Småfolket, tradisjoner og Snøsøsteren..

 

Endelig, så va dei to minste i seng.. Klokkå tippa såvidt åtta ikveld, men det va mest fordi me måtte lesa to kapitler ikveld.. Det va klasseavslutning for Han i Midten igår, og me va å skøyta i ishallen.. Litlajentå va med, mens Mini’en kosa seg heima hos Mormor og Besse, derfor blei det ikkje tid te å lesa, før leggetid igår.. Eg kjenne forsåvidt på kroppen idag, at eg gjerna ikkje burde tatt sånn av på isen, som eg gjorde igår.. Men, det e som om eg blir ti år i hovudet igjen, når eg får skøyter unna beina, og trur eg e lika flink, som den gangen.. Så e man jo sjølsagt ikkje det.. Kidsa va jo tusen ganger bedre enn meg, og dei hadde jo knapt stått på skøyter før..

Det gikk seg te, itte ei litå stund.. Og eg brukte ein unnskyldning, med at eg va mest vant med langdistanse skøyter, og ikkje sånne korte hockeyskøyter..

Det va nesten som om minnene fra det islagte vannet, der eg vokste opp først i barndommen, bobla frem fra innerst i hjernebarken.. Der dei voksne hadde målt at isen va trygg, brukt snøskuffer te å laga skøytebane og lagt ut granbar te baneskille.. Så hadde me ein konkurranse mellom alle oss ungar der inne på Hundsnes, kor alle fikk diplom, men ingen vant over Yrkje gutane.. Det va som om de alltid hadde ett ekstra gir, og tok innersvingen på oss i svingane.. Det lugga alltid litt når eg sko inn i svingen, eller på vei ut igjen, eg klarte aldri å få ein heil sving te perfekt.. Mens Yrkje gutane, dei fløy inn og ut av svingane, grasiøse som nederlandske verdensmestre..

 

Uansett, kor mye bedre me va på langsidå, så skaut de fra oss som rakettar i svingane og sikra seg som regel seieren.. Me burde nok hatt ein bane med ekstra lange lengde sider, og pinnkorte svingar, sko me hatt ein sjangs..

 

Så gikk eg på langrenn når snøen kom, rundt og rundt, på ekrene hos hu farmor.. Mens eg fantaserte at eg va Oddvar Brå, i kamp med ein eller aen russer, målgang va alltid inn foran Farmor sitt hus.. Kanskje kikka hu ut stuevinduet, av og te, når eg kom stakande inn te seier før eg jubla hemningsløst og vilt..  Hjølpe meg, eg følte det va vinter i mangfoldige månader eg, når eg levde i min barndoms verden.. Nå te dags, så det jo gjerna tre-fire år mellom kvar gang ett vann fryse te, og e trygt nok te å skøyter på.. Og snø, det har man sjelden lengre enn i ei uka og to, den sista som oftast med dassblaut våt slaps/snø..

Så, eg må sei det va kjempekjekt å gå i ishallen, for å friska opp litt gamle kunstner.. Litlajentå og Han i Midten, dei gikk jo på skøyter som om de aldri hadde gjort nåke anna.. Litlajentå for første gang, Han i Midten har vært der to ganger, med denna..

Jøje meg, det va litt av ein avsporing, når det va nåke heilt anna eg hadde tenkt å ta føre meg, ikveld.. Det begynte vel med forklaringen på koffår me ikkje leste igår, og måtte ta to kapitler ikveld.. Også tok det litt av.. Men.. Kånå gikk te anskaffelse av Snøsøsteren før adventstidå, ei bok av Maja Lunde, som hu tenkte me sko lesa for småfolket, som ein slags julekalender.. Hu gleda seg jo ihjel, Kånå.. Te å lesa denna bokå.. Men, det va jo sjølsagt eg som endte opp som førstelesar, som forsåvidt e heilt greit det.. Det e vel ein kjensgjerning at eg heilt klart, e nåke meir glad i å lesa bøker, enn Kånå..

 

” Og for ei bok det har vært å lesa for småfolket, med fantastiske illustrasjoner, og ein historie som e morosam, spennande og så smått gripande..

 

Ein fortelling om Julian som har mista storesøster si, to foreldre som ikkje heilt e seg sjøl og ei spinnvill jenta som hette Hedvig.. Småfolket sitte som i transe, mens Fatter’n lese, og man kan nesten ta og føla på stemningen.. Ein kveld lese me på Mini’en sitt rom, den neste på Litlajentå sitt rom, og de passa skikkelig på kim sitt rom me ska på.. Kånå går å vimsa nere i gangen og liksom gjør ting og tang, men eg mistenke sterkt at hu luska rundt, for å sniklytta.. Og det e jo detta det handla om i ein familie, det å skapa sine egne tradisjoner og små øyeblikk, i tiden mot jul.. Laga minner for våre egne barn, istedet for å mimra om minnene me har, fra samme tid..

Og gjerna har ett ønske om at dei ska få oppleva, det me liksom minnast som ei koselig og god førjulstid.. Men, ikkje alt kan dras med inn i nåtiden, som me gjerna huska best, fra fortiden..

Ting forandre seg, og me foreldre e nødt te å gi slipp på noen gamle tradisjoner, for å tepassa oss og skapa nye, te våre egne barn.. Jul e først og fremst for dei små, sånn e det bare.. Det e for dei me laga te og finne på masse kjekke ting, både nå i førjulstidå, på juleaftå og i romjulå.. Som f.eks det å lesa denna bokå te Maja Lunde.. Me kunne sjølsagt sett på ein eller anna julekalender på tv, men då e man på ein måte litt bunden, te klokkeslettet den går.. Også har det kommen så mange forskjellige julakalender serier, at man gjerna ikkje knytta seg te ein spesiell, som blir den man huska inn i voksen alder..

 

” Sånn som eg huska Skomakergata eller brødrene mine, som så på Jul i Blåfjell.. Nå e det jo så mange julekalender serier, at man nesten ikkje klara å bestemma seg for ein..

 

Eg synast me e på god vei, heima hos oss, med akkurat det å skapa egne familietradisjoner.. Kor me besøke julamarkedet og pepperkakebyen, og kikka litt i byen før jul.. Me har ei bakehelg, kor me tar heilt av og bake julekaker, te den store gullmedaljen.. Får me sjanse te det, så går me alltid på ein kinofilm med Flokken, før jul.. Og nå i år, så har me fått denna bokå om Snøsøsteren, som eg nesten allerede ser føre meg, at vil bli ein fin tradisjon i adventstiden, i mange år fremover..

Eg storkosa meg ihvertfall kvar einaste kveld, når me sitte på rommet deiras og lese, og det e eg sikker på at dei to små og synast..

Me går opp ein ny sti, me foreldre nå, og må gi slipp på nåken av våre egne minner og tradisjoner.. For å skapa gode minner, for neste generasjon.. Noen tar me med oss videre, andre passa best i minnebanken, sånn e det bare.. Det viktigaste e at det blir såpassa minneverdig, at våres små minnast denna tiden, på ein fin måte.. Og kanskje tar nåken av dei tradisjonene me laga med seg videre, når tidå komme te at våre småtroll, stifte sine egne familier..

 

” Og me foreldre, får lov te å ta del i deiras idear og julatradisjoner, som dei gjerna finne på eller tar med seg fra sine respektive partnere..

Jul, det e nok mest for ungane, og kosa dei seg, så kosa me voksne oss også.. Det e ihvertfall heilt sikkert..

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg