Stigen, Nøkkelen og ein hundalort te besvær …

Old wood ladder

Mens eg hang på veggen og malte huset igår, måtte eg bare vedgå for meg sjøl, at far min hadde hatt rett, og eg feil.. Stigen min va for kort.. An va ikkje i nærheten av å vær lang nok eingang.. Jaja, far og mor e reist på bobiltur te Bodø, så eg tenkte eg sikkert bare kunne kjøra inn og låna stigen han hadde tilbydd seg, og få levert an igjen før de kom heim. Så kunne eg i neste familieselskap, fortsatt skryta på meg at stigen min e akkurat lang nok den..

Koffår sko han få gleden av å ha rett ?? .. Eg syns eg har nok med Kånå eg..

Men som sagt så gjort. Eg sa te Kånå at eg for ut på eit hemmelig oppdrag og suste avgårde te der de bor. De har ett nøkkelskap, så inn kom eg jo uansett.. Eg parkerte i gården foran garasjen deiras og gjekk for å finna nøkkelen. Rusla tebake te hovedørå å sette an i låsen og vrei, men ingenting skjer. Eg vrir å vrenge men låsen står bom fast. Tar an ut igjen og jogga rundt huset for å sjekka om det e ei aen dør an e te, men neida. Ingen av dei andre dørene har lås, i det heila tatt..

 

” Tar ein ny runde rundt huset for å som om eg så heldige at stigen ligge utforbi, men flaksen står meg ikkje bi..

 

Planen begynne å slå sprekker og eg ringe far min for å høyra om det muligens e ett slags triks, med låsen.. Men han blir lika forundra seg meg øve at nøkkelen ikkje virka..

– Jaaaa, du sette nøkkelen i.. ?? .. Og vrei rundt.. Seie han, formanande..

Nei, eg stod her foran dørå, og hadde nøkkelen i lomma mens eg befalte “Sesam sesam, lukk deg opp” .. Tenkte eg irritert for meg sjøl, men svarte nå fint..

– Ja, sjølsagt har eg det..

– Åhh jaa.. Nei, det va nå merkeligt.. Men ka e det du ska inne da??  Spør han.. Nysgjerrig..

Og her e det eg blir litt svar skyldig, eg tenkte lynraskt øve ulike svar men innser fort at eg har få troverdige alternativ..

For all del, eg kunne sagt “vanne blomstene” men då hadde de vel fått hjerteinfarkt begge to.. Det e vel ikkje nåke eg e kjent for å gjør, den jobben eg nok syster mi bedre på.. Så eg må bita i det sura eplet, og sei eg sko låna stigen..

– Ååjaa, stigen ja, jojo.. An va ikkje lang nok din ja, neeeei, eg tenkte meg det ja.. Svara far min, i nåke lett skadefryd..

 

” Ja, det tenkte du nok, tenkte eg og.. Men, uansett kor mye me tenkte både eg og han far, så gjekk ikkje nøkkelen rundt for det..

 

Så eg fekk kjøra te syster mi, som bor lika i nærleiken og låna nøkkel av hu.. Sa mor mi i bakgrunnen.. Som sagt så gjort, igjen.. Eg ringte te syster mi, for å sjekka at hu va heima. Fekk umiddelbart det samma svaret som eg fekk av far min, og svarte igjen, at sjølsagt hadde eg vridd rundt.. Om eg hadde prøvd å dytta dørå litt inn, mens eg vrei på nøkkelen ?? .. Spurte hu.. Nei, det hadde eg ikkje, naiv og godtroande som eg e sprinta rundt huset igjen. Henta nøkkelen som ikkje virka, og fant ut at an fortsatt ikkje virka.. Sjøl om eg dytta dørå inn..

Tjera vena meg.. Nei, eg fekk komma å låna hennas då.. Inn i bilen igjen, suste bort te syster mi, på veien kjenne eg ein eim av ei underlige lukt bre seg i kupeen..

Hoppe ut av bilen i gården deiras, springe som ein ungkar te dørå og ringe på.. Får ein nøkkel med garanti om at an virka.. Sette meg i bilen igjen, og får igjen ein underlig snek i nasen.. Komme heim te far og mor igjen, nøkkelen virka.. Opp med garasje dørå, inn i bilen med stigen.. Igjen med garasjedørå.. Får låst, nøkkelen virka fortsatt.. Sleppa av nøkkelen hos syster mi igjen.. Og suse heimøve.. Nå begynne det virkelig å lukta ille inne i kupeen, eg e forsåvidt pissetrengt men har ikkje kjent nåke trenga på i avløpskanalen..

 

” Hjølpe meg.. E eg blitt så gammal at eg har mista kontroll øve kloakkventilen og nå?? .. Sneken nærma seg ett crescendo av dufter i neseborene, og kvalmen komme i lika stigande styrke..

 

Og før magen får vrengt seg, finne eg ei busslomma å stoppa i.. Sprette ut av kabinen, gispande itte frisk luft og dette om i grøftå.. Kikka på skonå, og konstantere at eg har tråkka i verdens største hundalort.. Hipp Hipp.. Hurra.. Står å spinne som ett illsint villsvin i graset, for å få skonå luktfri.. Raska bilmattå ut og skylle na i batterivann.. Mens eg forbanne meg øve bror min, som heilt klart ikkje har gidda å plukka driten te bikkjå si, opp fra plenen te han far.. Itte de har vært på besøk..

Ellår kanskje det har vært ei nabobikkja.. Jaja, Enklare å skylda på bror min..

Får reingjort så godt som eg kan, spraya kabinen med litt 5-56 smøremiddel, lukta tross alt bedre enn halvgammal hundalort.. Sette meg i bilen igjen, og suse videre.. Får inn ett anrop fra “Kommandosentralen”, som lure på koffår eg e “Missing in Action” 

– Ikkje spør.. Svara eg, nåke indignert..

Får ett nytt oppdrag, “Generalen” vil ha Kebabrull.. Kvalmen komme som ein flom lik “Bølgen” i fra filmen med samme navn, oppover halsen igjen.. Itte duftkalaset i kupeen, va Kebabrull det sista eg kunne tenkt meg..  Men lye nå “Overkommandoen” og fiska ein rull te na, i fra sjappå i “Sentrum”  Gudhjølpe meg..

 

Tenka dåkke te.. Alt detta styret, bare på grunn av ein ..

Stige..

Kan bli matte av mindre, vettu.. =D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg