Søndagstur, Hoggorm og ett Ekko.. =D

Idag så har me vært ute på tur igjen.. Som sjølsagt starta akkurat på samme måte som sist søndag.. Ett reinspikka haraball for å få med oss dei to eldste.. På ett tidspunkt så låg Eldstemann flatt ut på gulvet i gangen i protest, og Han i Midten satt på loftet og nekta plent å forflytta seg nedover etasjene..

Å gå tur på søndagen e visst ikkje populært her i heimen.. Ivertfall ikkje blant dei eldste..

Men te slutt ga de opp og blei motvillig med.. Me voksne vett nå fra erfaring sist søndag, at den førsta motbakken tar knekken på all surskap.. Så når me kom opp te Kringsjå va de i full vigør, meir eller mindre smilande og blie.. Litt Pizzaboller gjorde og susen.. Mens de vandra mellom ein slags Flintstone-lekebil og buret med smådyr..

 

” Ei svær rotta som sikkert stjal mat av hønene, som for å hoppe i markå.. Gjorde og stor suksess.. Sjøl om Eldstemann va småsur fordi han ikkje så den..

 

Itte ein liten kosepause bestemte me oss for å gå videre.. Men idag så gikk me ikkje den vanlige stien opp te Steinsfjellet, men fortsatte fra toppen av Kringsjå-seteren og gjekk i markå på baksiden.. Ikkje akkurat perfekt for dei som ikkje hadde skodd seg skikkelig, men litt uten om det vanliga.. Han i Midten va meir eller mindre i harnisk øve dei våte beinå, men blei heilt i ekstase når me traff ein Hoggorm..

Det va ikkje store karen og me holdt nesten på å tråkka på den, der den ålte seg ein fotlengde foran beinå mine..

Mini’en hylte i ekstase, men Eldstemann som hadde jogga litt i fortroppene kom for seint te åstedet.. Og gikk glipp av heile ormen.. Det va jo sjølsagt ikkje populært siå det e han i heile familien, som e mest opptatt av sånne ting i naturen.. Så han va jo sur som ei potta den neste halvtimen av turen.. Hverken rottå eller hoggormen hadde han fått sett..

Kånå, Litlajentå og tantebarnet hennas, Karoline.. Dei fikk jo nærmast åndenød øve Mini’en sin forklaring, øve ka me hadde sett..

 

” – Det va ein tjempesvær slange, altså.. Superstor faktisk.. Fortalte han ivrig..

 

Og man kunne formelig se at Kånå ikkje akkurat va komfortabel, der hu stod i joggesko og sånne ankelkorte sokker.. Men det må ha vært ein ganske så ung Hoggorm me traff på, for den va ikkje superstor som Mini’en meinte.. Og som sikkert for han stemte og.. Ormen va ikkje meir enn 30-40 cm lang, og ganske så tynn..

Eg trudde først det va ein stålorm.. Før eg så dei karakteristiske stripene te hoggormen, på ryggen av ormen..

Kånå fikk komma litt te hektene før me rusla videre, og nådde veien opp te Steinsfjellet.. Sist helg så følgte me bare den ner, før me leka litt i Steinsfjellet Barnehage før me gikk heim.. Men idag fant me ut at me sko ta turen ner te Krokavannet, for så og følga stien ner te Stemmen, og gå langs veien heim..

Og som sagt så gjort.. Her va det grusa heile veien te Krokavannet, og det va jaggu meg ein flott tur.. Så dei med nåke øve gjennomsnittet våte sko, fikk ivertfall tørka litt..

 

Lika før den stien me gikk på møtte stien fra Djupadalen og opp te Krokavannet, så va dei ei litå bru.. Eg og Han i Midten såg me va ein smule foran dei andre.. Så me heiv oss ut av stien og gjemte oss unna denna broå, og når Kånå og resten av gjengen kom.. Dundra me på plankane unna bruå, og kauka ut kim som trampa på vår bro..

Forbauselsen va jo forsåvidt stor, når me kikka opp og så at Kånå og gjengen ikkje va aleina.. Nåken andre hadde tatt de igjen, og vandra øve bruå på samma tiå.. Tjera vena meg, kor flaut..

Men skitt au.. Man har det ikkje meir morosamt enn man laga te sjøl.. Det e ivertfall heilt sikkert.. Kånå og Karoline stod litt lattermilde der på stien, når me kom oss opp igjen.. Dei som hadde tatt de igjen hadde ikkje akkurat nåke tradisjonelt turdyr med seg, som ein hund f.eks.. Neida.. Dei gikk på tur med ein undulat..

 

” Jaja.. Å sei undulaten gikk tur, e vel gjerna litt overdrevet.. For den satt i ett bur som den eine gikk og bar på.. Men for all del, alle må jo få lov.. Så koffår ska ikkje ein undulat få gå tur.. ??

 

Itte litt godslig lattermildhet øve denna spesielle turkollegaen, så rusla me videre nedover mot Stemmen.. Både Mini’en og Litlajentå hadde traska i vei uten så mye som ett klagande ord, men nå begynte det å røyna på.. Så litt bæring nedover bakkane, det måtte forsåvidt te.. Ett ekorn som plutselig hadde show i tretoppane øve oss, fikk endelig Eldstemann med seg og..

Det va ikkje måte på ka akrobatikk detta ekornet sko visa oss, og det va nesten verdt heile turen..

Mini’en såg forsåvidt “Ekko” øve alt ittepå, som sjøl om dei to eldste prøvde å forklara at det hette Ekorn og ikkje “Ekko”.. Bare repliserte – Ja, ekko.. Kvar gang de forsøkte å retta på han, og te slutt ga de opp.. Ekorn va sjølsagt “Ekko”.. Enkelt og greit.. Te slutt kom me ner te Stemmen og nå begynte til og med me voksne å kjenna det litt i beinå..

 

” Og når me kom halveis bortøve Eivindsvannet, og kikka opp mot Steinsfjellet.. Så gikk det vel litt opp for oss kor langt me hadde gått..

 

Men hjølpe meg.. Når me traska inn dørene, eg med nyvunnet gnagsår på ankelknokane, Kånå med søkkvåte joggesko og Mini’en og Han i Midten som kyssa gulvet i gangen av rein og skjer heimkomst glede..

Då har turen jaggu meg vært ein stor suksess.. Hverken meir eller mindre..

Nå har me voksne parkert i sofaen itte ein goe middag.. Dei to eldste sitte på loftet og spille på rommene sine mens Litlajentå og Mini’en e ute i gatå og leka seg.. Kor dei to har funnet ny energi fra, e for meg ei gåta..

Men gudhjølpe meg og herrens hærskare.. For ein fantastisk tur..

 

Eller så får eg bare sei goe søndagskvelden, Folkens.. Og tusen takk for at dåkke e innom og lese..  🙂  🙂

 

Litlajentå i upåklagelig Turantrekk.. Heilt klart.. 😀

 

Minien rir på ein bukk.. =D

 

Sånn går det når man ber Mini`en smila.. =D

 

 

Karoline og Mini`en =D

 

Åsså fant me ett troll og ja.. =D

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg