Eg og husarbeid – Ikkje akkurat som hånd i hanske..

 

Hjølpe meg.. Nå begynne det å røyne på her i heimen, med galne ungar, altfor masse å gjør og kaos overalt kor eg snur meg.. Det e som om eg av og te trør inn i ei sentrifuga, og blir spytta ut som ett slakt.. Alle planer går i vasken og kaoset e komplett..

For all del, morgenen gjekk igjen strålande idag.. Men derifra og ut kom smellene på løpande bånd..

Først tok dei 2 små heilt av itte dei eldste gjekk på skolen.. På ett tidspunkt kunne man ikkje finna gulvet igjen på rommet te Mini’en.. Og begge sprang rundt i hans sumar kler, Litlajentå i Batman drakten hans, ein sånn UV-drakt.. Og Mini’en i Bahamas shorts og singlet..

De lekte syden.. Fekk heldigvis stoppa de når de sko ut og bort på lekeplassen for å henta sand, te strandå.. Tjera vena meg..

 

Mor mi kom heldigvis å henta de, litt utpå morgenen.. Så eg fikk tatt meg ein liten tur på jobb, vikaren trengte litt hjelp med nåken småleveringar.. Herreguuud, det va som balsam for sjelå å bare surra rundt og levera litt varer igjen.. Det e jaggu meg harde bud å vær husmor, men eg visste jo forsåvidt det..

Når eg trødde inn dørene heima igjen, va dei 2 eldste kommen heim..

De satt fint i sofaen og såg litt på tv, Kånå lå som ett slakt i sofaen.. Den der snøballen av ei Kånå hadde laga ein skinkepai, og va nå heilt ødelagt.. Det e fortærande vett du, til og med når hu e tilnærma handicappa ska hu styra på og ordna med middag..

E det ein plass det heilt klart hadde vært på sin plass med sånne tvangs selar, for å sikra seg at hu tar det med ro.. Så e det i detta tilfellet her.. For den der nepå av ei Kåna, hu klara ikkje å ta det med ro..

 

Han i Midten fikk besøk av ein kompis, og ikkje lenge ittepå styra de på med nåke nye greier på Pokemon Go.. Det va ett helsikkens skrik og skrål innimellom, når de oppdaga ett eller anna.. Og full krig, når den eine fikk te nåke den andre ikkje gjorde.. Gudhjølpe meg, hadde eg hatt den fyren så fant opp Pokemon Go foran meg idag, hadde eg sikkert kaldkvelt han..

Meir fandenskap og grobunn for konflikt i heimen, har me ikkje hatt siå me bare hadde 1 tv.. Og dei 2 eldste hadde kvar sin filmfavoritt.. Lynet McQueen vs Rorry Racerbil..

Det e fader meg ikkje mye positivt eg kan dra fram om det der spillet, de blir jo heilt hjernevaska og tenke ikkje på anna.. Men der igjen, kuå må huska at den har vært kalv, og eg va vel gjerna ikkje nåke bedre i mine yngre dagar eg heller.. Bare med andre spill, på ein høyteknologisk Commodere 128.. Hakket vassare enn Commodere 64..

Men ikkje så mye at man merka det..

 

De roa seg te slutt dei her gutane, når de holdt seg på kvar sine respektive rom.. Så då fikk eg ivertfall rydda Mini’en sitt rom, som såg ut som ett herpa hønsahus itte han og Litlajentå hadde hatt Beachparty.. Det e heilt utroligt kor mye 2 småtroll kan klara å rota, mens det meir eller mindre e heilt stille rundt de..

Men det e jo då bjellene burde begynt å ringa, når stillheten blir for trykkande..

Men som foreldre, så velge man som oftast naivitetens smale sti, og håpa at det ikkje e fantaskap de finne på.. Men går på ein kraftig smell, meir eller mindre kvar gang.. Spesielt Litlajentå har utvikla Ninja skills innen fantaskap uten lyd, det e ikkje få ganger man har trudd hu sitte fint å kosa seg med leker..

Så sitte hu gjerna å lakka neglene sine, med Kånå sin neglelakk.. Tok lika så godt å lakka heilt opp te albuene, og halve gulvet med det samma.. Typiskt..

 

Itte eg hadde rydda rommet te Mini’en, stakk eg inn å henta dei små hos mor mi.. Der hadde de storkosa seg, hjulpet Bessen i garasjen, huska på føysene og laga penger..

” Eg trur eg e rike eg nå.. Sa Litlajentå, mens hu holdt ein neve med 50 lapper..

Så va kopierte og printa ut på printeren.. De hadde sikkert leka butikk eller nåke lignande..

Eg fekk de i bilen te slutt og sette snuten heimover igjen.. De fikk sitta heilt bak, for eg hadde tatt ut setene i midten, når eg hjalp vikaren min.. Og det va heilt storveis, e til og med vinduer de kan lukka opp og igjen der.. Elektriske..

Tok heilt av vett du.. Skjønne egentlig nå, koffår ofta elektriske vinduer ikkje virka bak, på godt brukte familiebiler.. Om ikkje dei voksne hadde ein sånn låseknapp framme..

 

Når me kom heim va det rett i loppekasså med småtrollå, de hadde fått kveldsmat og va klar for sengå.. Eg tok Mini’en, men Kånå måtte absolutt legga Litlajentå.. Hu hadde ikkje gjort det på nåken dagar..

Så når endelig heile Flokken va i sengå, ikveld..

Konkluderte eg med ein ganske så enkel konklusjon.. Eg og husarbeid e ikkje akkurat som hånd i hanske.. Eg kan heilt sikkert bli mye flinkare og har nok mye potensial innesperra..

Men å ta alt ut på ein gang, det va gjerna å dra det litt langt..

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg