Hamsteren …

Image: Ricky Kharawala

 

Kånå stod opp tidlig igår … Faktisk, så stod hu opp før eg forsåvidt fikk tenkt tanken, på at det va morgen. Det kom ingen albue i sideflesket, ingen beinharde knær midt i låret eller to stive hæler i rævå, slik at eg røyk lukst ut av loppekasså. Det blei ingen iskalde kommandoer, fra heimens ubestridte herskerinne, om at nå fikk eg nappa med meg Mini’en opp i stugo, sånn at Kånå fikk den berømte skjønnhetssøvnen sin. Utrolig nok, så vakna eg av at Kånå stakk hovudet inn på soverommet, og ga beskjed om nå kjørte de på Oasen kjøpesenter. Småtrollene sko få kikka på dyrebutikken. Så eg fikk ta meg av Han i Midten, siden Eldstemann og blei med på Oasen …

 

Ein Han i Midten som va alt anna enn fornøyd, med at alle fikk vær med, men ikkje han. Eg kunne ikkje anna enn vær enig med guten, detta va faktisk blodig urettferdig, på alle måtar …

 

Skjønt, det å dra med seg heile Flokken aleina på kjøpesenter tur, det ville jo vært toppen av idioti. Og som sagt mange ganger tidligare, det e forskjell på å vær toskjen og idiot. Derfor endte eg opp som den stakkars idioten, som måtte hanskast med ein Han i Midten, som va glødande fornærma fordi han ikkje fikk vær med. Han trampa rundt i heimen som ein modifisert bulldozer, der han slengte ut sine forargrelser øve å bli utelatt, mens det formelig oste ild ut av kjeften hans. Mens Kånå ikkje hadde vært meir toskjen, enn at hu spant ut av carporten, omtrent sju sekund itte hovudet hadde dukka opp i soveromsdørå, og vekka meg …

 

” Lykkelig uvitande, men skremmande godt beregna, tatt i betraktning fyrverkeriet eg vakna te, og måtte bedriva grenseløs brannslukking øvefor. Gudhjølpe meg, for ein fantastisk lørdagsmorgen …

 

Itte ei litå stund, så va dei fleste tilløpene te fyr i heimen slukka, med hemningsløse bestikkelser. Som foreldre, så e man i ny og ne nødt te å ty te slike virkemidler, bare for å kjøpa seg litt dyrebar tid. Slik at man kanskje klare å finna på ett eller anna smart, for å få sine kjære barn te å glemma tomme løfter som komme i øyeblikk av desperasjon. Somme ganger går det i likaste laget, men som oftast har man bare flytta problemet og fyrverkeriet, littegrann lengre frem i tiden. Det gikk lukst te helsikke igår, men Fatter’n rakk ein kopp kaffi og ei litå kosestund i sofaen, før tordenværet manifisterte seg foran meg, igjen …

 

Tomme løfter måtte omgjerast te håndfast handling, og ein Han i Midten klukka te slutt storfornøyd i bilen på vei heim, itte ett lukrativt besøk på AmandaSenteret. Fatter’n hadde kapitulert, Han i Midten hanka inn gevinsten og Kånå gikk lukst på ein smell, borte på Oasen …

 

Me sko i selskap te mor mi og igår, hu fylte jaggu meg sytti år, og hadde invitert te bursdagkalas inne på Susort, kor de bor. Så, når me møttes heima igjen itte endt oppdrag alle sammen, blei det skifta te finklær i ein fei, før bilen blei stua full og kursen satt mot Susort. Og det va underveis på bilturen inn te mine foreldre, at denna smellen te Kånå på ein måte begynte å stiga opp fra overflaten, fra alle smellers store og utømmelige hav av foreldretabber. Mini’en, som sjølsagt hadde storkosa seg på dyrebutikken, og som om ikkje så mange dagane også har bursdag, han kauka plutselig ut ett ønske i bilen, te bursdagen sin …

 

– Altså, ed ønska meg ein Hamster te bursdagen min ed … Ein sånn kvite, som me såg i butikken, for den va sååååå søt, altså. Ja, den vil ed ha te bursdagen … Faktisk, så ønska ed meg ingenting aent … Bare ein kvit Hamster … Kom det fra bilsetet hans.

 

Jøje meg, tenkte eg for meg sjøl, detta komme te å bli stygt … Kånå, hu såg ikkje ut som om hu hadde oppfatta ka Mini’en nettopp hadde proklamert, der hu satt med nasen på sedvanlig vis, langt nede i mobilskjermen sin. ” Faktisk, så ønska ed meg ingenting aent, bare ein kvit Hamster “ Tjera vena meg … Mini’en, som på generell basis ønske seg heila lekebladet, når me ber han kryssa av, for å gi oss ett vink te både jul og bursdagen sin, om ka han ønske. Og som egentlig har gjort det såre enkelt for oss foreldre, med å treffa rett, med tanke på ein presang han blir glad for.

 

Han forkaste høgt og tydelig alle sine dyrebare ønsker, om Paw Patrol ting, Dragetrenere borg eller alle andre ting, som har blitt ønskt i lange tider. Og vil nå kun ha ein Hamster …

 

Eg svara ikkje anna enn ett lite – Mmmm, med ett inderlig håp om at detta ville bli glemt. Det e jo som regel det som skjer, når Flokken komme med spinnvile ønsker, som sjølsagt ikkje lar seg løysa sånn budsjettmessig. Og forsåvidt, så høyrte eg ikkje meir resten av bilturen innover, te min store lettelse. Altså, for all del, det e ikkje det at eg ikkje unne guten ett lite kjæledyr, men all tidligare erfaring tilseie jo at det som regel blir oss foreldre sitt kjæledyr. Når ” hvetebrødsdagene ” e over, f.eks mellom ein Hamster og Mini’en, som regel sånn ca ei uka og to, itte dyret har kommen inn i heimen.

 

” Og eg ønske meg definitivt ikkje ein Hamster, ikkje litt ein gang, eg kunne te nøds gått for ein gullfisk, om eg hadde måtta. Men, ein eller aen slags gnager !? … Nope, det komme ikkje på tale …

 

All vitenskaplig forskning om akkurat denna tematikken, den kan stort sett visa te at det e slik det går, med nåken få mirakler av unntak. Eg trur neppe Flokken vår, eller Mini’en, ville endt i mirakelkategorien, strengt talt. Men, når me velta inn dørene hos hu farmor, virka det som om Hamsteren va glemt, og Mini’en fløy rett inn i lek med Ulrik’en. Bror min sin lille pode som forgude Mini’en, og snakka om han i lange tider når han vett me snart ska treffast. God mat blei fortært, bursdagssang blei sunget og kaker spist te den store gullmedaljen. Litt snakk om denna Hamsteren blei det, men ikkje meir enn me som foreldre klarte å parere …

 

Det va ikkje før me sko kjøra heim at heile denna Hamster saken eskalerte te nye høyder, når Mini’en igjen begynte på ein evinnelig forsvars argumentasjon, om det med å ønska seg ein Hamster, te bursdagen …

 

– Ed ønske meg bare Hamster ! Kauka han ut, når eg forsøkte å bringa på banen at han faktisk hadde spart penger i lange tider, for å kunna ha råd te denna Dragetreneren borgen. – Det e min bursdag, og då kan ed ønska meg akkurat ka ed vil. Fortsatte trollet. – Når ed står opp om morgenen på bursdagen min, så ska ed få Hamster, ein kvit Hamster. Kånå begynte endelig å forstå omfanget av smellen, med å ta småtrollene med seg i dyrabutkken, og kasta seg inn i ein ellevill motargumentasjon. Og fortalte om sine egne opplevelser med små gnagare i heimen, som hu sjøl hadde trumfa gjennom. Som hadde rømt fra buret sitt, og gått amok i heimen te Besse og Mormor …

 

– Ed, ed e ikkje sånn som du, mamma. Ed hadde passa på Hamster min, alltid. Ed kunne jo ikkje komma inn te dåkke meir om morgenen heller, om eg hadde fått Hamster, for eg måtte jo passa på den, og leka med den … Kontra Mini’en …

 

Hjølpe meg … Med den argumentasjonen, så fikk han jo nesten meg på gli og, før eg tok te vettet. Det hadde jo bare funka i maks to uker, så hadde me sikkert endt opp både med Mini’en og ein Hamster i midten av sengå, grytidlig på morgenkvisten … Men, herregud … Han ska jaggu ha for at han e flink te å argumentera sin sak, den guten, der han meir eller mindre uten stopp i dei tjuefem minuttane det tar å kjøra heim, kakla i vei som ei fullblods bygdakåna. Om denna forbaska Hamsteren …

 

Til og med når me kom heim, så fortsatte propaganda krigen, der han rydda plass på rommet sitt te der buret kunne stå. Og la ut om at me ville vel ikkje at han sko bli lei seg vel, på sjølvaste bursdagen sin … ?

 

For det ville han jo bli, om han ikkje fikk Hamster. Ein sånn kvit Hamster, som de hadde sett i butikken … Herre Jesus … Det va nesten som om eg trudde at me hadde fått Hamster, allerede. Og gikk for å finna kveldsmat te Hamsteren, nei tjera vena meg, kveldsmat te Mini’en … Skjønne dåkke greiå, eller ??? … Man blir jo nærmast hjernevaska av den fjotten der, når han virkelig sette seg på bakbeinå, og vil ha nåke. Men, aldri har det vært meir intenst, enn det fanken meg har vært denna gangen … Ikkje i nærleiken ein gang …

 

Te slutt … Lika før han sovna, så kjørte Mini’en sjølvaste trumfkortet, nett som om han visste at akkurat detta kortet, det ville treffa med millimeters presisjon, og gi maksimalt virkning. Spesielt på ein Fatter’n, som alltid seie at slike ting, det har me dessverre ikkje råd te. Der Mini’en la hovudet litt på skakke, kikka på meg med glitrande valpeauger og seie …

 

 

– Åsså vett du ka, Pappa … Ein Hamster kosta ikkje masse penger heller, bare tonittini hundre penger, det e jo masse mindre penger, enn ka drageborgå kosta, tenk … 

 

 

Gudhjølpe meg, og Herrens trofaste Hærskare … Eg vett ikkje …  Men, eg e stygt redde for … At me faktisk snart ska få oss ein Hamster …

 

Ein sånn kvite Hamster …

 

Ein sånn som Mini’en hadde sett i butikken … … … …

 

 

 

Krisemaksimering, Kånå og den Sværa gardabikkjå …

 

Eg suste rundt i lastebilen å leverte varer igår, med ro i sinnet, radioen durte i vei og dagen såg ut te å gå i likaste laget. Det va nåke roligare med tanke på godsmengden igår, enn det gjerna har vært dei siste månadene, så ett lite pusterom i jobbhverdagen tar man imot med åpne armer.

Det e nåke eget øve slike dager, som forsåvidt har vært av sjeldenhetene akkurat detta året her, kor pilå bare har peikt ein vei sånn godsmengde messig. Då e det litt godt å slippa tempoet ett lite hakk ner, synga litt med på musikken som strøyme ut i lastebilhyttå og ta livet littegrann meir med ro, enn eg gjerna pleie …

 

Så ringte telefonen … Eg kunne høyra det va Kånå med ein gang, for ingen andre får mobilen te å dirra av skrekk meir enn hu. Det e nett som om ringetonen blir ett par hakk meir intens og istedet for å vibrera pent å rolig, så ligge den å hoppa litt der i midtkonsollen …

 

Eg forstod med ein gang at det va alvorlige greier, når Kånå nærmast va i fistel allerede, itte at hu nettopp hadde ringt ein privatkunde før levering.

Ei levering me forsåvidt hadde diskutert litt tidligare på morgenen om kim som sko ta, langt inne i Heskjadalen, ei addressa som allerede der skapa litt mismodig stemning. Der den e litt utenom allfarvei, vegen inn e trang og smal og svingane komme tett som haggel.

Kånå trekte det kortaste strået, mye på grunn av at hu har den minste bilen av oss, men mest fordi det bare va to små kolli. To litt tunge kolli, men fortsatt såpassa små, at det mest fornuftiga va å ta det med hennas bil …

 

” Men, årsaken te at Kånå allerede hadde havna langt opp i falsetten øve telefonlinjå, det va fordi denna kunden hadde hund …

 

Og alle som har fulgt med på denna bloggen, dei e gjerna klar øve at Kånå absolutt ikkje e i øvekant glad i hundar, spesielt ikkje gardabikkjer som det gjerna som oftast e, langt ute på landet.

På toppen av kransakakå, hadde kunden gitt beskjed om at bikkjå gjerna kunne bjeffa litt, men mest fordi den bare ville hilsa på og ikkje fordi den va sint, eller lignande.

Akkurat det, det va for Kånå revnande likegyldig, for kossen i all verden kunne hu vita om denna bikkjå va vennlig innstilt, når hu som ein framand person kom spankulerande inn på denna hundens enemerker. Gudhjølpe meg, altså.

Det va ikkje måte på kor stor krisemaksimering Kånå bedreiv, før hu forsåvidt va kommen te stedet …

 

Så eg gjorde nåke eg forsåvidt aldri pleie å gjør, men som eg ikkje klarte å la vær, akkurat denna fine dagen, som nettopp hadde blitt forstyrra. Av ei mildt sagt irritert Kåna, som forbante kunder som ikkje kunne holda seg heima når de fikk varer, og attpåtil hadde hund …

 

Kanskje ein svær brann av ei gardabikkja, som ville bjeffa glefsande mot Kånå, og kanskje sleit seg fra båndet sitt …

 

Eg avbrøyt Kånå midt i ein laaaang tirade kor hu la ut om at hu ikkje kunne vita kor langt båndet rakk, og lignende, kor eg med ein stemme som muligens ikkje skjulte min frustrasjon godt nok, og som heilt klart kanskje va i øvekant streng.

Kor eg sa at nå va hu kanskje i øvekant negativ på forhånd og gjerna bedreiv ei litt unødvendig krisemaksimering, om ein sak som gjerna ikkje va så skummel, når alt kom te alt.

Før eg fortsatte med ein nåke meir mild tone, om at sjølsagt forstod eg hennas skrekk for hundar, men at det kanskje ikkje va nåke grunn te å ta sorgene så kraftig på forskudd, sånn egentlig …

 

” Det gikk ei litå stund, før eg oppfatta at eg faktisk snakka te meg sjøl. Kånå hadde fanken meg lagt på røyret, mest sannsynlig lenge før eg hadde tatt te vett, og lagt om te eit nåke mildare tonefall …

Tjera vena meg …

 

Eg forsøkte å ringa Kånå opp igjen, men Kånå hadde tydeligvis talt te tre og når Kånå har gjort det, då e det fånyttes å få kontakt med hu igjen. I slike tilfeller, så vil eg sei det e enklare å føra ein samtale med ein mosegrodd gråstein, enn det e med Kånå.

Hu går i full shutdown, og e ikkje snakkande te før hu sjøl bestemme seg for å vær det, ingenting kan lokka hu ut av stillhetens favn andre enn hu sjøl. Herreguuuud …

Ein idyllisk og harmonisk start på dagen hadde heilt klart tatt ein grusom vending te det verre, og eg kjente sneken av Bodluktå allerede, bare fordi eg ein sjelden gang ikkje klara å styra kjeften min …

 

Jøje meg, altså. Det e slika dagar man forberede seg på verst mulig utfall, men leve i ett syltynt håp, om at ting gjerna går seg te. Skjønt, det e lenge siden eimen av sovepose, liggeunderlag og ei dunkel, mørk og edderkoppbefengt Bod, har manifistert seg såpassa godt, oppe i nasaskaftet …

 

Kånå kan jo ikkje nåke for at hu e livredd deia her skapningane, nett som eg ikkje kan forklara på nåke logisk vis, at eg e pisseredd edderkopper. Så det e ikkje det at eg ikkje føle med hu, det e vel meir denna her trangen hennas te å skapa ett verst mulig scenario for seg sjøl, lenge før hu forsåvidt e på plassen, som irritere meg litt.

Eg e jo streng talt ikkje redd for ein edderkopp, før eg ser den, og Kånå hadde jo ikkje sett denna bikkjå ennå. Alikavel, så går hu ut i fra at det e eit mannavondt glefsande beist hu komme te å møta på, når hu ska levera der …

 

” Jaja, det gikk seg te ut øve dagen, og eg høyrte ikkje meir i fra Kånå på ei stund. Før det plutselig ramla inn ein liten beskjeden tekstmelding, som inneholdt ein liten videosnutt …

 

Ein liten film med ein lika liten søt hund, som stod å bjeffa viltert på Kånå, mens den logra vilt med halen. Jauda, eigaren hadde absolutt ikkje overdrevet når han sa den gjerna laga litt mye lyd, men det som irriterte Kånå mest, det va at de kunne nå godt sagt kor stor denna bikkjå va.

Slik at hu kanskje hadde sluppet å gått å grudd seg sånn, før hu sko kjøra inn å levera. Det va jo bare ein bitteliten fjott av ei bikkja, som stod der å bjeffa  …

 

Herre Jesus … Eg måtte le litt for meg sjøl, der eg såg føre meg ei Kånå, som muligens innsåg at hu kanskje hadde tatt litt hardt i, tidligare på dagen. Og at krisemaksimeringen, kanskje va i det mesta laget …

 

Eg, for min del, når eg på ein måte hadde fått litt rett, og at Kånå hadde tatt litt feil, tenkte at nu e det best å ikkje respondera hverken den eine eller den andre vegen. Det e nett som når man oppdrar barn, somme ganger når kidsa gjør alt de kan for å utløysa ein reaksjon hos sine foreldre, så e ingen reaksjon absolutt den beste løysningen.

 

Akkurat detta har eg fått med meg itte mangfoldige år sammen med Kånå, at når man trur man har på ett mirakuløst vis kommen seg ovanpå, og får eit lite behov for å kanskje sei si meining, og briljera litt på toppen av seierspallen …

 

Så e det som regel snaraste vegen te å havna lukst utfor stupet, og inn i de fortaptes evige rike …

 

Så eg lot som eg ikkje hadde sett videosnutten, flirte litt for meg sjøl og kikka i speilet. Kor ett flir begynte å forma seg om kjeften på Fatter’n …

 

Ett Jack Nicholson flir … Muligens … 😁😂

 

 

 

 

Kjøkkenøyå …

 

Kåner e nåken merksnodige vesen, mi Kåna e i aller høyeste grad absolutt ikkje nåke unntak, der hu vimse rundtomkring i heimen og gjør sine huslige sysler. Dei fleste mannfolk med lang fartstid sammen med si kjære Kåna, dei har nok gjerna brukt dei første ti årene som samboere, te å forstå, tolka og te ein viss grad lært Kånå si å kjenna. Mens dei neste ti årene mest sannsynlig har blitt tilbringt i villfarelse, desperasjon og mild fortvilelse, fordi all erfaring man trudde man hadde tillært seg underveis i dei første ti årene, den står plutselig på null igjen … 

 

Det e ingenting i denna verdenen, som e meir fortvilande i ett forhold, enn når man oppdage at alt man trudde man visste om si egen Kåna, det va bare ein illusjon … 

 

Ett luftslott på himmelen som fortsatt e umulig å forstå seg på, itte mangfoldige års samvær, ei Kåna som sjølsagt ikkje meina nåkenting av det man trudde de meinte, bare nåken år i forveien, eller kanskje bare forrige uka. Jo før man innser slike ting, som at Kåner e komplett uforutsigbare vesen, og at man som regel bare såvidt har bada i overflaten av Kånene sine uberegnelige sinn, jo bedre e det. Eg har lært meg te slutt at det e ingenting man kan læra seg, hverken meir eller mindre, man må bare følga på som best man kan på livets landevei. Ja, rett og slett ta ting på sparket og analysera kvar einaste situasjon som oppstår, som ein heilt ny situasjon, og ikkje tru at man kan reagera som sist, fordi då gikk det jo bra … 

 

” Då vil man som oftast bli lurt lukst inn i ulykkå, eller kanskje bare bli kjørt rett inn i kvernå og ende opp som ett maltraktert slakt av sjeldent kaliber … 

 

Det tok meg fire barn og ei Kjøkkenøy, før eg forstod at eg ennå ikkje hadde meir enn såvidt brutt overflaten, i det å forstå meg på Kånå, og gjerna begynte å slutta med toskaskapet om det å higra itte ein begripelse som ikkje fantes, og heller bare lot notå gå. Anthony Hopkins har ein fantastisk sitat i ein film om akkurat detta fenomenet, som eg meina sette ord på nåke som egentlig ikkje kan ordleggast. Det e forsåvidt eit sitat om det å forstå kjærlighet mellom ei kvinna og ein mann, men strengt talt så e det to alen av samma stykke, i mi bok. Man oppnår ikkje fullkommen kjærlighet mellom Kånå si og seg sjøl, før man gjerna gjør slutt på prosjektet om å forstå seg på kossen ei Kåna fungere og virke. Punktum … 

 

– Multiply it by infinity, take it to the dephts of forever, and you will still have barely a glimpse of what i’m talking about … 

 

Det seie Mr Hopkins om det å vær glad i nåken, det å ha tillit, ta ansvar og ikkje minst følgene av sine valg og følelser, for så å bruka resten av livet å leva opp te detta. Men, Herreguuud … Kossen kan man dra inn ei Kjøkkenøy i detta regnestykket, tenke sikkert mange nå, men det ska eg jaggu meg forklara dåkke, Folkens … For, når me holdt på å velga oss ut detta kjøkkenet i vårt eminente rekkehus, så sko Kånå ha ei Kjøkkenøy, kosta ka det kosta ville. At det gjerna ikkje va den heilt store plassen te detta, det betydde absolutt ingenting, enten så fikk hu Kjøkkenøy eller så ville hu ikkje ha rekkehuset, ferdig snakka … 

 

” Når man då får ei Kjøkkenøy som forsåvidt gikk på bekostning av både mindre benkeplate og færre kjøkkenskap og ein minivask, då skulle man jo trudd at ei småsint, ilter men stort sett snill Kåna, rett og slett va fornøyd … 

 

Jauda, god dag mann økseskaft, tru igjen og tru te det knaka og knekke oppe i hjernebarken. Det gikk fanken  meg ikkje meir enn nåken uker itte me hadde flytta inn, før eder og galle røyk ut øve denna hersens kjøkkenøyå. Der den stod for nærme kjøkkenbenken og oppvaskmaskinen, slik at man ikkje kunne ha skuffene i øyå oppe, samtidig som oppvaskmaskinen va åpen, sjøl om det va Kånå som bestemte plasseringen. Ikkje minst så va det for lite plass på den andre sidå og, slik at det ekstra breia kjøkkenbordet Kånå bare måtte ha, ikkje gikk mellom veggen og denna berømta Kjøkkenøyå … 

 

Utslagsvasken va plutselig for liten, sjøl om Kånå sjølsagt ikkje trengte nåke større hu, så lenge hu fikk viljen sin og ei Kjøkkenøy. Det va alt for liten skapplass på kjøkkenet itte ett år og to, skjønt å huska kim som meinte det va meir enn nok før me flytta inn, det hadde man jo glemt.

 

Forbannelsene og klagene va uendelige, men det stilna ei stund, når eg og far min snudde den litt, slik at skuffene ikkje gikk lukst mot kjøkkenbenken meir den gangen me skifta gulv i stugo og på kjøkken. Før det itte ei stund begynte å tilta i styrke igjen. Akkurat derfor, og på grunnlag av alle dei motsigande argumentene te Kånå lika ovanføre her, så meina eg at denna famøse Kjøkkenøyå, den e ett strålande eksempel på Mr Hopkins lille sitat, og ikkje minst på at man ikkje ska prøva å forstå ka som romstere rundt omkring, oppe ei Kåna sin hjernebark. Det e totalt fånyttes, og vil bare føra deg langt inn i frustrasjonens tåkehav, slik at man te slutt hverken ser bak eller fram på livets strabasiøse landevei … 

 

” Det e som å ganga det med uendeligheten, ta det te dypet av evigheten og fortsatt så ser man bare ett lite glimt av ei Kåna sine tankar, sinn og meiningar … 

 

Paradokset i akkurat denna tematikken her, det må vær at mange Kåner bedrive grenselaus klaging øve sine mannfolk, som liksom ikkje forstår seg på Kånene sine. Der man liksom ska ha tillit, ta ansvar og følgene av sine valg og følelser og leva opp te detta gjennom ett langt samliv. Når heile årsaken te at me mannfolk ikkje har den minste mulighet eller fanaring te å forstå Kånene våras, den e fordi de gjør stikk motsatt av akkurat det, det å ta ansvar og følgene av sine valg, ha tillit te sin mann og leva opp te det, resten av livet. 

 

F.eks når det komme te denna Kjøkkenøyå, som Kånå absolutt måtte ha og va hennas valg, som igjen førte te diverse andre følger på kjøkkenet, som eg sjølsagt trudde hu va innforstått med og villig te å leva med … 

 

Men, Kjøkkenøy det har me på kjøkkenet, Fatter’n har funnet ut at man ska ikkje forsøka å forstå sin bedre halvdel, og for å beholda ein tilnærmet god stemning gjennom ett langt liv. Så har eg slått meg te ro med at som oftast får man bare la notå gå, velga sine kamper med ytterst omhu og stort sett gjør det man kan for å oppfylla ei ilter, småsint men stort sett snill Kåna sine ønsker. Sjølsagt innenfor all rimelighet sine grenser. 

 

Så trappå i vårt kjære og eminente rekkehus, mi kjære Kåna, den får du nok bare leva med i nåken år te … Heilt klart … 

 

Om ikkje du plutselig får ett eureka øyeblikk, gange din manns tanker med evigheten, dukke ner ein liten tur i dypet av evigheten og plutselig finne ut av nåken av dei her glimtene av forståelse, på ein måte … 

 

Eller nåke lignande … Jøje meg, den satt jaggu meg i sikringsboksen den … Om eg sko fått sagt det sjøl. 😁😁😁

 

Faktisk, så e man som oftast gode nok, som Foreldre …

Sjølveste Mini’en …

 

Eg satt i sofaen idag morgens å kikka på Barne-Tv sammen med Mini’en, kaffikoppen kvilte i håndå mi og det va bare duren fra tv’en som brøyt den absolutte stillheten. Det va ein nydelig morgen kor solå titta inn gjennom lamellgardinene i stugo, Mini’en satt fordypa i Mikkes Klubbhus og eg fikk ett lite Deja Vu øyeblikk. For detta har eg jo opplevd før. Men … Det va ein ting som mangla i glimtet mitt, for at det gjerna sko bli ett perfekt øyeblikk av Deja Vu. Nemlig det faktum at Fatter’n gjerna satt iherdig å klapra på laptopen sin, og dokumenterte dei siste hendelsane hos Familien Vandrende Kaos, i stillheten før stormen ein søndags morgen …

 

Det va då det slo meg at det har eg ikkje gjort på leeeeenge, det å sitta med laptopen på fanget og la tankane gli ut av fingertuppane, før de manifisterte seg i ett innlegg på bloggen min …

 

Eg titta ned på siden av meg, der i sofaen, kor data’en min lå og samla støv, for så å vippa forsiktig opp skjermen og ett lite pip skvatt ut av maskineriet. Det va nett som om den smilte godmodig te meg, logra ivrig med halen sin og ønskte meg velkommen tilbake. Kanskje den hadde savna den sedvanlige klapringen av tankar, som fløy fra hjernebarken og ut gjennom fingrane, den og. Det e ikkje godt å sei, i all den tid den hverken kan snakka eller formidla sine tankar, sånn egentlig. Men, klar for nye oppdrag, det va den i aller høyeste grad, der den slo seg på i ein fart og lot Fatter’n logga seg på bloggsiden sin, kor kursoren blinka fornøyd inne på “legg til nytt innlegg” funksjonen …

 

” Det har vært skrekkelig travelt dei siste ukene før skoleåret tok slutt, med avslutninger i hytt og pine både med klasser, fotball og barnehage. Ikkje minst så har jobben virkelig krevd sitt, der det formelig har bugna over med varer, som må kjørast ut …

 

Allikevel, så har det ikkje mangla på episke øyeblikk som eg heilt klart kunne skrevet om, her inne på bloggen. Det har vel bare skorta litt på overskudd og tilgjengelig tid te å setta seg ned, for å få tømma hovudet for finurlige tanker og lignende, som svirra rundt oppe i topplokket. Ikkje minst så har eg ett spennande prosjekt på gang, som har vært nåke meir utfordrande enn eg gjerna hadde sett føre meg. Meir om det vil forsåvidt dukka opp i nærmaste fremtid, vil eg tru, då det plutselig blei meir håndfast enn eg hadde turt å håpa på. Somme ganger tar livet nåken underlige og i overkant spennande svingar, og då e det bare å henga med i kurvene å la seg riva med, rett og slett. 

 

Her ein dagen, når eg suste på vei heimover i lastebilen, itte siste levering, så satt eg der bak rattet og lot tankane fly. Ja, rett og slett reflekterte litt øve alt eg har latt strømma ut av ein sliten hjernebark, som har hatt behov for litt terapautisk tanketømming, i ein strabasiøs hverdag …

 

Faktisk, for å låna ett av Mini’en sine favoritt ord, så e det jaggu meg ikkje lite som har sivt ut fra topplokket, og strømt ut på det vide og breia nettet, dei siste årene. Der behovet for å få ut litt damp meldte seg itte minstemann kom te verden, og livet som me kjente det, heilt klart blei snudd på hovudet. Når me forsåvidt fant ut at fire små i heimen, det va definitivt nåke meir strabasiøst enn å bare ha tre. Skjønt, nå va me streng talt eksepsjonelt heldige med Litlajentå, som va ett funn av et barn, der hu sov når hu sko sova, spiste når hu sko spisa og lå stort sett å leka seg fint på gulvet, når me la hu i lekegrinden eller under ein uro. 

 

” Derfor va sjokket rimelig stort når Mini’en va hennas rake motsetning, i den samme spebarnsperioden, med sine allsidige sprell rundtomkring på gulvet, lite soving og med stemmebånd som den mest hardbarka heavy rocker …

 

Det å kunna ha litt galgenhumor oppe i det heila, og gjerna få skrevet ner mange av dei elleville episodene som oppstod, i kjølvannet av å få Minstemann. Ja, det har nok gjort hverdagen nåke meir enkel å håndtera, der me alle her i Familien Vandrende Kaos, som regel har gått på ein smell og to underveis. Han Knut Netland spurte meg når eg va gjest i panelet på Tv Haugaland, om ka familien gjerna syntes, om det at eg gjerna harselerte og hengte både Kånå og Flokken ut på bloggen. Men, eg trur at dei fleste som lese denna bloggen, klara å lesa mellom linjene i epistlene som blir lagt ut, og får nok med seg at den som gjerna blir mest hengt ut og harselert med, det e vel egentlig meg sjøl …

 

Jaja, og te dels gjerna Kånå når eg forsåvidt tenke meg om, men om eg nå sko fått sagt det sjøl, så e hu rimelig flink te å legga opp te det sjøl, i visse sammenhenger. Det e nå i hvert fall heilt sikkert …

 

Som den gangen hu ringte meg fra ein gård på Ognøy, og påstod at varebilen va omringa av ein flokk skrubbsultne ulvar, og ikkje turte å gå ut å levera eskå. Som forsåvidt endte med at hu betalte ein nabogutt te gården femti kroner, for å vær med opp å levera esken for hu. Den episoden toppa seg jo nåken uker seinare, når hu traff samme guten på Coop’en i Føresvik, sammen med pappen sin. Kor guten kauka ut midt i butikken når han kjente igjen Kånå, at der va den damå som hadde gitt han ein femtilapp. Pappen te guten kikka jo nåke rart på Kånå, ei Kåna som fikk det travelt med å forklara koffår guten hadde fått denna berømte femtilappen. Ubetalelig vett du …

 

Ulvane va jo bare ein liten flokk med gardabikkjer, sånne koselige Border Collie bikkjer, og som mange gjerna har fått med seg e Kånå i øvekant redd for hund. 

 

Eller den gangen hu gikk på ein smell midt i trappå våras her i rekkehuset, fordi hu nappa Litlajentå ut grepet mitt, og kleiste jentå inn i ett saftig hoftegrep. Og for seint oppdaga årsaken te at eg hadde holdt jentå, minst ein strak armlengde foran meg, der ei overfylt bleia som det nærmast knitra av holdt på å revna. Den eksploderte i det sekundet den traff Kånå si hofta. Gudhjølpe meg og Herrens trofaste Hærskare. Eg minnast ennå sjokket te Kånå, når hu oppdaga ka som hadde skjedd, før hu illsint kauka ut koffår eg ikkje hadde advart hu. Men, det e jo ikkje så lett å advara folk, som ikkje gir deg meir enn 2 nanosekunds varsel, på ka de har tenkt å foreta seg, sånn egentlig … 

 

” Det blei forsåvidt ein nåke humoristisk stemning under opprydningsarbeidet, som endte med at eg måtte fuge med ny akryl mellom trappå og veggen, då det va umulig å få den gamle fugen rein …

 

Men, som eg nevnte tidligare, så e det vel meg sjøl som har endt opp med flest smeller av forskjellig kaliber, gjennom denna bloggens levetid. Det e vel ikkje få ganger eg ufrivillig har vekka heile heimen grytidlig om morgenen, før eg flyr avgårde på jobb, enten på leit itte bilnøkler, lommabok eller andre gjenstander som trengs. Ein gang huska eg svært godt, når vinden tok tak i dørå og smelte den igjen med ett brak, når eg sko kjøra ei medisinruta klokkå fem om morgenen, og gjekk ut dørå ein halvtime før. Eg stod ute på trappå i nåken sekund, itte smellet, før pappskallen tok te vettet og sprang som ei pil opp te bilen, og spant avgårde på jobb … 

 

Den einaste kommunikasjonen eg hadde med Kånå den dagen, det va ei melding hu sendte ti minutt seinare, kor det bare stod to ord. “Tusen Takk” … 

 

Eg hadde det ikkje travelt med å komma meg heim, akkurat den dagen, men det endte forsåvidt i likaste laget, heldigvis. Tjera vena meg. Det har vært uheldige episoder med kamuflasje kaker fra Tyrkia, kor Fatter’n nærmast strauk med av sjokksmaken, og fant ut at ikkje alt som ser innbydande ut smaka lika godt som det ser ut som. Eller når man ikkje tar hensyn te ein apotekers gode råd, i samme land, og smøre tjukt på med sol-eksem krem. Istedet for det veldig, veldig tynna laget som apotekeren anbefalte, og endte opp som ein albino på brystet, med merker itte fingrane som har smurt ut kremen, ute på skuldrene.

 

” Og ei Kåna med full knekk i knærnå, før hu falt inn i ei latterkrampe hinsides all fornuft, når fadesen blei oppdaga. Det blei nåken dager med t-skjorta på, i trettifem graders varme, itte den smellen … 

 

Og som ein liten grand finale i denna kavalkade sammenhengen med Fatter’n smeller, så kan man ikkje komma foruten barnadåpen te Mini’en. Den gangen når eg trudde bror min og han Eldste som eg har fra før, kom opp trappå og inn på kjøkkenet med smørbrød boksene feil vei. Fordi pilene peika fremover og ikkje oppover. Eg treiv te meg isopor beholderene og snudde de slik at pilen peika opp, mens både bror min og Eldsteguten fra før kikka sjokkert på meg. Herreguuud. Pilene peika jo mot åpningen, og ikkje den vegen som sko vær opp, så alle smørbrødene hadde jo blitt ommøblert inne i boksane.

 

Kånå eksploderte, eg kjente Bodluktå allerede der og gjestene fikk ein herlig blanding på smørbrødene sine. Laks med rødbiter, rekesmørbrød med stekt løk og karbonader med sitron … Fantastisk … 

 

Eg vett ikkje om det va meiningå fra starten av, men ein rød tråd gjennom heile bloggen, det har vel vært å visa småbarns livet uten filter og nett sånn som det er, gjerna sett fra Fatter’n sitt synspunkt. Visa at man vil gå på smeller i småbarns tiden, man vil krangla med Kånå og det vil gå lukst te helsikke, innimellom. Det betyr ikkje at man e dårlige eller ikkje e gode nok som foreldre, for det om, det betyr bare at man lever ett nok så normalt liv, vil eg tru. For ingen lever så flott som man gjerna gir uttrykk for på sosiale medier, ingen klare å følge alle maler om ein perfekt pedagogisk barneoppdragelse og ingen bør tro at man ikkje e gode nok som foreldre, på grunn av påvirknings krefter uten i fra …

 

” Me har funnet vår måte som fungera for oss, vår greia som ikkje er basert på normer, rammer og definisjoner som omverdenen rundt trykka på oss. Men heller av egen erfaring av ka me har gjort feil, og ka som har fungert.

 

Det har jo blitt så populært å bare væra “god nok” i den sista tiå, med Linn Skåber og Lisa Aisato sin bok “Til Ungdommen”, eller mange bloggere sine oppfordringer mot kroppspress, om at man e god nok som man er. Men, det gjelde jo i aller høyeste grad oss foreldre og. Det å ha troen på at man e god nok. 

 

Så, om denna bloggen har fått bare ett menneske, eller ett foreldrepar, te å la alle normer, definisjoner og krav om ka som e godt nok, te å seila sin egen sjø. Og heller ha troen på at man e gode nok, nett som dei foreldrene man e … 

 

Ja, då trur eg at eg ska sei meg fornøyd med mi rolla som blogger, eller influencer, som det så fint kalles. For man kan faktisk påvirka folk på ein god måte og som blogger, man bør ikkje bare bedømmast itte kor mange man har fått te å kjøpa ett produkt, for å bli kalt ein suksessblogger, spør du meg … Det bør væra godt nok, i bare det å vær god nok. Enkelt å greit … 

 

Jøje meg … Detta må vel bare kallest ett lite comeback itte nåken ukers fravær. Men hjølpe meg kor kjekt det va igjen, det å lira ut av seg nåken ord fra topplokket … 

Ord som gjerna betyr nåke, og kanskje kan gjør ein liten forskjell, i ein strabasiøs hverdag. 

I de fleste småbarns familier sine hjem … 

 

Uansett … Ha ein strålande søndag, Folkens … 

 

 

Idag traff eg kvernå …

 

Noen dagar vett man kossen blir før man har våkna, og alt går på rutine. Andre dagar kan dra deg inn i ei kjøttkvern og spytta deg ut i andre enden, fullstendig maltraktert. 

Mens somme dagar bare går man på ei sky i lykkelig uvitenhet om all verdens forferdelse, heilt te man legge seg for kvelden.

Idag traff eg kvernå …

 

Dagen idag, den starta egentlig inatt, med ein Mini som fikk ett kraftigt anfall av falsk krupp.

Sjøl eg, som fløy rundt i heimen med full panikk første gangen Eldstemann fikk det, har nå opparbeida såpassa erfaring, at eg vett ka som bør gjerast nå. Itte at heile Flokken forsåvidt har hatt falsk krupp.

Så det bar ut på trappå med meg og Mini’en, så han sko få pusten igjen. Mens Kånå gjorde klar litt medisin…

Guten blei medisinert og me la han i midten i vår seng. Ett skikkelig sjakktrekk…

 

Når klokkå ringte idag morgens, og eg subba mørbanka ut på badet, itte Mini’en hadde brukt ryggen min te fotball inatt, va eg alt aent enn utsoven.

Litt vann i ansiktet hjalp litt, ein kopp kaffi hjalp meir. Før eg trødde på meg arbeids klernå og suste på jobb.

Bare for å oppdaga at lommabok, telefon og nøklar låg igjen hjemma. Når eg kom på jobb.

 

Jippi …

 

Suste heimøve igjen og fekk henta sakene. Kom tebake på jobb igjen, nåke forsinka, og trøkka varene på lastebilen i ein fei.

At eg har vært i koma når eg lasta idag, va ikkje vanskelig å forstå. Når eg kjørte sikk sakk mellom stedene eg sko levera. Og klokkå gjekk fortare enn på lenge.

Normalt så har eg som oftast planlagt ei ruta, med minst mulig svinn av tid. Men idag va det totalt håpløst …

 

Dei på kjørekontoret ringte jevnligt om nye hentingar. Sjølsagt ingen forståelse for at man hadde ein kjøttkvern dag idag, og få der.

På slutten av dagen, va bilen fortsatt halvfull.

Eg begynte å lura på om eg egentlig hadde gjort nåkenting i heila dag, for eg leverte og leverte, men det minka fakerten ikkje på varene inne i lastebilskapet.

Så, når eg kom te Skuddnes. Og hadde levert på trelasten, lå det plutselig bare 7-8 esker i sidedørå og stod halv annen palle igjen i framveggen. Nesten tomt jo …

 

Eg kikka forvirra rundt meg. Før det gjekk opp for meg at eg hadde lossa 6-7 paller med vinduer der på trelasten. Som forsåvidt hadde tatt nesten 2/3 deler av plassen.

 

Hjølpe meg …

 

Alt underskudd av tid, va snudd te overskudd. Dei siste leveringane gjekk som ein draum, før eg begynte på innhentingane.

Som sjølsagt lå på feil sia av veien alle sammen. Man må nesten ha kjørt på Karmøynå, for å forstå den. Men itte klokkå 1500, så renne trafikken tett begge veier, av ein eller annen grunn.

Og det tar jo ein evighet å komma seg inn på hovedvegen igjen …

 

På Vedavåg holdt eg nesten på å forgå. Den eina fina lukå itte den andra, gjekk bilen foran meg hus forbi.

Før den spratt ut i vegen, rett foran grillen på ein buss og nesten fikk ein fullblods rånebil i hekken så kom andre veien.

Det va ei strikkmotor dama.

Ei sånn med hatt, lilla hår og gebiss. Ein parykk de må henta i hattahyllå kvar gang de har parkert og som bruke 3,5 clutch i året.

Alle verksteders draum …

 

Endelig kom eg meg ut på vegen. Suste inn te terminalen og fekk lossa bilen, før eg kjørte heim.

Har ikkje trødd ut av lastebilen før Mini’en komme meg i møte, sammen med Litlajentå.

Trør i trynet nåke middag, før Kånå lira ut av seg ein tirade. Klare omtrent å parera 50 %, før eg slukøra går å klippe plenen… Kånå e tydligvis trøtt idag hu og …

 

Han i Midten komme nerøve veien med halvparten av snekkerverktøyet mitt.

Ka i helsikke …?

Joda, han og nåken kompisar bygge hytta. Ei spikereska og nåken planker e og forsvunnen. Jaja, eg kom sikkert aldri te å bruka den dimensjonen alikavel.

Eg går å laga meg ein kopp kaffi …

 

Plutselig suse Mini’en forbi på sparkesykkel og krasja rett i kjøkkenskapet.

Kaboom … Han ler av fryd, eg grine og Litlajentå komme på andreplass.

Dei fikk ikkje sparkesyklane te å virka på plenen. Men parketten inne va perfekt.

 

Åh du heilaga jul …

 

Fantungane blir heven på dør. Og eg sitte matt igjen i sofaen og drikke kaffien.

Før eg tar støvsugaren å spinne øve ståvegolvet. Det så ikkje ut itte sparkesykkel fantomene.

Kånå e forsvunnen. Litlajentå og Han i Midten likeså.

Finne Kånå igjen utforbi vaskerommet, hu pusse og mala utemøblene. Dei to andre va gått på lekeplassen og Mini’en har parkert foran Zack & Quack på tv’en …

 

Eg betale nåken rekningar og skrive ett par mailer. Når Kånå tråkka gjennom ståvå, med sko på. Fulle i mold.

Fram med støvsugaren igjen.

Mini’en ska ha drikka. Snart seie eg. NÅÅÅ seie han. E bare å lya.

Dei to fra lekeplasssen komme heim igjen, og Kånå tar seg av litt legging. Eg sitte apatisk å kikka i luftå på sofaen, og snakka med meg sjøl.

Kånå kikka bekymra på meg, før hu rista det av seg …

 

Nå e alle i seng. Roen har begynt å senka seg øve heimen, og Kånå kjørte for å handla.

Mens eg trøsta meg med at to sånne dagar på rad, sjelden komme aleina.

Her i huset …

 

Vil eg tru … ??

 

 

 

Ed ska bli Storebror, ed …

Me va på besøk hos bror min i Sandnes sist helg, for å besøka det nye tilskuddet til familien, då dei nettopp har fått seg ein liten babygutt. Kånå tok jo heilt av, og eg rekna med at det rista kraftig i eggstokkane, der hu rusla øve stuegulvet med detta nøsta av ein babygutt i hendene. Man kunne formelig sjå at dei 12 sammenhengande årene me har hatt, med bleieskift, amming og påfølgande gulpekalas, dei blei glemt så snart hu fikk nøsta i fanget. Men, det komme ikkje fleire nøster her i heimen, e det ein ting som e sikkert, så e det at den tiden e me ferdige med …

Det draumande uttrykket i Kånå sitt andletet, det forsvant ikkje før langt ut på søndagen, dagen itte me hadde vært der. Når Flokken forsåvidt gikk amok i heimen, og realiteten slo inn igjen for fullt, for ei babysjuk Kåna … 

Men Mini”en, han endte og opp med ett draumande uttrykk i andletet, itte å ha holdt detta lilla vidunderet sist helg. Der han stolt holdt sitt nye søskenbarn i fanget og kikka på dei små fingrane, småpludra litt og va ytterst forsiktig, der han satt. Allikavel, så va det ikkje før igår kveld, når han satt i badekaret, at guten nevnte nåke om akkurat denna saken. Kor ein liten samtale mellom mor og barn, tok nåken underlige veger, og Mini’en igjen kom med ett lite gullkorn, fra badekaret … 

– Mamma, ed og ska snart bli storebror. Seie guten plutselig, mens hu mor styrte med litt rydding på badet. 

– Åhh, ska du det ? Svara ei nåke øverraska og lett forfjamsa mor. 

– Åja, mamma. For nå e ed jo snart store gutt, å ska begynna på skolen, å då må ed jo bli storebror. Fortsatte guten. 

– Jammen, eg trur ikkje mamma ska få nåke fleire babyer altså, eg har jo meir enn nok med dåkke fira som eg har. Prøvde Kånå å sei, uten å liksom skuffa guten for mye. 

– Herreduuud mamma, ed vett jo det. Det har du jo sagt mange ganger, at me fira e meir enn nok. 

– Men, når Tijil (storesøster) får babyar, då blir eg jo storebror, vett du mamma … 

Den siste setningen der, den blei fortalt i eit meget fornøyd tonefall, fra ein gut som absolutt va nøgd med sitt eget resonnement. Kånå hadde ikkje hjarta te å forklara guten, at då ville han nok heller bli onkel istedet for storebror, og lot karen sin gode tankerekka få stå urørt … 

Nåken e jo nødt te å bli minstemann, på ein måte, men man trenge jo ikkje gni det inn, når guten liksom e fornøyd … 

Sånn egentlig … 😉😁