Tights med Antiskli, nok ein Joggetur og ein Clutch te besvær …

 

Itte søndagens joggetur, så hadde eg ein kropp fra lysken og ner, som meir eller mindre va i fullt opprør. Det svei og verka i muskler og sener, som eg nærmast ikkje visste eg hadde ein gang, og jobbhverdagen blei som ett åtta timers opphold i torturkammer. Bare det å jumpa ut av lastebilen når eg sko levera hos ein kunde, sendte lyn og torden gjennom legger og lår, mens stumpen virkelig ga beskjed om kor den va, på sett og vis. Heldigvis ikkje så gale som den gangen Svoger min lurte meg ut, på ein “liten” laaaang sykkeltur, kor eg måtte ha ein badering under rævå i lastebilen, for å i det heila tatt kunna gå på jobb …

 

Men, eg visste jo det ville komma, så eg kan hverken klaga eller sei eg va heilt uforberedt, på detta scenarioet, med ømme og hverkande muskler. Det e nok ikkje optimalt sånn helsemessig på kort sikt, men aller høgst nødvendig, om man ser litt langsiktig på det …

 

Det e heilt normalt å få ein reaksjon fra kroppen, når den plutselig blir utsatt for belastninger, som den ikkje har kjent på lang, lang stund. Jauda, man kunne nok tatt det litt roligt i starten, og gitt legemet utfordringen nåke meir gradvis, men på den andra sidå, så e sjokkmetoden grei den og. Det ska jo gjør litt vondt å trena, og det e som på mange andre områder i livet, utenfor komfortsonen ting stort sett skjer. Og, itte denna sjokkterapien på søndag, så va det egentlig meiningå eg sko vær med naboen på fotballtrening på tirsdags kvelden, men når klokkå nærma seg avgang, kjente eg på beinå at det ville vær umulig å gjennomføra.

 

” Fotballtrening med to bein som knirka og knaka, og sendte illesvarslande lyn av smerte te nervesentralen, for kvart skritt eg tok. Det frista lika mye som isbading, enkelt og greit …

 

Bror min hadde fått med seg detta joggeprosjektet mitt, itte å ha lest blogginnlegget på søndag og ville vær med. Så ein liten tanke strauk gjennom hjernebarken tirsdagskvelden, for det kunne jo vær greit å jogga litt med ein i den andre enden av formskalaen, enn naboen, som i forhold te meg heilt klart fremstår som ein topptrent atlet, av ypperste klasse. Mens bror min, muligens e meir på mitt nivå, eller verre, tenkte eg. Forhåpentligvis ein god del verre. Så eg takka ja te invitasjonen fra bror min, om ein liten joggetur på onsdagskvelden, med forbehold om at legemet forsåvidt fungerte.

 

Og, når onsdagen kom så kjentes det virkelig mye bedre ut, enn dagen før, på jobb hadde det gått sånn måtelig bra og dei verste smertetoktene hadde begynt å gi seg.

 

Litt stiv og støl det va eg jo ennå, men ikkje verre enn at det sikkert ville gi seg, med ein rolig start. Men, det har vært andre utfordringer enn bare legemet, som på ein måte har dukka opp med denna plutselige trangen, te å komma seg i litt bedre form. F.eks denna treningstightsen som eg handla inn dagen før detta mosjonsløpet me hadde meldt oss på for nåken år siden, som på ein måte må væra nåke av det mest tettsittande plagget, eg nåken gang har tredd på meg. Eg må ha vært nåke større i omfang den første gangen eg brukte den, for eg sleit ikkje lika mye på søndag, når eg drog den på …

 

” Men, straks den va på så dukka ett anna problem opp, for kor i svarte, salte bananer gjør man av “hagaslangen”, med ett sånt tettsittande plagg på seg. Ett plagg, som liksom ikkje lot så mye vær igjen, te fantasien …

 

Herreguuuud, altså. Eg ska la det vær opp te fantasien hos nåken og einkvar, akkurat det med å finna ut kor eg gjorde av den. Behagelig, det va det uansett ikkje, men høgst nødvendig. Ein anna ting eg ikkje heilt forstod med denna tightsen, det va nåken striper med gummi lika over knærnå, nett som sånn gummi ungane har under sånne antiskli sokker, som de gjerna bruka dei første årene. Eg ville jo sagt at slike antiskli striper av gummi, dei burde passa bedre under stumpen, sånn at når eg med bein av gele og ein blodsvett kropp, ikkje sklei av setet når eg sko kjøra heim, fra bror min …

 

Men, ett stykke ut i joggeturen med bror min på onsdag, så løyste den undringen seg av seg sjøl. For litt ut i løypå fant eg ut at hverken kropp eller sjel, forsåvidt hadde fått nok restitusjon, itte søndagens famøse jogge(tor)tur.

 

Og eg måtte stoppa opp for å ta ein liten pust i bakken, sank litt ned på huk, bøyde meg fremover og satte hendå lika over knærnå, mens eg heiv itte pusten. For denna thigtsen e jo glatt som ein curlingbane, sikkert for å skapa lavest mulig luftmotstand når man flyr lavt øve terrenget, ikkje at det hadde nåke merkbart virkning for meg. Men, gummistripene lika øve knærnå gjorde at eg stod fjellstøtt i hvileposisjon, kor hendene hang som limt fast istedet for å skli rett av. Jøje meg, tenkte eg for meg sjøl og nevnte det for bror min, at jaggu meg har de tenkt på alt, dei som har produsert denna tightsen …

Han flira godt då, han der bror min, som absolutt ikkje såg ut te å vær i samme form, eller verre enn meg. Der han jogga lett rundt meg i ring, lett som ei fjør, og såg skremmande sprek ut …

 

” Eg vett ikkje, men eg fikk visse assosiasjoner te den gangen Svoger min sykla opp ei tøff kneik, under sykkelturen vår, bare for å komma ned igjen å spør om det gikk bra.

Ikkje bare ein gang, men to. Faktisk …

 

Ein anna ting, som på ein måte ikkje akkurat va optimalt, med tanke på jogging. Det må væra joggeskornå mine. Ett par joggesko som eg fikk av far min ein gang, itte de hadde vært på ferie i Brasil. For all del, de e veie nærmast ingenting, e behagelige å ha på seg, men har nok muligens sett sine beste dagar, der de begynte å gå lett i oppløsning underveis på turen med bror min. De kunne nesten minna litt om dei joggeskornå me fikk utdelt på rekruttskolen, under førstegangstjenesten min, som sprakk lukst på midten og delte seg i to lika over vristå under ei fotballøkt, ein ittemiddag …

 

” Så nye joggesko kunne nok vært ein ide, sjøl om eg neppe trur det e der skoen trykke, sånn med tanke på resultat eller prestasjon. Gudhjølpe meg, det va faktisk ein glitrande ide te ka eg kan ønska meg te bursdagen, faktisk …

 

Eg komme jo aldri på nåke som helst, når Kånå lura på ka eg ønske meg, så der fikk hu jaggu meg ett godt tips. Tjera vena meg, det må vær første gang på mangfoldige år, at eg forsåvidt har kommen på nåke å ønska meg. Kudos te meg sjøl, rett og slett.! Men, me va altså kommen oss litt over halveis, eg og bror min, når han tok nåken piruetter rundt meg. Der eg stod med hendene på antiskli gummien, og innsåg at bror min absolutt ikkje va hverken i samme form, eller verre. Men, faktisk i ein god del bedre tilstand, enn det eg hadde trudd, sjøl om joggeskornå mine heilt klart ikkje spilte på lag …

 

For all del, eg ska ikkje legga skyldå på skornå, det e nok heva øve einkvar tvil, at min form har ett ekstremt forbedringspotensiale. Større enn eg hadde trudd, måtte eg ergelig innrømma for meg sjøl …

 

Itte fire kilometer, så lugga det kraftig både på fremsiden og baksiden, av leggane. Høyre rumpeskalk verka som besatt, og antiskli gummien blei flittig brukt, der eg litt for ofta måtte ner i hvilestilling. Pusten va forsåvidt bedre enn på søndag, det va muskulært eg sleit på onsdag, der eg te slutt klarte å komma meg i mål heima hos bror min, kun på viljen. Bror min inviterte inn på ett glass saft, kor Kånå hans som satt å strikka i sofaen, forsåvidt blei nåke forbausa øve at me va så kjapt tebake. Me satt å snakka litt om laust og fast, drakk litt saft før eg fant ut det va på tide å komma seg heim, eg sko jo innom butikken å handla litt for Kånå …

 

” Men, herreguuud … Det va jaggu meg rett før eg tippa lukst øve stuebordet deiras, der begge leggane ga itte når eg reiste meg, som to pilråtne gjerdestolper fra nitten pil og bue …

 

Eg holdt nesten på å skriva at eg hinka meg ner trappene og ut i bilen, men eg kunne jo ikkje hinka eingang, for det va jo lika forbanna vondt i begge beinå. Å trø på clutchen va jo som å dyppa foten i skoldande vann, kvar gang eg måtte gira, og bilen gjorde jo ett kraftig jump kvar gang eg slapp den, av rein og skjær lettelse.

 

Det va såvidt eg skippa heile handlingå for Kånå, men me måtte jo ha brød te torsdagen, så det va ingen vei utenom der eg subba gjennom butikken, med ein merkverdig svingande gange …

 

Og når eg kom heim, så va det bare å tappa i badekaret med så varmt vann som eg turte, for å moa opp musklene litt. Torsdagen og dagen idag, blei som mandag og tirsdag på jobb, med smertegrimaser øve ein lav sko. Men … Det ska vel gjerna gjør litt vondt å komma seg i bedre form, og om det e sant, så e eg definitivt på rett vei. Det e ihvertfall heilt sikkert …

 

Goe kvelden, Folkens, eller god morgen … Alt itte som det passa seg …

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg