De tre Bukkene Bruse, ein boks Gele og Fatter’n …

De tre Bukkene Bruse, på ein måte … 😁

 

Det har blitt mandag igjen, første mandagen på jobb på ei stund, faktisk, om man tenke seg litt om. Og det pleie sjelden å vær nåke problem for meg, akkurat det med å tenka. Eg har det vel med å tenka litt i øvekant mye, innimellom, når eg først begynne å tenka litt øve det. Andre ganger, ja då tenke eg gjerna alt for lite, i forhold te kor mye eg gjerna burde tenkt, på forhånd …

 

Men, det e jo ikkje så lett å tenka på det, sånn i ittekant, at man burde tenkt meir i forkant. Før man gjerna gikk på ein stjernesmell av sjeldent kaliber, og havna i uføre av ett eller anna slag. Fordi man tenkte for lite, for mye eller ikkje tenkte i det heila tatt … 

 

Jøje meg … Den blei djup. Det e definitivt mandag e liksom det førsta som slår meg, når ei sånn tankerekka renne ut av hjernebarken, tidlig på morgenkvisten … 

 

Eg kan ihvertfall ikkje ha tenkt mye øve saker og ting, når eg sa det e greit te Kånå, igår ittemiddag, når hu nevnte nåke om å lufta vettet sitt litt, og fløy ut av dørå nærmast sekundet itte eg hadde nikka te hu, og sagt dei tre famøse ordene. Det e greit …

 

Heile Flokken va ute med vennene sine å leka i gatå, så det herska jo ein sjelden stoisk ro i heimen, foruten den intense klapringen fra tastaturet te Eldstemann, som satt oppe på rommet sitt å gamet. Det va vel gjerna derfor eg lot meg lura, te å tru at resten av kvelden ville gå forbi i all sin enkelhet, kan eg tenka meg. Der eg satt i sofaen med nesen langt nede i ei bok, og ikkje tenkte øve, det faktumet at det blei min jobb å få Flokken te sengs, heilt aleina … 

 

Men, når klokkå tippa litt over sju dukka førstemann opp i heimen, det va Mini’en som kom dundrande opp trappene, og drog Fatter’n ut av bokå si, med ett smell …

 

Han hadde vært på fotballcup denna søndagen, scora fira mål og til og med fått pokal, så han va jo meir eller mindre høg som ett fly og stolt som ein hane. Guten nappa te seg middagen han ikkje hadde hatt tid te å spisa og satte seg ner i sofaen, kor han skrudde på Netflix og gumla i seg maten. Lika ittepå dukka Han i Midten opp, og kom trampande opp trappene nett som den siste av Bukkene Bruse, på vei te seters for å gjøra seg fet …

 

Så han fant seg litt middagsrester han og, men satte seg med kjøkkenbordet og kikka på youtube med pc’en sin, mens han spiste …

 

Det gikk ikkje meir enn nåken minuttar før Litlajentå kauka – Halloooo, på sitt sedvanlige vis nede i gangen, før hu kom sprettande opp trappå, så lett på tå, og sagaen om dei tre Bukkane blei komplett. At rekkefølgen dei kom heim te seters på, gjerna blei feil, det har lite med resten av kveldens forløp å gjør, mildt sagt. For hu jumpa rett i middagsfatet den jentå og, og Fatter’n flirte fornøyd for seg sjøl, der Flokken stillferdig gjorde unna kveldsmaten, uten at eg så mye som hadde løfta ein finger. Detta såg jo jaggu meg ut som å gå som smurt, tenkte eg lykkelig for meg sjøl … 

 

Nåken ganger tar man rett, her i verden, andre ganger tar man feil. Men, ein gang innimellom, så tar man såpassa feil, som man gjerna aldri har gjort før i sitt liv. Som f.eks den gangen eg og Kånå tenkte at fira små i heimen, umulig kunne bli så mye verre enn tre, når me fant ut at Mini’en va på vei, men endte vel opp med følelsen av at hadde den fjotten kommen først, ville han sannsynligvis blitt den siste … 

 

For itte Mini’en va ferdig å spisa maten sin, tok jaggu meg Eldstemann han med seg ner, pussa tennå hans, fikk på han pyjamas og plassert han fint i ladekassen sin. Litlajentå hadde rusla på rommet sitt, Han i Midten satt fortsatt djupt fordypa med youtube og ein leggekveld aleina for Fatter’n, den hadde nærmast ordna seg sjøl … 

 

Det va nesten ikkje te å tru. Og når nåke nesten ikkje e te å tru, og meir eller mindre e for godt te å gjerna væra sant, då e det som regel det. Ihvertfall heima hos oss … 

 

Klokkå va ikkje tippa åtta eingang, småtrollene va i seng og Fatter’n hadde tilsynelatande resten av kvelden for seg sjøl. Gudhjøpe meg, og Herrens trofaste Hærskare … Kan skjønna detta va for godt te å væra sant … 

 

Allikavel, så mekka eg meg ein kopp kaffi, rusla fornøyd ned i carporten og lufta bikkjå som me ikkje har, mens eg surfa litt gjennom diverse nettaviser. Men, når eg åpna dørå te Familien Vandrende Kaos sitt hjem, spente av meg skornå og sko te å ta fatt på trappå, høyrte eg rimelig kjapt at den idylliske kvelden eg hadde sett føre meg, den va heilt klart over … 

 

Litlajentå hadde rusla opp igjen og gått på ekspedisjon i kjøkkenskapene, funnet seg litt frokostblanding og lurt med seg Mini’en i samme slengen. De hadde jo ikkje spist kvelds. Tjera vena meg … Han i Midten hadde tatt føre seg av ein geleboks inne i kjøleskapet å satt å kosa seg med den, og når dei to andre traverne oppdaga det, blei jo det urettferdig. Frokostblandingen blei kassert, argumentet te Fatter’n om at de nettopp hadde spist kvelds, med tanke på middagsrestene, falt i fisk. For nå ville småtrollene ha dessert … 

 

For det hadde de jo ikkje fått etter middagen, sjølsagt fordi de nærmast ikkje hadde hatt tid te å spisa middag, men stakk ut før ein tredjedel av middagen va spist. 

 

Eg va jo rimelig lite lysten på å gi de ei sukkerbomba deluxe, nå lika før leggetid, så eg stod på mitt å nekta sjølsagt småfolket dessert. Som igjen gjorde at teksten på kaffikoppen min denna kvelden, heilt klart ikkje stemte med virkeligheten. Verdens Beste Pappa, va nå offer for ett reinspikka hylekor av sjeldent kaliber, som gjorde at trommehinnene dirra av lydvolumet … 

 

Eldstemann kom løpande ner og lurte på ka i all verden som foregikk, og fikk sjølsagt lyst på gele han og, te Fatter’n sin store fortvilelse … 

 

Ein fantastisk søndagskveld, med potensiale for ett realt kalas aleina, for ein lykkelig Fatter’n, det endte i ett crescendo av astronomiske dimensjonar. Fatter’n kapitulerte og lot Flokken ta seg ut, gele’en fløyt utøve kjøkkenbordet og eg gikk duknakka bort i sofaen å satte meg … 

 

Eg trødde på meg ett par øyreklokker, slengte på ein serie på Netflix og lot bare notå gå … Skipet fikk bare gå ner med flagget te topps, for eg orka ikkje denna kampen, akkurat i kveld. I kveld sko jo eg få kosa meg aleina, hadde eg tenkt, og når ting ikkje går som man hadde tenkt, får man bare la det stå te, og håpa på det besta … 

 

Eg såg ein halv episode før eg letta på øyreklokkene, og kikka forsiktig mot kjøkkenet. Der va det tomt, og heimen va stille. Til og med Han i Midten va forsvunnen. Hmmm … Eg vrengte av meg av meg headsettet og lista meg halveis ner trappene, når eg høyrte Han i Midten sang slutten på Mikkel Rev, før han sa godnatt te Minstemann når han va ferdig. – Nå legge du deg fint og, sa han te Litlajentå, før han rusla ut i gangen. – Jada, svarte hu rolig og eg trudde nærmast ikkje mine egne øyrer, for andre eller tredje gang, denna kvelden …

 

Mens eg lista meg kjapt opp i stuå igjen, og skunta meg så langsomt som eg kunne, så guten ikkje sko høyra meg. Eg rakk akkurat å ta på meg øyreklokkene, når Han i Midten runda hjørna med trappå og gikk inn på kjøkkenet, der han satte seg med pc’en sin igjen, sikkert med youtube, vil eg tru … 

 

Somme ganger, når man gjerna har tenkt sitt, og ikkje klara å tenka nåke særs meir, og lar kaoset få ta over, sa va det gjerna lika godt.

For og få orden, må man først ha litt kaos … 

Det va nok denna søndagskvelden ett perfekt eksempel for, heilt klart … Og når Kånå kom heim ut på kvelden, og lurte på kossen det hadde gått, svara eg bare … 

 

Det gikk heilt greit … 

 

 

 

Man skal vær Glad ikkje Kyrna flyr …

 

Man skal væra glad ikkje kyrnå flyr.

 

Detta sitatet brente seg inn i hjernebarken, ein gang tidligt på 90 tallet. Me va ein gjeng fra barndommen, som va på ekspedisjon nedover vårt vakre sørland. Eg meina å huska at me va ein liten svipptur innom Danmark også, men av forskjellige grunnar e det lite eg huska, fra akkurat den digresjonen. Men det som skjedde når me kom i land igjen, itte vår første utenlandstur sammen, det e opptakten te når detta famøse sitatet falt. Itte Danmarks turen, gikk me å fant bilane våras igjen, i ett parkeringshus i Kr.sand, og satte igang på leit itte campingplass …

 

For me va på camping tur, med telt. Det va sånn ferie stort sett blei utført på den tiå. Sydenturar og hytteferie va for direktørar, statsministre og kongefamilien, dengang …

 

Teltet me hadde med oss va forsåvidt kongelig, for det va mine foreldre sitt gamle “hustelt”, ett reint helsikke og setta opp, men stort nok te å romma heile gjengen. Og itte nåken overfylte campingplasser og ett par man ikkje slapp inn ungdommar, fant me te slutt ein kor me fekk lov og campera. Teltet blei satt opp itte ein strabasiøs kamp og me spiste litt kveldsmat, hadde oss nåke godt i glasset før me gikk og la oss. Neste morgen våkna me klar for nye eventyr. Det hadde vært ein liten regnskur om nattå, som hadde resultert i ei litå elv gjennom teltet. Halvparten hadde havna på tørr grunn, resten lå midt i elvå, så soveposer og klær blei hengt te tørk …

 

Dei som hadde hatt flaks og havna på tørr grunn, dei gikk i butikken for å handla frokost. Men, når de kom opp igjen, hadde de ein nåke i øvekant overraskande nyhet …

 

Det va ein svær rubbhall ved siden av butikken, med ett gigantisk kors hengande over porten, me hadde tydeligvis endt opp på ein kristelig campingplass. Ikkje det at eg har nåke imot det. Eg, eller forsåvidt heile gjengen, me gikk på søndags skulen i vår kjære barndom. Men det va jo ikkje akkurat sånn me ville feriera, og strengt tatt så va eg nåke usikker på, om dei ville ha oss der og. Jaja, me fikk spisa frokost før me pakka sammen å kjørte avgårde, for å finna oss ein litt meir passende camping. Maten blei funnen fram, skiver blei skjært opp og me va godt inne i frokosten når ting begynne å utarta seg …

 

Ein flokk måker va på tokt øve campingen og hadde gått inn i bane øve hovudene våres, sannsynligvis siden me hadde funnet maten frem, ei fullblods måka tok ett skikkelig magadrag  og pressa ut ein kraftig salutt, i den andre enden.

 

Ein av oss får om ikkje alt, men ihvertfall meir enn nok midt i planeten, og sprette opp med ett smell. Ein tirade av ord som absolutt ikkje høyrte heima på det stedet med camperte, gikk av …

 

Skivene hans fløy lukst te skogs, for det va ikkje bare Nugatti på dei skivene meir. I teltene rundt oss kor andre familier hadde rigga seg te frokost, holdt skrekkslagne foreldre for øyrene te sine håpefulle. Men, ein glad kristen hippie pappa, som sitte med familien sin, like bortenfor oss, kikka på oss med ett lite flir om kjeften, før han utbryte …

 

” Jaja, man skal væra glad ikkje kyrnå flyr … På klingande sørlandsk …

 

 

Agurkhøvelen og Kånå … Herreduuud … !!!

 

Eg satt med frokostbordet idag morgens, når eg spurte Kånå, om hu ikkje kunne sende meg “agurkhøvelen”. Eldstemann begynte å flira, Litlajentå kikka bare himmelfallent på meg mens Mini’en datt inn i ei heidundrande latterkrampe. – Det hette ikkje agurkhøvel, pappa. Herreduud, altså. Seie Mini’en, innimellom latteranfallene. Eldstemann hengte seg på, å lurte på om det hadde klikka for meg, man skjærte jo ikkje agurken med nåke som hette agurkhøvel. Tjera vena meg …

 

Litlajentå va av samme oppfatning, når sjokket øve ka Fatter’n hadde sagt la seg, og hu kom te ordet. – Hvis det e ostahøvelen du meina, Pappa. Så skjære du ikkje agurk med den, då lukta å smaka osten agurk ittepå, og det e ikkje godt … 

 

Eg satt med hendene folda sammen på bordet, og kikka med stoisk ro øve bordet, rett på Kånå. Eg hadde blikket direkte mot augene hennas, ett blikk festa med borrelås, men Kånå lot som ingenting. Hennas evne te å lata som ingenting, når hu gjerna har nåken synder på samvittigheten, den har alltid imponert meg. Men, itte snart to tiår sammen så lære man kvarandre å kjenna, og dei små rykningane i kvar av Kånå sine munnvikar, dei fortalte meg alt eg trengte å vita.

 

” Og nå hadde nettopp tre av våre kjære barn, nettopp bekrefta akkurat det samme som eg synast. Nemlig det, at man skjære fanken meg ikkje agurk med ostahøvelen, når man laga seg kveldsmat, frokost eller lunch …

 

Slik at nestemann som komme ut på kvelden, f.eks torsdagskveld i forrige uka, og ska laga seg to-tre herlige brødblingser med brunost. Enda opp med full fiasko kveldsmat, når brunosten ose av agurksmak og lukt, og skivene blir uspiselige, mildt sagt … Eg e jo som regel ikkje kresen i matveien, men agurk og brunost forent sammen, på ei herlige grov brødblings med rikelig med smør. Det e bare ein kombinasjon som ikkje fungere. Punktum …

 

Kånå kikka te slutt nåke skjelmsk opp fra tallerkenen som hu liksom hadde studert, i ett par minutt nå, mens hu liksom gjorde som hu ikkje forstod ka eg hadde meint. Før hu kleiste rundstykket hu hadde i håndå, ner på tallerkenen, og høgt og tydelig la seg flat som ei pannekaka.

 

– Greit Frode !!! Eg tar poenget ditt, og ska aldri, aaaaldri meir skjæra i agurken med ostahøvelen, sånn at kveldsmaten din blir ødelagt, eg beklage på det sterkaste at eg ødela kveldsmaten din på torsdag. Ok ? … E me ferdig med den saken nå !? 

 

Flokken kikka forbløffa på Kånå, som om hu hadde utført ei dødssynd, og sko nå reisa avgårde for å tilbringa mangfoldige år bak lås og slå, for å gjøra bot for sin forbrytelse. – Har du skjært agurk med ostahøvelen, mamma.? Seie Mini’en strengt, meir enn han spør. – Herreeeeduuuud, altså. La han teatralsk te.

Litlajentå rista bare på hovudet øve mor si, mens Eldstemann som stort sett e i koalisjon med Kånå, bare kikka skuffa på hu øve bordet.

 

Muligens, så ska eg finna frem soveposen og liggeunderlaget ikveld, å legga det foran dørå nere, før eg rusla inn i loppekassen og legge meg. Eg vett ikkje. Det kan fort slå begge veier, sånn egentlig …

 

Skjæra agurk med ostahøvelen, altså … Jøje meg, eg kan ikkje anna enn sei som Mini’en …

 

… Herreduuud …

 

 

 

 

Zombie Lars, Kånå og ett lite snev av Pollenallergi …

Kånå … Kim sko trudd at detta andletet, kunne forvandlast, te nåke som nærmast skremte vettet av både meg og Mini’en … Les videre, og finn det ut …

 

Pollensesongen e for alvor i gang og i år e den visstnok kraftigare enn på mange år, nåke som eg forsåvidt virkelig har fått kjenna på kroppen, denna nydelige våren. Jaja, ikkje bokstavelig talt då, for eg e jo ikkje allergiker. Men, Kånå e i aller høyeste grad utsatt for detta fenomenet, som dukka opp kvart år, med vekslande grad av styrke. Der hu tygge allergi tabletter, dryppe augene og klaga sin fulle hyre, øve tett nese, rennande auger og nyse i hytt og pine. Kånå begynte til og med på ett sånt vaksineprogram, her for ein del år siden, men reagerte så sterkt på sprøytene at hu avbrøyt heila greiå …

 

Hu blei jo bare verre av detta programmet, enn hu blei av å ikkje gjera nåkenting, foruten dei vanlige medisinene, så då såg hu ikkje heilt vitsen …

 

Men, tidlig denna ukå, då toppa Kånå sine utfordringer seg, sånn med tanke på pollenallergien og ting utarta seg virkelig, her i heimen. Eg lå forsåvidt å slumra på mi sida i loppekasså itte ei god natt søvn, Mini’en hadde i sedvanlig stil dukka opp i midten, tidlig på morgenkvisten. Men, forholdt seg meir eller mindre rolig, der han lå i midten og småsov, og morgenen hadde endå ett lite snev av harmonisk idyll øve seg. Så bråvåkna eg av ett forferdelig skrik, og blei reven ut av søvnens lune favn, på ett nanosekund. Det va Mini’en som kauka te itte han hadde henvendt seg te Kånå, for å låna telefonen hennas for å kikka litt på Nrk Super …

 

” Men, der han hadde forventa å finna si kjære mor, som lå og sov som ei litå alvedronning, der fant han heller ett monsterlignande vesen fra ein anna verden …

 

Kånå hadde fått ett grusomt anfall av pollenallergi, i løpet av nattå, kor augene hadde klistra seg sammen, andletet hadde hovna kraftig opp og det lekra smekre oppsynet hennas, det hadde forsvunnet som dugg i plettfritt solskinn. Istedet hadde Mini’en i det dunkla lyset som såvidt trengte inn på rommet våras, møtt ett syn som nærmast skremte livskiten ut av ham. Der han lå stiv som ein pinne av skrekk, og kviskra te meg når eg snudde meg mot ham, at Mamma hadde blitt te ein Zombie. Han høyrtes nesten ute te å væra på randen av hysterisk, der han lå og kikka skrekkslagent på meg … 

 

– Uffda gutten min, har du hatt ett lite mareritt igjen nå ? Spurte eg forsiktig og lavt, slik at me ikkje sko vekka Nattens Dronning, som lå på andre siden og vrei nåke illesvarslande på seg. Eg hadde jo ikkje sett andletet te Kånå, ennå … 

 

– Nei Pappa, det e faktisk sant, altså. Mamma e blitt Zombie Lars. Fortsatte guten, med ett snev av redsel i røstå, sjøl om han fortsatt kviskra. Tjera vena meg, tenkte eg for meg sjøl. Nå får det væra slutt på at guten lura seg te å se Zombie Lars, på Nrk Super, når han egentlig ikkje har lov. Det e forsåvidt ett slags ritual som går inn ett større mønster, akkurat det med at Kidsa lura seg te å se ting, når me foreldre har lagt inn forbud mot å gjør det. Egentlig, så burde bare me foreldre holdt kjeft, om slike ting, så ville ungane mest sannsynlig mista interessen for det, ganske kjapt …

 

” Men, i det øyeblikket me foreldre gjør det “ulovlig”, så ryke slike ting lukst te topps, øve ting som bare må gjerast. Der Kidsa meir eller mindre e vaksinert mot å gjør akkurat slik, som me foreldre befale, i sånne tilfeller som detta her …

 

– Nå trur eg det e slutt på at du ser på den serien, når du får sånne skumle drømmar, gutten min. Svara eg mildt, men med ein liten formanende udertone. – Kan skjønna at Mamma ikkje har blitt te Zombie Lars. Fortsatte eg, for å beroliga Mini’en, som nesten skalv litt der han låg. – Ed … ed, trur ikkje på deg Pappa, du har ikkje sett Zooom… nei, Mamma ennå. Svara Mini’en, fortsatt med ei forskremt grimasa om andletet. Frykt og motgang har ofta ein slags lammande effekt, når man gjerna ikkje forventa hverken det eina, eller det andra. For plutselig så høyre eg ei mildt sagt djup og så smått skummel røst, komma i fra Kånå si plass, mens hu snudde seg langsomt …

 

– Klara ikkje dåkke to å væra stille om morgenen, sånn at eg kan få skjønnhetssøvnen min ? Brumma Kånå, som ein grizzlybjørn med halsbetennelse, før ett skrekkinngytande andletet steig opp fra dynå hennas …

 

Mini’en krøyp nærmast inn i meg der han kvakk te av monster røstå, mens eg satt lamma av både frykt og forbauselse, øve Kånå sitt mildt sagt skremmande oppsyn. Augene såg ut som to onde strekar, andletet va dobbelt så stort som normalt og stemmen te Kånå, den va jo ikkje te å kjenna igjen. Ikkje i nærleiken ein gang. – Ka e det Frode, du ser jo ut som om du har sett ett spøkelse. Brumma Grizzly bjørnen, mens Mini’en gjemte seg febrilsk under dynå. Altså, eg trur hverken på spøkelser eller Zombier, men om de fantes, ville de gjerna sett nåkenlunde sånn ut, som Kånå forsåvidt gjorde denna morgenen … 

 

” Eg løy så vakkert som eg kunne, itte eg fikk igjen evnen te å snakka, og forsåvidt når sjokket hadde lagt seg. – Nei, kan skjønna eg ikkje har sett ett spøkelse, min kjære. Men, altså øh, ehem  … 

 

Eg ville jo ikkje heilt utelukka det sista, at Kånå gjerna hadde blitt ein slags Zombie Lars, der andletet ikkje va te å kjenna igjen. Og ikkje minst, så kunne eg godt forstå Mini’en sitt “lille” redsels skrik, øve å møta detta oppsynet ein tidlig morgen. Å gjemma seg e hverken nobelt eller manding, men forsåvidt ein naturlig refleks, og hadde eg vært Mini’en på fem, snart seks år, ville vel gjerna eg og gjort det samma. Kånå, som forsåvidt hadde lagt merke te at stemmen hennas, gjerna ikkje va heilt som den burde, og at augene ikkje ville lengre opp enn ett par millimeter.

 

Hu begynte vel å forstå både koffår Mini’en lå under dynå å kikka skrekkslagent på hu, med bare ett auga synlig fra under dynå og Fatter’n sin nølande evne te å svara på spøkelses spørsmålet. 

 

Så hu spratt opp av sengå og jogga ut på badet, mens eg ba te Herrens trofaste Hærskare, for at hu ikkje traff på Litlajentå på vegen, å skremte vettet ut av hu og. – Åhhh, herreeeguuuud. Kauka Zombie Kånå, ute i fra badet, der hu mest sannsynlig blei skremt av seg sjøl. Ett realt anfall av pollenallergi hadde virkelig slått ut Kånå, og det blei vel enstemming vedtatt, at det gjerna va best hu holdt seg heima, denna dagen.

 

” Om ikkje, så trur eg gjerna me hadde mista nåken kunder på rutå våras, fordi me bruke Zombier som sjåfører. Og det kan man jo ikkje ha nåke av. Gudhjølpe meg … 

 

Enden på viså blei at Kånå måtte ta seg ein tur te legen, fikk seg ei kraftig kortison sprøyta i den eina skinkå og tilbringte ein dag og to heima, for å komma seg nåkenlunde ovanpå … Mini’en har til og med slutta å smugkikka på Zombie Lars, itte denna episoden, så ting og tang dei e aldri så galne, at de ikkje e godt for nåke, på ein måte … 

 

Og med detta, så va ei litå ukas stillhet fra denna kanten, igjen brutt … Ha ein strålande lørdag, Folkens … 

 

 

 

Bror min, ein Edderkopp og Meg …

 

Når man sitte for seg sjøl heima hos gamlingane, på ett lite kaffibesøk å kikka på fotballkamp, og blir regelrett overfalt av ein ondskapsfull Broder’n …

 

Det som ikkje kom med på filmen, fordi Broder’n begynte å sjå alvoret i situasjonen å stoppa filmingå, det va at hans kjære bror, nemlig meg, treiv te seg det nærmaste våpenet som va innen rekkevidde … Ein glovarm kopp med kaffi … Og trua med å slenga den lukst imot ham, om han ikkje drog seg te helsikke ut, med det hersens monsteret av ein edderkopp …

 

Gudhjølpe meg, altså … Det va hakket før Mor mi endte opp med ein sønn mindre, svigerinnå mi blei enkefrue og eg havna i kasjotten, pga ein liten practical joke … 

 

😂😂😂

 

 

 

Svart Glittertapet, Fatter’n og Toalettet i tredje Etasje …

Reklame | Fargerike Aksdal Senter

 

Detta innlegget har tatt meg år og dag å få ferdig, fordi me pussa opp toalettet oppe i tredje etasje, men den siste finishen. Den lot virkelig venta på seg. Som dåkke ser øverst te venstre, så va det ett rimelig minimalistisk og kjedelig toalett, før me begynte faceliften. Heila toalettet va kvitt, foruten om gulvet som e nåken gråblå fliser, ett bad som virkelig skreik itte litt farge. Men, ka farger sko me ha der oppe, det va den store utfordringen, som hverken eg eller Kånå blei enige med oss sjøl om …

 

Før Kånå skar gjennom og bestemte seg for Matt Svart på bakveggen, og Minty Breeze på sideveggane, farger og maling som ble sponset av Fargerike Aksdal Senter …

 

Planen va å ha ein svart tapet med glitter i seg, på halve bakveggen, som va nåke Kånå hadde sett i ett interiør blad. Men som alltid, når man e inne på Fargerike Aksdal Senter, så dukka det opp ett lite tips og to, på ein måte. For hu Linda som jobba i butikken slengte ut ein kommentar, når eg lufta ide’en, med glitter tapeten på halve bakveggen. – Det hadde sikkert blitt tøft, om dåkke drog tapeten opp i taket, siden det e så mye glitter i den !? Svara Linda, itte å ha tenkt seg litt om …

 

” Sverre, som og jobba der og virkelig hjalp meg ut av ei knipa, når fargen Kånå ville ha på ett av barnarommet, va utgått.

 

Og Sverre, løysnings orientert som han e, bare fant ein tenærma lik farge, men lot den utgåtte fargenavnet, stå på lappen … Han kikka litt ut i luftå, nett som om han lot Linda sin ide få synka litt inn, før han nikka anerkjennande mot oss. – Jo, det høyrtes faktisk ut som ein strålande ide, den løysningen der …

 

 

Og jaggu meg, så fikk både Linda og Sverre heilt rett, det blei rett og slett skikkelig tøft. Men, eg skreiv innledningsvis at det hadde tatt fryktelig lang tid å skriva detta innlegget, og det har det jaggu meg gjort også, når eg tenke meg om. Mye fordi tapeten kom ei uka og to itte malingsjobben va gjort, men aller mest, fordi Fatter’n har forskjøvet detta tapet prosjektet foran seg, uka itte uka …

 

Kånå trur jo bare at det e te å trø litt lim på veggen, rulla ut tapeten og slenga den opp på veggen. Og vips, så har man tapetsert toalettet …

 

Men, ingenting e aldri så enkelt, som det Kåner trur, det har vitterlig blitt bevist gang på gang, her i heimen. Der Kånå meir enn ein gang har gått rundt å klaga seg øve kor lang tid ting tar, mens Fatter’n planlegge og tenke på kossen prosjektet ska angripast. Eg bare nevne ett par terrasseprosjekt, ett loft ute i huset på landet og ikkje minst maling og nytt gulv i rekkehuset, når me flytta tebake …

 

” Kor Kånå stort sett e lika utålmodig som ein gjeng ungar i baksetet, som masa om me e fremme snart, der hu lura på om mine prosjekt, e ferdigstilt snart …

 

Eg vett ikkje, men eg trur den største utfordringen på akkurat detta tapetprosjektet, det va at Fatter’n aldri har tapetsert før. Ikkje så mye som ei litå lengda ein gang. Og derfor endte opp med å forskyva det te neste helg, kvar gang eg forsåvidt hadde manna meg opp, og bestemt eg sko begynna. Derfor va overraskelsen meget stor, når Kånå for “ein gangs skyld” fikk rett, og det faktisk va så enkelt, som hu trudde …

 

For … Det va jaggu meg ikkje verre når eg først satte igang, enn å trø nåke lim på veggen, skjæra opp tapetlengdene og meir eller mindre slenga de opp på veggen …

 

Joda, sjølsagt måtte det bearbeidast litt, luftlommer måtte pressast ut og tapeten skjærast te i endane. Men, jaggu meg va det ufattelig mye enklare, enn eg hadde trudd på forhånd. Der eg tapetserte som ein gud, oppe på toalettet i tredje etasje. Nåken få utfordringar møtte eg jo på, men Kånå kom ilande te som ei pil, dei gangene eg trengte det. Og når eg va ferdig, nikka hu fornøyd, når hu inspiserte mesterverket …

 

 

Jøje meg, altså. Det blei rett og slett kanonbra, denna lille ide’en te Linda på Fargerike Aksdal Senter, som Kånå heilt klart va med på, fra første stund. Defor vil eg uten tvil anbefale folk og fe, te å ta turen innom hos Fargerike Aksdal Senter, kor man får både gode råd, kvalitets produkter og om man ikkje vett kossen man ska gjør eller ikkje kan gjør jobben sjøl. Så kan man få jobben gjort, av deiras samarbeidende håndtverkere, hos Malermester Langelandsvik

 

Malingen som e brukt på toalettet e Baronesse Matt, fargene e Svart Matt og Minty Breeze. Tapeten heter Decor Deluxe, laga av P+S International (Art. nr : 02490-10)

 

 

 

Når man går tur i Skauen, med ei vaskeekta Diva …

 

Idag, så har me vært på tur ute i skauen, eg Kånå og Flokken, kor me gikk opp te Kringsjå Seteren i det nydeliga været. Nåke som ofta utarta seg som ett eventyr av sjeldent kaliber, der utfordringane stort sett komme som perler på ei snor. Idag så ville ikkje dei to eldste vær med, men siden det e påske så gidda hverken eg eller Kånå, å gjør så mye ut av den saken. Me sko ha med oss tantebarnet te Kånå ut i skauen, siden dei sko jobba heima med huset, så me hadde gjerna nok med dei tre småtrollene …

 

Om me ikkje sko dratt med oss to småsure gutar, som heller ville slappa av heima, enn å gå å traska i skauen. Ein dag, det kan de godt få av oss foreldre te å gjør akkurat som de vil, men neste tur må de vær med på …

 

Eg va akkurat ferdig med innlegget eg skreiv idag morgens, når Kånå begynte å kauka som ett uvær, nede fra gangen. Jaja, det va jo forsåvidt ikkje første gangen Kånå hadde purra i meg, om eg ska væra heilt ærlig, hu hadde forsåvidt gitt meg ett par hint, om at nå sko me snart gå. Og der og då, så hadde det vel gjerna blitt ett kvarter og to, siden den første “snart’en”. Derfor va det bare å avslutta innlegget i ein fei, spurta ner å skifta te turklær før eg tråkka oppi turskornå, og jogga ut dørene …

 

” Kånå og ungane, dei hadde allerede begynt å gå avgårde, men eg tok de kjapt igjen lika borte i gatå. Kånå sendte meg ett blikk som ikkje kunne misforstås, men eg lot som ingenting, og håpa det blei fort glemt …

 

Nåke som for ein gangs skyld slo te, der Kånå kjapt glemte ut at Fatter’n på sedvanlig vis, hadde vært nåke treig ut av dørå. Me traska opp gjennom vegen, over broå øve bekken som forsåvidt har fordufta, og inn i markå. Det herska ein lun og fin stemning, men eg og Litlajentå endte plutselig opp med å gå aleina litt i fortroppen der me prata om laust og fast, men mest om hoggorm. Eg hadde vært så smart å nevnt i farten, at me måtte passa oss litt for hoggorm på turen idag, som igjen førte te at Litlajentå blei nåke bekymra …

 

Og derfor lurte på både det eina og det andra om kor hoggormen kunne finna på å dukka opp, om de kunne klatra i trær og om de kunne gjør sånn at me blei død …

 

Eg svara så godt som eg kunne for meg, uten å gjerna skremma jentå nåke meir, og itte ei stund va Litlajentå nåke meir betrygga. For at me ikkje kom te å bli spist opp av ein skrubbsvolten hoggorm, som plutselig kom snikande inn på oss, der me gikk oppover stien. Det va faktisk ikkje før me kom opp te vår første faste rasteplass, under nåken trær oppe i liå, at eg la merke te Litlajentå sin bekledning, der hu stod. Eg vett ikkje, men eg trur at Kånå har gitt opp akkurat den kampen, med å få på jentå dugande turklær, som gjerna passa seg på tur …

 

” Eg måtte nesten flira litt for meg sjøl der eg satt å betrakta Litlajentå, som meir såg ut som om hu snart sko gå ein tur på ein rød løpar i Monaco, enn å gå tur opp te Kringsjå seteren, strengt tatt …

 

Der hu stod i ein flott sumarhatt dandert med blomster på, ei paljettjakka som glitra i solå og ein lekker shorts over ein svart tights. Ett meir eller mindre ubetalelig syn, sett med ein turgåar sine auger … Gudhjølpe meg … Det e liten tvil om at den jentå kjøre Divastil, tvers gjennom, meir eller mindre uten kompromiss …

 

Men, skitt au. Så lenge de e med på tur, oppføre seg fint og har godt nok skotøy, så får slikt bare væra, meina nå eg … Då får man bare gå tur med ei vaskeekta Diva då, enkelt og greit …

 

På toppen av detta fantastiske oppsynet, og ikkje så lenge itte me hadde nådd toppen, så ringe Han i Midten. For sjølsagt, når ingen masa han huden full og meir eller mindre drar han baklengs ut dørå, for å gå på tur, så finne han på det heilt av seg sjøl. Guten va allerede på vei oppover bakken, og lurte bare på om me va heilt oppe på seteren, eller nede ved Kringsjå hyttå …

 

Jauda. Eg og Kånå, me delte ett blikk og tenkte nok akkurat det samma. At all sjauen me har hatt dei siste årene, bare for å få guten med oss ut på tur, den kunne gjerna vært unngått, om me bare hadde gått …

Herreguud, altså …

 

Somme ganger, så e gjerna løysningen så såre enkel, at man rett og slett ikkje trur det man både ser og høyre, der guten plutselig dukka opp. Blid som ei lerka, med glimt i auga og oppførte seg nærmast som ett mønsterbarn, av sjeldent kaliber …

 

Nei. Det e gjerna sant som dei seie. Undrenes tid, den e definitivt ikkje over … Heilt klart …

 

 

Gleda meg som ei overlykkelig gardabikkja …

Mini’en, som tar seg ein liten pust i bakken, her ein tidligare tur opp i byheiene …

 

Så va det igang … Fem dagar med reinspikka kaos, ungar høge som fly og ett rotterace uten like mot mandags kvelden. Ein mandag kor eg mest sannsynlig vil sitta å dirra i sofaen, klar som ett overmodent egg, itte å komma meg avgårde på jobb igjen. Det e lika godt å innse det med ein gang, istedet for å gå på ein smell av astronomiske dimensjoner, fordi man trudde påskeferien ville bli ein stor suksess. Litt som å spisa desserten før maten, istedet for å venta te ittepå, når man vett ka som e best, liksom …

 

Altså, misforstå meg rett her. Eg har stor tru på at det blir mange nye minner, eit mangfold av opplevelser og mest sannsynlig ett meteor nedslag, eller tri. Og masse latter og glede …

 

Allerede, så har me fått kjenna på nåken få stjerneskudd, som har runga mellom heimens fira vegger, der dei to eldste kolliderte i ein liten smell, oppe på loftet. Men, eg e rutinert nok te å vita at detta kun e ein liten forsmak, øve det som komme, når to kometer gjerna smelle sammen oppe på stjernehimmelen. Eller oppe i tredje etasje. Ydmykt så dyrka man jo håpet om ei meining med tilværelsen, men eg må innrømma at somme ganger klara eg ikkje heilt, å hverken forstå eller se den …

 

” Det vil bli nåken myke morgener som det forsåvidt va idag, som tok oss høflig inn i dagen, mens andre nærmast vil klora augene ut av oss foreldre … 

 

Allikavel, så gleda eg meg som ei overlykkelig gardabikkja som nett fikk se eigaren sin igjen, itte lang tids adskillelse, te å tilbringa tid sammen med Flokken og Kånå. Fordi det e vårt kaos, våras meteornedslag og alle opplevelsane vil bli rissa inn i minnet våras, som steinskrift på ett fjell. For med årenes løp så har man funnet sin metode, for å øveleva detta glade vanvidd av ein familie. For, når vanviddet omringe deg i hverdagen, så e det mange steder å gjemma seg, derfor flykte me stort sett inn i latterens elleville verden …

 

Man tar heller ett par tabletter med solskinn, og lar humoren få gripa tak, enn å la tungsinn og vrede få øvetaket. For når bølgene har lagt seg itte ein liten tsunami av sprø hendelser, dukka det som regel opp ei mitraljøse av latter …

 

Legemet har fått seg ei god natts søvn, hovudet har fått resatt seg og formen e hundre ganger bedre, enn igår. Snart ska me ut på tur i byheiene med mesteparten av Flokken, dei to eldste ville vær heima og det ska de få lov te idag, det komme fleire dagar med flott vær, denna påsken. Og då ska jaggu meg dei og vær med. Men, det e ingen vits å tvinga de ut første dagen i påsken, wifi’en kan me heller skru av i mårå, så blir de nødt te å vær med. Me e ikkje vanskelige som foreldre, bare løysnings orienterte, sånn egentlig … 

 

Jøje meg, nå står Kånå å kauka nere i gangen igjen, eg trur det e tredje gangen nå, så det e vel gjerna best eg går … 

 

Ha ein strålande skjærtorsdag, Folkens. Det ska jaggu meg eg … 

 

 

Trøtt som ei Fela …

Image by Free-Photos from Pixabay

Når eg stod opp idag morgens, kjentes det virkelig på legemet, at det gleda seg hinsides all fornuft, te påskeferie. Der eg søvndrukken slepte beinå itte meg ut på badet, kor eg nærmast fikk hakaslipp øve synet, som møtte meg i speilet. Tunge poser under augene, ein skjeggprakt som absolutt hadde fått vokst for lenge og eit hår som stod te alle kantar. Det levna meir eller mindre liten tvil igjen, te at det heilt klart måtte bli cap’s oppe på topplokket idag …

 

Mini’en hadde kommen inn i halv fem tiå idag morgens, og lå der i midten og spente meg i ryggen, heilt te alarmen min ulte. Sikkert mye av grunnen te mitt trøtte oppsyn, idag …

 

Men, det har jaggu meg vært ett reinspikka hardkjør på jobb, dei siste ukene før påske, kor godsmengden bare har skutt i taket. Så eg håpa virkelig at det gjerna hadde roa seg litt idag, før eg kom opp på terminalen, og fant ut at ingen av mine små forhåpninger, hadde blitt høyrt. Å sei at motivasjonen virkelig va på topp, der eg satt å slurpå i meg ein kaffikopp, bak i skapet på lastebilen i morgens, det ville vært å øvedriva kraftig. Til og med kaffi va nærmast nyttelaust, for å få fart på legemet, denna morgenen …

 

” Eg kan vel ikkje sei at bildelene, som blir kjørt av ein anna bil og sjåfør, hadde blitt dumpa øve på meg, hjalp nåke nevneverdig på humør og moral …

 

Gudhjølpe meg. Såpassa depressivt, det trur eg aldri eg har begynt eit innlegg med, siden eg starta denna bloggen. Men, eg e fanken meg heilt tom idag. Tom i hodet, kropp og sjel, hverken meir eller mindre. Sånn e det bare. Eg trur rett og slett at eg bare seie takk for meg, her og nå, før eg skrive meg inn i ein langvarig depresjon …

 

Så, tenkje eg at eg komme sterkare tebake ein anna dag, mest sannsynlig imårå vil eg tru. Eg kjenne at det ikkje e lenge te denna karen ska ta turen ner i loppekasså, og få litt ekstra søvn, sånn at eg forhåpentligvis våkna utkvilt imårå.

God kveld, god natt og takk for meg, for i dag …

zzzz …

Om bokå eg leste igår – StandUp Njål, skrevet av Rune Bjerga …

 

Eg skreiv at eg leste ei god bok igår, som virkelig fanga interessen min, og som eg ikkje klarte å legga fra meg. Ei bok eg kjøpte sammen med to andre bøker, når eg leverte på Aksdal Senteret igår, for å ha litt påskelektyre når fri dagene slår inn. Eg må jo få sei at eg stort sett e ein sucker for krim, med Tom Egeland og bøkene hans om Beltø, eller Lee Child og hans føljetong om Jack Reacher, som favoritter. Men, så får eg nåken innfall, og må lesa litt andre type bøker innimellom … 

 

Lars Saabye Christensen sine romaner pleie jo å vær strålande saker, men kanskje nåke tungt, som lesestoff i ein påske kor Flokken mest sannsynlig vil løpa rundt meg, i full fyr …

 

Så, når eg hadde valgt ut den nya bokå te Tom Egeland og Lee Child, spurte eg han Martin på Aksdal Bok om han hadde den Stand Up bokå, te Rune Bjerga. Litt humor kan jo vær greit som lesestoff, i ei mest sannsynlig über travel påskehelg. Og jaggu meg, så fant Martin bokå med ein gang, nemlig Stand Up Njål. Ei bok som handla om Njål Hansen, 24 år, siddis og arbeidsledig. Ein fyr som drøyme om å bli profesjonell Stand Up Komiker. Men, som møte ein viss motstand, på sin vei inn i detta yrket … 

 

” Som oftast, når eg lese ei bok så blir eg raskt oppslukt i bokå, om bokå har ein god story, fin flyt og gode karakterer. Det har Rune Bjerga virkelig klart å få te …

 

Det kan dåkke bare spør Kånå om, der hu meir enn ein gang igår, gikk å høglytt rundt å uffa og bar seg, øve at Fatter’n hadde havna med nesen langt ner i ei bok, igjen. Der eg satt å kosa meg med denna historien, med tilhørande småhumring, somme ganger gapskratting og innimellom blei eg vel gjerna litt ettertenksom. Når ein fyr går på smell itte smell, så e det vanskelig for ein Fatter’n i ein massebarnsfamilie, å ikkje få ein viss medfølelse for hovedpersonen, Njål. Spesielt, når smellen som oftast komme, når man liksom trur man har komme seg litt ovanpå …

 

Man sitte liksom på eit merksnodig vis, og kjenne seg litt igjen i Njål, der handlingen lekent skrider frem. Samt at historien blir godt bygd opp og drives fint fremover, med gode interessante karakterer, rundt Njål Hansen …

 

Rizcrem, som blir ein sentral person utover i handlingen, Oddny som e Njål sin nåke irriterte og småsure husvert og ein usmakelig onkel Arne, som e fra Haugesund og prestere å holda ein nåke uortodoks tale, i ein begravelse. Angående en snøfreser som fulgte ei hytta, den avdøde hadde solgt. – Jeg har lite penger, men en stor oppkjørsel. Om vinteren er den dekket av snø. Ryggen min er dårlig. Den snøfreseren hadde kommet godt med. Jeg sier ikkje mer …

 

” Sånne utsagn e gjerna ikkje dagligdags i ein begravelse, men Onkel Arne skyr ingenting, med sine manglande empatiske evner … 

 

Rizcrem vokse og te ein spennande og humoristisk figur utover i bokå, der han te stadighet, har ein tendens te å vri om på ordtak. Slik at de gjerna ikkje heilt blir slik de ska vær. Uten at eg ska røpa for mye om akkurat den saken, men ” dag inn og dag ut ” eller ” fisk som ein frisk ” e jo to gode eksempler. 

 

StandUp Njål, den e ei lettlest bok med fin flyt og ein historie som driver godt og engasjerande fremover, uten at man føle det hverken blir for lett eller tungt. Rett og slett akkurat passe …

 

Denna kan eg lett anbefale videre, ei bok som eg ikkje klarte å legga fra meg før eg va ferdig, te Kånå sin store fortvilelse. Ei bok om Njål som forfølge sin store drøm, om hierarkiet i humorbransjen og deiras selvopptatthet. Ein virkelig god og morosam historie som tar nye vendinger, i hytt og pine, og e du på jakt itte ei god bok, som lektyre i påsken … 

 

Så trur eg ikkje du vil bli skuffa, om man går te anskaffelse av Rune Bjerga si bok om Njål Hansen – En komikers kamp for tilværelsen …

 

Det størsta utfordringen om man vil bokå ska vare heile påsken, det e gjerna å ha selvbeherskelse nok, te å lesa bare litt om gangen slik at man ikkje gjør som meg, og lese den perm te perm, på ein kveld …

 

Ei god bok, det e det definitivt, og man får jo sine tankar om kor mye som e piffikrydra fantasi, og ka som e egne erfaringer, på ein måte …

 

Anbefales i hvert fall fra meg, på det varmeste …

 

Ps. Om nåken finne eit sted med to prikker i halen av det sista ordet, i ein setning, istedet for tre. I akkurat den bokå. Så send meg ei melding, asap … 😉👍