Lamborghini har seks seter… !!

 

Igår hadde eg og Han i Midten ein interessant samtale, når eg sko kjøra han på trampett treningen.. Ein konversasjon som nesten kunne minna litt om Wesenlund sin tannlege samtale, når de diskutere kor mange sylindre ein Volvo hadde.. For Han i Midten lurte først litt på ka bilen me kjørte hette, som va ein Ford Custom.. Ein sånn varebil med 3 seter og stort lasterom..

Den som Kånå kjøre på jobb.. E jo nesten som ein sportsbil detta vettu, sa eg.. Med bare 3 seter..

Då, lurte jo guten litt på ka eg meinte med sportsbil, for gutane våres foruten Mini’en.. Dei har egentlig aldri brydd seg så mye om bilar og ka de hette og sånn.. Mens Mini’en e heilfrelst.. Jaja.. Det e vel gjerna mest lastebilar Mini’en har hengt seg opp i, men han lika ivertfall bilar litt meir enn sine brødre.. Så eg svara at sportsbilar som regel hadde 2 seter og va laga for at folk med masse penger sko kunna kjøra fort..

 

” Sånn som Ferrari og Lamborghini f.eks..

 

– Men Lamborghini, dei har jo seks seter pappa.. Komme det plutselig fra guten.. Og gudhjølpe meg, så godt som eg kjenne denna guten sin standhaftighet, så burde eg jo bare spelt med og holdt kjeft.. Istedet for å gjør som eg gjorde.. For sjølsagt har ikkje Lamborghini 6 seter, ihvertfall vett ikkje eg om ein sportsbil med meir 2 seter, spesielt ikkje ein Lamborghini.. De har gjerna ei seterad bak, men der e det ikkje plass te meir enn ei underernært supermodell.. Maks..

Så i god Fatter’n stil, trør eg ut i salaten og seie meg uenige i guten si gode tro.. Ei tro som eg nesten trur kan flytta fjell, når den e på sitt versta.. Eller besta..

 

” Tannlege Wesenlund og Han i Midten e ganske like der, rimelig sta, har ei sterk tro på sin sak og kan mildt sagt irritera ein stein te å oppløsa seg te finkorna støv i lausa luftå.. Med letthet..

 

Joo.. Lamborghini har 6 seter, pappa.. Det vett eg.. Respondere guten, itte eg har meldt min uenighet..

– Nja, eg har ihvertfall aldri sett ein med 6 seter.. Men, me kan jo sjekka internett.. Svara eg, og tenke nok med finne ett svar der..

– Åhhh, Pappa.. Du e så toskjen.. Det e ingen vits å sjekka internett.. Lamborghini har SEKS seter.. Kauka guten ut, sikkert lika klar over ka svaret vil bli som meg, Men, i god Wesenlund ånd så gir man jo ikkje opp..

 

Eg tenke at kanskje ein avledning e på sin plass, og begynne å fortelle om kor tøff eg syns Lamborghini Diablo va, når eg va på hans alder.. Og jaggu meg så ser det ut te å virka.. Ordet Diablo fanga interessen hans, og me ende opp med å diskutera litt om gamle dager og min interesse for bilar.. Når me komme inn på parkeringsplassen kor han ska av, så søke me til og med opp ein Diablo.. Så han kan få se kossen den ser ut..

Og han kikka imponert på sportsbilen, og seie seg ganske så enige i at den rett og slett va råtøff..

Me finne både nåken heilt nye Diablo’er og ett par sånne fra tidlig 80′ tallet, når eg va på hans alder.. Ett par andre Lamborghiniar dukka og opp og eg tenke i mitt stille sinn, at guten klara vel å resonnera seg te at det umulig kan vær 6 seter inni i dei små fartsvidunderene, som me ser på bildene.. Han i Midten e heilt oppslukt av dei tøffe bilane, men slenge ett skjeivt blikk på klokkå i bilen.. Og akkurat når eg ska te å basunera ut dei harde fakta, og høyra om guten har skifta meining..

Så vrenga han opp dørå og kasta seg ut i ein vilter fart.. Med ett glitrande lurt glimt i auga, og akkurat rett før dørå smellet igjen, så seie han..

– Eg må stikka eg pappa, må rekka treningå.. MEN, Lamborghini har 6 seter… !!

Dørå smalt igjen, guten labba bortøve plassen og eg satt igjen med munnen full..

Sjakkmatt..

 

” Fortærande og.. Den guten begynne å bli altfor lik mor si ….

 

Pappa ska laga ett “koselig” gresskar fjes.. ??!!!

Foto : Tricia Lott Williford – Mitt forslag, te ett koselig gresskar fjes..

 

For å væra heilt ærlig så syns hverken eg eller Kånå, så mye om detta her Halloween greiene.. Men.. Når man har ein Flokk som gjør det, så komme man liksom ikkje heilt klar.. Så, Kånå hadde vært å handla inn ett gresskar, og kjøpt nåken brukte kostymer på ei Facebook sida.. Det e greit å ihvertfall ikkje bruka millionar, på detta her styret..

Til og med gresskaret va på tilbud, ifølge Kånå..

Planen va å laga ett koselig gresskar, som kunne stå nere i gangen.. Så eg surfa nettet litt, for å gjerna få litt inspirasjon te kossen me kunne forma både augene og kjeften på detta gresskaret.. Og fant nåken eg ikkje syns va så galne, printa de ut og sko te å setta igang her tidligare ikveld..

 

” Akkurat då, så kom Litlajentå forbi og lurte på ka eg holdt på med.. Så eg sette hu inn i planen min, og trudde liksom at saken va biff..

 

Men neida.. Gudhjølpe meg, eg kunne jo ikkje laga ett koselig gresskar.. Litlajentå kikka på meg med ett mildt sagt skuffa andletet, mens hu kauka te sine eldre brødre.. – Guttar, vett dåkke ka.. Pappa ska laga ett “koselig” gresskar fjes.. Istedet for ett skikkelig skummelt.. Han i Midten kom trampande ner trappene, på ett blunk.. Lika oppskjørta som Litlajentå..

– Herreguuud Pappa, ska me ikkje ha ett skummelt gresskar.. Åhhh, då kan me likasågodt avlysa heila Halloween.. Sa han, lika skuffa som søster si..

Mini’en kom skeinande inn fra vingen, – Ja Pappa, skummel gresskar pappa.. Ellers bare avlysa.. Faktisk.. La han te.. Eg kikka på Kånå med tanke på litt støtte.. Men hu stod bare å flira lattermildt med kjøkkenbenken, og meinte eg bare fikk høyra på overmakten.. Det e tross alt for Kidsa me styra på med detta Halloween styret..

 

” Så.. Igjen måtte eg inn på nettet å sjekka litt, printa ut ett par bilder og gjekk for å sjekka med Halloween-Komiteen..

 

Flokken sine favoritter.. =D

 

Eg hadde sneket inn ett par sånn halvskumle bilder, og tenkte gjerna at med litt flaks så blei dei ett av dei de valgte.. Ikkje det at det gjør meg nåke at det e skummelt, men eg tenkte nå mest på Mini’en då.. Og at han ikkje sko enda opp med mareritt om nettene, men han va jo lika bestemt som Litlajentå.. Og sammen, så valgte de sjølsagt ett av de skumlaste.. Tjera vena..

Til og med når eg skissa det opp på gresskaret, og prøvde å tona det ner litt.. Så hang de over meg som haukar, og retta på meg..

Det va ikkje anna å gjera enn å la det stå te, så eg gjorde det så likt bildet som eg kunne.. Skikkelig skummelt blei det, hverken meir eller mindre.. Så sånn blei det med den saken.. Det nytta ikkje å lura kidsa når det komme te Halloween, sjøl ikkje Litlajentå og Mini’en.. Som forsåvidt va dei som va mest bestemt, på at gresskaret sko væra så skummelt som bare det..

Og, det blei rett og slett ikkje så reint lite skummelt.. Eller.. ?? ..

=D

 

Våras skumle gresskar.. Omsider.. =D
Grøss og gru.. Sånn blei det i mørknå… Tjera vena meg, nå vett ikkje eg om eg får sova inatt.. ??

 

Jubileum, Mini’en og andre Finurlige tankar..

Mini’en, som forsåvidt e den største årsaken te at det blei ein blogg.. =D

 

Idag… Så e det på dagen 2 år siden denna bloggen blei ein realitet.. Det va den dagen eg mota meg opp, å la inn ein del av hverdags anekdotene eg hadde skrevet på Facebook.. Den dagen, så hadde eg aldri i verden trudd at det sko bli, det som det har blitt te idag.. Ein reinspikka arena for humor, hverdagsgalskap og finurlige skråblikk fra Fatter’n..

Det e egentlig heilt sprøtt kossen denna bloggen har blitt mottatt, av dåkke leserar..

Spesielt itte eg laga Facebook siå ett par månader seinare, i slutten av november 2015.. Læringskurven va bratt og for ein som hadde valgt å skriva på dialekt, trudde eg ærlig talt at detta bare kom te å bli ett slags familie/venner fenomen.. For meiningå va egentlig bare å samla alle historiene som va kommen te då, på ein plass.. Sånn at det va enkelt finna de igjen, istedet for å bla nedover Facebook veggen min..

 

” Når eg nesten på dagen ett år itte eg laga Facebook siå te bloggen, så la eg te ein sånn anmeldelse funksjon..

 

Nåke eg egentlig va litt engstelig for å gjera, for man kunne ikkje sletta anmeldelsene man fikk.. Så uansett kossen det kom te å utvikla seg, så måtte de stå der.. Ikkje det at eg trur eg hadde gått te det skritt å sletta nåke, for all negativ omtale, kommentarer og lignande.. Det kan projiseras øve te nåke positivt.. Om man bare e voksen nok te å takla kritikk..

Eg må innrømma at eg i bunn og grunn e glad eg ikkje e nåke ungkalv, når bloggen forsåvidt har fått den suksessen den har..

Men, ikkje bare må man tåla kritikk på ein god måte, man må og væra voksen nok te å setta pris på alle positive tebakemeldingar og lignande.. Rett og slett væra ydmyk øve dei følgerane og leserane man har, og som velge å lesa mine historiar fra vår elleville hverdag.. Ihvertfall når 71 av de har valgt å legga igjen strålande anmeldelser, inne på Facebook siden..

Ei Facebook sia som har passert 5000 følgerar.. Tjera vena meg, vettu..

 

” På unna ett år, så har 67 stykk valgt å legga igjen ein 5’er,, Toppscore.. 3 har trykka på 4 stjerner.. Og 1 har anmeldt bloggen te ein 1’er.. Men han va fra Pakistan, så for han va det nok ei rett anmeldelse.. Han forstod sikkert ikkje ett kvekk norsk..

 

Mange har og valgt å skrevet nåken ord unna stjernene di gav bloggen, og det finnes ikkje ett einaste ukvemsord.. Eg kan nesten ikkje huska på dei 2 årene som eg har skrevet denna bloggen, at det har kommen nåken negative kommentarer.. Det va ei som bemerka at eg muligens hadde ett lite overforbruk av komma’er, og itte ein liten gjennomgang av innleggene mine, den gangen..

Så måtte eg jo bare innrømma at hu hadde heilt rett.. Det meir eller mindre florerte med kommaer, i alle historiane mine..

Ei hengte seg litt opp i ordelingå mi, som ifølge hu ikkje va heilt optimal.. Men meir på ein humoristisk måte, enn som einsidig negativ kritikk.. Eg huska ivertfall at kommentartråden unna akkurat det innlegget, den blei ganska så morosam, ittekvart.. Eg ana ikkje koffår eg gjerna har sluppet klar negative vibber, inne på min blogg..

Men, det kan muligens ha nåke med at eg kverne på med mitt.. Og ikkje har så voldsomt med meinigar, om det eina eller det andra.. Min blogg e ikkje ein sånn blogg..

Ein blogg som på død og liv ska provosera, imponera eller skapa sensasjoner..

 

Eg har gjerna valgt den lange veien te den statusen bloggen har oppnådd.. Men, eg trur det e viktig om man vil skapa ein blogg som engasjere, skapa positivitet og får følgere som blir værande.. Følgerar som komme tebake og lese igjen og igjen, fordi man gjerna sitte med ein god følelese inni seg, når man e ferdig å lesa..

Ikkje minst trur eg at alle som lese om oss, dei føle de lese nåke ekta.. Nåke realistisk..

Ikkje nåke som e pynta på, photoshoppa ut av denna verdenen eller på ein eller anna måte virka tilgjort.. For eg fortelle jo bare om ein småbarnshverdag i ein massebarnsfamilie, akkurat som den e.. Uten filter, krydra med humor og bøtter og spann med selvironi.. Ein liten dose sjølinnsikt e vel heller ikkje å forakta..

 

” Denna bloggen e ikkje ein sånn glansbilde blogg, som vise ein illusjon av ein virkelighet, som ikkje finnes.. Men, nåke som e så nært hverdagen te dei fleste, at gjenkjennelse faktoren blir høg..

 

Eg har på følelsen av at mange som starte med blogg, trur at det e så steikje viktig å meina nåke.. Og får seg ein mega øverraskelse, når gjerna nåken andre meina nåke anna.. Og man ende opp med full oppstandelse i kommentarfeltet, og suse oppover på Blogglisten.no.. Så har eg og på følelsen at mange jenter trur kropp e viktig, for å hanka inn leserar..

Men e de klar øve ka slags leserar som står bak ei ny lesar-rekord, itte å ha nærmast posert i nettoen.. Eg trur ikkje det..

Egentlig, så har eg gjort alt man ikkje ska gjør, når man starte ein blogg.. Eg skrive på dialekt.. Eg har ett himla langt bloggnavn.. Eg har ikkje hatt ein einaste giveaway.. Plutselig, så har eg gjerna ikkje skrevet på ei veka.. etc, etc..  Alikavel, så har bloggen bitt seg fast inne på Blogglisten.no, og e meir eller mindre alltid inne blant dei 200 mest leste bloggene i landet..

Kor mangen aktive blogger det e i Norge, det vett eg ikkje.. Nåken seie 300 000 – 500 000, andre seie meir.. Kanskje e det mindre..

 

” Uansett.. Så e det godt gjort av ein blogg, som meir eller mindre har gjort alt motsatt, av det som blir rekna som oppskriftå for å lykkast.. Å klara den prestasjonen.. Å som regel vær blant dei 200 mest leste bloggerne..

 

Også har man allt som har skjedd, dei her 2 årå.. Pga Bloggen.. Først havna me i Sveiobladet, som gjorde ein flott artikkel om bloggen.. Ikkje så lenge ittepå kom Haugesunds Avis med ein forespørsel, og Stine Helgesen-Eide skreiv ein ny flott artikkel.. Ein sak som sendte meg rett i panelet på TvHaugaland, ukå itte påsken tidligare i år..

Og det stoppa ikkje der.. For i kjølvannet av tv-opptredenen, så fikk eg ein invitasjon om å vær med på bLEST Litteratur Festival, i år..

Og endte opp med å avholda “eit slags Stand Up Show”, midt inne på Tysværtunet.. Det e heilt sprøtt.. Eg har på ein måte blitt kasta så te de grader ut av komfortsonen, dei to årene som har gått.. Spesielt i år.. Eg har vært så heldig og fått samarbeida med mange ufattelig kjekke folk, og bedrifter.. At det nesten ikkje e sant..

 

” Og eg trur ikkje det går an å visa kor takknemlig eg e, for dei mulighetene som har åpna seg.. Det e nesten på randen te uforståelig..

 

Så… Idag… 2 år itte detta eventyret med blogg starta.. Så vil eg bare utrykka ein stor takk te først og fremst alle leserar og følgerar.. Tusen hjertelig takk, for at dåkke igjen og igjen komme inn på bloggen og lese..

Og ikkje minst Tusen takk, te alle som har samarbeida med bloggen i løpet av disse 2 årene.. Ingen nevnt, ingen glemt.. ;D

Og te slutt, så må eg bare takka for alle turane ut av komfortsonen, som eg har måtta ta.. Det har rett og slett vært ett eventyr.. Og eg har ein liten snikande følelse, om at eventyret ikkje e over ennå..

 

Men igjen… Mens me feire 2 års jubileum, har endt opp med over 5000 følgerar på Facebook og mange spennande muligheter har åpna seg..

Tusen Hjertelig Takk… Te dåkke alle sammen…

=D =D =D

 

 

Hyllå – Le Grand Finale..

Eg stod opp idag morgens og blei møtt av detta synet.. Wow.. Hyllå har blitt tatt i bruk.. Eg holdt nesten på å gå rett i bakken av forbauselse, når eg oppdaga at Kånå hadde endelig tatt affære.. Eg trur rett og slett ikkje hu va forberedt på at den sko komma opp, før dei ordinære 5-6 vekene va gått.. Det e jo ikkje ofta eg får åndå øve meg, og fremskynde nåke på liste på denna måten her..

Sånn som eg gjorde med akkurat denna hyllå.. Kånå blei rett og slett utspilt av min lille viltre hylle oppskruing briljans..

Men, for å trekka ein slags konklusjon ut av detta, for det trur eg ikkje me kan unngå å gjør.. Så vise det seg altså at hvis man gjør ein ting, lenge før det tidspunktet gjerna sin bedre halvdel hadde forventa.. Då vise det seg heilt klart, at den andre part gjerna ikkje har planen klar, fra si sida..

 

” Så egentlig, burde eg gjerna ha venta ett par uker te, før Hyllå rett og slett hadde blitt skrudd opp..

 

Då hadde gjerna Kånå hatt planen klar, og forberedt ein haug med ting som hu kunne tenkt seg å ha på hyllå.. Vil eg tru.. Jaja, det e nå godt å sjå at det ikkje bare e oss mannfolk, som kan vær nåke treige i avtrekket innimellom.. Eg holdt forsåvidt på å gå på ein kraftig smell av uante dimensjonar igår, itte ein ittemiddag for historibøkene..

For som forrige innlegg gjerna blottla, va det ikkje akkurat nåke rolig helga tempo som inntok heimen, tidlig kveld eller ein ittemiddag..

Og itte eit frustrerande hverdagskaos som ikkje såg ut te å ha nåke ende, presterte eg meir eller mindre å la frustrasjonen gå bittelitt utover Kånå.. Itte hu hadde kommen heim fra handletur med Eldstemann.. Det va ikkje måte på ka eg som vikarierande aleinapappa i 2-3 timar, klarte å lira ut av meg..

 

” Sjølsagt uten ett einaste fnugg av substans fra eit fornuftig ståsted.. Det va rett og slett fullt i topplokket, og når det rant over så stod Kånå for nærme..

 

Det va egentlig ikkje nåke svære greier, det sørga Kånå kjapt for at det ikkje blei.. For når man ikkje har så mye som ett einaste argument, med nåkenlunde hold i.. Då blir man ett lett bytte for ei erfaren firebarnsmor, som e vant med å håndtera ein småstressa, nåke irrasjonell og usaklig Fatter’n..

Eg fikk rett og slett “Hårfønaren” som ein viss engelsk Premier League Manager va kjent for..

Hu slapp varene som hu holdt på å setta på plass, plasserte hendå i hoftefestet og på ein meget klar og rungande måte.. Så fikk eg meir eller mindre passet påskrevet.. Enkelt og greit.. Eg forstod at slaget som aldri hadde begynt, det va allerede tapt.. Og gjekk skamfull å sette meg i hjørna mitt i sofaen, mens eg surfa litt på nettet..

 

” Og, ein liten time og 2 seinare, når Kånå fant plassen sin i sofaen.. Og eg hadde tenkt ut ein million humoristiske vendingar, som kunne snu humøret te Kånå..

 

Så fant eg ut at her va det bare ein ting å gjør.. Eg gjorde litt grøftegraving i sjelå, snudde litt om på tankerekkå og krøyp te korset..

– Unnskyld .. Det va ikkje meinigå å sei det eg sa.. Sa eg, så fløyelsmykt som eg kunne..

– Eg vett det.. Svara Kånå kort..

– Øhh.. men.. Begynte eg..

– Nå e me ferdig med den saken.. Kom det kontant fra Kånå.. – Unnskyldningen e godtatt, under bearbeiding og vil bli tatt med i betraktningen når kvelden komme.. Kanskje får du soveposen med, kanskje ikkje.. Holde du kjeft nå, og lar meg se på tv ifred, kan det til og med vær du slippe Bodå.. La hu te, med syrlig tonefall og ett lite glimt i auga..

 

Man trenge vel ikkje vær rakettforskar for å forstå at eg klokelig holdt kjeft igår…

Hverken meir eller mindre..

 

=D

Tacomiddagen – Men, Kånå e ikkje nåke lekk russisk reketrålar..

Endelig… Så va det blitt helg.. Arbeidsbilar va parkert, jobbukå va over og nå sko helgå nytast te fulla..

Me satt og sko te å spisa middag itte ein travel dag på jobb, Kånå hadde mekka ihop litt Taco.. Fredags Taco’en.. Egentlig e eg så inn i granskauen leie av Taco på fredag, men Kånå e så fornøyd med at me liksom har ein slags tradisjon, her i heimen.. At det har vært fånyttes å gi uttrykk for sin frustrasjon.. Taco e tydligvis kommen for å bli..

Eg prøvde å foreslå eingang, om me gjerna kunne ha Uncle Bens – Sweet & Sour tirsdag, som e min livrett.. Men det kom ikkje på tale.. Kånå kan ikkje fordra den retten, mens eg lika jo Taco..

Kånå sitt selvrettferdige konklusjon va ikkje te å rokka med, Uncle Bens som ein slags tirsdags tradisjon va utelukka.. Men, me kunne jo ha fiskakaker kvar tirsdag, eller ihvertfall ett eller anna med fisk.. Det meinte Kånå va ein god ide.. Kanskje sko me ha 2 dagar med fisk i ukå og.. Tirsdag og torsdag f.eks.. Herregud..

 

” Altså.. Det e ikkje det at eg ikkje e glad i fisk, og me burde absolutt fått inn litt meir fisk i middagsmeny’en.. Men, å ha to faste fiskadagar i ukå.. Det va å dra det litt langt.. Altfor langt..

 

Om det va Kånå sin taktikk for å lukka brødboksen på meg, så eg ikkje masa meir om Uncle Ben’s.. Det kan godt vær.. Kudos te Kånå for den, i tilfelle.. Eg holdt ihvertfall kjeft itte det og masa ikkje meir om å få min livrett, inn i ein slags hverdagslig tradisjon.. Eg har heller ikkje vist min misnøye øvefor Taco-Fredagen hennas, itte den episoden.. For sikkerhets skyld..

Me får tidsnok meir fisk inn i hverdags menyen, det e ingen vits å utfordra skjebnen, om når det blir..

Jøje meg, det blei ein liten digresjon der.. Men, me satt altså og sko te å spisa middag, i samla flokk.. Det ska forsåvidt Kånå ha, me sitte meir eller mindre å spise sammen heile gjengen, under Taco-Fredagen, ihvertfall i begynnelsen.. Når eg slenge ett blikk øve på Mini’en som sitte på enden av bordet.. Han sitte og spise maten rett fra tallerkenen.. Sånn som ein hund spise fra matskålå si..

 

” Han lepja i seg middagen med små jafs om gangen, med hendå på ryggen..

 

Eg spurte guten ka i all verden han holdt på med, men eg fikk ikkje nåke skikkelig svar.. Men han kikka opp på meg med ett merkelig blikk, før han liksom gneldra litt og vendte oppmerksomheten ner mot “maten” igjen.. Hjølpe meg.. Ein eller aen sa plutselig nåke som ikkje heilt passa Eldstemann, kor han plutselig trampa opp trappene og inn på rommet sitt, med ett smell.. Han e snart tenåring.. Halleluja..

Litlajentå og Han i Midten sitte å har krig unna bordet, med beinå.. Te slutt fikk Kånå nok og drog jentå ett hakk nærmare seg, og ut av rekkevidden te Han i Midten..

Han i Midten e i dynamitt humør idag, og e som vanlig vaksinert mot å lya.. Så han flytta seg itte og fortsette denna beinkrigen, på tross av Kånå sine beskjedar om å holda opp.. Den guten e ekspert på å vær i opposisjon, uangripelig lite affektert og skremmande likegyldig te all tilsnakk..

 

” Jonas Gahr Støre kunne nok lært seg nåken nye triks av den guten, heilt klart..

 

Om nåken kunne fått satt Jern-Erna ut av fatning, så måtte det vært Han i Midten.. Garantert.. Eg trur Jern-Erna hadde ligna meir på ein lekk utrangert russisk reketrålar, på vei te havets bunn.. Itte ein ittemiddag med Han i Midten i toppform.. Enn ein stødig statsminister, med stålkontroll på Støre sin opposisjons politikk..

 

Men, Kånå e ikkje nåke lekk russisk reketrålar, hu e meir som ein hurtiggåande torpedobåt med ett arsenal av våpen, som smidig manøvrere seg rundt i hverdagslivets hav.. Og i ett eksplosivt byks etterfulgt av ett – Nå.. Nå e det nok.. ! .. Så hukka hu tak i urokråkå og nappa han med seg opp på rommet sitt, med klar beskjed om ikkje å komma ner før han kunne oppføra seg..

Eg blir egentlig lika øverraska kvar gang, når Kånå plutselig får nok.. Og eksplodere i ett inferno, som bare ei Kåna kan..

Hu ryke te værs som ein nyttårsrakett, frese avgårde mot himmelen som ein scudrakett før hu detonere i ett pandemonium.. Før hu dale fredfylt mot bakken igjen, som ein Navy Seals soldat på ett topphemmelig tokt.. Han i Midten holdt seg klokelig på rommet sitt ei stund.. Mens Kånå fant ut at hu og Eldstemann sko kjøra avgårde for å handla..

 

” Hu tenkte det va trygt å lura seg avgårde, siå Litlajentå og Mini’en hadde gått på besøk te nåken i gatå.. Itte middagen meir eller mindre hadde oppløst seg på ett merkelig vis..

 

Men, den gang ei.. Eg sko ut i Bodå å henta nåke når de gikk, og sjølsagt stod Mini’en rett ute i gatå og ville vær med.. Nåke som endte i ein øredøvande hylekonsert fra ein mildt sagt fornærma Mini.. Sjøl om han hadde fått vær med på Toys’R’us, dagen før.. For å gjør kaoset meir eller mindre komplett, kom Kånå heseblesande inn i carporten igjen, akkurat når eg hadde fått roa “Van Halen” ..

Gudhjølpe meg og herrens hærskare.. Hu hadde glemt lommabokå, og klarte glatt å aktivera “Brøleapen”, som igjen satte igang ein tirade man seint vil glemme..

Te slutt fikk eg bestukket fjotten med ein is og litt tegnefilm.. Det blei ivertfall stille.. Då kom Litlajentå heim og lurte på kor dei andre va.. Tjera vena meg, hu sattejo igang med ett helsikkes spetakkel nere i gangen når eg sa det, for hu og ville jo vær med.. Mini’en ville ikkje vær nåke verre, så han våkna jo og te livet igjen han og..

 

” Så då hadde eg plutselig ein “nydelig” Opera duett, på fullt volum..

 

Ein pakke kakemenn måtte te for å ordna opp i denna balubaen, sammen med ett glass brus.. Gjerna ikkje heilt pedagogisk korrekt, men på ein fredag itte ei spinnvill arbeids uka.. Så drite man i pedagogisk korrekt.. Man kan gjør mye for å oppnå ett bittelite øyeblikk av idyll og harmoni, akkurat då..

Når det endelig hadde roa seg litt, og kidsa satt fint i sofaen så tok eg sjangsen på å gå på dass..

Bare for å bli møtt av to smårollingar med verdens dårligaste pokerfjes, ihvertfall ein av de.. – Me har ikkje tatt is altså, pappa.. Seie Mini’en, før eg forsåvidt har fått øvesikten.. Litlajentå kikka perplekst på Mini’en med ett oppgitt blikk.. Sjølsagt hadde de tatt is, som de gjemte bak ryggen sin.. Eg kunne egentlig ikkje sei så mye på det, eg hadde forlatt de i løvens hule, aleina..

Så det va forsåvidt ris te egen ræv.. De fikk sitta litt te før eg tok Mini’en med meg ner, og gjorde han klar te leggetid.. Ei bok blei lest, me sang ein sang og to før Mini’en nærmast sovna før han traff putå..

 

Eg hadde ikkje kommen meir enn halveis opp i trappå, når Han i Midten som hadde lurt seg ut dørene, itte Kånå gjekk.. Kauka – HALLOOOO, når han kom inn den samma dørå, igjen.. “Van Halen” våkna og sette igang sin tredje konsert for kvelden.. Han i Midten smaug seg ydmykt opp trappene forbi meg.. Eg trengte ikkje sei nåke, eg trur han forstod.. ‘

5-6 sanger seinare, så sov trollet igjen.. Eg rusla motlaus opp trappene, og sko te å gå bort i sofaen.. Men, sokkane hang fast i gulvet.. Himmel og Hav…

Litlajentå hadde fått ett lekekjøleskap av Svigerfar, og i ett svakt øyeblikk har eg latt hu få ha saft på ein vannbeholder.. Som Litlajentå har traska rundtomkringfallera i stuå og skvetta over alt med.. Igjen, så har eg skutt meg sjøl i rævå.. Hu hadde jo fått lov.. Han i Midten ropa fra loftet om eg kan hjelpa han med nåke, så eg snur og går videre opp trappå..

Og møte ett sodoma uten like.. Han har funnet fram ei madrass han ikkje har lov å finna fram, sikkert for å turna i loftståvå.. Leker ligge strødd øve alt.. Der Kånå hadde rydda te det blei strøkent igår..

 

” Eg va på randen te å gi fullstendig opp.. Å det e nærmast før helgå har begynt..

 

Eg sett fysakken te å rydda rotet sitt, mens eg trør madrassen inn i garderoben.. Før eg går ner på kjøkken, laga meg ein kopp kaffi og går bort i sofaen for å setta meg..

Det høyrest ut som om eg har borrelås unna sokkane, på veien bort..

Eg synke sammen i ein smulehaug av kakemenn, det må nå nærmast vær ein halv kakemann som ligge igjen i sofaen.. Men, men.. Itte at eg har fått summa meg litt, Kånå kom heim med ei iskald ei og kidsa har forsvunnet på rommene sine…

Så har det forsåvidt gått seg litt te..

 

Herifra og ut.. Så kan det ikkje anna enn å gå ein vei.. Oppover..

Trur eg..

God helg ihvertfall… Folkens..

=D

 

Hyllå… Dag 3 og 4…

På grunn av intensiv innsats i Jack Reacher’s verden, har eg desverre uteblitt fra både blogg og resten av omverdenen.. Men, heldigvis gjekk eg tom for sider idag..

Og kom på at eg glemte hyllå igår..

Som forsåvidt har blitt okkupert av diverse superhelter og superskurker.. Eg hadde egentlig tenkt å stabla mesteparten av verktøyet mitt i den.. For å muligens tvinga Kånå te handling..

Men kom på at eg ikkje brukte gipsanker, kun skruer.. Så eg lot vær… Gidda ikkje skru den opp, ein gang te…

 

Probably, to be continued again, tomorrow…

 

 

Hyllå.. Dag 2..

Joda.. Forsåvidt litt unnskyldt av Donald kulen sin idag… Men… Uansett.. Dag 2…

To be continued… Again…

Jasså, du sitte her med Beinå på bordet, drikke Kaffi og lata Deg du ja…

Eg hadde ein overordna plan itte jobb idag, og det va å få unna alle heimslige gjøremål så snart som mulig.. Sånn at eg kunne tidligast mulig begynnna på den nya bokå om Jack Reacher.. Eg har meir eller mindre slukt alle bøkene om han, ittekvart som eg har funnet de i butikken.. Te Kånå sin store fortvilelse..

For kvar gang eg havna i sofaen med ei Jack Reacher bok, så e eg fortapt for omverdenen rundt meg..

Derfor jogga eg lett te sinns inn dørene heima idag, og gleda meg te Flokken va havna te sengs.. Og eg endelig kunne finna fram gobokå.. Egentlig, så stod det ufattelig mye på tapetet idag, før eg kunne begynna å tenka på ei koselig lesestund.. Litlajentå sko på RG-Lek, Han i Midten på karate og midt inni detta så va det jaggu meg ett felles foreldremøte, for klassen te Han i Midten..

 

” Ett møte som både eg og Kånå hadde totalt glemt ut, og ikkje kom på før nå for ei litå stund siå.. Litt småflaut, for eg trur me glemte sist møte ut og..

 

Og karate blei det heller ikkje nåke av, for plutselig hadde gutalarven både strekk i foten og gangsperr.. Eg trur ikkje han heilt klarte å bestemma seg for ka unnskyldning han sko bruka, for å slippa trening idag.. Så derfor oppga han begge to.. Eg va iskald og dassblaut itte dagens innsats på jobb, så eg hadde ikkje krefter te å motstå idag.. Så me blei heima, eg, Han i Midten og Mini’en..

Dei einaste slagene man egentlig vinne, e som oftast dei man ikkje utkjempe.. Sitat Jack Reacher..

Og akkurat idag, så følte eg det va på tide med ein liten seier.. Kånå hadde kjørt på RG-Lek med Litlajentå, og Mini’en rusla øve te nabogutten mens Han i Midten “stillferdig” gjorde leksene sine.. Så eg fant meg litt middag og satte meg i sofaen, mens Han i Midten skula misfornøyd på meg..

– Mamma seie me ikkje har lov å spisa middag i sofaeen, ivertfall ikkje itte hu har tatt teppet opp igjen.. Sa han, med streng stemme..

– Gjør leksene dine du.. Eg e voksen så eg kan sitta her, vettu.. Svara eg oppgitt og formanande..

 

” Det va dei 2 minste som bruka ein halv kg ketchup, me hadde laga dei reglene for.. Men ingen av dei va heima nå..

 

Eg satte meg godt te rette i sofaen, og tenkte eg kunne jo begynna på bokå nå.. Men eg fant ikkje lesebrillene mine.. Typiskt, dei lå jo borte på poffen, der boka hadde blitt lagt når eg kom heim.. Eg bøyde meg litt fram og strekte meg itte brillene.. Svooosj, der raste halve tallerkenen med pølsa i ris, dandert med ett godt lag med ketchup, rett ner på teppet te Kånå.. Herregud…

Det teppet som hu nettopp hadde hatt ett sværa styr med å vaska, itte Litlajentå hadde gjort nåke lignande min prestasjon.. Gudbevare meg vel..

Heldigvis, hadde ikkje Han i Midten fått det med seg, så eg reiste meg forsiktig og gjekk på kjøkken og henta filler.. Sjekka at han gjorde leksene rett på veien tebake, før eg sette igang å skrubba.. Mens eg vaktsomt fulgte med om guten på kjøkken, oppdaga ka eg holdt på med.. Men det gjekk bra.. Teppet blei nåkenlunde reint igjen, og Han i Midten fatta ikkje mistanke..

 

” Hadde han sett min lille tabbe, ville garantert Kånå fått beskjed om det, med det samma hu kom heim.. Garantert.. Den karen skyr ikkje å angi ein “altfor” streng Fatter’n..

 

Men, herreguuud.. Når det tørka så va det ikkje så bra som eg hadde trudd, det va ein ganske så rødlige flekk, lika innte bordet.. Igjen, så gløtta eg lett bort på guten som gjorde lekser, før eg løfta litt i bordet og skjulte min lille ugjerning unna det.. Perfekt.. Detta komme hu aldri te å finna ut.. Av og te så e eg smartare enn eg visste.. Rett og slett..

Eg slukte middagen i ein fart og gjekk å laga meg ein kopp kaffi.. Ganske så fornøyd med ittemiddagens utvikling.. Tross alt..

Mini’en kom heim te oss med Nabogutten på slep, men de sprang rett på rommet hans.. Så eg rakk ein 15-20 sider før Kånå og klonen kom heim.. For det førsta Litlajentå sa når hu trødde opp trappene, det va akkurat  som om eg sko hørt Kånå.. – Jasså, du sitte her med beinå på bordet, drikke kaffi og lata deg du ja.. Sa det der trollet, med streng tone og ett lynande blikk..

 

” Nakkahårå reiste seg, og eg såg føre meg framtiå.. Hu der må eg bare få sendt avgårde på nåke folkehøyskole, eller lignande.. Ut av heimen tidligast mulig, ihverfall..

 

Itte ei litå stund, hadde Mini’en funnet fram nåken kostymer, som Kånå hadde kjøpt brukt.. Og før eg visste ordet av det, så sprang både Iron Man, Superman, ei heks og Elsa fra Frost rundt i stuå.. Litlajentå hadde fått besøk av ei nabojenta.. Så det blei litt oppstandelse her i heimen.. Te Kånå sin store fortvilelse..

Hu sko skyndta seg litt på jobb idag, og skalla hovudet rett i døråpningen på varebilen.. Så hu har ein svær Donald kul i pannå.. Og ein liten smule skallebank..

Og på null komma niks, og nesten før eg fikk tenkt meg om.. Så hadde hu trødd kveldsmat i dei to minste, og fått de te sengs.. Eg hadde forsåvidt hjulpet Han i Midten litt med leksene, og lagt bokå litt ifra meg.. Eg e ikkje heilt toskjen heller, det e viktig å ihvertfall gjør som om man gjere nåke.. Så Kånå ikkje får heilt åndenød, når eg sette meg med bokå, ikveld..

 

” Men, hu slokna vel sikkert i sofaen itte 10-12 minutt med tv’en på, som vanlig.. Om ikkje det e nåke sånt Unge Mødre, barselavdelingen eller lignande.. Då e hu heilt oppslukt i programmet..

 

Jaja.. Det får bli dagens dose fra vår livlige heim for idag.. For nå ska eg kosa meg videre, i Jack Reachers spennande og mytiske verden.. Hverken meir eller mindre…

God tirsdags kveld.. Folkens..

=D

 

Ett fyrverkeri av ei Kåna…

Det e tirsdags morgen.. Løvet e på god vei inn i carporten igjen.. Sjøl om eg meir eller mindre renska den på søndag.. Egentlig ett godt bilde på hverdagens strabaser, for uansett kor mye man streva for å få kabalen te å gå opp kvar dag.. Så får man nye kabaler slengt midt i andletet, så snart man står opp..

Akkurat som løvet ubønnhørlig finne veien inn i vår carport, igjen..

Idag så holdt eg til og med på å forsova meg, men spratt ut av loppekasså i siste sekund.. Eg hadde akkurat fått pussa tennå, tatt ein kattavask i andletet og fått på meg arbeidsklærnå.. Når eg høyrte Kånå som oppgitt kauka ut te kidsa i heimen.. Mini’en hadde som vanlig parkert i midten, i løpet av nattens mulm, og plaga livet av Kånå så snart alarmen hennas ringte.. – Ska me stå opp nå.. E det måren.. Mamma, maaaaamma… Våkn opp, då… 

 

” Tjera vena meg..

 

Han hadde lurt seg opp på loftet og vekka Han i Midten med bravur, itte å ha blitt kasta ut av rommet våras.. Og det va det Kånå hadde fått ett lite anfall av, for ein Han i Midten som står opp på feil fot.. Det e som ein krigsfregatt med slagsida.. Ikkje akkurat enkelt å få på rett kjøl igjen, mildt sagt.. Litlajentå stod med søvndrukne auger i gangen, når eg forsiktig åpna dørå for å kikka om kysten va klar..

Sånn at eg gjerna kunne smyga meg usett ut dørene, og forlata slagmarken før eg blei involvert..

Men, i det sekundet hu såg meg så pratt augene hennas opp, før hu brølte av full hals.. – Maaamma, pappa e heima ennå.. Han har ikkje gått på jobb ennå.. Svarte, salte bananer.. Eg tok ein kjapp avgjørelse, smaug meg rundt dørå pg forbi Litlajentå og sett fart mot utgangsdørå.. Men møtte alle mødres “hangarskip” rett før eg va på sikker grunn..

 

” Eg forstår nå ligningen som toastmastere  drog i søster mi sitt bryllup.. Når han drog ein morosam historia om kossen mor mi møtte far min..

 

For far min hadde vært ett flott ensomt seilskip, som seilte ubekymra rundt i ungkarlivets hav, før han ein dag traff ett fullblods krigsskip.. Som liksom sko speila mor mi.. Det blei litt humring i salen, den gangen.. Han ante vel ikkje kor godt han traff spikeren på hovudet, han toastmasteren.. Som sikkert drog denna i kvart bryllup.. For mor mi har alltid vært ett fyrverkeri av ei Kåna..

Og nå stod eg lika foran ett armert hangarskip sjøl, kor heila arsenalet av våpen va i full beredskap..

Gode råd va akkurat nå gull verdt, men ingen satt på skuldrene mine å kviskra de inn i øyra mitt.. Så heilt uten grunn, tok eg hendå mine opp og plasserte på kvar sia av hangarskipets utkikkstårn, og ga det ett realt smellkyss.. Skipet blei så øverraska at det frøys te som is, totalt utspilt av min lille geniale manøver.. Og før det kom te seg sjøl, hadde eg trødd arbeidsskornå på meg, snodd meg rundt baugen og styrta ut dørå…

 

” Og ut i stillt farvann igjen.. Puuh.. Det gjekk jo greit, tenkte eg for meg sjøl, mens eg kjørte te jobb..

 

For så å komma på at hangarskipet om ikkke lenge, og komme opp her..

På jobb… Kor eg e…

Grøss og gru…. ???

 

 

Hyllå….

Itte nesten 2 ukers evinnelig mas om å få opp den forbaska hyllå.. Står den fortsatt tom..

Dag 1…

To be continued…..

???