Vixen, 2019 og ein Sjelden selfie..

Sjelden har ein tur på jobb vært meir etterlengta, enn akkurat idag, itte nesten 14 dagars julaferie med Kånå og Flokken.. Misforstå meg rett, det har vært ein fantastisk ferie, men ingen ska ta æren fra ein kraftig kopp kaffi, eit iskaldt lasterom og endelig jobb igjen.. Det ska bli godt å komma inn i rutinene igjen både på jobb og i heimen, heilt klart.. Eg trur ikkje Kånå va nåke mindre klar enn meg, te å dumpa Mini’en i barnehagen, senda resten av Flokken på skulen og luska opp her på jobb te meg..

Hu såg i øvekant blid ut når hu kom valsande inn på terminalen, idag.. Sikkert litt fordi Rampenissen e pakka ner, te neste jul og..

Det spørs om han klare å holda koken oppe te neste år, vil eg tru, det ska liksom litt te å overgå eskapadene fra adventstidå i år, på ein måte.. Men jøje meg, for ett engasjement den fjotten klarte å skapa, med sine helsprø påfunn, te Kånå sin store fortvilelse og Mini’en sin begeistrelse.. Men.. Nå e det ett nytt år foran oss, med mange nye sprell som gjerna vil bli gjenfortalt her inne, på denna famøse bloggen vår.. Eg har liksom tenkt kvart år, at nå har me heilt klart nådd toppen, nå går det ikkje an å gjerna havna opp i så mye meir galskap, enn me gjorde året før..

 

” Men, kvart år så har mine tankar blitt gjort te skamme, ittekvart som månadene har gått forbi.. Eg trur ikkje det blir nåke annerledes i år..

 

Så, må eg få takka alle som blei med på forsøket te å bli nominert te Vixen, og det va jaggu meg ikkje få, sånn med tanke på min målestokk, ihvertfall.. Allikavel, så nådde ikkje “Boden” heilt opp i år heller.. Eg hadde gjerna litt truå, sjøl om eg gjerna ga utrykk for nåke anna, spesielt når eg såg den nye kategorien “Underholdning”.. Som eg meina bloggen passa perfekt inn i.. Men, der va det kun Youtubere nærmast, som blei nominert, eg trur ikkje det va ein einaste blogg i det heila tatt, som blei nominert i den kategorien..

Det syntes gjerna eg blei litt feil, så lenge man skreiv at tekster som engasjerte og fikk deg te å le deg skakk, liksom også sko vør med..

Men, men.. Sånn e det bare.. Eg kom gjerna alt for seint igang med å sanka stemmer, passa gjerna ikkje inn eller e rett og slett ikkje god nok.. Eg har nå liksom håpa på ett lite gjennombrudd i denna bloggverdenen, mens man bygge stein på stein og stadig får nye følgere og sånt.. Men, det lar visst venta på seg, akkurat detta gjennombruddet.. Man får bare smøra seg med tålmodighet, og fortsetta i samma sporet som man har gått, som forsåvidt har vært ein slags suksess te nå.. Eg har ikkje dei store “fordelane” å trykka frem på bloggen, enn tekstane eg skrive.. Foruten ein sjelden selfie av meg sjøl idag..

 

” Ein selfie som rett og slett gjorde meg 10 år yngre, når eg kikka itte, men det ska mobilkameraet få skyldå for, med ett eller anna filter..

Det va ikkje måte på kor glatte eg blei i huden, og alle mine rynker og spor, itte Flokkens ville påfunn opp gjennom årene, blei viska vekk på et lite blunk..

 

Det e det galnaste.. Kanskje det e det som ska te, for å bli tatt med i betraktningen te Vixen.. At eg gjerna rett og slett e for gammal..!!?? ..

Jaja.. Det kan eg ihvertfall ikkje gjera nåke med.. Anna enn juksa med mobil kamera filteret.. 😁😁😃..

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg