å venta på meg.. Det e ein sur morgen.. Ikkje ein sånn vennlig morgen, med solå som gløtta fram i horisonten og ikkje ei sky og sjå på himmelen.. Idag va det jaggu meg tungt å gå på jobb..

Til og med beinå e enige med meg idag, det de henge som to søkkvåte tømmerstokkar fra livet og ner..

Ikkje fikk eg sova skikkelig igår heller, eg bare lå og vrei meg itte eg hadde lagt meg.. Uansett ka posisjon eg prøvde å ligga i, så va ikkje kroppen fornøyd.. Fortærande greier.. Så.. Når eg endelig hadde funnet roen og nesten hadde forsvunne inn i søvnens kjærlige svøp.. Då kom Mini’en jumpande inn i sengå, og rigga seg te der i midten..

Tjera vena meg.. Det e som om man får ein muldvarp oppi sengå, der han styra på for å legga seg te retta.. Drog i dynå te den store gullmedaljen, og eg endte ute på vingen igjen.. På mine dedikerte 30 cm..

 

Den fjotten sovna jo på ett blunk itte ei romstering uten like.. Mens eg låg igjen med ein liten flik av dynå, og va igjen lys våken.. Eg vurderte ei stund å bæra han inn i sengå si, det e ikkje optimalt når han komme så tidlig.. Men då kan man fort gå på ein kraftige smell, og så våkna han halveis gjennom gangen og vekke Litlajentå og..

Då har man klart det stora, og klara garantert å vekka Kånå sin vrede i samme slengen..

Og gud forby om man vil det.. Får ikkje hu riktig dose med skjønnhtssøvn, har man med ei drageheks å gjera den påfølgande dagen.. Så eg beit meg i det og gjorde nok ett forsøk på å dulla meg sjøl inn i nattens rike igjen.. Joda, det va jo lettare sagt enn gjort, når man har ein fotballsparkande Mini ved si sida.. Som sove lika roligt som ein skrubbsulten akvariefisk..

Eg vett ikkje heilt ka klokkå va når eg sovna, men siste gangen eg kikka på den.. Så tippa klokkå akkurat halv 2..

 

Så nå sitte eg her på jobb.. Nærmast i koma og forsøke å våkna litt te med ein kopp kaffi.. Eller bek rettare sagt.. Ska ikkje akkurat skryta den der kaffimaskinen opp i skyene.. Men det e virkestoffene som e viktige idag, det å kjenna koffeinen som langsomt får liv i ein øvetrøtt kropp.. Smaken får komma i andre rekka.. Heilt klart..

Nei.. Det e vel bare å hoppa i det.. Varene springe ikkje på bilen av seg sjøl.. Det e tross alt torsdag og idag.. Snart helg..

Humøret dukka vel opp i løpet av morgenen, vil eg tru.. Det springe aldri langt vekk.. Eller foran meg.. Eg tar det stort sett igjen før klokkå åtta.. Nå har jaggu meg trommekonserten på lastebilskapet slutta sin taktfaste symfoni og.. Kanskje dagen ikkje blir så aller verst alikavel.. Det e det fortsatt ingen som vett..

Man får vel bare skrida te verks.. Vil eg tru.. Ingenting blir gjort av seg sjøl, hverken jobb eller godt humør..

 

Ha ein strålande torsdag, folkens.. Forhåpentligvis finne eg den te slutt og.. Uansett.. Så vant Liverpool igår og kvilifiserte seg te Champions League..

Se det ja..

Der kom jaggu meg ett lite smil i munnviken her og.. Det e aldri så gale at det ikkje e godt for nåke..

???

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg