Lørdagsmorgen, Mini’en og soga om Stolen…

 Følg Boden.. Nå også på SnapChat : Gikkbareiboden

Følg Boden.. Nå også på SnapChat : Gikkbareiboden

Så va det lørdag igjen.. Eg sitte endelig i sofakroken min ved vinduet, ein kopp varm kaffi står på armlenet og Coldplay fylle stuå med nydelig musikk.. Men, det va ikkje sånn denna lørdagen starta, for den starta med full oversvømmelse i loppekasså klokkå halv 6.. Mini’en hadde kommen inn i løpet av morgenen, og i halvsøvnå tatt med seg ein kopp med saft..

Forsåvidt ein sånn med lokk.. Men ikkje ett sånt lokk som holdt tett.. Så eg vakna i ein dam av bringebærsaft, og ryggen hang nærmast fast i lakenet.. Herligt..

Det va bare å luska ut på badet å henta 3-4 håndkler, og legga over.. Mini’en sov som ein stein limt inn te Kånå på hennas side, sjølsagt har syndaren oppdaga fadesen og ordna seg sjøl.. Eg fikk jo ikkje sova ittepå for kvar gang eg lea på meg, så kom det ein sånn borrelås lyd.. Eg hadde sikkert ett belegg med saft på ryggen, som reagerte med lakenet og dynå..

 

” Men, eg orka ikkje å gå ut på badet å vaska borrelåsen av, eg va rett og slett dautrøtt itte ei hard arbeidsuka, med tidlige morgener..

 

Fra klokkå 8, så begynte Mini’en sine mangfoldige forsøk på å få liv i sine skaperar, itte først å ha sjekka om det va lørdag.. Han spør alltid om det på lørdagen.. Om det e lørdag idag.. Dei andre morgenene, så e det om han ska i barnehagen, som e det stora spørsmålet.. Så begynne ein kakafoni av mas om å stå opp.. Somme ganger får me sendt han inn på rommet sitt, andre ganger blir som i dag..

Kor han e som ein innpåsliten klegg som absolutt ikkje vil gi seg.. Ein klegg høg som ett fly, itte å ha slurpa i seg ett par dråpar Redbull..

Gudhjølpe meg.. Det va bare å jumpa ut av loppekasså, rusla opp på kjøkken og laga seg kaffi.. Litlajentå og Han i Midten kom luskande ikkje så lenge ittepå.. Kånå sko avgårde på nåke hudpleie greier, hu hadde ett gavekort som måtte brukast opp før det gikk ut på dato.. Kidsa fikk seg litt frokost og fordelte seg litt rundtomkring i heimen..

Ein nåke turbulent morgen begynte å finna roen.. Så eg tenkte at nå e det heilt sikkert trygt å gå på do..

 

Men… Som alle småbarnsforeldre heilt sikkert vett, så e ett dassbesøk meir eller mindre einsbetydande med, at resten av heimen som regel oppløysast i ett reinspikka inferno av fantaskap, sjau og lignande.. Og eg hadde nærmast ikkje fått satt meg på rammå, før Mini’en kom løpande med tårene trillande og håndå foran kjeften..

Han har hatt falsk krupp dei siste dagane, og e nåke tett i halsen.. Både pga astmaen og ein yrande forkjølelse..

At han då hadde gjort ett lite innbrudd i ein pose med saltstenger, og fråtsa som ein utsulta bjørn.. Det gjorde absolutt ikkje saken bedre, og nå hadde saltstengene kommen i retur.. Herreguud.. Eg fikk nappa te meg krakken han bruka når han pusse tennene, snudd den på hovudet så han fikk spytta ut.. Raska te meg ett håndkle og tørka både hender og munnen..

 

” Litlajentå og Han i Midten kom styrtande te, og lurte på ka som foregikk.. Og ei litå harmonisk stund på dassen, blei ein liten katastrofe scene..

 

Hjølpe meg.. Eg fikk sendt de på dør, men då kauka Han i  Midten ut at han ikkje ville vær i samma rom som Mini’en.. Han ville jo ikkje ha spysjukå.. Alle mine forsøk på å forklara koffår Mini’en hadde gulpa litt, va nyttelause.. Å sitta på dassen å prøva å overdøyva ein gjeng spinnville ungar, det e ikkje akkurat optimalt..

Det va bare te å kapitulera, komma seg av pottå og få litt orden på galskapen..

Og itte ei litå stund va igjen litt harmoni og orden oppretta i heimen.. Eg fikk laga meg ein ny kopp kaffi, satt meg i stugo og funnet fram denna laptopen og endelig begynna på ett innlegg.. Det har blitt litt smått med oppdatering dei siste ukene, det e rett og slett sinnsykt travelt på jobb.. Og når kvelden komme så ligge me i sofaen, meir eller mindre utslitt..

Lysten te å skriva e jo der, men energi og overskudd e forsvunnet ut i intet..

 

Litt å skriva om har det jaggu meg vært og, for sjøl om eg e stille på bloggen så stoppa ikkje livet rundt meg opp.. Her ein dag så blei eg sendt opp på Raglamyr, som e det nærmaste området for handel her i lendet.. Det e der alle butikkane og ett svært kjøpesenter holde te.. Eg sko bare bytta ein skotørkar som ikkje virka meir, men blei sendt i hytt og pine på diverse ærend for Kånå..

Hu sko ha seg ein kommode som kom på salg, hos ein av møbelbutikkane.. Som sko stå under tv’en på soverommet..

Dagen ittepå hadde Kånå vært og henta den, så når eg kom heim fra jobb måtte den sjølsagt skruast opp.. Tjera vena meg.. Det va eg som hadde funnet den og sendt bilder heim te Kånå, kor hu deretter hadde godkjent kommoden.. Men, når eg begynte å skru den sammen fant eg fort ut at denna møbelbutikken, heilt klart hadde forbedra kvaliteten på produktene sine, siden sist med handla der..

 

” For det va ikkje måte på kor mange skruar som sko både her og der.. Eg trur ikkje denna kommoden dette sammen med det førsta..

 

I samma slengen, hadde Kånå funnet seg ein stol som hu hadde lyst på.. Og utover kvelden, så sette hu igang på egen hånd å skrua denna stolen sammen.. Eg hadde nettopp ferdigstilt kommoden og inntatt hvilestilling i sofaen, når Kånå begynte på denna famøse stolen.. Egentlig, så har eg ikkje lov å skriva om detta av Kånå, eg filma til og med ein snap om detta og, men Kånå la ner veto og filmen blei sletta..

Men, eg klara ikkje å la vær..

For når Kånå endelig va ferdig og satte vidunderet opp, så kom det ett utbrudd eg ikkje ska gjengi her inne.. Det hadde heilt klart ikkje sømma seg.. For stolen sto og vippa på 2 bein, uansett kossen man sette den.. Og Kånå forstod absolutt ingenting.. Hu skjelte og smelte på butikken, stolen og tiå hu hadde brukt.. Åsså va detta resultatet hu fikk, liksom..

 

” Nei, detta va siste gang hu hadde handla på den drittbutikken..

 

Eg hinta fram på om det muligens kunne vær nåke hu hadde gjort feil, men fikk blikket i retur.. Det blikket som fryse blod te is, sette hjernen igang i alle retningar og får ditt eget blikk te å flakka som ein forstyrra papegøye.. Hu gjort feil, sjølsagt hadde ikkje hu  gjort feil.. Kånå hadde gjort akkurat som bruksanvisningen hadde fortalt.. Så då måtte ihvertfall den vær feil..

Herrreguuud.. Ka eg trudde liksom.. At Kånå ikkje kunne skru sammen ein stol eingang.. !?

Men… Itte litt gjennomgang av bruksanvisningen, når Kånå hadde roa seg litt.. Så visste det seg at 2 bein va forbytta.. Det sko stå 2 litt kortare fremme, og 2 litt lengre bak.. Som nå stod i sikk sakk og dermed så stod stolen bare å vippa.. Kossen i helsikke sko hu forstå at beinå sko stå sånn, meinte hu.. Det stod jo ikkje at de hadde forskjellige lengder heller..

 

” Ikkje når eg viste Kånå at det faktisk gjorde det, stod at beinå ikkje va lika lange.. Så va jo det heilt idiotisk det og, for det va jo bare snakk om halvannen cm, uansett..

 

Dei blei litt lått og løye med heila greiå, for eg trur Kånå va så trøtte når hu sko fiksa opp i fadesen.. At hu holdt på å gjør akkurat det samma, bare omvendt.. Det va då eg fant fram mobilen og tenkte detta va ett fantastisk Snapchat øyeblikk, og Eldstemann kom ruslande ner trappå å lurte på ka som foregikk..

Mens Kånå stod å gjemte seg i ett hjørna i stuå, mens hu kauka at eg måtte slutta å filma..

Gudhjølpe meg og herrens Hærskare.. Om eg ikkje sletta den filmen så blei det lukst i Bodå, og der kunne eg bare vær heilt te jul.. Eg stod faktisk der å vurderte om det kunne vær verdt det, men kom på bedre tankar.. Det e fortsatt lenge te jul.. Heilt klart.. Så eg droppa planen, sletta filmen og tok heller å hjalp Kånå med stolen..

Eg e tross alt bittelitt smart, og valgte det som ga størst gevinst, i det langa løp.. Det e som sagt, forskjell på å vær toskjen og idiot.. Å legga ut bevis for at Kåner kan gjør feil, kan fort bli skummelt..

 

Og idiot, det kunne eg vær ein anna dag.. Heilt klart..

=D

 

 Følg Boden.. Nå også på SnapChat : Gikkbareiboden

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg