Rune Bjerga !? .. Neeei, han hette Frank han..

 

Åh,, du hildrande du.. Eg vakna idag morgens, med ett forferdelig håve, og lurte på kor eg igår kveld hadde vore.. Som Vinskvetten synge.. Før det slo meg, at eg hadde jo vært på byen ein tur, sammen med nåken kompiser.. Ein nåke i øvekant fuktige kveld, kor me virkelig storkosa oss, og jaggu meg hadde det gøy.. Trur eg, eller joda, kan skjønna det va kjekt.. Og akkurat idag, når eg vakna med ti tusen tømmermenn i bakhovudet, så angra eg gjerna litt på kor kjekt me hadde det, ute på byen igår.. Men, det va ikkje meir enn ka eit par hovudtabletter, eit glass vann og ei småhumrande Kåna, klarte å ta knekken på.. Denna tømmermenn symfonien, oppe i pappskallen..

 

For me hadde det jaggu meg storveis igår, faktisk så hadde me det nåke så inni granskauen gøy, at eg nærmast ikkje har ord.. For, når me satt med bordet me hadde kapra oss, inne på Mack’en..

 

Så dumpa det plutselig ner ein kar på andra sidå, ein pent kledd kar som nikka høflig øve bordet, før han slo seg ned borte i hjørna.. Eg tenkte ikkje så mye øve det, der eg satt i godt passiar med dei eg va med, men plutselig så dunka han Morten meg i sidefleskå.. – Ser du kim det e, eller..!? .. Spurte han, mistenkelig oppglødd.. Eg kikka øve bordet på denna karen igjen, men eg hadde fortsatt ikkje fanaring, om kim denna staselige karen kunne væra.. Altså, eg drog jo liksom litt kjensel på fyren, det va jo nåke øve han, som på ein måte hadde satt fart i hjernebarken.. Men, herreguud.. Me satt jo liksom på Mack’en.. Slike folk som hjernebarken muligens trudde det va, dei går jo ikkje der.. Gudhjølpe meg, heller..

 

” Sånne folk går jo sjølsagt på dei hippeste stedene i byen, og ikkje det einaste stedet som fortsatt ser identisk ut, som når eg begynte å gå ut, i mi ungdomstid.. Et av dei “brunaste” utestedene i byen, på ein positiv måte, sånn forsåvidt..

 

Mack’en, kor bare klientell og bartendere sikkert har blitt skifta ut, mens interiør, stil og atmosfære fortsatt e nett som det va, for tjue år siden.. Så eg svara jo Morten som sant va, at nei eg viste absolutt ikkje kim den fyren va, sjøl om hjernebarken hadde ein liten suspekt mistanke.. Morten ga seg ikkje å kikka nåke perplekst på meg, før han sa kim han trudde det va, som forsåvidt va det samma navnet som surra langt bak i hjernebarken min.. Men, som ikkje fikk lov te å slippa heilt frem, fordi fornuften lå i veien, og satte ein stoppar for den absurde tanken.. Kan skjønna det ikkje e han..

 

Så, for å stoppa Morten fra å gå på ein smell, slengte eg håndå øve bordet for å hilsa på fyren.. – Hei, Frode her.. Sa eg, lett og ledig..  – Hei du, Frank her.. Svara fyren, på klingande siddis dialekt..

 

Eg snudde meg triumferande mot Morten, og sa, – Der ser du.. Han hette Frank han.. Mens, fornuften begynte å tapa kampen, mot navnet som krøyp hurtig fremover, fra langt inne i hjernebarken.. Morten bare rista på hovudet øve meg og vendte oppmerksomheten ein anna plass, mens eg fortsatt sleit med litt motstridande tankevirksomhet.. Eg myste litt øve på denna mistenkelig kjente karen, som sjølsagt ikkje ville gått her, men heller der piffen i Haugesund går, om det virkelig hadde vært han.. Så istedet for å liksom avsløra fyrens identitet, spilte eg heller med, på at detta va Frank.. Ein slags dobbeltgjengar te han eg egentlig trudde det va, og som Morten va sikker på at han va..

 

” Og når undertegna e ute på byen, så har eg gjerna ein tendens te å la kjeften ta litt av, uten at alt gjerna e innom dei diverse filtrene, som de absolutt burde vært..

 

Egentlig, så e eg litt glad nå i dag, for at me hadde det såpassa kjekt som me hadde det, fordi eg har heldigvis glemt ut det mesta, som kjeften lirte ut av seg.. Eg trur gjerna ikkje alt ville kvalifisert te Mensa medlemskap, der filtrene nærmast stod ubrukt igjen inne i hjernens uransaklige kroker.. Det e nok gjerna lika godt, vil eg tru, det at eg gjerna ikkje huska alt.. For det ville gjerna vært litt flaut idag, å huska på all toskaskapen, som sikkert tøyt ut av kjeften på meg.. Det va då hu damå som satt ved siå av meg, mens eg meinte eg hadde sett fyren på Kjendis Farmen, bekrefta det Morten va sikker på og som hjernebarken min, hadde hatt ein mistanke te..

 

Joda, det va sjølvaste Rune Bjerga som satt på andra sidå av bordet, og smellen som eg trudde eg redda Morten fra, den hadde eg fått rett i fleisen sjøl.. Herreguuud, vett du..

 

Eg må jo sei, at det på ein måte va litt flaut, når det liksom gikk opp for meg, at det faktisk va Rune Bjerga som satt der.. Ein som har klart det kunststykke som eg ikkje har turt å ta videre, nemlig det å ha suksess som ein slags Stand Up Komiker.. Eg har jo forsåvidt debutert te stor bravur, når eg holdt ett show på bLEST Litteratur Festival, for nåken år siden.. Og fulgte opp med ein liten opptreden, på Kolnes Sanitetsforenings årsmøte.. Men, så blei det full stopp, itte eg sko vær underholdningen for ein gjeng lærere, som hadde sommaravslutning, inne på eit naust.. Og gikk på ein liten smell, av forskjellige årsaker..

 

” Litt fordi eg ikkje hadde hatt tid te å øva så mye, men mest fordi det e stor forskjell på å skriva for at det ska lesast, og det å skriva for nåke som ska fremførast, som f.eks ett stand up show..

 

Så, når sjokket på ein måte hadde lagt seg, og hjernebarken hadde fått samla seg litt, benytta eg sjansen te å slå av ein liten prat.. Og satte meg ved siden av sjølveste Rune Bjerga.. Eg vett ikkje, men det e jo sjølsagt heilt typisk, at når eg gjerna treffe på ein eg virkelig ser opp te.. Så skjer det når eg nærmast e snøblind, på grunn av ett litt heftig inntak av det lokale ildvannet.. Ikkje huska eg heilt ka me snakka om, og trur dåkke ikkje eg va så ivrig i snakketøyet, at eg klarte å slenga avgårde litt spytt på håndå te Rune, der kjeften spant avgårde i ein ellevill fart.. Gudhjølpe meg, og Herrens trofaste Hærskare.. Flaut..!?? .. Neida..

 

Sjøl om Mr Bjerga avfeide det og lot det gå under heftig engasjement, så e det liksom det eg sitte igjen med, og huske best fra vårt møte..

 

At eg i iveren itte å gjerna få nåken tips, så blir eg så ivrig at eg spytta på håndå, te sjølvaste Rune Bjerga.. Heilt typisk meg, vett dåkke.. Men, hjølpe meg.. Han virka ihvertfall som ein sympatisk og kjekk kar, som høflig svara og lytta på ka eg sa.. Eg sko jo bare ønska at eg hadde huska, ka det va me snakka om, sånn egentlig.. Resten av kvelden, itte detta famøsa møtet med eit av mine idol, den e egentlig litt sånn tåkete.. Eg trur me gikk videre te Winehouse, eg Morten og Tom Erik.. Kor ting gjerna tok litt av, når eg sko hjelpa Morten litt i jaktå på å finna ett dugande Kåne emne, der eg spant rundt i lokalet.. Tjera vena meg.. Eg trur gjerna eg va nåke meir engasjert, enn Morten va sjøl..

 

Men, itte ei stund så gikk rullegardinå ner, og det va på tide å setta snuten heim over.. Morten fikk jakta videre i fred og eg ramla omsider inn dørene heima..

Sjølsagt, nåke oppspilt øve å fortella Kånå kim eg hadde møtt på, ei Kånå som forsåvidt ikkje trudde det spor på ka eg sa..

Og meinte at nå hadde eg heilt klart funne på ei skrøna, eller blitt lurt igjen, kan skjønna at Rune Bjerga ikkje gikk på Mack’en, sånne kjendisar dei gikk jo ikkje på sånne steder..

 

Så, når eg sendte ei melding te Rune idag, for å høyra om det va greit at eg gjerna skreiv nåken ord om møtet vårt, her inne på bloggen.. Då va det forsåvidt ikkje ein reint så lite triumferande Fatter’n, som løp lukst avgårde te Kånå, for e visa hu beviset..

Når Rune skreiv tebake, takka for meldingen og sa det va greit..

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg