Litt Forviklingar, eg og Kånå – Badeturen

 

Me har vært å bada idag, på strandå inne hos Søster mi.. Me har forsøkt i 3 dagar nå å komma oss inn, men ett eller anna har kommen i veien.. Mandag kom regnet, igår kom eg for seint heim fra jobb men idag sto lykken oss bi.. Og me fikk endelig kommen oss ut på badetur, igjen.. Flokken va rimelig klar, itte å ha blitt skuffa dei 2 første dagane i ukå..

Når eg kom heim idag itte jobb, så va eg egentlig klar øve at me sko avgårde å bada.. Men eg hadde det forrige innlegget på tungå, og stupte bort i sofaen for å få det ut, itte at middagen va fortært..

Somme ganger når ting ligge å murra i hovudet, så må eg bare få det ut så kjapt som mulig før eg har mista tråden i det.. Så eg tenkte det va best å ivertfall få starta på det innlegget, før me sette avgårde på badetur.. Eg satt vel litt i min egen verden og fikk ikkje heilt med meg Kånå, som hasta rundt i heimen og masa på meg om å få rævå i gir og lignande.. Så før Kånefilteret slo inn hadde eg sluppet ut ein kommentar, som ikkje akkurat gjekk heim.. Mildt sagt..

 

Kånå sendte meg ett blikk, men snudde utrolig nok tvert om.. Og eg vendte oppmerksomheten tebake te pc’en, kor fingrane fløy over tastaturet.. Meir eller mindre totalt oppslukt av detta forriga innlegget..

 

Ei litå stund seinare va det blitt bemerkelsesverdig stille i heimen, innlegget va nærmast ferdig så eg reiste meg opp for å kikka itte Kånå og Flokken.. Eg vett ikkje heilt koffår, men eg kikka tilfeldigvis ut stuevinduet der eg stod.. Og der nere på veien kjørte plutselig Kånå forbi, mens hu kikka meg rett i kvitauga fra bilvinduet.. Om ikkje nakkahårå har gått rett te værs av skrekk før, så gjorde de det ivertfall nå.. For å sei at det blikket meir eller mindre va morderisk, det e ikkje å ta for hardt i..

Han i Midten va sjølsagt “missing in action” når me sko gå, og det va det hu hadde forsøkt å gi beskjed om før hu ba meg om å få rævå i gir.. Når eg sjølsagt plumpa ut på djupt vann, med ein nåke småhissig kommentar tebake..

Hu hadde då bare resignert og tenkt at skitt au, då får bare den snåtten hu hadde av ein mann bli heima.. Og kjørt på leit itte Han i Midten, som hu forsåvidt hadde ein mistanke te kor va.. Itte at sjokket hadde gitt seg og nakkahårå va på vei ner igjen, fant eg ut at her va det best å handla raskt.. Så eg spurta ner trappå, trødde i skornå og sprang som ein ungkar bort te veien.. Og håpte at Kånå kom denna veien igjen..

 

Eg såg hu kom litt borte i gatå itte ett minutt og to, og av ein eller anna grunn slengte eg opp tommelen og skrudde på sjarmørblikket og håpte på det besta.. Eg såg meir eller mindre på Kånå at hu sterkt overveide om hu sko kjøra videre, eller stoppa..

 

Heldigvis stoppa hu.. Igjen hadde eg redda meg inn i siste øyeblikk, med ein eim av Bodlukt hengande øve meg i kupe’en.. Eg tenkte det va best å holda kjeft på veien inn te strandå, og heldigvis laga Flokken såpassa sjau i baksetet.. At Kånå så ut te å ha begravd stridsøkså, det va iverfall ikkje meg det gjekk utover.. Der hu manøvrerte oss stødigt innover, mens hu kauka kommandoer te galskapen i baksetet.. Det va faktisk ganske så avslappande å sitta der i passasjersetet framme, og for ein gangs skyld vær den som ikkje kjøre..

Eg holdt nesten på å sei det høgt, men klarte heldigvis å holda kjeft i siste liten.. Eg hadde vel forsåvidt sagt nok idag som hadde rykka meg nærmare Bodå, så det va ingen vits å utfordra skjebnen..

Itte me hadde parkert i gården hos søster mi og rusla ner te strandå, så fikk Han i Midten ett lite anfall.. Han ville at me sko rigga oss te på plenen bak om sjøhusene, for det va allerede litt folk på strandå.. Han får sånne små innfall av og te, når han gjerna ikkje e heilt i laget.. Når det ikkje gjekk heilt som han hadde tenkt, så tok det litt av ei litå stund før han fekk kjølt seg litt ner med ett bad.. For det va ikkje akkurat så steikje mye varmare i vannet idag, enn sist me va her inne..

 

Det va ett sånn slengtau som henge i ett tre der og, så litt energi fikk han brukt opp der og.. Me prøve jo liksom å ikkje ta så mye plass, når me e på sånne offentlige plassar..

 

Men av og te har eg ein følelse av at ting bare blir verre, når me prøva å kontrollera villskapen litt.. Stort sett e det besta å bare spela med, å heller overse litt av fantastrekene.. Det har ein tendens te å gå seg te då, og heldigvis så gjorde det idag og.. Han i Midten og Eldstemann slo seg sammen om å fanga krabbar, Litlajentå og Mini’en storkosa seg mens de vassa rundt og leka.. Og Kånå begynte på ett sandslott..

Eg lurte meg te å skriva ferdig detta her innlegget eg hadde begynt på, sjøl om eg fikk nåken småolme blikk fra Kånå..

Så når eg va ferdig reiste eg meg kjapt, å gjekk for å hjelpa Kånå med sandslottet.. Eg klara jo ikkje å stoppa når eg begynne med sånt nåke.. Ein gang når me va på Mallorca tok det heilt av, og slottet blei så inni granskauen svært og flott.. At folk som gikk forbi begynte å spør om de kunne få ta bilde av det.. Tjera vena, vettu.. Det blei ett sånt ambivalent øyeblikk, kor man va både stolt og flau.. Men mest flau, trur eg..

 

Så når ei dama som hadde kosa seg på strandå, kom gåande forbi og lurte på om hu ville havna i innlegget ikveld, hvis hu tok fart å hoppa opp i slottet me hadde bygd.. Så va det litt samme følelsen..

 

Det som om man hadde blitt tatt på fersken på ein måte, både som “Han i Bodå” og for å vær overstadig barnslig.. Sjøl om man “liksom” gjorde detta sammen med Kidsa.. Kidsa som te slutt nesten ikkje får lov te å leka med det Fatter’n holde på å laga.. Det e så gale vettu.. E lika jo at folk lika bloggen, men e jo og glad i anonymitets tilværelsens kamuflasje.. Man blir liksom litt forbausa av å bli gjenkjent, og e ikkje heilt vant med det..

Men tross alt burde eg gjerna ikkje bli så forbløffa, når me e inne på strandå hos Søster mi.. Dei fleste der vett vel kim eg e, alikavel..

Te slutt så fant me ut det va på tide å pakka sammen.. Me sko ein tur innom foreldrene mine med ein presang, så for at det ikkje sko bli så seint måtte me rusla.. Det ville jo ikkje dei 2 eldste, som for ein gangs skyld kosa seg sammen.. Eldstemann hadde akkurat fanga eit svært beist av ein krabbe, te å vær i strandkanten.. Som de satt og beundra oppe i bøttå.. Den va nesten så svær at den klatra ut av bøttå.. Te Mini’en sin store glede..

 

Men te slutt fekk me hanka de inn, og luska oss avgårde..

 

Mor mi diska opp me kaffi, lapper og is te kidsa når me kom.. Så “kveldsmaten” va i boks.. Flokken sprang rundt og brukte sine siste krefter, mens me foreldre fikk ett lite friminutt..

De holde seg stort sett rett rundt dørene, hos foreldrene mine..

Så man kan slappa ganske så godt av.. Man har liksom augene i de, uansett kor de e.. Når man sitte på terrassen deiras.. Og når me kom heim ikveld, så slokna dei 2 minste meir eller mindre før de traff lakenet..

Forsåvidt dei to eldste og, når det va deiras tur..

 

Så dagen i dag, den har meir eller mindre vært så vellykka som den kan bli.. Litt fantaskap, mye kos og bading før den blei avslutta i sofaen.. Som alltid..

Meir eller mindre utslitt.. Men mange minner rikare..

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg