Eg, Kånå og SuperTirsdagen …

supertirsdag

 

Dagen idag starta egentlig strålande.. Stod opp når klokkå ringte, for fjerde gang. Duppa hovudet unna vasken, pussa tennene og spraya litt godlukt unna armane..

“Fekk arbeidsklernå på meg og lista meg inn på kjøkken..

Kaffimaskinen starta på førsta forsøk og koppen blei fyllt opp, før eg ramla ut dørå og gjekk mot lastebilen. Det va relativt kjøligt idag morgens, så varmen blei justert på full guff..

 

Når eg rygga inn i sluså mi og gjekk inn på terminalen, hadde de rigga seg te med vaffelrøra, jern og nåke godt å ha på.. Så det va bare å gi gass og få lasta bilen, ittepå va vaffel kos, tullprat og kaffi..

Dagen på jobb va ikkje akkurat stressen idag, men lange avstander og strålande norske kjerreveger med stor lastebil tar tid..

Og når eg endelig hadde kommen meg avgårde, kom første telefonen fra Kånå..

 

Hu hadde handla nåken høstsko te dei 2 eldste, og når Han i Midten sko prøva de idag morgens..

“Då blei det mildt sagt rabalder…

Han hadde stått opp på feil sia av sengå, og syns absolutt ingenting om dei her skonå.. De va alt for store og han kunne ikkje gå i sånne sko..

Før Kånå fekk sukk for seg så sko han på sitt eget vis, demonstrera detta for morå og tok ett sjumilsteg..

Problemet va at skonå fortsatt va knytta sammen, så han slo jo kollbøtta og havna med ryggen rett i skjenken så står i gangen.. Tjera vena meg..

Sikringen gjekk for Han i Midten, Kånå prøvde å trøsta og resten av Flokken stod lamslått og observerte…

 

Eg visste ikkje om eg sko le eller grina, der eg satt i lastebilen og høyrte på Kånå så fortalte..

Eg kan mildt sagt sjå det føre meg, når Han i Midten tar av for å demonstrera at dei her skonå ikkje e gåande på.. Før saltoen e ett faktum..

Uffameg… Stakkars gut..

Men det hadde nå godt bra, itte forholdet.. Og Kånå hadde fått skonå på han og sendt han avgårde på sparkesykkelen…

Eg å Kånå småkonverserte litt videre, altså hu snakka og eg høyrte itte.. Før hu måtte legga på fordi hu sko kjøra te byen og gjør nåken ærend..

Ein halv time seinare kom neste telefon fra Kånå.. Han i Midten hadde glemt badetøyet, eller Kånå hadde glemt å senda det med ham..

Alt itte kossen man ser det.. Men Læraren te Han i Midten sendte ivertfall beskjed og Kånå ringte meg…

“Åhh.. Forbaska greier altså.. Leander har glemt badetøyet og eg e i byen nå.. Sa hu nåke småfortvila..

Så blei det stille… Akkurat så eg liksom sko gi na ett perfekt svar, så ville løysa heile floken.. Men eg va jo lika mye i byen eg, akkurat så hu..

Så eg holdt meir eller mindre kjeft, muligens så mumla eg nåke.. Men ikkje så høgt at hu høyrte det.. Te slutt så blei hu enige med seg sjøl, eg hadde ivertfall ikkje sagt nåke feil for ein gangs skyld..

Eg trur ikkje hu hadde løyst problemet, men ivertfall funnet ut det ikkje va meir eg kunne gjør med den saken..

Så hu la på.. Igjen..

 

40 minutt seinare ringte hu igjen men eg rakk ikkje å svara, og når eg ringte opp igjen trykka hu meg av..

Gudhjølpe meg, tenkte eg for meg sjøl.. Detta lova ikkje godt..

Det har vært ett par sånne tilfeller før, når eg ikkje har klart å holda kjeft.. Og sagt nåke eg definitivt ikkje sko ha sagt og vekka Kånå sin bunnløse vrede..

Og når eg fortvila har prøvd å ringa opp igjen for å bedriva skadebegrensning, har eg fått samme behandling.. Direkte avvist med ett lite trykk.. Piip Piiip Piiip..

Omtrent så ett ubegrunna rødt kort i fotball, bare fordi dommaren ikkje likte trynet på deg..

 

Men 5-6 minutt ittepå ringte hu opp igjen, ganske så fornøyd..

Svømmetimen va ikkje før siste timen, så hu hadde funnet ut at hu rakk heim å henta svømmetøyet og levera det på skolen før katastrofen hadde blitt ett faktum..

Me priste oss lykkelige både eg og Kånå.. Ein Han i Midten lynforbanna fordi han ikkje hadde fått vært med på siste svømmetimen for denna gang.. Det kunne blitt stygt..

Eg tør nesten ikkje tenka på kossen det hadde blitt, på toppen av sko fadesen i dag morgens.. Me avslutta samtalen igjen, lykkeligt vitande om at ei “atombomba” hadde blitt uskadeliggjort..

 

Resten av arbeidsdagen blei unnagjort og eg suste heimover igjen..

Kånå ringte nok ein gang, sykkelen te Eldstemann måtte hentast på skulen.. Han hadde ringt te Kånå og krevd “Taxi” heim, det va nåken dråpar i luftå..

Herreguud, ka hu skjemme de ut av og te altså… Når eg va liten måtte me gå te bussen i all slags vær, ein gang blei me kjørt opp te bussen..

Men då va det riktignok full storm og tidenes tordnevær.. Trur ikkje me hadde strøm meir enn 5 minutt sammenhengande på skulen.. Det va omtrent så å vær på disco..

Te slutt skrudde læraren lyset av, tente ett stearinlys og leste i ei bok for oss… Mio min Mio… Eg huska det så det va igår, ennå… Ett skikkelig “brent inn i hjernebarken” minne…

 

Eg plukka sykkelen opp, men ga beskjed at detta va siste gang når eg kom heim.. Nok fekk vara nok..

Heima va det forresten ett hurlumhei uten like… Eldstemann va sur på Han i Midten fordi han spilte på den gamle mobilen hans..

Litlajentå i full fyr fordi hu sko på barnadans, Mini’en oppglødd så ein vaskebjørn i godteributikken og Kånå føyk rundt så ei forvirra gammal dement kjerring …

Hu fant ingenting og alt..

Eg skifta te sivilklær, tok ein kattavask og plukka med meg Han i Midten og Mini’en for å kjøra på karate trening i byen..

Friminuttet mitt…

 

Det va derfor Mini’en va oppglødd, han hadde sett Han i Midten skifta te karate klærnå.. Og klikka i vinkel, forsåvidt i positiv forstand..

“Ed sta vær me pappa…Leka lekerommet.. Jaaaa… Hadde han kauka i stuå te Kånå, før eg kom heim..

Og 5 minutt itte me kjørte, sov han som ein stein i setet sitt. Det e viktigt å vær utkvilt når man ska ta seg ut, sa sikkert ein klok mann ein gang..

Eg fikk kaffien min, Mini’en ein is og juice… Han i Midten trente så me høyrte det langt ut i cafeen..

“Tssaaa.. Brølte trenaren… Kiiiiaa.. Svarte dei små..

Herligt… Tenkte eg… Dra den siste biten av energi ut av Han i Midten nå, så det blir ein noenlunde rolige kveld..

 

Og jaggu meg slo det te… Litlajentå og Mini’en slokna før hovudet traff putå.. Han i Midten og Eldstemann tok seg kvar sitt bad, før me koste oss med ein film med dei 2 eldste..

Og nok ein “supertirsdag” går mot slutten her i heimen…

Eg har inntatt hvileposisjon på sofaen, Kånå har funnet headsettet og ser sikkert på “Unge Mødre” ellår “Sinnasnekkern” på laptopen sin…

 

Kanskje om eg sko prøvd 2 Paracet og ett glass vann trikset ikveld, mon tro?? ….

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg