Nesepray, Kånå og andre trivielle Forviklingar..

Et bilde som i høyste grad gjerna gjenspeile energien me utstråle.. =D

Hjølpe meg.. Først så klaga eg meg øve ein tom skalle, og legge ut i ett langt innlegg om både det ein og det andre.. Og Avslutta nesten med følelsen av at nå.. Ja nå hadde eg kommen godt igang igjen.. Joda.. Neida.. Då holde me kjeft i 3-4 dagar te då.. For sikkerhets skyld.. Som om ikkje dei dagane i forrige uka va nok.. Det e så gale atte..

På toppen av det heila så har eg blitt sylte forkjøla, tette i nasen og har sannsynligvis ett lite snev av feber..

Eg tørr ikkje sei det te Kånå eingang, for då e helsikke laus.. Det e bare å bita tennå sammen og kjempa seg gjennom ittemiddagen.. Sånn som idag.. Eller igår då.. Sånn egentlig.. Det har jo allerede blitt idag på ny.. Tjera vena meg kor fort den der tiå går.. Eg syns jo nettopp det va mandag, og idag e det torsdag allerede..

 

Men.. Altså det va denna her forbaska forkjølelsen då.. Eg har gått å veksla mellom å småfrysa og følt meg som ett damplokomotiv på jobb igår.. Og har rett og slett ikkje vært i optimal  form.. Så når eg kom heim va det bare å gjera dystre utsikter te skamme, og gjør som om man va i toppform.. Sist gang Kånå tok meg på fersken i å vær sjuk når eg blånekta, då skrudde hu bare på febermålaren igjen..

Som eg nettopp hadde skrudd av og diskre gjemt bak om nåke greier.. 39 komma ett eller anna lysa imot Kånå, og eg fekk rødt kort å blei sendt i sengå..

Det e det versta eg vett.. Det å vær sjuk.. Ivertfall når man hverken har lyst eller tid te å vær det.. Sjuk liksom.. Då får man jo ikkje gjort nåkenting fornuftigt.. Og ligge eg i sengå for lenge, så enda eg jo opp som ein tømmerstokk.. Med ein kropp uten ett einaste fungerande ledd.. Det knirka og knaka i knær og rygg, når eg gjerna har fått sovet litt for lenge i ei helg..

” Det e som oftast derfor eg jumpa ut av sengå før Kånå i helgene.. Det, og at hu har ett merkelig behov for meir søvn enn meg..

 

Hu kunne sikkert ha sovet ein heil lørdag gjennom.. Om hu hadde fått lov.. Ein durabalige skjønnhetssøvn.. Kunne vel ikkje sluppet na ut dørene igjen ittepå då, så flotte som hu hadde blitt.. Jaja, det va nå gjerna å ta hardt i.. Trenge ikkje skryta for mye.. Eg har ikkje så mye på svartelistå mi i det sista.. Det e viktigt å ikkje skryta for mye øve Kånene sine heller, då kan de plutselig bli høge på pærå..

Men eg kom nå inn dørene itte jobb idag.. Litlajentå hadde eg observert borte på lekeplassen, og Kånå holdt på å tuttla i gangen..

Eg rekna jo med at hu va aleina heima, når hu spurte om eg ville vær med å henta Mini’en i barnehagen.. Siå eg va nåkenlunde heima i normal tid.. Så i beste Fatter’n stil for å skjula at eg va i øvekant slakke, så gjorde eg nåke som eg garantert visste ikkje ville hverken avsløra sjukå.. Eller enda opp med suksess med det eg gjerna gjorde ett fremstøt på..

 ” Så eg ga Kånå ett dualigt klaps på stumpen og proklamerte høgt ut, at eg syns me heller burde ta ein “Quikkie” på vaskerommet.. Før me henta Mini’en..

 

Kånå blei sprutrød i trynet, kikka på meg med ett småpanisk ansikt mens hu peika oppøve og kviskra at Eldstemann satt rett der oppe på kjøkken.. Før hu rista oppgitt på hovudet øve denna her maen sin, tok på seg skornå å durte ut dørå for å henta Mini’en.. Eg tok av meg mine sko, rusla forsiktig opp trappå og såg heldigvis ikkje nåke Eldstemann på kjøkken.. Puh, tenkte eg med meg sjøl.. Ei flausa va ivertfall avverga..

Så eg mekka meg ein kopp kaffi, kjørte den spontette nasen full av nesespray og gjekk mot stuå..

Eg kan forresten ikkje forstå folk som blir avhengige av nasaspray.. Det e for meg ei gåta.. At nåken syns det e godt å få innsiå av nasaskaftet snudd på hovudet av den helsikkens sprayen.. Eg holde på å få åndenød kvar gang eg må te med det der dritet.. Og så smaka jo ting absolutt ingenting ittepå.. Til og med kaffe blir bare som varmt vann, som renne nedover ganen og gir meg absolutt ingen godhetsfølelse, som den pleie..

” Og så svir det som ett hel…te.. Kvar forbaska gang.. Gudhjølpe meg, eg blir ivertfall aldri vant med det nasaspray..

 

Men.. Sjølsagt når eg går mot stuå med tidenes tåkesyn itte nasaspray torturen og ein kopp kaffi i handå.. Så ser eg Eldstemann som sitte og flira i sofaen, gjennom tårene som renne itte nasen har blitt bombandert av menthol spray.. Han hadde tydligvis fått med seg seg Fattern’s flåsete bemerknimg nere i gangen.. Og syns det va ufattelig morosamt med ein sjanglande, tåresprettande og småflåsete Fatter’n som ikkje heilt klara å tenka lengre enn nasatippen, i ny og ne..

Ein Fatter’n som i sin iver itte å fremstå som frisk, og ikkje sjuk.. Gjorde ett fremstøt han visste kom te å bli avvist uansett.. Uten å tenka på at andre gjerna va heima..

Det blei ein nåke klein stemning før Eldstemann luska seg opp på rommet sitt.. Mens eg slokna som ett slakt på sofaen, itte ein slurk og to av kaffien.. Og blei ikkje vekka før Kånå sa, at nå kjørte hu på trening med Eldstemann.. Mini’en satt i badekaret, Litlajentå lekte på rommet og Han i Midten ana hu ikkje kor va.. Alt va som mot normalt, egentlig.. Eg fikk ta meg ein Ibux og få fart på flesket, sa hu.. Når hu jogga ner trappå..

Eg kikka forfjamsa på meg sjøl, og den gryande carporten øve litlekaren.. Som gjerna ikkje kunne kallast gryande meir.. Meir “ikkje langt fra ferdigstillt” for all del.. Men ivertfall ikkje flesk..

” Tjera vena meg.. Eg lå bare litt toskje te, så den såg litt større ut.. Magen altså..

 

Jaja.. Eg gjorde som Kånå hadde befalt.. Tok ein Ibux og satte igang.. Mini’en blei fiska opp fra karet.. Litlajentå leste litt for meg, eller me repeterte det hu sko lesa, ivertfall.. Før me luska oss ner på rommene, sang litt nattasanger og så slokna de nærmast på minuttet.. Då dukka Han i Midten plutselig opp.. Han som egentlig ikkje sko gå ut, før mattelekså va gjort.. Forbaska livsnytar den der karen, eige ikkje ein bekymrande tanke i si sjel..

Men han dukka nå opp igjen kvar kveld, får seg litt mat før han hoppa te køys.. Så eg trur nå han trives her hos oss.. Det virka sånn..

Igår fikk me til og med gjort mattelakså i ein fei.. Uten så mye som ein protest.. Eg holdt på å detta i bakken av forbauselse, når han plutselig satt der å rekna.. Uten å ha fått 59 beskjedar om å gjør det.. Miraklenes tid e tydligvis ikkje øve.. Det e ivertfall heilt sikkert.. Skjønt, de pleie å gå fort over sånn for hans del, som oftast..

Man kan jo ikkje vær flink te nåke for lenge om gangen.. Kor utfordrande hadde det vært for oss foreldre da..

 

Eg har ein mistanke om at den guten blei sendt te oss fra storken, for å testa oss te alle våre yttergrenser.. Men.. Han e jaggu meg ein flott gut med ufattelig mye omtanke for andre i seg.. Man må bare forstå han på rett måte.. Og håndtera han deretter.. Ikkje alltid lika lett med ein flokk på fira løpande rundt beinå på seg.. Men det kjeme seg for kvar dag..

Kvar dag man har overlevd nok eit døgn som massebarnsforeldre, det e ein lykkelig dag.. Me legge oss som regel med ett smil om munnen, eg og Kånå..

Når me gjerna har oppdatert kvarandre om våre småtroll sine krumspring.. Eller gjenopplevd nåken av våras små fadeser, i løpet av dagen som gjekk.. Og ligge i sengå og hikste av latter, før me sovna meir eller mindre utmatta.. Ikkje på grunn av nåke “quickie” på vaskerommet, eller utvida sengegymnastikk itte man har delt hver sine historiar..

” Men rett og slett av 4 spinnville ungar som har dratt sine foreldre langt over forstandens grenser, og tebake.. Gange 2..

=D

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg