Sjølsagt betyr størrelsen alt..

 

Så va det dei her øyeblikkene i hverdagen igjen då.. Dei små hendelsane som e så små i seg sjøl, men blir hverdagsøyeblikk store så fjell når man tenke på de i ittetid..

Idag f.eks, så sko me ner på butikken for å handla litt..

Kånå stod foran speilet å finpussa “look’en” , mens eg tømte tanken.. Detta høyres gjerna heilt usmakeligt ut for dåkke så e nyforelska, ikkje har ungar og ikkje har delt ein fis ilag ennå..

Men slapp av, det e bare toppen av isfjellet det..

Litt lett urinering samkjørt med at Kånå fiksa seg foran speilet e bare reinspikka effektivitet det.. I ein massebarnsfamilie strabasiøse hverdag..

 

Men, når eg står der og slippe dagens kaffe inntak ut igjen, så komme plutselig Mini’en sitt hovudet te syne.. Lika nedenfor høyre hoftefeste, eg kvakk te mens eg sa te meg sjøl, at du tar jaggu meg store sjangser du, lillegutt.. Te Mini’en altså..

Han kikka forskrekka på jobben så blir gjort, før han trekke seg raskt tebake..

“Æsssj.. Høyre eg bare an seie, i det han forsvinne ut av syne og ut dørå..

“Jaja, du får snart begynne å gå på do å tissa du og snart.. Seie eg formanande te han..

Itte ein lovande start her på sein sumaren, har pottetreningå gått meir eller mindre i dass.. Me har i ein travel hverdag ikkje orka å ta kampen med Mini’en, så absolutt ikkje har tenkt å slutta med bleiå ennå..

 

“Neeei pappa, ed kan itte .. Ed må ha bleia eg..  Jaaa .. Svara Mini’en kontant..

“E store gutt du nå vett du, så nå kan du og snart tissa på do.. Fortsette eg, mens eg prøve å høyra overbevisande ut..

“Det gåj itte Pappa, ed eee store gutt… Men e for liten.. kan itte tissa doen då..

“Joda, du e store nok te å tissa på do du nå, vettu.. Rekke opp te kanten, og hvis ikkje har du krakken din ..

“Jammen, Eeeed e store nok.. Men tissefanten e for liten.. Må venta te eg får store.. Sånn så du har..

 

Kånå fekk knekken i knærnå igjen, og knakk sammen i latterkrampe bak meg.. Eg måtte stoppa med det eg holdt på med, å ta ein pause for humringå ga skjelvingar i legemet så igjen kunne føra te vinglande slange kontroll..

Kånå låg nærmast på badegolvet å vrei seg i latterkrampå nå..

Eg begynte forsåvidt å lura litt på ka hu lo av, om det va av Mini’en eller pga det Mini’en hadde sagt.. Om at han måtte venta te an va så “store” så min..

Det va jo tross alt ikkje så forbaska morosamt det han hadde sagt..

 

Eg sette det strenga blikket i Kånå, for å liksom gi beskjed at det va nok nå.. Men då tok hu og ka eg hadde trudd at hu lo av, for hu hadde faktiskt bare ledd av Mini’en..

Så nå blei det dobbelt opp for Kånå..

Og det så ut som om prossessoren te Kånå va kraftigt øvebelasta, der hu lå og hiksta itte luft.. Mens hu prøvde å sei nåke på utpustå..

“Trudde du… Hikst.. Trudde du at… Ahhh.. høhø.. Hikst.. At eg lo.. Hihiihi.. At eg lo av deg…. aaahhahaha,,, Hiiikst.. Sa hu, hysterisk..

“Nei, sjølsagt gjorde eg ikkje det, e du heilt toskjen ellår.. Svara eg… Litt for fort..

“Ahahahahahaaaa… Hikst.. Idioooot.. Hihihiiiii.. ahhh haha.. Lo hu rått videre…

 

Akkurat der og då kunne eg tatt knekken på det forbaska trollet, så lå i ei infernalsk latterkrampa på badegolvet..

Ikkje det at eg hadde gjort det, hjølpe meg..

Men av og te så slår sånne tankar inn, sjøl om man gjerna har gitt “trollet” gullkornet på sølvfat.. Man e forsåvidt havna i ydmykelsens uendelige omfavnelse, heilt sjølforskyldt..

Jaja, man komme stort sett over det.. Og sannsynligvis dukka det før eller seinare opp ein mulighet for hevn vil eg tru..

 

Så eg tok ein kalkulert retrett for å ikkje gi Kånå meir ved på bålet, det fekk nå vara måte på.. Så eg rusla ut i gangen og gjekk forbi Mini’en..

“Koffår mamma le så masse… Spurte han forveten..

“Har ikkje peiling.. Svara eg snurten..

“Hahaaahhaa.. øhh.. Hikst.. Ikkje peiling, du liksom.. Hihihhhiiii.. Hikst… Kom det fra badet..

 

Så va det sista eg høyrte, før eg gjekk på vaskerommet å stanga hovudet i veggen.. Snakka om å gå rett i revasakså, med augene på vidt gap..

 

Gonatt…

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg