Terrassemøblene….

 

Gamlingane va innom på søndag og henta nåke, og itte ei litå stund så kom det fram at Mor mi ønska seg nye hagemøbler.. Og ville bli kvitt dei gamle.. Me hadde jo ikkje møbler på terrassen bak huset, så eg tilbød meg jo sjølsagt å hjelpa Mor mi med saken.. Og lovde å komma innom dagen ittepå å henta møblene.. 2 fluer i ett smekk.. Mor mi blei kvitt dei gamle møblene, og eg slapp å høyra på gnålet te Kånå om ka me sko ha der nere.. For Kånå har gnålt.. Hu har gnålt nåke så inni granskauen, sjøl om hu visste me ikkje hadde råd te å kjøpa nye..

– Uff, ka i all verden ska me finna på der nere.. !? .. – Ska me ta dei fra kjøkkenterrassen ner, eller.. !? .. – Kanskje du kan snekra ett eller anna.. !? .. Etc, etc..

Tjera vena meg.. Man kan jo bli gal av mindre vett du, for det va ikkje stopp.. Når hu først får et eller anna på hjernen, så trur eg det ligge og kverne i topplokket hennas te hu finne ein løysning.. Og finne hu ikkje ein løysning, så får eg gjennomgå.. Det e vel derfor me finnes, me mannolk.. Så Kånene kan ha ein hoggestabbe te frustrasjonene sine.. På sånn generell basis, trur eg egentlig at me mannfolk ikkje synast at det e så gale, så lenge me vett koffår me blir hogga på..

 

” Det e verre når man ikkje har fanaring, på koffår man får sju års syndeflod av frustrasjon trødd ner over øyrene..

 

Men, det e forsåvidt ei anna historia, det finnes alltid ei anna historia, egentlig.. Det va dei her terrassemøblene eg hengte meg opp i idag, og ikkje ein avhandling om mannfolks rolle som hoggestabbe i et forhold.. Sjøl om det faktisk kunne blitt ein artig affære, vil eg tru.. Kanskje ved ein aen anledning.. For detta va jo ein utelukkande positiv ting, som plutselig manifisterte seg foran oss.. Endelig sko me få et lite møblement der nere på terrassen.. Eg slapp gnålet te Kånå, og alt va fryd og gammen..

Påsken har jo vært heilt fantastisk med nydelig vær fra start te ende.. Så eg og Mini’en suste inn og henta møblene igår, trødde de inn i Kånå sin varebil og fikk de ut på terrassen..

Då e det jo fanken meg ikkje meir typisk, at når me endelig har fått møblert terrassen, og gleda oss te litt vårlig vær.. Så me gjerna kunnne fått brukt møblene.. Joda, då komme Kong Vinter tebake for full styrke, og legge ett kvitt teppe av snø, over dei nyanskaffa terrassemøblene.. Hjølpe meg altså.. For all del, det va ikkje sånn at eg trudde solå sko stå høgt på himmelen, og gi oss sumarvær.. Med ein gang møblene va i hus.. Men, værgudene trengte jo ikkje gjør stikk motsatt heller, og liksom geipa tunga te meg og Kånå..

 

” Som meir eller mindre va ganske så fornøyd igår, når me stod å kikka ut vinduet.. Men, heller stod og kikka meir oppgitt ut det samma vinduet idag..

 

Jaja.. Plutselig, så komme våren strømmande øve oss, etterfulgt av ei litå veka med sumar.. Før me har 3-4 månader høst, som blir avløyst av ein mildt sagt schizofren vinter..

Også har med det gåande igjen.. Ein evig runddans med godt gammeldags vestlandsvær..

Egentlig heilt norrmalt.. Hverken meir eller mindre.. =D

 

Og visste dåkke forresten, at siden me har fått ein så stor hjørnesofa, med påfølgande mengde med svære puter.. Så fant Kånå ut at me heilt klart trenge ein putekasse..

Hu har ikkje gnålt om nåke anna, i heila dag…… … …

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg