Han i Midten, Svigermor og ein Servitør med Colgate smil…

Me va i selskap på mandag, for Svigermor fylte år.. Kor gammal hu blei huska eg ikkje, men hu oppføre seg nå og ser ungdomsleg ut ennå.. Og det va heilt klart ikkje nåke runde dag, for då hadde Kånå vært heilt nazi i forhold te kleshabitten for meg og Flokken..

Hu e greie sånt sett, e det ikkje runde dag kan me godt gå litt lauselig fint kledd i selskap.. Så eg tok på meg tv-klærnå, for å imponera litt..

Og jaggu meg så satt det så ei kula.. For når eg luska ut fra badet og traff Kånå i gangen, kikka hu smilande på meg og ga meg ett solid blikk som heilt klart betydde absolutt godkjent.. Det va ikkje det der sultna blikket.. Men det va egentlig heilt greit, me sko jo i selskap alikavel.. Det passa seg nok ikkje med sultne blikk og oppildna mannfolk då..

 

Kan bli for mye av det gode og, innimellom..

 

I bilen på vei te Svigermor blei det plutselig full fyr, for Han i Midten hadde fått for seg at han ville ha Motor Cross sykkel.. Tjera vena meg vett du, sånne med motor.. Kor det kom ifra visste hverken eg eller Kånå, og me blei jo så satt ut at me glemte heilt at det besta e bare å jatta med han.. Istedet satte me oss heller totalt på bakbeinå, detta kom ikkje på tale..

Å sei at Han i Midten tok imot det med stormande ro, e nok å øvedriva litt.. Han blei mildt sagt rasande..  Man kunne jo likasågodt ha kasta 10-15 flasker tennvæska på ett St.Hans bål i full fyr..

Man hadde fått samme effekt, på ein måte.. Me har jo lært oss å bare jatta med han, for som oftast har han glemt ut sånne innfall litt seinare, alikavel.. Men her gikk me altså på ein smell, og blei nødt te å kjøra te sides for å roa gemyttene itte at han sprakk.. Ja ja, sjølsagt sko me sjå på muligheten te å anskaffa ein Motor Cross sykkel..

 

Når du e 18-19 år og kan betala sjøl.. Det sista der sa eg inni meg, man trenge jo ikkje avsløra alt man tenke på..

 

Når me parkerte i gården hos Svigers hadde Han i Midten glemt heila Cross sykkel greiå.. Som eg sa, det går stort sett fort over.. Han har ett enormt indre landskap og ein fantasi på størrelse med Russland, den guten der.. Så me slutta aldri å bli øverraska øve ting han kan finna på å lira ut av seg.. De har jo nettopp lært om kossen barn komme te verden, på skulen nå..

Så kvar gang eg og Kånå gjerna gir kvarandra ein nyss eller klem.. Ser du bare guten sette opp ei fæla grimasa, før han grøssa og uffa seg..

Han syns ikkje det passa seg for sånne fossiler som oss, å styra på med sånt nåke.. Kunne ivertfall ta hensyn te dei andre i heimen.. Det e jo rett og slett kvalmande oppførsel for ungar, å oppleva sånne ekle foreldre meinte han.. Sjølsagt har han jo alliert seg med dei 2 minste og kvar gang me så mye som nærma oss kvarandre, eg og Kånå..

 

Så oppstår det ett hylekor av dimensjonar.. – Æææsj, ekkelt..

 

Men, men.. Me va nå kommen te Svigermor for å kosa oss i selskap.. Som mange har fått med seg så har det vært så som så med blogging i det sista, så det blei lite snakk om den i selskapet..

Nåke forklaring på fraværet har eg egentlig ikkje, anna enn at det har vært fantastisk herligt å bare hatt ein liten kreativ ferie..

Men så kom me inn på ein episode fra ein av sydenturane te Svigers.. Ein av dei første gangene de hadde vært i Tyrkia.. Og den måtte eg bare gjenfortella, meir eller mindre med Svigermor sin velsignelse.. Eg huska ikkje heilt nøyaktigt hendelsesforløpet, men det har ingenting å sei alikavel.. Det e poenget som telle her..

 

De hadde hatt nåke problemer med rommet eller lignande trur eg, itte de hadde landa og kommen seg på hotellet.. Og som mannfolk flest hadde vel Svigerfar vært nåke treig i avtrekket med å gi beskjed.. Så Svigermor fant ut hu fekk ta saken i egne hender å ordna opp.. Og ringte te resepsjonen for å å gi beskjed..

Det Svigermor ikkje kom på, va at engelsken hennas gjerna ikkje va av høgaste kaliber..

Så det blei ein nåke stotrande affære som blei overført øve telefonlinjå.. Svigerfar som satt på terassen hadde vel humra og ledd litt for seg sjøl i skjul, der han satt.. For det blei ett fæla styr på telefonen med gebrokkent engelsk i begge endar, men te slutt fikk de ein felles forståelse om at de va enige.. Og det sko komma folk opp på rommet..  Svigers bodde på rom 310..

Nåke som Svigermor behørig proklamerte opp te fleire ganger..

 

– Yes.. We need help på room three ti.. Okey ja, yes.. Three ti.. Jada.. Flott ..

 

Om det å snakka engelsk e ein liten utfordring for Svigermor, så trur eg nok ikkje forståelsen heller e heilt patent.. Men, Svigermor la fornøyd på røyret te slutt, og tusla stramt ut på terrassen itte endt oppdrag.. Svigerfar fikk sikkert ei leksa om kor enkelt detta blei løyst, øve terrassebordet.. Som mor som datter, vil eg tru..

Ikkje så lenge ittepå banka det på dørå deiras.. Og Svigerfar gjekk for å åpna..

Og der utenfor dørå stod det ein staut servitør med ett serveringsfat i håndå og smilte som ei sol.. Svigerfar lura nå egentlig voldsomt på ka i all verden denna karen stod der itte, når de egentlig hadde forventa ein servicemann med verktøykasse.. Istedet for ein strøken smilande kar, så holdt ett serveringsbrett med 3 koppar tyrkisk te, opp unna nasen hans..

Men når Colgate smilet lira ut av seg ei litå leksa på gebrokkent engelsk, så går det opp for Svigerfar ka så har skjedd…

 

– Hello mister.. I have youre 3 cups of tea that you ordered?? ..

Threeti… Three tea..

Svigermor blei nåke forfjamsa når hu blei forklart fadesen, men tross alt.. Hu kan jo ikkje få all skyld for den litle smellen der.. Litt må nok dei i resepsjonen på hotellet ta og..

Men ei artig historia blei det…

Hehe.. Sånn kan det gå.. Når man gjerna ikkje har det besta utgangspunktet i engelsk, på begge sider av saken..

Ha ein strålande fredag, Folkens…

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg