Kidnappa?? … Fordømrande unge, det har an ikkje lov te….!!

 


 

Hjølpe meg…

Nå va det nummeret før eg sette igang full leiteaksjon, itte Mini’en.. Kånå va foren for å handla….

Eg hadde nettopp vært inne å lekt me togbanen, me han…. Tatt nåken bilder, og planlagt ett koseligt blogg innlegg….

 

Men måtte på loftet ein tur, for å hjelpa dei 2 eldste me nåke X-Box greiår…..

Komme ner igjen…

Litlajentå sitte så fint i sofaen og ser barne-tv, så eg går og finne meg litt kaffi…

Sette meg ner på kjøkkenet… Lese litt nettaviser…

 

Registrere plutseligt at det va blitt fryktelegen stille…

Hmmm… Det lika me ikkje … Betyr stort sett trøbbel…

 

Litlajentå sitte fortsatt i sofaen…. Dei to eldste e på loftet…

Men finne ingen Mini….

Kjenne at eg får “litt” hjertebank….

 

Sjekke vaskerom, badet, våras rom, heila loftet inkludert klesskapå te ungane…

Kor me av og te, har funne an sovande….

Men , han e borte vekk…..

 

Gudhjølpe meg…. Kor i herrens hærskare har den fjotten gjort av seg….

Sjekke vaskerom skapene, badet igjen, og våras soverom skap…

Ingenting…… Springe ut på trappå, heilt stillt….. An pleie nå aldri å gå ut da….. ??

 

Det går ett grøss øve meg…. Har an blitt kidnappa???

Fordømrande unge altså, det har an ikkje lov te……

 

Komme på eg har glemt ut “Walk-in Closet” garderoben te Kånå….

(Du kan gå inn, men nødt te å rygga ut igjen) …. Sikkert derfor det hete “Walk-in Closet …

Siden du ikkje kan gå ut….

 

Ingen der hellår, rygge ut, men henge meg opp i ett eller aent….

Nykke te med kroppen…

Skriiiitch…..

 

Oooppss…

Snur meg, og holde på og få hjerteinfarkt….

Fysst trudde eg at eg hadde ødelagt julabord-kjolen te Kånå….  Og sendt meg sjøl i bodå, neste månaden……..

 

Men så va det bare Bunaden hennas…. Eg pussta letta ut…

Nå begynte eg virkelegen å bli engstelige…. Til og med dei andre ungane i flokken begynte å hjelpa te….

 

Står me telefonen i neven, klar te å ringa det se e av instansar man kan ringa te…..

Når Litlajentå rope….

Springe inn på rommet te Mini’en, der Litlajentå e…..

 

Og der…….. Inni “tripp-trapp” greiene han har lekene i…..  Bakom dørå…

 

Sitte denna “Rømlingen” …. Musestille….

Eg trudde fysst han sov…

Men han sitte så fint og leke med “Hamsterlekå” si….

Ellår mus, se han kalle an…

 

“Det hette hamster” Pleie eg å sei…. “NEI….. Moos..” … svara han…..

“Haaaamster”….

“.Neei……Mooooos” ….

“Haaaaaaamster” …..

” MOOOOOS….”

Eg ga opp….

 

Men her va an altså……

Eg trudde det va gjort…. At eg hadde tuttla vekk Mini’en…..

Det, hadde blitt lenge i bodå det….

 

Puuuuh… eg pusta letta ut… igjen…

 

Så kom eg på det…… Og hjarta stoppa…..

 

Bunaden….

 


 

#familie #bunad #kidnappa #Mini #blogg #pappa #humor #hverdag #motnormalt

Mini’en, fantaskap og Dasslokket

2016-01-10 15.46.49-1


 

Itte ei helg fullt opp med tannverk, sjukdom og all slags aent dritt og lort.. Så va det godt å komma seg på jobb igjen.. Jaja, me blei invitert te foreldrene mine på middag, på søndagen. Så då va me nødt te å bytta pysjen ut med kler, men me slapp nå tross alt å laga middag. Så alt har ikkje vore svart.

Men, i helgå har det vært svært lite inspirasjon som har kommen dansande forbi meg, kan du sei.

Itte å ha døyvt smertende fra fredagens tannlegebesøk, med ett par iskalde, to sterke små kvite og depressiv musikk.. Drittvær, sure ungar og lite godt humør, i heimen. Men sånn e det, nåken dagar e verre enn andre, å denna helgå, då va det våras tur.. Men det e vel som det ska vær, me har det drit innimellom me og..

Det e ikkje te å komma foruten, at sånne periodar dukka opp, kor man slite med å vær positiv, smilande og sjå humoren i hverdagen…

 

For det e ikkje løye…

Når du står på toalettet, dagen e dritt og man står å nynne på ein Jan Eggum sang.. Så høyre du nåken som står å kviskra på gangen, før Mini’en komme spankulerande inn på badet, med hendå på ryggen.. Og rusle så veslevoksent forbi deg, der du står i ein tungsinding tilstand, mens mårenkaffien renne utav dg, og ner i doskålå.

Mens Mini’en kikka på deg med ett blikk, som lyse av fantaskap.

Sneipen strekke roligt håndå ut, og før du har fått tenkt deg om, har han kleisa dasslokket ner, før han spinne ut av badet, se ett prosjektil. Mens du høyre dei andre ungane spør an, om an gjorde det..?? Lamslått av ka som nettopp har skjedd, prøve man å få hjernen ut av hvilemodus, skrua av springen og åpna dasslokket.

Og ende opp med å feila, i absolutt alt, strålå går i hytt og pine, badet ser ikkje ut og jækelungane lere seg nåken nye ord, altfor tidligt..

Kånå komme springande, hu har jo høyrt bannskapen hu og.

Å når hu runda hjørna, ser meg som ligge på alle fira, med bukså på knærnå å “vaska” golvet, dassen og veggane med dasspapir, så dette hu om på golvet i latterkrampe, når eg får forklart hu hendelsesforløpet.

 

Så .. Nei.!! .. Då syns eg ikkje det e løye, ikkje i det heila tatt….

Tjera vena meg…

;-D

Mini’en – Ei ærlige sjel…

2015-06-10 18.07.35


Eg stod opp på søndagen, vel vitande om dagens gjøremål. Trudde eg.

For eg og Eldstemann sko på fotball cup, siå han e e blitt bitt av fotball basillen. Te fattern’s store glede. Sjøl om ambisjonane e høge og iveren e stor, så e teknikk, øveblikk og ferdigheter fortsatt nåke så som så. Men an kompensere med stor innsats og enorm innlevelse.. For som sagt tidligare, når Eldstemann brenne for nåke, e det med heila seg og litt te…

Det ska ivertfall ikkje stå på at han ikkje har gitt alt, det e heilt sikkert. Han har til og med klart å bli Kaptein på laget, så det e tydeligt at han meina alvor med detta her…

Hverken eg eller Kånå såg heilt detta komma, siå Eldstemann stort sett e å finna bak ein dataskjerm på rommet sitt. Men istedet for dei her rollespillene han har vært hekta på, e det nå Fifa for alle penga…

 

Men, det va nå denna cup’en se stod på agendaen først idag, så selskap hos Kånå sitt tantebarn. Kor me sko feira hu og svigermor, se hadde bursdag.. Det hadde forsåvidt eg og hatt på lørdagen, se blei behørlig feira med frokost på sengå, og forsikringar om at eg sko få feira det litt seinare i sommar. Då ilag med ett par av dei andra kidsa i flokken..

Egentlig heilt greit for meg, eg trenge liksom ikkje så mye styr eg, for å feira 29 års dagen, for 14 gang….

 

Men, når eg og Eldstemann kom heim fra cup, så stod malarspann og kost klart te meg.. Kånå hadde funnet ut at istede for kos med kaka, brus og selskap, så sko eg få kosa meg med langveggen, stige og malarkosten..

Me må utnytta godveret, se hu sa. Me e ikkje akkurat utskjemd med sumarver, her på vestlandet. Så sjølsagt va eg jo enige med na i det.

Tjera vena meg…

Itte så mange år ilag med Kånå, har eg lært meg når eg ska vær enige og når eg ikkje ska vær det, kan du sei.. Så sjølsagt e eg stort sett enige, man trenge bare vær uenig 1 gang, før man finne ut at man sko vært enig… sett sånn i ittetid.. Det e me ivertfall enige om, eg og Kånå…

 

Så Kånå tok med seg flokken, utenom Eldstemann se va nåke slakk itte cup’en, og suste i selskap. Mens eg hadde fått meg ein date med malarkosten, stigen og langveggen…

Og den gjekk strålande, for når Kånå kom heim igjen, va hu i strålande godt humør og det va stort sett bare ros og få.. Hjølpe meg så langt eg hadde kommen… Eg holdt på å gå rett i asfalten, men me har bare grus, så eg holdt meg på beinå.. Såvidt..

 

Men Mini’en kom heim med oppskrapte armar, plaster og ei stolt mina om fjeset.. Han hadde kjørt skateboard… Nåke han sjølsagt ikkje hadde hatt lov te, men alikavel hadde fått te… Eg tenkte som så, at kuå må huska hu har vore kalv, og betrakta skrubbsårå, se han stolt viste fram innemellom plaster bitane..

Va det nåke eg ikkje hadde lov te, i min barndom, blei det vel stort sett utforska, alikavel… Så det va nå kjekt og sjå at eple ikkje har landa så langt ifra stammen…

Men han hadde altså utforska detta her med skateboard, med vekslande hell…Fortalte Kånå… De kom inn med han, og fortalt at Han i Midten hadde satt han oppå og sendt an avgårde..

Då sette Mini’en opp eit bestemt fjes, og sa…

¨ Nei…. Det ikkje e sant… Eg gjorde heilt sjøl, eg ….

Mens an viste peikefingen strengt..

Rett sko tydeligt vær rett, og om det va denna søsken solidariteten se allerede har satt seg i ryggmargen te Mini’en.. Eller om an rett og slett hadde gått på ein smell, og meinte det blei feil at storebror fekk skyldå…

Det e ikkje godt å sei, Han i Midten kunne absolutt vært truande te å finna på ett sånt sprell, han…

Men uansett, stoltare kar med skrubbsår og plaster.

 

Det trur eg man ska leita lenge itte….

=D


#Mini #selskap #skrubbsår #skateboard #boden #familie #blogg #kånå

Nytt design, ny plattform og eget Domene…

 


 

Det blir nåken endringer på bloggen framover, men for alle se følge med på Facebook, blir det fortsatt meget enkelt å følga med… Der e det bare å trykka på linken, så får man lest innlegget, akkurat som før…

Forskjellen, i det stora og heila, e at nå komme bloggen te å stå meir på egne ben, på ein måte…

Eg har fått eget domene, som bloggen i framtiden vil ligga på… Og fremtidige innlegg vil komma på.. I ein øvegangs periode, vil eg poste på begge, men planen e, vist alt går smertefritt å fortsetta på eget domene…

Som eg nevnte tidligare, vil det ikkje bety så mye annet enn at det blir ett nytt design, ny nettsteds adresse og noen små forandringer her og der… Og at eg gjerna ikkje vil dukka opp på blogg.no si topplista og kommune lista.. Men, for all del, alt e relativt.. Forsvinne alt for mangen leserar, må eg jo bare revurdera detta prosjektet…

Det e ikkje noe se blir gjort, fordi eg ikkje e fornøyd med Blogg.no plattformen, for det har eg vært.. Heller ikkje fordi det e lettare å blogga på WordPress sin plattform, for det va det absolutt ikkje..

Men kun fordi eg vil ha meir kontroll øve bloggen min, på ett eget domene…

www.Jeg Gikk Bare i Boden en Tur.no

Så eg håpa flest mulig, vil fortsetta å følga med på bloggen videre. Og som tidligare sagt, vil dei fleste ikkje merka så meir forskjell enn at designet e endra… Facebook vil fortsatt vær den største kanalen inn te bloggen… Og der merka nok dåkke leserar lite te den nye endringen…

Og eg håpa dåkke ser at det blir litt enklare å bla litt i innleggene, på den nye siden… Då kategorier, arkiv og siste innlegg komme litt meir opp i dagen..

Og historiane blir dei samme, flokken har ikkje endra seg og Kånå e fortsatt still going strong…

Så følg med videre alle sammen…

Detta blir skoi… =D

 


#blogg #domene #påegneben #boden #blimed #følg #design

Stigen, Nøkkelen og ein hundalort te besvær …

Old wood ladder

Mens eg hang på veggen og malte huset igår, måtte eg bare vedgå for meg sjøl, at far min hadde hatt rett, og eg feil.. Stigen min va for kort.. An va ikkje i nærheten av å vær lang nok eingang.. Jaja, far og mor e reist på bobiltur te Bodø, så eg tenkte eg sikkert bare kunne kjøra inn og låna stigen han hadde tilbydd seg, og få levert an igjen før de kom heim. Så kunne eg i neste familieselskap, fortsatt skryta på meg at stigen min e akkurat lang nok den..

Koffår sko han få gleden av å ha rett ?? .. Eg syns eg har nok med Kånå eg..

Men som sagt så gjort. Eg sa te Kånå at eg for ut på eit hemmelig oppdrag og suste avgårde te der de bor. De har ett nøkkelskap, så inn kom eg jo uansett.. Eg parkerte i gården foran garasjen deiras og gjekk for å finna nøkkelen. Rusla tebake te hovedørå å sette an i låsen og vrei, men ingenting skjer. Eg vrir å vrenge men låsen står bom fast. Tar an ut igjen og jogga rundt huset for å sjekka om det e ei aen dør an e te, men neida. Ingen av dei andre dørene har lås, i det heila tatt..

 

” Tar ein ny runde rundt huset for å som om eg så heldige at stigen ligge utforbi, men flaksen står meg ikkje bi..

 

Planen begynne å slå sprekker og eg ringe far min for å høyra om det muligens e ett slags triks, med låsen.. Men han blir lika forundra seg meg øve at nøkkelen ikkje virka..

– Jaaaa, du sette nøkkelen i.. ?? .. Og vrei rundt.. Seie han, formanande..

Nei, eg stod her foran dørå, og hadde nøkkelen i lomma mens eg befalte “Sesam sesam, lukk deg opp” .. Tenkte eg irritert for meg sjøl, men svarte nå fint..

– Ja, sjølsagt har eg det..

– Åhh jaa.. Nei, det va nå merkeligt.. Men ka e det du ska inne da??  Spør han.. Nysgjerrig..

Og her e det eg blir litt svar skyldig, eg tenkte lynraskt øve ulike svar men innser fort at eg har få troverdige alternativ..

For all del, eg kunne sagt “vanne blomstene” men då hadde de vel fått hjerteinfarkt begge to.. Det e vel ikkje nåke eg e kjent for å gjør, den jobben eg nok syster mi bedre på.. Så eg må bita i det sura eplet, og sei eg sko låna stigen..

– Ååjaa, stigen ja, jojo.. An va ikkje lang nok din ja, neeeei, eg tenkte meg det ja.. Svara far min, i nåke lett skadefryd..

 

” Ja, det tenkte du nok, tenkte eg og.. Men, uansett kor mye me tenkte både eg og han far, så gjekk ikkje nøkkelen rundt for det..

 

Så eg fekk kjøra te syster mi, som bor lika i nærleiken og låna nøkkel av hu.. Sa mor mi i bakgrunnen.. Som sagt så gjort, igjen.. Eg ringte te syster mi, for å sjekka at hu va heima. Fekk umiddelbart det samma svaret som eg fekk av far min, og svarte igjen, at sjølsagt hadde eg vridd rundt.. Om eg hadde prøvd å dytta dørå litt inn, mens eg vrei på nøkkelen ?? .. Spurte hu.. Nei, det hadde eg ikkje, naiv og godtroande som eg e sprinta rundt huset igjen. Henta nøkkelen som ikkje virka, og fant ut at an fortsatt ikkje virka.. Sjøl om eg dytta dørå inn..

Tjera vena meg.. Nei, eg fekk komma å låna hennas då.. Inn i bilen igjen, suste bort te syster mi, på veien kjenne eg ein eim av ei underlige lukt bre seg i kupeen..

Hoppe ut av bilen i gården deiras, springe som ein ungkar te dørå og ringe på.. Får ein nøkkel med garanti om at an virka.. Sette meg i bilen igjen, og får igjen ein underlig snek i nasen.. Komme heim te far og mor igjen, nøkkelen virka.. Opp med garasje dørå, inn i bilen med stigen.. Igjen med garasjedørå.. Får låst, nøkkelen virka fortsatt.. Sleppa av nøkkelen hos syster mi igjen.. Og suse heimøve.. Nå begynne det virkelig å lukta ille inne i kupeen, eg e forsåvidt pissetrengt men har ikkje kjent nåke trenga på i avløpskanalen..

 

” Hjølpe meg.. E eg blitt så gammal at eg har mista kontroll øve kloakkventilen og nå?? .. Sneken nærma seg ett crescendo av dufter i neseborene, og kvalmen komme i lika stigande styrke..

 

Og før magen får vrengt seg, finne eg ei busslomma å stoppa i.. Sprette ut av kabinen, gispande itte frisk luft og dette om i grøftå.. Kikka på skonå, og konstantere at eg har tråkka i verdens største hundalort.. Hipp Hipp.. Hurra.. Står å spinne som ett illsint villsvin i graset, for å få skonå luktfri.. Raska bilmattå ut og skylle na i batterivann.. Mens eg forbanne meg øve bror min, som heilt klart ikkje har gidda å plukka driten te bikkjå si, opp fra plenen te han far.. Itte de har vært på besøk..

Ellår kanskje det har vært ei nabobikkja.. Jaja, Enklare å skylda på bror min..

Får reingjort så godt som eg kan, spraya kabinen med litt 5-56 smøremiddel, lukta tross alt bedre enn halvgammal hundalort.. Sette meg i bilen igjen, og suse videre.. Får inn ett anrop fra “Kommandosentralen”, som lure på koffår eg e “Missing in Action” 

– Ikkje spør.. Svara eg, nåke indignert..

Får ett nytt oppdrag, “Generalen” vil ha Kebabrull.. Kvalmen komme som ein flom lik “Bølgen” i fra filmen med samme navn, oppover halsen igjen.. Itte duftkalaset i kupeen, va Kebabrull det sista eg kunne tenkt meg..  Men lye nå “Overkommandoen” og fiska ein rull te na, i fra sjappå i “Sentrum”  Gudhjølpe meg..

 

Tenka dåkke te.. Alt detta styret, bare på grunn av ein ..

Stige..

Kan bli matte av mindre, vettu.. =D

Mini’en + Litlajentå = Dynamitt …

“Sammen er vi dynamitt..”

=D


 

Me sitte på kvar vår sida av middagsbordet, itte ein sein middag… Kånå hadde vore på vift me 75% av flokken våras, mens eg hadde vært heima med dei resterande 25% … Ellår Han i Midten tilbringte halve ittemiddagen hos ein kompis.. Eg lå på alle fire og pussa på ei seng Mini’en ska ha..

Men nå hadde me altså fått i oss middag, og sitte ved kjøkkenvinduet og lar maten siga … Klokkå va halv 8, nå ikveld…

Så ser eg nåke i øyekanten, se går på veien utforbi.. Kånå e litt treigare enn meg, men reagere som oftast snarare.. Løye og, kor logisk det høyrtes ut.. Men hu sprette opp fra stolen, mens hu utbryte…

Ka i alle dager e det di har funne på nå da….. ??

Eg har ikkje kommen lengre enn at eg har fått snudd meg å kikka, mens Kånå e på vei i full fart utøve dørene… For der ute på veien, går 2 av våre håpefulle tur med ei litå babyvogn… Mini’en og Litlajentå… 

Eg rusla ut på trappå, mens eg lure på kossen di har fått detta te, uten at me har fått det med oss… Når eg høyre Kånå, se nesten har tatt de igjen, seie… 

– Kor har så dåkke to tenkt dåkke hen da ?? … Te dei to rømlingane…  

– Hysj mamma, me må få babyen te å sova vettu… Svara Litlajentå, veslevoksent…

Kånå begynne å sei nåke… Men blir avbrutt av Mini’en…

– HYYYSJ.. Babyen ska sova mamma, vettu… Me gå tur… seie han, strengt…

– Nei, nå må dåkke komma inn, det e leggetid … Kommandere Kånå…

– Åhhh.. Altså… Det e typiskt alså… Går aldri an å få gjort nåke fornuftigt, uten at du ska ødelegga mamma… Svare Litlajentå, irritert… Mens hu snur vognå…

– Åhhh, asså… typiss.. mamma… Legge Mini’en te… Men snur han og…

Eg og hadde snudd… For ellers så hadde eg vel ramla ner trappå av latterkrampe.. Kånå, se itte gårsdagens maktkamp, absolutt ikkje fant detta morsomt, i det heila tatt… Trampa opp trappå og skyssa inn rømlingane..

Ei for illsint opp på loftet, og smelte med dørå si… Igjen…

Han andre sto i gangen, med hovudet litt på skakke og kikka på meg… Eg stod litt inni gangen, og prøvde å stogga latteren… Men når eg kikka på Kånå, svelgte eg latterkrampå i ett svelg, og tok med meg Mini’en på badet.. Det va ikkje tvil om ka det blikket betydde.

Eg har lært meg at man gjør som man blir befalt, når man får det blikket… Man kan og velga å ikkje gjør det, men då blir man enten ungkar, sendt i “Bodå” ellår endå verre “gressenkemann” …

Aleina på vingen, med flokken… Nei takk, du  ..

Då velge eg heller å kjøra i forsvar, gjør se kapteinen seie og tygga i meg heila blikket… Det e viktigt å velga sine kampar, har eg høyrt…

Ikkje at eg kan sei eg huska sist eg valgte ein kamp… Egentlig… Va det ifjor eingang… ?? …. Neeei…

Jaja, det e ivertfall viktig det…. Å velga sine kampar….

Heilt klart…. 

 


#søndag #kveld #rømlinger #leggetid #ramp #familie #blogg #kånå #pappa

Litlajentå på flyttefot…


 

– Nå flytte eg ut… Seie Litlajentå … Meir eller mindre illsint…

Hu fikk ikkje lov å vær med Han i Midten ut, klokkå sju… Det va jo snart leggetid…

Neeei… Eg ska ikkje legga meg Eg ska flytta ut… Eg ska bo ute

Nå går eg… Så kan dåkke bare sitta der inne å grina, når eg har forlatt dåkke… Fortsette hu, meget bestemt…

Eg stod på badet, Kånå satt i sofaen… Han i Midten hadde lovt at hu sko få vær med… Det hadde ikkje me… Så når hu ikkje fikk lov, gjekk hu i fistel… Hu satt fyst i trappå og raste… Før hu fekk det for seg at hu sko flytta ut..

– Jammen, det e heilt greit det… Høyrte eg Kånå svarte…

Ska eg finna soveposen te deg.. ? … Fortsatte hu…

Pøøh… Bare ikkje tru på meg du… Eg ska flytta eg altså… Dåkke e jo verdens verste foreldre... Kontra Litlajentå..

Det begynte å bli interessant… Ein ny maktkamp, mellom alfahunnene i heimen… Det kan ikkje aent enn bli underholdande.. Til og med Eldstemann stoppa opp i det han holdt på med, for å følga med på utfallet…

– Ska du ikkje pakka nåke ? …. Spør Kånå …

– Du bryr deg ikkje du… Du e så lite glad i meg… Eg e store jenta eg … Eg ska vær ute me guttane…

– Ellår, eg ska flytta te ein aen familie … Så du aldri får sjå meg meir… Då blir du lei deg då… Fortsatte kruttønnå.. 

Før hu raste ut dørå, og for opp over veien… Men stoppa itte 4-5 meter… Eg hadde tusla stille ut i gangen, og kikka ut dørå på Sinnataggen.. Hu stod oppe i bakken, å så litt mindre bestemt ut nå…  Eg lurte fram mobilen, og zooma na litt inn, der hu tvilande sto og trippa lett, i ei tynne jakka, 17 Mai skonå og ein sommar tights… Derfor litt uklart bilde..

Før Kånå suste forbi meg, for opp i bakken mot Litlajentå… Se i samme øyeblikk som meg, forstod kim se hadde vunnet maktkampen….

Kånå tok na bestemt med seg inn, plasserte na i trappå og låste dørå… Mens Litlajentå, se forsåvidt hadde forstått at kampen va over, men likavel måtte pøsa ut av seg, sin siste vrede øve urettferdigheten her i huset..

– Detta e såååååå urettferdig asså… Guttane hadde sagt eg sko få vær me…   Freste hu, med sine siste krefter… Før hu indignert gjekk opp trappå… Kleiste igjen dørå på rommet sitt, med ett smell… 

Eg kikka på Kånå, se hadde satt seg i sofaen igjen, og så forsåvidt fornøyd ut… Eg kikka bort på Eldstemann, se kikka tebake… Før me unisont nikka diskre te kvarandre, med ett blikk se sa… At detta, det ska ikkje me blanda oss opp i…

Kvinnfolk altså…. 

=D 


#catfight #maktkamp #Kånå #litlajentå #urettferdig #foreldre #familie #blogg

Fatter’n laga middag, ein karusell og ballongar…


(Obs.. Eldstemann, har blitt utsatt for litt ustabilt panoramabilde effekt… Stakkar… Men det e litt sånn det e med oss… Det blir aldri perfekt… =D )


Kånå lurte på om ikkje eg kunne laga middag idag… Va ei stund siå sist, meinte hu… Eg tenkte meg litt om, før eg samtykte med hu Kånemor… Sjølsagt kunne eg det… 

Så då blei det ein Mackie dinner idag…

Det e ikkje det at eg ikkje kan laga mat, ellår vil… Det e bare så, at når eg fyst sette igang så tar det heilt av… Fyre på med krydder, sper på med “Creme Fraiche” og styra og vasa sånn, at middagen blir jo aldri ferdig…

Det nytta ikkje når flokken e sulten..

Derfor blei det middag i ein fei, på Amanda senteret idag… Litt fordi eg gjekk rett i veggen igår, og endte opp med ein allergisk reaksjon av det kraftiga slaget… Fikk litt utslett på underarmane på formiddagen, så itte ei stund kom ett hav av feber i fra intet og slo meg rett i bakken…

Legen meinte det måtte vær kraftvasken eg brukte når eg vaska huset, se eg hadde reagert på… Siå det va mest utslett på armane, og på halsen.. Der eg va minst dekka te, når eg vaska… Ligna jo på Prikken i SuperTed, for dei se huska det… Den fyste superhelt tegnefilmen eg såg som barn, trur eg… Det va jo revulosjon i kor bra tegnefilm kunne bli den gangen… Rett og slett…

Men, nok om det.. Ett Mackie besøk medføre visse ting se nærmast e smaflaut, egentlig… Spesielt for oss se e 6 stk… For det fysta høyres me sikkert ut se eit heilt barnaselskap, der me sitte rundt bordet og kosa oss… Me øvetar heila lekerommet, når flokken får leka seg litt… Søppelkassen blir nærmast fylt opp, bare av oss …

Og når me har forlatt åstedet, e det liksom ikkje nåke tvil om kor me har vært… Liksom… 

Hadde det vært Helium i ballongane, så hadde vel vognå letta trur eg… =D 


Flokken hadde spart litt av 17 Mai pengene, de fikk fra besteforeldre… Og dei brant se ein fullvoksen skogbrann i lommene på de… Så ein liten tur på lekebutikken, slokna den fort… Eg meina, i fullt alvor at her har Kånå gått på ein kraftig smell… Då Litlajentå akkurat hadde råd te ein HelloKitty hoppeball….

Tjera vena meg…

Eg fikk ikkje med meg at hu kjøpte seg det, siå eg hadde rømt butikken med Mini’en… Han va på god vei te å rana heile butikken for leker, så me tok oss ein roundabout på senteret.. Så øverraskelsen øve at Kånå hadde glemt ut at den forrige hoppeballen me hadde, gjekk lukst te skogs, itte gjentatte ulykker med påfølgande diverse hodeskader…

Men Litlajentå va jo mye eldre nå enn då, argumenterte Kånå med… Og så ut se hu heilt hadde glemt ut at Mini’en, forsåvidt e i den alderen Litlajentå va i, når ulykkes statistikken va på topp i heimen… Jaja, detta får hu ta på sin kappe, tenkte eg for meg sjøl… Og begynte allerede å gleda meg te , “I told you so… ” frasen kunne brukast..

Se sjølsagt ikkje va lengre enn akkurat itte me kom heim… Og Mini’en meinte at det va smart å hoppa i fra sofaen, med hoppeballen…. Eg sa det, eg ropte det og ja… Eg nærmast skreik det …. Inni meg… “Ka va det eg sa…?? ” .. Men eg holdt kjeft… Man vett jo aldri når man kan få bruk for å vær litt ovanpå, og eg såg heilt klart fordelen av å spara på denna… ;D

Ittepå, gjekk me forbi nåken sånne karusellar, og dei to minste gjekk heilt amok… Og sko absolutt ikkje gå, før de hadde fått lov… Rett før eg og Kånå bare tok kvar vår pode, unna armane og marsjerte ut… Tilbydde Han i Midten seg å betala for de, han hadde jaggu meg ikkje brukt opp alle pengene sine….

Så han tok på seg spanderføttene og tok med seg sine yngre søsken på karusell tur… Både eg og Kånå, va såpassa småsjokkert øve denna her gavmildheten, at me fekk ikkje ut ett ord… Jaja, tenkte me sikkert synkront, mens me delte ett blikk.. Det ser jaggu meg ut som om det e håp for denna karen og… =D 

Så dett var dett, fra oss for idag… Nå e det snart film kveld med Kånå, itte me har plukka restene av Mini’en opp fra gulvet, itte sitt famøsa hoppeball hopp fra sofaen… Og har fått resten av flokken i seng…

Ha ein strålande torsdagskveld videre….

Og tusen takk… Igjen… For at dåkke tar turen innom… Sette nye rekordar… Og lese bloggen fra vårt litt over middels aktive heim…. 

Tusen Hjertelig takk…

Den nye lesar rekorden på ein dag, e nå….

(trommevirvel)

2832 lesere.. På ein dag… 

 


#rekord #middag #familie #kaos #kos #shopping #karusell #blogg #pappa #kånå

Jesus feis og…. !!

jesus-feis-og-2

 

Me har 2 ungar i barnehagen.. Ein heilt fantastisk barnehage kor ungane stortrivest, og då gjør me foreldre det og.. I denna barnehagen får de alle måltidene, nåke som rett og slett e heilt ideelt for oss med ein skokk med ungar.. Men for ei litå stund siå så va eg på ett sånt felles foreldre møte.. Ett infomøte om barnehagens filosofi, forebygging av sjukdom og diverse andre praktiske ting.. Men det va ein ting te.. De hadde begynt med nåke som hette “Smart Mat”..

Smart Mat e grønnsaker, vann, reine råvarer og mindre ferdigmat.. Detta sko bidra te at ungane våras utvikla seg og lærte på best mulig måte..

Detta hørtes jo heilt fantastisk ut.. Me har jo i ett heilt tiår kava med å få grønnsaker og reine råvarer, inn i kostholdet te Flokken våras med vekslande hell.. I ein nåke meir enn normalt travel hverdag, så må eg jo bare innrømma at lysten, iveren og overskuddet te å ta opp kampen mot ett knippe litt øve gjennomsnittet viltre barn.. Som overhodet ikkje har lyst på betasuppa eller lignande, te middag.. Ja den e ikkje alltid så himla stor.. Så at barnehagen plutselig hadde bestemt seg, for at de ville ta den kampen for oss..

 

” Det blei rett og slett mottatt med stormande jubel og trampeklapp.. Gudhjølpe meg..

 

Men nå, så e eg ikkje lika sikker på om eg e så entusiastiske som eg va i starten.. For all del, det e jo kjempe bra at de får mye god og sunn mat.. Hjølpe meg.. Det e ikkje det.. Men det e jo ein kjennsgjerning at får du nåke inn i den eine enden, så e det alltid ein liten hake i andre enden.. Og nåke meir bokstavligt enn det, trur eg ikkje at eg får sagt det.. For i den andre enden så bobla det formelig over, pga av inntaket i den eine enden.. Og te dei så endå ikkje har forstått heilt sammenhengen her..

Litlajentå og Mini’en, har rett og slett tatt opp kampen med Fatter’n, om å vær “Promponautkongen” i heimen.. Det e ikkje måte på kor go gang denna “Smart Mat’en” har fått på gassproduksjonen, te dei to små trollå våras..

Ein dag her i vekå, så hadde de hatt “Hjemmelagd Gulasj suppa” te lunch i barnehagen.. Seinare på ittemiddagen så satt eg, Litlajentå og Mini’en å lekte med Duplo’en deiras, på rommet te Mini’en.. Plutselig smelle det så kraftigt at eg nærmast trudde ett batteri ellår nåke lignande, hadde eksplodert der inne.. Men så oppdaga eg Mini’en i forfjamselen, som står midt på gulvet med eit stolt flir om kjeften, og forkynne.. – Eg fist….Eg fist høøøgt..!! .. Eg kunne ikkje anna enn å humra og le litt..

 

” Så smelle det igjen rett bak meg.. Kor Litlajentå står med ett bestemt fjes nett som Kånå, og proklamere høgt.. – Eg fiste høgare !! .. Med stolthet i stemmen.. Tjera vena meg..

 

At det smalt, det va nå ein ting.. Men ka i all verden som va ingrediensene i denna “Hjemmelagde Gulasj Suppå”, det trur eg ikkje eg vil vita.. For den sneken som begynte å bre seg i rommet, den va nåke av det versta eg har kjent.. Når eg va med Farmor i fjosen å spadde kumøkk, va jo det som å bada i parfyme, i forhold te dei stinkbombene her.. Det nytta jo ikkje å lufta ein gang, for det va som om luktå limte seg fast i lausa luftå.. Den hang igjen i nasen, som smaken av tran sitte igjen i kjeften..

Ein anna gang, når eg i ittetid fant ut at de hadde hatt “Hjemmelagd Blomkålsuppa”.. Så satt me heile familien og kosa oss med ein film, i sofaen.. Men, plutseligt sprette Kånå te værs..

– Frooooode !! Du sitte ikkje her å fise meg nærmast rett i fleisen ? .. Kauka hu iltert ut, mens hu grein på nasen..

Eg.. Va faktisk heilt uskyldig for ein gangs skyld, men eg forsto jo glatt koffår Kånå mistenkte meg, først.. Eg hadde jo ei syndelista lika lang som Norges land, bak meg.. Men då va det Litlajentå som hadde sendt avgårde ein sånn “Snikande Sidevind Uten Lyd”.. Heldigvis for meg, va Litlajentå lika stolt som på rommet te Mini’en, og satt i sofaen med ett flir om kjeften, Jack Nicholson fliret sitt.. Mini’en slengte seg sjølsagt på, med ein brakfis.. Alle må jo få lov.. Til og med de to eldstegutane måtte rømma stuå.. Og te slutt så satt dei to “Promponautane” aleina igjen i stuå, og holdt på å le seg i hjel..

Mens me andre sto ute på trappå og gispa itte frisk luft.. Eg e sikker på at hadde dei to vore statistar i “Dr.Proktors prompepulver”.. Så hadde de ikkje trengt spesialeffekter, vil eg tru..

 

” Og når eg prøvde meg med ein liten formanande tale, om at detta gjerna va ein uting.. Så utbryte det litla trollet våras kontant..

– Jesus feis og..

 

Nåke hu tydeligvis hadde plukka opp av meg ein gang, når eg sikkert rettferdig gjorde luktå eg hadde spredd rundt om meg.. Så der stod eg.. Totalt utspilt av mitt eget utsagn.. Mens det gradvis opparbeida seg ein unison krampelatter, ute på trappå.. ” Jesus feis og ” Ubetalelig, vett du.. Og eg må jo få sei at eg slite jo litt med å springa i all beskjedenhet te barnehagen, å klaga på denna her “Smart Maten”..

Det e jo sunt og godt for ungane våras, og det e jo ikkje sånt at det skjer kvar dag.. Takka Jesus for det..

Så Tusen hjertelegen takk, kjære barnehage.. For at dåkke tenke på kostholdet te ungane våras.. Men ein gang ,når dåkke minst venta det, då ska eg jaggu meg ta hevn.. Og laga den “Hjemmelaga Gulasj suppå” te frokost , og servera te kidsa.. Før me levere de i barnehagen..

 

Mvh abdisert PromponautKonge..

Eg, Kånå og Flyskrekk Tabletten…

take-off runway
Licensed from: ssuaphoto / yayimages.com


 

Itte 2 uker på ferie med Kånå og flokken våras, har den “harde” hverdagen innhenta oss. Kjente eg “grua” meg heilt fryktelegen, te å tuttla meg opp på jobb idag. Men eg klarte te slutt, å trø øve dørstokken og løysriva meg, fra ferien sitt siste åndedrag.

Kjenne forsåvidt at eg eg glad eg ikkje ska ut å fly på ei stund og. For eg ska vær den fyste te å innrømma, at eg e ikkje øve gjønåsnittet glad, i å fly. Nåke se Kånå lett kan bekrefta, vil eg tru.

Turen ner te Sydenland trur eg Kånå mest vil gløyma, for ein ting e når eg flyr aleina. Då e det bare å setta seg ner, spenna setebeltet og kun bekymra seg for seg sjøl…

Det ein heilt aen ting å sitta me Kånå og flokken, innestengt i ein blikkboks med motorar og ett par vinger. Då må eg jo bekymra meg for dei og. Hjølpe meg, akkurat se eg ikkje har nok med meg sjøl. Men, eg har jo valgt det sjøl, det e ikkje det.

For Mini’en, han føyk fram og tebake øve seteryggen se ein tornado på veien ner. Å legga seg fint ner å sova, se me hadde planlagt og håpa på. Det hadde han ingen planer om, å eg va vel ikkje akkurat tålmodigheten sjøl hellår, forsåvidt. Så kim se va verst, det e ikkje godt å sei.

Stakkars Kånå…

Så før hjemreisen, hadde Kånå alliert seg med Svigermor, og trygla te seg nåke beroligande.

 

Te meg…

 

Tjera vena, det e jo Mini’en se e problemet, prøvde eg å sei. Men det va se å snakka te døve øyrer, enten så tok eg denna tabletten, ellår så fekk eg ta neste fly.

Fyst va eg jo frista te å ta detta tilbudet, men det va før Kånå forklarte at det va forskjell på ultimatum og tilbud.

Så eg tok nå denna tabletten då.

 

Me sette oss på på bussen og durte mot flyplassen. Mini’en va i full vigør på siå av Kånå, så eg fekk klar beskjed om at fra flyplassen av, så va han mitt ansvar.

Og såg hu så mye se luggen hans på vei øve seteryggen i flyet, kunne eg belaga meg på ett par uker i bodå, når me kom heim.

Jojo, denna her tabletten begynte å siga inn, så eg smilte så fint eg kunne, mens eg betrygga na om at sjølsagt sko eg gjør se eg blei fortalt, ka du trur.

Me kom oss inn på flyplassen, fekk med flokken og bagasjen inn og durte gjennom 40 sikkerhets kontrollar, sjekka inn koffortane og va klar for tax free’en.

Nå hadde Eldstemann blitt bilsjuk på bussturen, og blitt nåke bleike om nebbet. Men han va Kånå sitt ansvar, siå eg, småredd for boden. Hadde tatt jobben me å passa på dei tri andre.

Hadde hørt rykter om at sumaren ikkje akkurat hadde kommen hjemma ennå, så bodå frista ikkje.

Så mens me trålte gjennom TaxFree’en, for hu på leit itte toalett, i tilfelle Eldstemann måtte tømma magasekken.

Det klarte an ikkje før me kom te fly dørå, heldigvisen hadde me hanka te oss ein påse, så det gjekk nå så bra se det kunne gå. Egentlig va me vel heldige se fekk vær med, at de ikkje trudde det va noe værre.

 

Me kom oss nå omsider inn og hadde fått plass på fyste rad, Kånå og Eldstemann satt rett bak oss.

Eg sette meg ner, spente fast belte på meg, Mini’en og Han i Midten, Litlajentå klarte det heilt sjøl. For pappa måtte forstå at hu va store jenta nå

” Passa på Maxi du, mamma sagt du må det, ellår sova bodå ” sa hu, nåke veslevoksent.

Ja, me vett jo alle kor hu hente inspirasjonen ifra, så eg fant ut det va best og lya….

 

Mini’en hadde forsåvidt slokna i innsjekkings køen, der han hadde hengt i ein bæresele på ryggen min. Men låg nå i fanget, og sov så søtt, der me satt i flysete. Ein kjekke flyvertinnemann bøye seg ner og hviske te meg.

” Skal finne en seng til den lille, når vi er kommet i luften, jeg ” og sendte meg ett Colgate smil…

Tabletten hadde jo gjort underverker, så eg takka fint og blunka tebake, te an.

Mens eg tenkte

” Hjølpe meg, ka va det i den tabletten. ”

Eg priste meg sjøl lykkelige, at eg ikkje hadde tatt den tabletten når eg satt i frisør stolen, te Tyrkia’s mest innpåslitne frisør. Måtte jo holda hendå i fånget når eg satt der, for an gnidde jo gosakene sine innte over alt, mens an svinsa rundt å klyppte litt her og der.

Men sengå kom, Mini’en havna oppi. Han i Midten se hadde fått reisesjuke tabletten, Eldstemann burde fått, slokna fortare enn svint.

Litlajentå klarte å smiska seg opp i fånget te kånå, uten at eg hadde nåke med den saken å gjør. Eg holdt klokeligt kjeft eg, når hu spurte Kånå.

Så eg slokna øve Istanbul og våkna ikkje før me passerte øve Danmark.

 

Kånå derimot, hu hadde vært så heldige å få ei pratesjuke 9 år gammal jentå, på siå av seg. Se nåken tydligvis hadde gløymt de hadde med seg. Litlajentå hadde slokna på fanget te Kånå, halveis inn i Nord Europa. Men hu sove jo akkurat se ein våte hund gjør, når an tørke seg. Og Eldstemann hadde vært ein håndfull, han og.

Så hu hadde ikkje fått blund på aua i det heila tatt….

Men for ein gongs skyld, kunne hu ikkje takka nåken andre enn seg sjøl. Sjølsagt så e eg ikkje så toskjen at eg sa det te na, e jo ikkje heilt idiot hellår.

Eg har lært meg at sjøl om eg ikkje har vore skyld i nåke, e det ikkje långe veien, fra uskyldig te skyldig i sånne tilfeller.

Men sånn uansett, trur eg me begge e jysla glad for at hverdagen har innhenta oss…

 

Og at det e lenge te neste ferie, ja det trur eg ikkje gjør nåkenting…

 


#pappa #hverdag #blogg #familie #syden #familie #mamma #sommer #flytur