Alle vanntette Planer har ett Svakt punkt ….

Eg traff mor te ein barndoms kompis idag, hu jobba på ein skole eg levere varer te.. Hu følge jo sjølsagt med på distriktets mest engasjerande blogg.. Hu lurte forsåvidt på om eg hadde grodd fast i “Bodå” i det sista, så eg fort tok som et tegn på at det gjerna va på tide å tørka støv av tastaturet..

Men, på ein måte så hadde hu litt rett og..

Me har overlevert huset på landet denna ukå, te dei nye eigerane.. Så helgå blei brukt te å tømma Bodå der ute, og flytta alt te Bodå i byen.. Orginal Boden.. Typiskt oss så va me ute i siste liten, og det hjalp heller ikkje på saken at Bodå i byen ikkje va klar for storinnrykket av nye saker og ting..

Så helgå og mandagen gjekk i å ordna opp i den problematikken..

 

Alt så va plassert i Boden nere, her i byen.. Det sko egentlig opp i loftsboden, og det som kom fra Bodå på landet.. Det sko inn i orginal Boden.. Alt detta klarte eg jo ikkje å få synkronisert på rett måte, så alt me hadde henta måtte stå i carporten, te me hadde fått flytta alt det andra opp..

Ei rektige suppa om eg sko fått sagt det sjøl..

Så for å rettferdiggjør litt av mitt fravær fra bloggens uransaklige verden, så må det rett og slett vær at det har kokt litt rundt øyrene på meg, dei siste dagane.. Men nå e huset overlevert, ein ny familie har fått ein ny heim.. Og me e tebake i rekkehuset våras i byen..

Med nåken mindre bekymringar akkurat nå, men med mangen nye så vente på livets hovedvei..

 

F.eks så har eg havna i Bodå igjen ikveld, og det e Svigerfars feil.. Jaja, ikkje heilt sånn direkte då, men ivertfall så kan det ikkje seiast anna enn at han sterkt indirekte va involvert.. For Svigerfar e ein liten skoiar, ein kar så sette pris på litt humor i hverdagen..

Og her for ei stund siå, kviskra han ein rett og slett genial “Practical Joke” inn i øyra mitt..

Eit så inni granskauen utspekulert plott, som eg ikkje klarte å legga i fra meg.. Og idag så bød muligheten for å setta denna planen, ut i verden.. For detta va ikkje bare nåke eg kunne setta igang med, heilt sånn uten videre.. Forholdene måtte ligge te rette for det, visse forutsetningar måtte innfris og Kånå va nødt te å seg ett bad..

Og itte Kånå hadde henta Eldstemann ikveld, så ymta hu frampå om at hu tok seg ein tur i karet..

 

Eg kom ikkje på det heilt med ein gang, men så slo det inn for fulle mugger.. Forholdene va perfekt, forutsetningane va innfridd og Kånå sko ta seg ett bad.. Så nåken minuttar itte hu hadde gått på badet, lista eg meg ner trappå stille så kjettå..

Eg hadde funnet fram det eg trengte, og gjorde meg klar for denna i utgangspunktet strålande planen..

Den så Svigerfar allerede hadde utført på Svigermor, når hu tok seg ett bad.. Der han hadde lurt seg bort te dørå, itte hu hadde hoppa i badekaret.. Så blåste han opp ein ballong, lirka dørå musestille opp og slapp ballongen laus inn på badet.. Resten kan dåkke jo tenka dåkke..

Heldigvis har Svigerfar og ei Bod, eller ei Bu.. “BesseBuå” ..

 

Alle vanntette planer har som regel eit svakt punkt.. Min va ei låst dør.. Kånå gjør ofta det, og eg har absolutt ingen problem med å forstå na.. At hu låse dørå.. For ska hu få seg litt tid for seg sjøl, e hu nok pukka nødt te det.. Hvis ikkje kan det fort komma ein klåfingra froskemann inn på badet, kan man jo sei..

Så detta va ett hinder eg forsåvidt hadde forutsett.. Problemet va at eg ikkje hadde testa min teori i praksis..

Der Svigerfar følsomt hadde lirka opp dørå, og lurt inn ballongen.. Så tok eg å skjøv ballongen inn under dørå, kobla te den pumpå me bruka på luftmadrassen.. Så hadde eg lada beltet med ett lite skrujern, te å lirka ballongen av pumpe tuten..

Så langt hadde alt gått knirkfritt..

 

Men alt eg styra på med av goe planar, har potensiale te å gå lukst te helsikke.. Mang ein gang gjenfortalt her inne på Bloggen.. Så også denna gangen..

Eg begynte så stille eg kunne å pumpa på fotpumpå.. Både for å ikkje vekka dei to små, så har rom lika ved..

Og forsåvidt for at Kånå ikkje sko ana ugler i mosen.. Men det høyrtes ut som om hu styrte med hårvasken, så kysten va klar..

 

Herifra og ut, så skar alt seg.. Kraftigt..

 

Enten så hadde eg funnet fram ein råten ballong, eller så pumpa eg for mye luft inn i den.. For skrujernet så sko lirka ballongen av tuten, fikk eg aldri brukt..

Ballongen sprakk med ett helsikkes smell.. Og Kånå skreik te så veggane rista..

Eg skvatt fader meg sånn av ballongsmellet at rognpåsen vrengte seg, eg hoppa ein halv meter bakover og skalla hovudet i vaskeromsdørå, med ett smell..

Dei 2 minste bråvåkna og sette i å gråta.. Dørå blei reven opp av ei mildt sagt illsint Kåna, med bare ett vått håndkle rundt seg, fulla håret i shampoo og ett blikk så kunne drept på 1900 meter..

 

Eg lå og klødde meg i bakhovudet, og tenkte det va godt eg hadde rydda i Bodå.. For sånn så detta hadde utvikla seg, va det heilt klart ingen vei utenom..

Ein absolutt strålande plan, sabotert av meg sjøl..

Eg tenkte ei litå stund på om eg sko prøva å fortella ka så egentlig sko skjedd, men fant fort ut at det sannsynligvis ikkje ville setta meg i nåke bedre lys..

Av og te, så lura eg fanken meg på ka du tenke med.. Freste Kånå, før hu jogga inn for å roa kidsa.. 

Eg lurte forsåvidt litt på det sjøl, mens eg tenkte på å legga kortå på bordet og skylda på Svigerfar.. Før eg tok meg i det.. Ein vaske ekta spøkefugl røpe ikkje sine kilder, sjøl om man går på ein smell..

Det e som sagt forskjell på å vær toskjen og idiot..

Men.. Der igjen.. Nå hadde eg gjerna vært begge deler, på ein gang .. Sånn strengt tatt..

 

Jaja.. Man får sjå på det positiva oppe i det heila.. Nå kan det forsåvidt bare gå oppover, mot helgå.. Om eg slippe ut før den e over da..

Og ka va det… Va det ein edderkopp så kravla borte i hjørna med haga slangen, mon tro..??

 

Grøss og gru….

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg