Mannen med Ljåen, eit lumsk Rundstykke og Meg …

 

Alt låg te rette for ein nydelig dag på jobb når eg rusla bort te bilen, i dag morgens, og satte meg inni, starta opp gliset før eg skrudde på frontrutevarmen.. Det stod minus 2 grader i displayet og ett tynt islag hadde lagt seg på rutå, men solå hadde såvidt begynt å lysa opp bak fjellene, og det fantes ikkje ei sky på himmelen.. Om det va litt kaldt nå på morgenkvisten, så visste eg jo at solå ville varma, seinare på dagen.. Så eg bekymra meg ikkje så mye, øve at eg har gått øve te sumar antrekket, og droppa ulltrøyå og stilongsen.. Sjøl om man gjerna savna de litt om morgenen, gjekk eg på ein smell den første dagen med vårvær, og svetta som ein isbjørn i syden, seinare på dagen …

 

Eg suste opp på terminalen når rutå va defrosta, parkerte mellom ett par containere og gjekk inn på godshuset.. Og fikk nærmast sjokk øve godsmengden på sonen våras …

 

Det va godt med gods igår, men idag toppa det seg virkelig, nåke som på ein måte e heilt typisk, på ein fredag.. Då e det liksom fifty-fifty sjanse, mellom ein heilt grei dag og ett regelrett rotterace av sjeldent kaliber.. Idag va det uten tvil ein sånn dag, kor man meir eller mindre kava rundt med kun hovudet øve vannet, før man gjerna drar seg nåkenlunde i land, litt ut på ittemiddagen.. Åttatjue paller bare te ein kunde, det viste liksom litt igjen, på ei allerede godt full sona.. Når eg stod i sluså mi idag morgens, å lurte litt på kossen i all verden me sko klara å løysa denna dagen, mens ein kjapp kopp kaffi glei ner …

 

” Løysningen va forsåvidt å bare slutta med å stå der å lura, for varene går jo ikkje inn i bilen av seg sjøl, og heller kasta seg ut i det, og få nåke gjort.. Enkelt og greit …

 

Når eg kom opp på terminalen igjen itte første turen, så va det Kånå som stod å klødde seg i topplokket, og ikkje viste heilt kossen hu sko føta seg.. Det kom seg litt når eg fikk trødd på resten av dei åttatjue pallane, og Kånå fikk litt meir plass te å omryma seg, slik at hu fikk sortert resten av smågodset.. Mens eg va ute i felten å tømte lastebilen igjen.. Og før me visste ordet av det, både eg og Kånå, så hadde hu fått lasta opp sin bil og eg va klar for min tredje tur.. Puuh, klokkå hadde såvidt tippa ti tallet, og eg hadde nærmast ikkje vært nede på moder jord, der eg fløy lavt øve bakken og jobba som ein gal … 

 

Då va det ein god følelse å kjenna litt på når klokkå tippa halv ett, og eg rulla ut fra Aksdal og satte kursen mot Hervik, at eg mest sannsynlig hadde kommen meg sånn nåkenlunde ovanpå igjen …

 

Det hadde faktisk gått så hardt føre seg denna morgenen, at eg hverken hadde skrudd på radioen eller kobla Spotify’en te, og heller kjørt rundt i stillhet.. Skjønt, det hadde forsåvidt ikkje vært så stille oppe i topplokket, der tankane om kossen me sko løysa dagen, hadde rulla for full musikk.. Jøje meg.. E ikkje det litt merkelig på ein måte, at man faktisk kan bli sleten, bare av å høyra på seg sjøl tenka ? .. Så, eg tok meg tid te å kobla mobilen te anlegget, før eg kjørte fra Aksdal og fyrte igang playlistå te bloggen på Spotify.. Ingenting e så herlig på ein nydelig solskinnsdag på jobb, som å la litt god musikk fulla kupe’en, mens man synge litt med … 

 

” Det tok heilt av når Free Fallin med Tom Petty, trilla ut av høytalerne, og eg satt å dunka takten på rattet mens eg skreik sånn med på refrenget, at ein flokk skjærer letta i panikk fra ett grantre, lika før Falkeid idrettsplass …

 

Eg kjente at det rumla litt i magasekken når eg svingte te høyre, og inn på Hervikvegen, så eg fiska frem matboksen for å få meg ein matbit.. Og blei jaggu meg i øvekant overraska når eg åpna den, for der eg pleie å finna dei sedvanlige brunostskivene, der låg det to nydelige rundstykker med skinka, dandert med ett par paprika remser på toppen.. Tjera vena meg.. Kånå hadde virkelig overgått seg sjøl idag, tenkte eg takknemlig for meg sjøl, mens eg lurte på om det kunne ha sammenheng med at gjekk amok på kjøkkenet igår.. Og rydda av bordet itte middagen, tok oppvaskmaskinen to ganger, før eg vaska øve bordet og kjøkkenbenken …

 

Men, gudhjølpe meg, og Herrenes trofaste Hærskare.. Lika før eg kom te der nye vegen treffe gamle vegen, klarte eg på ett merksnodig vis, å svelga litt på vrangå, sånn at maten havna i feil hull, på vei ned i magasekken …

 

Eg vett ikkje, men eg trur ikkje det va mange sekundane, før Kånå gjerna kunnet ha spretta champagnen, og titulert seg som enkefrua.. Der eg satt i absolutt full panikk, bilen rulla fremover i seksti kilometer i timen, og eg fikk hverken luft inn eller ut av lungene, ikkje så mye som ein kjøttmeis nys eingang, fikk passera i luftveiene.. Ei hosteria som fikk hjernen te å rista te minst ni på Richters skala, satte instinktivt inn, høyrefoten røyk lukst på bremså mens den venstre leita itte ein clutch som ikkje va der, eg har jo automatgir.. Lastebilen glei forsiktig inn te sidå før den stoppa heilt, mens eg fortsatt hosta som ein innbarka sjømann, som har røykt karva blad i ein mannsalder …

 

” Men, akkurat når eg sitte å tenke på at nå må stakkars Kånå oppdra fira ungar aleina, og at Hervik Rør ikke ville få varene sine idag, så kjente eg ett eller anna løsna nere i halsen.. Før eg endelig får ta ett makalaust og herlig magadrag med luft … 

 

Herreguuud.. Det va som om ett lettelsens hjertesukk fylte lastebilhyttå, når det gikk opp for meg at lungene fikk luft igjen, og at eg heilt klart ikkje ville svikta Hervik Rør, og komma meg inn med varene, alikavel.. Gudbevaremegvel, det sko nå jaggu meg tatt seg ut, at eg ikkje hadde fått fullført rutå mi.. Kan dåkke tenka dåkke.. ?

Når eg fikk tenkt meg litt om og kommen nåkenlunde te hektene igjen, så va eg jo sjølsagt glad på Kånå sine vegne og.. Som slapp å sitta aleina igjen, med ein flokk spinnville barn.. 

Resten av nistå røyk lukst ut vinduet, matlysten hadde rett og slett fordufta og eg priste meg sjøl lykkelige øve at eg hadde lurt sjølvaste mann med ljåen, i siste øyeblikk.. Jøje meg, altså.. Det e jaggu meg ikkje merkelig at eg aldri vinne i Lotto, når all flaksen min blir brukt opp på slike ting som detta her.. 

 

Dagens lærdom, den må vær at at livet e jaggu meg ein rimelig skjør ting, og tygge man ikkje maten skikkelig, kan det fort gå lukst te helsikke..

Strengt talt, så e det gjerna heller ikkje så smart å kauka itte Bradley Cooper i duett med Lady Gaga på Shallow, mens man spise rundstykke og kjøre lastebil, bare sånn te ettertanke for andre yrkessjåfører.. 

 

God helg, Folkens..  Og så slenge eg med ein liten sang te Kånå, som eg vett hu lika så godt.. Love u beibi.. 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg