Mini’en, omgangssjukå og “Boggen”…

 

Denna ukå starta egentlig heilt greit med ein liten “Kåne-spøk” på mandag, et par trivelige arbeidsdagar på mandag og tirsdag.. Før onsdagen slo te med et heidundrande meteornedslag.. Mini’en gjekk ned for telling med omgangssjukå, tidlig onsdagsmorgen.. Han kom inn tidlig på nattå å la seg i midten, men istedet for å sovna litt te som han pleie, før han stort sett irritere vettet av oss fra ca klokkå halv seks og utover.. Så lå guten å vrei seg og virka rett og slett ikkje heilt i stryken..

Kånå hadde fått ein liten fornemmelse av ka som va i gjerde, og jogga ut på vaskerommet for å henta ei bøtta, i tilfellet hu fikk rett i det hu frykta..

Eg lika jo ikkje å innrømma detta, men som oftast når Kånå får ein fornemmelse for nåke, så pleie det som regel å slå te.. Det e ikkje få ganger eg har fått ei triumferande Kånå trødd opp unna nasen, som dansa ein vill og hoverande seiersdans foran meg, fordi hu hadde rett i antakelsene sine.. Ekstremt irriterande te tider, men det e ingenting anna å gjera enn å snu det andra kinnet te, og gjør som man ikkje ser det.. Eg prøvde å gjera det samma eingang, sånn triumfering foran Kånå, fordi eg ein sjelden gang hadde rett..

 

” Men, endte opp med ein hårfønar av sjeldent kaliber, og fikk nesten augene klort ut av ei Kånå som absolutt ikkje såg humoren, i litt tilfeldig triumfering..

 

Men, det va ikkje et spor av triumfering øve at fornemmelsen hadde slått te, klokkå halv 5 på onsdags morgen.. Når Mini’en kauka te at han måtte ha bøttå.. Eg vakna av tilropet eg og, men lå musestille på mi sida av sengå, og gjorde som om eg fortsatt sov.. Kånå vett uansett at eg ikkje akkurat e så mye te hjelp, når me snakka om et utbrudd av omgangssjukå i heimen.. Ein gang va eg nødt te å ta affære fordi Kånå hadde bukka under for sjukå og, men eg spydde jo meir enn dei som va sjuke.. Mens eg gjorde et ærligt forsøk på å vaska opp oppkast fra både seng, vegger og gulv..

Som hadde blitt offer for eit lite barns ukontrollerte tsunamianfall av oppkast, et lite barn som på eit ufattelig vis hadde overgått effekten te ein fullblods møkkaspreder ute på jordet te ein bonde, med god margin..

Det va heilt klart litt av et syn, der Fatter’n krabba rundt på alle fira å vaska rundtomkringfallera, med to bøtter på slep.. Ei med grønnsåpa, vaskefillå og vann, den andra te å spy i fordi han hverken takla spylukt eller synet av oppkast.. Herreguuud.. Eg blir nesten kvalmen bare eg tenke på den episoden.. Der eg vekselvis vaska gulv, vegger og seng, mens eg brekte meg av ubehag og småspydde i den ekstra bøttå.. Og på toppen av det heila måtte sjekka pasientane innimellom, som lå strødd rundtomkring i heile heimen.. Bare avbrutt av et par pauser ute på trappå, for å trekka inn litt livsviktig frisk luft..

 

” Men, denna gangen va ikkje Kånå indisponert, og sjølsagt klar øve mine svake sider, og med tanke på at ihvertfall ein av oss, måtte gå på jobb.. Så tok hu seg av ein stakkars Mini, som spydde fra morgen, te kvelds denna dagen..

 

Stakkars gut, det e sjelden Mini’en e såpassa utslått av sjukdom, at han ikkje e i stand te å finna på nåken ablegøyer.. Men denna onsdagen i vekå som gjekk, så va det ikkje mye med han.. Det blei nesten ein slags uvirkelig stillhet i heimen, som me ikkje har kjent på siden før han blei født.. Eg har sagt det før, og gjentar det glatt igjen.. Eg e sikker på at hadde me fått den guten først, istedet for sist.. Så e det ein stor mulighet for at den krabaten, muligens hadde blitt enebarn.. Man kan vel på ein måte sei at me hadde et liv før Mini’en, og et slags liv itte han blei født.. Dagen då livet blei snudd opp ner, rett og slett..

Eg skreiv et innlegg om det eingang, som på eit strålande vis fortelle litt om den historien.. Les den HER..

Men, derfor så kan vel med handå på hjarta sei, at det blei litt av årsaken te litt lite oppdateringer på fra midten av denna ukå.. Kånå kom ikkje på jobb igjen før på fredag, siden man e nødt te å holda kidsa vekke fra barnehege/skole i 48 timar, itte omgangssjukå.. Ikkje e det så enkelt å få barnevakt i sånne tilfeller heller, for kim vil vel frivillig utsetta seg for faren for denna sjukå.. Så onsdag og torsdag måtte eg ta unna godsmengden på jobb aleina, og hadde mildt sagt nåken travle dagar på jobb..

 

” Og når man komme heim meir eller mindre utslitt fra jobb, så e det ikkje det å setta seg ner med laptopen, som står høgast på prioriteringslistå.. Heilt klart..

 

Onsdagen gikk forsåvidt greit, men torsdagen datt eg om som et realt slakt på sofaen, itte endt jobb.. Når man då har ein Mini i heimen, som e på bedringens vei, itte ein dag i avgrunnens dal.. Og som heilt klart har fått lada batteriene, opp te toppnivå.. Ja, då seie det seg sjøl at man gjerna går litt te hundane, og ihvertfall ikkje tenke på at bloggen må oppdaterast.. Mini’en har forresten fått med seg at Fatter’n har ein blogg, sjøl om eg ikkje heilt trur han forstår ka det går i..

Når me fikk ein sånn løpesykkel som me sko testa, og eg forklarte kor den kom ifra.. Så utbrøyt han høgt – Åjaa, komme den fra “Boggen” din, Pappa..?! .. Kult, altså.. 

Og når han leka med nabogutten her ein dag, og han lurte på kor denna løpesykkelen kom ifra.. Så svara Mini’en kjapt..  – Ed fått den av “Boggen” te Pappa, ed.. Har du og ein sånn “Bogg” ..!? .. Spurte han videre.. Men nei, nabogutten trudde hverken at han eller far hans hadde blogg, for nabogutten hadde jo ikkje ein sånn løpesykkel han.. Før de avslutta den samtalen, heilt klart fornøyd med sin egen enkle barnelogikk.. Og bytta litt på å prøva denna løpesykkelen, fra “Boggen”..

 

” Den kan faktisk vær ganske morosamt å tjuvlytta på kidsa, når de har små samtaler sammen, innimellom.. Det kan falla mange gullkorn, i ei sådan stund.. Vil eg tru..

 

Eg hadde forsåvidt store planer om å setta meg ner igår, for å skriva litt.. Men, sjølsagt så va det ein sånn fredag, kor sonå våras aldri såg ut te å bli tom.. Og eg hadde ikkje meir enn kommen inn dørene heima, før eg måtte avgårde med Eldstemann på fotballkamp.. Eg rakk såvidt å komma meg ut av arbeidsklærnå, spraya litt godlukt unna armane før me måtte komma oss avgårde, så me rakk oppmøte tiden.. Sist gang eg va med Eldstemann på kamp, så va det strålande sol og varmt å godt utforbi dørå heima, før me gikk..

Så eg hadde bare ei t-skjorta på meg og trødd på ei tynn jakka over, så når været slo om te overskya og ein iskald vind strauk øve banen, kan man vel sei at eg angra litt på klesvalget..

Så derfor heilgarderte eg meg igår, med ein god genser og varm jakka, så eg ikkje sko gå på samme smellen igjen.. Men, då va det sjølsagt strålande sol heile kampen.. Ein kamp som ikkje va ferdig før nærmare klokkå 7, så måtte me fylla diesel på bilen før me suste heim te Taco middag og litt kos foran Tv’en.. Så når eg landa i sofakroken te slutt igår kveld, då va eg jaggu meg heilt skutt og endte med å glo på ein film, i meir eller mindre komatøs tilstand..

Nåke som rett og slett bare va heilt toppers, itte ei heseblesande uka, med et lika hektisk tempo..

 

Men.. Nå e det helg igjen, Liverpool spille kamp og Kånå svinsa rundt i heimen som ein tornado.. Mens moppen får svingt seg, hybelkaninene skrike av angst og Mini’en har funnet tebake te godformen..

Det blir nok sannsynligvis nåken sprell, i løpet av dagen.. Kanskje ein tur på tivoli..

Kjedelig trur eg ikkje det blir, tempoet heilt klart høgt og forhåpentligvis så blir det meir å skriva om seinare idag.. Så ha ei strålande helg, Folkens.. Det satsa eg på det blir her i heimen..

Så får me bare se ka dagen vil bringa, av utfordringar, kjekke ting og ablegøyer.. Vil eg tru..

=D

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg