Sykkelturen – Bare ein Liten ein…

 

Eg høyrte på radioen idag, at de sko ha ein slags konkurranse på P4. De lurte på om folk ikkje kunne senda inn ein sykkelhistorie, ein historie litt utenom det vanliga. Eg har sykla masse eg, så akkurat der tenkte eg at detta blir lett, problemet va å prøva å huska ein utenom det vanliga. Så eg slo det i fra meg.

 

Så kom eg hjem og såg Kånå, då tenkte eg på bror hennas. For eg og han va på sykkeltur, eingang. Jaja, tur og tur. Tortur, e vel gjerna retta ordet …

 

Men eg satt ivertfall heima, og ante fred, ro og ingen fare her for nåken år siå. Før Svoger min ringte og spurte om eg ikkje ville vær med på ein liten sykkeltur, eg tenkte at det må vel gå fint, så eg takka høflig ja. Eg gjekk for å gi Kånå beskjed om ka eg sko, men hu trudde meg ikkje.

 

– Ska du sykla med bror min ?  Spurte hu, nærmast himmelfallen.

Før hu flirande bare la te ett lattermildt   – Jaja …

 

Eg blei nesten litt fornærma, minnast eg. Trur hu at eg e i så dårlige form, at eg ikkje klara ein liten sykkeltur, med bror hennas og nå … Hjølpe meg, sko jaggu meg visa hu kim som va i form eg.

 

Eg skifta te treningskler og fant fram sykkelen, den va på felgen. Såpassa ja, tydeligvis ei stund siå den hadde sett frisk luft.. Men, eg fant nå ei pumpa og rakk akkurat å få fylt luft i dekkene, før Svoger min rulla inn på tunet. Han hadde jo tross alt sykla ett ritt og han, ett sånn “på skikkelig” ritt.

 

Ikkje nåke lekeritt heller, men ett ganske så tøft ett, så eg forstod jo Kånå litt og, sånn egentlig. Å det va jo ikkje å legga skjul på at litt angst hadde bitt seg fast i meg og, men sjølsagt gjekk det ikkje an å innrømma ellår visa det utad. Nei, e du rektige. Ingen sko sjå på fasaden, at skipet holdt på å gå ner, på ein måte.

 

Jaja, me kom oss avgårde. Og uansett kossen man snur og vende på detta, så e ein “liten” tur på sykkel for meg, det e ein “liten” tur på sykkel det. Ikkje halve kommunen rundtomkringfallera, med ei liten avstikker innom nabo kommunen og..

 

Tjera vena meg …

 

I starten, visste eg jo ikkje kor han hadde tenkt seg, så eg fulgte nå bare tett på. Det gjekk lett opp og ner i starten, før det va ei litå kneik av ein bakke, som traff meg midt i mellomgolvet. Stinget satt som ei glo i høyra siå, men sjølsagt sko det ikkje visast. Eg klarte heldigvis å trø det av meg, når me tippa toppen og hadde litt rett fram vei, foran oss.

 

Me hadde nå sykla fra Skåredalen te Vormedal (gjennom Norheimskogen), for dei som e lokalkjente. Og nå kunne me ta to veier. Te venstre, som va det versta og lengsta alternativet eller te høyre som va nærmast flate veien te byen igjen. Sjølsagt tok svoger min te venstre, og suste mot Tuastad.

 

Eg hadde fortsatt litt å gi, men å tru at det kom te å holda heilt heim, det va ein aen sak. Eg huska i den verste motbakkane før me kom te Aksnes, at eg kava på i det lavaste giret. Svetten rant, pumpå gjekk for full maskin, ja nærmast utanpå kroppen. Eg e sikker på om du hadde stått 50m unna, så hadde du sett hjarta som banka.

Beinå va akkurat som gele, det kjentes rett og slett ut som om de snart bare glei av …

 

Gudhjølpe meg …

 

Øvelevde eg detta, så øveleve eg alt, huska eg at eg tenkte for meg sjøl. Mens svogeren min va såpass usportslige, at han sykla først opp bakken, for så og komma ner igjen te meg, for å spør om det gjekk bra. Ikkje bare ein gang, neida, men to ganger …

 

Makan te frekkhet …   ( sjøl om man sleva litt, betyr ikkje det automatisk, at man holde på å daua!! )

 

Men me kom te topps og rulla mot Kolnes i godt driv og god medvind. Eg hadde fått litt pust igjen og takka vår skapar for vinden i ryggen. Beinå hadde kommen seg itte litt nerøvebakker. Og det gjekk sånn noenlunde bra akkurat nå, før me traff motbakkane på Skre igjen …

 

Eg holdt på å gå rett i asfalten. Igjen, så hadde min kjære svoger gjentatte ganger kjørt det samma stuntet, med å komma tebake for å sjekka om eg va i livet. Og nå begynte eg jaggu meg å bli engstelige for om me snart trengte litt “ekspert-hjelp” for at eg sko komma meg heim, i livet.

 

Eg måtte krypa te korset og hoppa av sykkelen for og gå litt, men det va jo akkurat som å gå av ein båt itte 3 uker på cruise i Karibien, kor man går liksom å vogga litt, før man stabilisere seg. Eg trur eg svaia meir enn ett 30m høgt grantre i full storm ville gjort, og tenkte, at hadde folk sett meg nå, ville de trudd eg va godt på druen, mildt sagt.

Det e ihvertfall heilt sikkert.. Svogeren min, som tydeligvis va topptrent, i forhold te meg, kom med nåken trøstande gloser.

 

Men eg kom meg nå opp, fikk rulla forbi Toskatjønnet, og parkert i carporten heima. Lungene holdt på å krypa ut, hjarta pumpa te puls på 180-190, minst og beinå va heilt ferige. Va såvidt eg kunne stå.

 

Takka svogeren min for turen, plasserte sykkelen i “Bodå” igjen, mens eg forbannte meg sjøl øve denna røykingå mi, men blei absolutt nødt te å ta ein pinne, for å henta meg inn … Gjekk på badet for å tørka vekk den verste svetten, før eg rusla opp te Kånå …

 

– Gjekk det fint ?? Kauka hu, oppante og ner.

– Sjølsagt gjekk det bra … Ka du trur  ??   Svara eg, og håpte hu ikkje høyrte den løgnaktige tonen i svaret mitt …

 

Eg rusla opp trappå, og holdt på og få hjerteinnfarkt halveis, det føltes ihvertfall sånn ut. Men eg runda hjørna, fant meg ein plass i sofa’en og kava litt for og få pulsen noenlunde ner. Mens eg beroliga Kånå med at detta går heilt fint det, siden hu såg nåke øvgidde ut …

Når hu igjen spurte kossen det hadde gått. Svara eg bare at det hadde gått heilt greit, hjølpe meg, såg absolutt ingen grunn te å bekymra na nåke meir. Sjøl om Skrebakken hadde holdt på å ta knekken på meg, trengte ikkje hu vita det.

 

At eg i løpet av dei neste dagane, nærmast måtte sitta på ein badering i lastebilen, pga ømme og stive musklar i rævå. Det e ikkje tull ein gang. Svarte salte bananer, kor vondt det der gjorde i baken. Så at det frista for gjentakelse, det kan eg ikkje sei.

 

Aldri før har eg vore meir utslitt, av ein “Liten” sykkeltur …

 

Men hjølpe meg, det va ein flotte rundtur, for dei som va i form te å sjå på utsikten. Eg for min del, kunne nok gitt ein utfyllande rapport, te Statens Vegvesen, om asfaltkvaliteten på vegstykkje.

 

Uten tvil i mi sjel … 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg