Mini’en, Junkfood og ein ellers mot Normal dag – Her i Småbarnsfabrikken..

Tjera vena meg, for ein dag.. Ein dag som egentlig starta rimelig greit, med ein heilt overkommelig mengde med gods på jobb.. Det hverken bugna over av varer eller va for lite, sånn heilt passe.. På ein måte.. Så, når både eg og Kånå va inne på terminalen igjen, itte første tur.. Så va det egentlig meiningå at Kånå sko ta turen heim, mens eg tok å lasta resten..

De hadde hatt problemer med rullebåndene på hovedterminalen på Alnabru igår, så det va forventa ein god del ekstra varer inn imårå..

Så istedet for å la varene me sko kjøra i morgen stå, så bestemte me oss for å få de ut, eg og Kånå.. Sånn at me va godt forberedt om det blir store mengder på fredagen.. Det e greit å vær godt beredt, så det ikkje blir fullt kaos og uberlang dag, på ein fredag liksom.. Så Kånå fikk ordna ett tantebarn te å møta Litlajentå, når hu kom heim fra skolen..

 

” Og så fylte me opp kvar vår bil, og kjørte te kvart vårt ytterpunkt.. Hu te Bokn, eg te Nedstrand.. Sånn at sonen vår blei renska for varer..

 

Forviklingane starta når klokkå nærma seg halv fira, og både eg og Kånå fortsatt spant rundt og leverte.. Litt trafikkproblemer, ringing te kunder og andre uforutsette hendelsar, hadde forsinka oss begge.. Og når man begge vekselsvis befinne seg i “The valleys of Dead Mobildekning”, sånn at begge ikkje hadde dekning på samma tiå..

Då e det jaggu meg ikkje lett å kommunisera, om kossen man sko løysa flokå, som me sjøl hadde rota oss opp i..

Og når me endelig i ett par sekund fikk kontakt, så snakka me jo såpassa fort og i kjeften på kvarandre.. At ingen av oss høyrte ka den andre sa, før ein av oss mista dekningen.. Snakka deg om suppa, vettu.. Eg blei rett og slett heite i toppen og klaga meg mi såre naud, der eg satt i lastebilhyttå og forbante den forbaska dårlige mobildekningen, innover i distriktene..

 

” Det va jo så inni granskauen typiskt at når eg hadde dekning, ja då va Kånå uten.. Eller omvendt.. Sjølsagt akkurat når me trengte det som mest..

 

Itte nåken minuttar i fullt villrede om kossen me sko løysa dilemmaet, så fikk me endelig skikkelig kontakt.. Kånå hadde på realt Kånevis løyst opp i flokå sjøl, mens eg hadde vært i teknologiens svarte hull.. Sjølsagt sko me henta jentå te ein av naboane på feltet idag, så det va jo litt greit å rekka barnehagen, på ein måte..

Men Kånå hadde på ett usannsynlig vis tilrevet seg overtaket, på ein strabasiøs dag som nesten hadde overmanna oss..

Ihvertfall sånn jobbmessig.. For me hadde avtalt at det fikk bli junkfood te middag idag.. Når me nærmast jogga inn dørene heima med få minutts mellomrom, så va avtalen at Kånå sko kjøra opp på og handla mat.. Mens eg tok meg av Flokken.. Men, gudhjølpe meg.. Kim som gjekk på den største smellen, det vett ikkje eg.. For Flokken virka som om de hadde spist dynamitt idag..

Og med Han i Midten i fortroppene så gikk de nærmast amok, mens ein sliten Fatter’n kava rundt i ørskå..

 

Og når Kånå te slutt kom heim, og eg akkurat hadde fått orden i rekkene.. Itte å ha ferska Mini’en minst 3-4 ganger på rad, mens han stille som kjettå lista seg opp på kjøkkenbenken.. For å gjør ett brekk i snopeskapet.. Ja, då hadde Kånå fått heilt feil mat te Kidsa.. Istedet for 4 barnemenyer med Nuggets, så lå det 4 cheeseburgere oppi, dandert med ketchup, sylteagurk og dressing..Og null Nuggets..

Sjølsagt nåke som ingen av våre ungar ete.. Litlajentå og Mini’en e forsåvidt storforbrukare av ketchup, men resten e de sterkt reserverte mot..

Kånå klikka i vinkel, treiv posane te seg og trampa nerøve trappene igjen.. Meir eller mindre illsint.. Det e ikkje første gangen me har fått feil, men då har det gjerna bare vært ein meny som ikkje stemme heilt.. Ikkje alle fira.. Det va jo reinaste katastrofe stemningen i stuå.. Mini’en hylskreik, Litlajentå klikka fordi hu ikkje fikk vær med mor si opp å ordna opp..

 

” Mens dei to eldstegutane satt og klaga seg øve kor sultne de va..

Himmel og hav…

 

Eg tenkte forsåvidt for meg sjøl, at eg egentlig va sjeleglad for at det ikkje va eg som stod bak disken der oppe.. Når ei mildt sagt irritert, småilter og skrubbsulten Kånå, kom trampande inn dørene for å reklamera.. Stakkars folk.. Nåken skjebner e så galne, at man nesten ikkje unne sine verste fiender det ein gang.. Men, men.. De hadde nå forsåvidt tråkka i salaten sjøl..

Eg fikk stilna Mini’en med å gi han min Pomme Frites.. Litlajentå hadde heldigvis satt seg ner med Legoen sin, og dei eldste va opptatt med ein serie på Tv’en..

Men når Kånå kom heim med rett mat så klikka Mini’en igjen, fordi han ville ha jordbærmilkshake sånn som Han i Midten hadde fått.. Men han får ikkje det meir.. Fordi ein gang når han fikk det.. Så tok han to sup og ville ikkje ha meir.. Alikavel så har han ikkje lært og laga ett haraball uten like.. Det hjelpe jo ikkje akkurat på at han e inne i ein av sine mest trassige periodar te nå, og teste oss foreldre ut te den store gullmedaljen..

 

” Redningå blei at han fikk smaka av Han i Midten, og satte opp ei grimasa uten like når ham endelig huska at han ikkje likte det.. Herregud..

 

Men… Omsider hadde me fått middagen i oss, og ein slags fred senka seg over heimen.. Det betyr at Flokken røymte huset og stakk ut.. Kånå fyrte igang med husarbeid, mens eg benytta sjangsen te å stikka avgårde te mine foreldre ein tur, på kaffibesøk.. Med påskudd om å ønska de god tur.. De ska te Spania på lørdag.. Mor mi har ikkje vært heilt begeistra for detta, hu lika seg ikkje i varmare strøk..

Men eg trur hu ser litt fram te det nå, når kveldane blir fort mørke og kulda snart sette inn..

Eg fikk med meg nåken nøster med stoff, som Kånå hadde handla inn te Mor mi.. Hu hadde bestillt pannebånd te Litlajentå.. Så egentlig hadde eg god grunn te ett lite friminutt i ein vilter hverdag.. Som forsåvidt blei nøte i det lengsta.. For når eg trødde inn dørene heima.. Så va det full gass i heimen igjen.. Dei 2 minste som egentlig hadde lagt seg, holdt ein makalaus sjau i 1 etg.. Han i Midten satt i stuå med tv’en på full guff..

 

” Og eg hadde glemt å henta Eldstemann hos ein kompis, som eg hadde lova på veien heim.. Det fant eg ut når eg spurte Kånå om kor han va henne… Kånå himla med augene og rista oppgitt på hovudet..

 

Så joda.. Stort sett e det mesta som normalt.. Hverken meir eller mindre…

Vil eg tru…

??

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg