Sørfylket Ekspedisjonen – Akt 2 …

Itte Kånå kom med nåken velmeinte råd og meiningar om denna skrivekløå mi, og at det gjerna ikkje trengtes å smella av all kruttet på eit innlegg, så e dette Akt 2 av vår lille ekskursjon ut av heimen og ner te Sørfylket, og Sandnes.. Så, om man ikkje har fått med seg Akt 1, bør gjerna den lesast først, og den finne du her..

 

Kvadrat – Kåna sin Våte draum, og mitt lille Mareritt, eller ?

Me hadde kommen oss velberga øve fjorden og bilen suste av ferjå, med ein mett og god Flokk, ei Kåna i storform og ein nåke forundra Fatter’n ombord.. Morgenen hadde mot alle odds gått ufattelig mye bedre, enn nåken gjerna kunne sett føre seg på forhånd når ein vilter Flokk ungar og to smånervøse foreldre, ska ut på tur.. Men, med Kånå sin stramme regi hadde det mesta gått på skinner, så langt, der stemningen i bilen va på topp og litt allsang regjerte kupe’en.. Bilen suste nedover motorvegen, mens den malte som ein katt, og det samma gjorde Kånå når me parkerte utenfor Kvadrat..

 

Kånå kikka fornøyd på klokkå når svitsen blei vridd om, og bilen stoppa, meir eller mindre på sekundet med tanke på skjemaet hu hadde lagt opp te, denna dagen.. 

 

Ei Kåna som smørblid og fornøyd hadde lagt ein strategi for dagen, som te nå hadde fungert aldeles utmerket, men mest sannsynlig stod føre sin største prøvelse.. Nå, som me stod foran porten te alle mannfolks store skrekk, men alle Kåner’s store våte draum.. Kvadrat, regionens desidert største kjøpesenter.. Der kor einkvar mann kjapt kan gå på ein smell, mens Kånå går amok med eit rødglødande bankkort.. Skjønt eg, eg va mest bekymra for Flokken, og når dei gjerna kom te å gå amok, eller ihvertfall Han i Midten..

 

” Han som har eit “lite” snev av høysensitivitet, og raskt kan bli ein liten utfordring, når det dukka opp mange nye impulser på ein gang.. Som på ett mega stort kjøpesenter.. 

 

Tjera vena meg.. Eg trengte jo ikkje venta så lenge før det svaret kom, der me stakk innom ei elektronikk sjappa, på leit itte ein Xbox One kontroll han ønska seg.. Han hadde nettopp feira bursdagen sin, og gevinsten fra familieselskapet, den hadde brent i lommå på guten.. Der han hadde vært med Kånå opp på Amanda senteret, her i byen tidligare i ukå, og endt opp med å kjøpt seg ein kontroll.. Sjølsagt, uten å sjekka med hverken meg eller Kånå, ka slags konsoll den høyrte te, før han reiv opp emballasjen å nappa den ut av, når de kom heim..

 

Den han hadde kjøpt va te Playstation 4, og virka te hans store skuffelse ikkje på Xbox’en.. Han hadde jo glemt å sjekka slikt, når han fant den han ønska seg..

 

Flaks i uflaksen, så virka den på Eldstemann sin Pc, så han overtok den, men som betydde at me måtte på kontroll jakt på Kvadrat.. Og akkurat det, det gikk jo som det måtte gå, med ein gut som har kronisk aversjon mot tålmodighet.. Me hadde ikkje kommen inn i butikken ein gang, før guten va som sunken i jordå, og Fatter’n begynte å få nerver.. Kånå gikk rundt i ein euforisk tilstand av shoppingtraume, og va jo ikkje snakkande te, der hu fløy som ein liten Tingeling fe mellom reolane og kikka..

 

” Mini’en ønska seg på sedvanlig vis alt han såg, som appellerte te han, mens Litlajentå va mildt sagt små irritert.. Hu ville på klesbutikk.. Nå..!

 

Eg forstod kjapt at det kun va eg som savna Han i Midten, men va nåke bekymra øve å forlata småfolket, med ei Kånå som ikkje heilt hadde bakkekontakt.. Herreguuud.. Både eg og Kånå, me va på generell basis enige om at budsjettet for dagen ikkje va stort, då kontingenter for både det ein og det andra, nettopp har blitt betalt.. Men, det blei raskt tydelig klart for meg, at det gjerna ikkje alltid måtte shoppast så mye, for at Kånå e i syvende himmel.. Bare å vær her inne på Kvadrat, det hadde heilt klart satt fart i visse kjemiske reaksjoner, i Kånå sitt lekre smekre legemet..

 

Der hu va lite mottakelig for mine bekymringer, og meinte at guten sikkert snart kom te rette, han va jo tross alt ikkje nåke småtroll meir, han e jo blitt elleve år..

 

Eg må jo bare innrømma, at i alle dei årene som eg og Kånå har hatt barn sammen, så har eg vært den størsta “hønemorå” av oss begge.. Men, eg skjønne jo kjapt koffår det gjerna e viktig, at kanskje me mannfolk e akkurat det, i slike scenarioer som detta.. Når Kånene svinne hen inn i shoppinglivets fristelser, og glemme heilt ut at de gjerna hadde barn med seg inn på senteret.. Det e ikkje tilfeldig trur eg, at det som oftast e mor som blir etterlyst, når høytalerne i taket etterlyse foreldrene.. Fordi barnet såg sitt snitt te å stikka av, når ett par “Salg” plakater distraherte ei ivrig mor..

 

” For all del, eg seie ikkje det e årsaken kvar gang når slikt skjer, men det e muligens ikkje langt i fra.. Kanskje bare i nittini komma to prosent, av tilfellene..

 

Plutselig, så dukka heldigvis Han i Midten opp igjen, sur som ei potta, fordi han ikkje hadde funnet kontrollen han ønska seg.. Det va det han hadde løpt avgårde for å sjekka.. Eg pusta letta ut, og forsøkte å fortella Kånå den gode nyheten, men det va som å snakka te nåken i trance.. Hu va blitt heilt hypnotisert av atmosfæren inne på senteret, og høyrte lite eller ingenting av det eg sa te hu.. Så eg ga opp.. – Oi, sjå der da, dei e jo på ett kjempe tilbud jo.. ! Kauka eg ut, te Han i Midten, når eg oppdaga nåke me trengte..

 

– Åhh, sjå dei ja.. Ja, sånne trenge me jo virkelig.. ! Eg skvatt te av Kånå sin stemme, lika ved meg, hu hadde reagert på ordet tilbud og ilte te stedet der eg stod..

 

Jaja, då va ihvertfall ein måte å få kontakt med mennesket oppretta, så eg informerte Kånå om dei siste hendelsane, før me rusla videre inn på senteret.. Kånå kom over ein sånn typisk Kånebutikk, og forsvant inn, mens eg og Han i Midten speida itte fleire elektronikk butikker, men fant ingen på detta nivået.. Så me satte oss heller ned på ein benk.. Då kom Mini’en løpande mot oss, og ville heller vær med oss.. Kjekt å sjå at guten kom te fornuft, og lot kvinnfolkå kikka på denna interørsjappå aleina, men så oppdaga han ein bokbutikk med litt leker og forsvant inn der med Han i Midten..

 

” Eg såg Kånå kom ut fra kvinnfolk sjappå, men sjølsagt gikk feil vei, så eg nappa opp telefonen for å gi beskjed kor me va.. Forsåvidt fånyttes.. Hu høyrte ikkje mobilen sin eingang.. Då e det gale..

 

Te slutt så fant hu meg, og eg spurte kor hu hadde gjort av guttane.. Eg klarte såvidt å skjula ett lite flir, når Kånå sperra opp augenbrynå og kikka på meg med ett merkelig blikk.. Eg såg hu hadde lyst å spør om de ikkje va med meg, men og, at hu ikkje va heilt sikker på, om de hadde vært med henna.. Før Mini’en kom løpande te med Han i Midten på slep, og redda Kånå ut av knipå, augenbrynå sank ner igjen, mens eg fikk ett bryskt blikk.. Eg tar ikkje den igjen, med det førsta, betydde det blikket.. Før Kånå fortalte meg, at hu meinte å ha sett hu der Hilde Selvikvåg, inne på butikken..

 

Hu der syngedamå som synge på jærdialekt, og har hatt mange sanger inne på hitlistene dei siste årene.. Eg likar hu, eg og.. Og det at man kan synga på dialekt, og alikavel bli anerkjent, i disse tider..

 

Nett som eg gjerna skrive på dialekt, skjønt uten sammenligning, sånn suksessmessig sett da.. Men, plutselig.. Jaja, nok om det.. Litlajentå som hadde hengt i halen på Kånå begynte å bli utålmodig, så når me hadde ein liten pit stop midt inni senteret, kom eg på ein god ide om at me kunne jo dela oss opp.. Mannfolkå for seg sjøl, sånn at kvinnfolkå fikk stilna sine klesbehov kikking aleina, uten at me guttane stod i vegen å masa.. Eit forslag som Litlajentå tok imot med åpne armar, og drog med seg Kånå før hu fikk summa seg..

 

” Igjen stod eg med Han i Midten og Mini’en, kor me hadde ett kjapt strategi møte, før me trålte alle elektronikk butikkane på senteret, itte denna Xbox kontrollen, uten å finna den..

 

Han i Midten sank sammen på ein benk, og va virkelig blodskuffa, der han virkelig hadde sett føre seg å finna den idag.. Men, stemningen steig tilsvarande, når eg fant den på ein nettbutikk, og bestilte den der.. Sjøl om den ikkje manifisterte seg foran guten med ein gang, så blei det forsåvidt godkjent, uten dei store scenene.. Guttane fant seg kvar sin ting på ein lekebutikk, før me gikk for å møta jentene, te avtalt tid.. To jenter, som virkelig hadde kosa seg sammen, aleina inne på det størsta kjøpesenteret, som Litlajentå nåken gang hadde sett.. Minst..

 

Å sei at denna dagen gikk lukst te helsikke, som eg hadde frykta, det ville nok vært å øvedriva kraftig.. Det e faktisk lenge siden me har kosa oss såpassa, når me har vært ute på ein liten kjøpesenter tur..

 

Flokken va storfornøyd, Kånå satt som ett einaste stort glis og alle mine dystre antagelser, dei hadde jaggu meg blitt gjort te skamme.. Eg vett ikkje, men om det va denna nyvunnet iveren øve at me og, faktisk kan fremstå som ein harmonisk gjeng, ute blant folk.. Som gjorde at me stakk innom Sandnes sentrum, på leit itte ein plass me kunne kjøpa oss ein liten matbit, før selskapet.. Det e ikkje godt å sei.. Men, som eg nevnte i starrten, så va detta ein nåke regntung lørdag, med ein flau vind som beit i nakken..

 

” Og denna planen min om å gå ein tur i gågatå, nere i Sandnes sentrum, for å kjøpa oss ein liten matbit.. Den trur eg me godt kunne vært foruten.. Mildt sagt..

 

Han i Midten som hadde oppført seg nærmast eksemplarisk på Kvadrat, lot nå lite vær igjen te fantasien, der han kauka ut sin misnøye med å gå i det tunga duskregnet, midt i gågatå.. Fatter’n traska traust fremover på leit itte ett dugande sted, Mini’en begynte å frysa, Litlajentå ville ha is og Han i Midten va sulten.. Skrubbsulten.. Kånå, som forsåvidt hadde vært positiv te forslaget mitt, hu hadde tippa øve på Flokken sitt lag, og ga meg det glatta lag der eg gikk i fortroppen.. Det e ufattelig mange massasje-sjapper i Sandnes, fant eg ut, men jaggu meg ikkje mange kafe’er, kor maten ikkje e i øvekant eksklusiv.. 

 

Ihvertfall ikkje i gågatå.. Te slutt, så måtte eg bare gi tapt, og stupte mannsterke inn i eit bakeri, kor praten rundt bordet nærmast stilna på sekundet, idet me traska inn dørene..

 

Det va nett som når man går inn i ein sånn Biker Bar, kun for egne medlemmer, der me stod som nåken vasstrukne julanek og hutra å frøys.. Mens gjestene kikka merksnodig på oss.. Me følte oss gjerna ikkje akkurat så smarte, men stilte oss nå med disken og bestilte nåken kanelsnurrer te Flokken, og nåken boller med sånn gul Vanlilje krem på, te meg og Kånå.. Praten rundt bordene gikk tebake te normalen, men me fant ut at me bare spiste i bilen, det va ikkje ledige bord allikavel.. Nett når me sko gå, så satte Mini’en i å strigråta, han hadde mista sverdet te figuren han hadde kjøpt seg..

 

” Herre jesus.. Akkurat som eg hadde sagt te guten, at om han tok det med, så kunne han fort mista det.. Og hadde forsøkt å få han te å legga det i bilen.. Men, neida.. Det sko vær med..

 

Katastrofen va ett faktum, og om gjestene hadde kikka på oss når me kom inn, så kikka de ihvertfall nå.. Der Mini’en stod å grein i fistel, mens Kånå fortvila prøvde å trøsta han og eg lå på alle fira med rævå te værs, og leita itte sverdet på gulvet.. Han i Midten gikk ut fordi detta blei for flaut.. Litlajentå lurte på ka som skjedde, hu hadde ikkje fått med seg nåkenting.. Men, peika rett mot gulvet innte disken, når Kånå oppdaterte hu.. Og jaggu meg.. Der låg sverdet.. Ett bittelite sverd på tre cm.. Litlajentå, hu e ein mester på leiteaksjoner, og har ett blikk som ei havørn..

 

Hu e virkelig god å ha når man ska finna små saker og ting, når man tenke på at Fatter’n må ha mobilen ein halvmeter fra nasatippen, for å kunna tyda teksten i nettavisene..

 

Me skunta oss ut te Han i Midten som hadde trødd hettå langt over hovudet, sikkert for å ikkje bli gjenkjent, før me jogga bort te bilen og spiste bollene våras.. Stemningen va nå gått fra meget høy, te meir under middels laber.. Men, det e vel sånn man må rekna med, når me e ute på tur.. Ett eller anna, det går som regel te helsikke, og stort sett gjerna når man venta det minst, eller fordi man strekke strikken, litt for langt.. Eg starta bilen og kjørte mot der bror min og familien hans bodde, kjørte inn bak bobilen te foreldrene mine, som camperte der for anledningen..

 

” Eg hadde tenkt å tappa på fløytå ett par ganger, bare for å liksom sei “her er vi”, men klarte såvidt å avverga ein ny katastrofe..

Sofie lå trolig ute å sov i vognå si, og det så eg i siste liten..

 

Det hadde virkelig toppa heile skitten, om eg hadde skremt vettet av litlajentå te bror min, som lå og sov så søtt.. Selskapet gikk føre seg som selskap stort sett gjør, for oss med i øvekant mange barn, man bruka mest tid på å holda sånn nåkenlunde kontroll.. Mens man gjerna forsøke å konversera og mingla litt..

 

Eg trur det gikk i likaste laget.. Ingenting blei knust, bursdagsbarnet va i storform og me voksne kosa oss skikkelig..

 

Ein roadtrip te Sandnes, med innlagt tur på Kvadrat og ein liten stikkar innom gågatå i Sandnes, før ett realt selskapskalas, det va over.. Og når eg igår kveld te slutt datt ner i mitt sedvanlige sofahjørnet, godt fornøyd me dagen, itte at Flokken va sendt i loppekasså..

 

Så sko eg te å senda Kånå det sultna blikket, og rekna med strålande applaus og ett sultent blikk tebake.. 

 

Men, istedet for litt “ild i torvå”, møtte eg ei ravsnorkande Kåna, som lå strekk ut på sofaen med teppet godt tredd rundt seg, som sov som ein stein der hu låg..

 

Jaja, det va sikkert lika godt, når eg tenkte meg om.. Eg va faktisk nåke trøtt sjøl og.. Neste helg, kanskje.. Burde, burde..

 

Goe søndagskvelden, Folkens.. Nå blei det jaggu meg litt maraton lesning, allikavel..

Jaja, la notå gå.. Det e søndags kveld..

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg