Sinnataggen…

Foto : Gard Rimestad

Så har roen senka seg øve stuå, nok ei arbeidsuka e over for dei fleste og godkroken e inntatt i sofaen.. Det blei ein hektisk dag på jobb idag, kor det mot normalt flomma over av varer på ein fredag.. Verst trur eg det va for Kånå som hadde ein anseelig dose med leveringar, itte hu i rein og skjær vrede øve alle privatleveringane som hadde ramla inn, itte påsken.. Der hu drog med seg nærmast alle sammen, idag.. Det va ingen tvil om ka folk hadde styra med i påsken, ifølge Kånå.. Der hu forbante seg øve at folk ikkje hadde andre ting å gjera på i påsken, enn å sitta på nettet og gå amok på alskens nettbutikkar..

Gudhjølpe meg, det va alt fra skoesker og klær, te eksosanlegg og datakomponenter.. Men, ut sko det idag, kosta ka det kosta vil.. Ut ein eller anna gang må me jo kjøra det alikavel, som hu sa..

Så litt ut på ittemiddagen ringte hu meir eller mindre småstressa, for å gi meg beskjed om nåke eg forsåvidt hadde forstått idag morgens, når bilen hennas va fullstappa med varer.. For hu trudde ikkje hu rakk å henta Mini’en idag, før barnehagen stengte.. Men, det gjekk heilt fint beroliga eg Kånå med, for eg sko fint klara å ordna den biffen eg.. Og suste inn på terminalen litt over halv fira i ittemiddag, tømte lastebilen for hentingar og parkerte den på plassen sin.. Eg må jo få sei at eg lurte litt på ka form Mini’en va i idag, når eg kom å henta han.. For det e jaggu meg ikkje lett å forutse.. Somme ganger kasta han seg i armane på deg, andre ganger blir han dødsens fornærma, fordi det ikkje e mammen som komme..

 

” Det e ikkje godt å forstå seg på detta her, men man kan jo ikkje anna enn håpa på at man treffe rett dag.. Og ikkje e feil mann, på feil sted te feil tid..

 

For det e ikkje bare det at det e feil forelder som komme, som e utfordringen.. Nåken ganger har me fått så øyrene flagra, fordi me komme for tidligt.. Andre ganger, når man prøve å komma litt seinare, så e det galt.. Ein gang rakk han ikkje å gjemma seg, og bli skikkelig irritert og fornærma.. Såpassa gale at eg måtte gå ut av avdelingen for så å komma inn igjen, å “liksom” lura på kor i all verden den fjotten va.. Før det va greit å gå heim.. Men, idag gjekk det strykande og han kom hoppande opp i armane på meg, superglad for at det va Fatter’n som kom.. Det va seinare på ittemiddagen at det skar seg..

For Kånå sendte ei melding å minna meg på at guten sko på Trampett-Lek, litt ut på itttemiddagen..

Men sjølsagt sko ikkje den rampen på Trampett-Lek med meg, han sko der med mor si han, ferdig snakka.. Og blei sint som krutt, når eg forsøkte å sei at mamma fortsatt va på jobb.. Då gidda ikkje han å gå på nåke Trampett.. Jaja, greit nok, tenkte eg for meg sjøl, og gidda ikkje krangla med denna surpompen.. Men sjølsagt, ett kvarter før Trampett-Leken starta, så sko han alikavel.. At eg prøvde å kjøra “nå e det for seint” kortet, va bare som å spruta tennvæska på bålet.. Då stod han nærmast som Sinnataggen i Vigelandsparken, og trampa på stuegulvet.. Mens han kauka ut at han sko på “leke-ampett”, basta bom..

 

” Eg orka ikkje kampen og tok Sinnataggen med meg ner, dressa han opp, kasta han inn i bilen og peiste avgårde nerøve mot byen, te denna forbaska Trampett-Lek’en..

 

Halveis, og ca 2 minutt itte gemyttene meir eller mindre har roa seg, komme Mini’en på at me har glemt vannflaska.. Og “smart” som eg e seie eg at jaja, han får klara seg uten den idag.. Men..Tjera vena meg.. Mini’en går i fistel og det e som om verdens undergang e nær, sko ikkje han få drikka når de hadde drikkepause han då, liksom.. Sjøl om eg vett at tidsskjemaet som kanskje kunne gått, vil bli sprengt om me enten snur for å henta den heima eller kjøpe ei vannflaska på veien.. Så svinga eg innom ein butikk, kjøpe ei vannflaska te guten og spurta ut igjen.. Me komme heseblesande inn dørene, bare 2 minutt for seint og Mini’en løpe avgårde te dei andre, som sitte i ring rundt trenaren..

Herreguud.. Jaggu meg så rakk me det.. Og vann har me te vannpausen og.. Eg kjøpte ei te meg sjøl med det samma, pluss ei eska hovudtablettar..

Så eg svelgte ett par tablettar og slurpa i meg litt vann.. Eg får alltids litt skallebank når det e sol på jobb, fordi eg sitte å glire med augene.. Sjølsagt kunne eg hatt solbriller på meg, om eg bare hadde visst kor eg har lagt de.. Sånne ting finne eg alltid når det gjerna e meldt 2 månader med overskya vær, og når solå endelig dukka opp så har eg garantert glemt ut kor de låg, igjen.. Heilt typisk.. Akkurat som denna nålå me bruka te å få luft i fotballane her heima, som eg fant ein gang her i vinter.. Og tenkte det va best eg la den på ein lur plass, som sjølsagt va såpassa lur at eg ikkje komme på det igjen, nå.. Når eg forsåvidt absolutt sko hatt den, fordi alle fotballane har mista piffen i løpet av vinteren, på ein måte..

 

” Det e meir eller mindre ein slags regel uten unntak, her i heimen.. Uansett ka eg gjerna sko hatt akkurat der og då, og som eg gjerna hadde fingrane i, for ikkje så lenge siå.. Det e som regel sporlaust fordufta, når man må ha det..

 

Eg rekna ikkje med at Mini’en kom te å ha nåke “stigande” form heller, så det va lika godt å ta nåke for hovudet, før det blei sprengt, seinare.. På veien heim, så kjørte eg visst feil vei.. Det va ihvertfall ikkje den veien Kånå kjørte, når det va hu som va med.. Herreguud.. Guten gneldra nåke så inn i granskauen, at eg blei bare nødt te å snu.. Og eg priste meg lykkelige øve at eg hadde tatt medisinen min.. Når me passerte Kiwi ville han ha is, for det kjøpte og alltid mamma.. Men, når eg suste rett forbi, fordi me sko skyndta hos heim te middagen, så va det full heavy metal konsert bak i setet, igjen.. Og hadde det ikkje vært for at han bare e 4 år, snart 5.. Så sko han fått gått resten av veien heim..

Eg vett ikkje.. Enten så hadde eg med ein real løgnhals å gjera, der bak i bilen.. Eller så bedrive Kånå god gammaldags utskjemming av barn, på høgt nivå..

Eg skrudde opp volumet på radioen, for å overdøva skrikhalsen der bak.. Men, då kauka han te så kraftig, at eg nesten va redd for at glasstaket i bilen sko sprengast.. Gudhjølpe meg, nå må du roa deg gut.. Tenkte eg for meg sjøl, og sendte han et strengt blikk i sladrespeilet.. Blikket eg fikk i retur levna lite te fantasien, eg hadde heilt klart gått av seieren som soleklar V.V.F idag, uten tvil.. Verdens Verste Forelder.. Det e jaggu meg ei stram linja mellom det å vær på topp, og det å vær på bunn.. Fra å vær ein han heiv seg i armane på, når eg henta guten i barnehagen tidligare, hadde eg på null komma niks endt opp som ein hardbarka V.V,F.. Litt ut på ittemiddagen..

 

” Jaja.. Det går seg vel te vil eg tru.. Når guten våkna igjen imårå, så e stort sett alle kåringar av Foreldre glemt.. Vil eg tru.. Man får virkelig ein ny dag imårå av våre små håpefulle..

Som rein og ubrukt står med blanke ark og farjestifter tel..

 

Og heldigvis for det.. Ellers trur eg jaggu meg det hadde vært tøft å vær foreldre, mye tøffare enn om me ikkje hadde fått det.. Ei ny dag, te å gjerna komma i andre enden av kidsa sine uhøytidlige kåringar, og kanskje bli V.B.F. heller..

Verdens Beste Forelder..

=D

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg