Lamborghini har seks seter… !!

 

Igår hadde eg og Han i Midten ein interessant samtale, når eg sko kjøra han på trampett treningen.. Ein konversasjon som nesten kunne minna litt om Wesenlund sin tannlege samtale, når de diskutere kor mange sylindre ein Volvo hadde.. For Han i Midten lurte først litt på ka bilen me kjørte hette, som va ein Ford Custom.. Ein sånn varebil med 3 seter og stort lasterom..

Den som Kånå kjøre på jobb.. E jo nesten som ein sportsbil detta vettu, sa eg.. Med bare 3 seter..

Då, lurte jo guten litt på ka eg meinte med sportsbil, for gutane våres foruten Mini’en.. Dei har egentlig aldri brydd seg så mye om bilar og ka de hette og sånn.. Mens Mini’en e heilfrelst.. Jaja.. Det e vel gjerna mest lastebilar Mini’en har hengt seg opp i, men han lika ivertfall bilar litt meir enn sine brødre.. Så eg svara at sportsbilar som regel hadde 2 seter og va laga for at folk med masse penger sko kunna kjøra fort..

 

” Sånn som Ferrari og Lamborghini f.eks..

 

– Men Lamborghini, dei har jo seks seter pappa.. Komme det plutselig fra guten.. Og gudhjølpe meg, så godt som eg kjenne denna guten sin standhaftighet, så burde eg jo bare spelt med og holdt kjeft.. Istedet for å gjør som eg gjorde.. For sjølsagt har ikkje Lamborghini 6 seter, ihvertfall vett ikkje eg om ein sportsbil med meir 2 seter, spesielt ikkje ein Lamborghini.. De har gjerna ei seterad bak, men der e det ikkje plass te meir enn ei underernært supermodell.. Maks..

Så i god Fatter’n stil, trør eg ut i salaten og seie meg uenige i guten si gode tro.. Ei tro som eg nesten trur kan flytta fjell, når den e på sitt versta.. Eller besta..

 

” Tannlege Wesenlund og Han i Midten e ganske like der, rimelig sta, har ei sterk tro på sin sak og kan mildt sagt irritera ein stein te å oppløsa seg te finkorna støv i lausa luftå.. Med letthet..

 

Joo.. Lamborghini har 6 seter, pappa.. Det vett eg.. Respondere guten, itte eg har meldt min uenighet..

– Nja, eg har ihvertfall aldri sett ein med 6 seter.. Men, me kan jo sjekka internett.. Svara eg, og tenke nok med finne ett svar der..

– Åhhh, Pappa.. Du e så toskjen.. Det e ingen vits å sjekka internett.. Lamborghini har SEKS seter.. Kauka guten ut, sikkert lika klar over ka svaret vil bli som meg, Men, i god Wesenlund ånd så gir man jo ikkje opp..

 

Eg tenke at kanskje ein avledning e på sin plass, og begynne å fortelle om kor tøff eg syns Lamborghini Diablo va, når eg va på hans alder.. Og jaggu meg så ser det ut te å virka.. Ordet Diablo fanga interessen hans, og me ende opp med å diskutera litt om gamle dager og min interesse for bilar.. Når me komme inn på parkeringsplassen kor han ska av, så søke me til og med opp ein Diablo.. Så han kan få se kossen den ser ut..

Og han kikka imponert på sportsbilen, og seie seg ganske så enige i at den rett og slett va råtøff..

Me finne både nåken heilt nye Diablo’er og ett par sånne fra tidlig 80′ tallet, når eg va på hans alder.. Ett par andre Lamborghiniar dukka og opp og eg tenke i mitt stille sinn, at guten klara vel å resonnera seg te at det umulig kan vær 6 seter inni i dei små fartsvidunderene, som me ser på bildene.. Han i Midten e heilt oppslukt av dei tøffe bilane, men slenge ett skjeivt blikk på klokkå i bilen.. Og akkurat når eg ska te å basunera ut dei harde fakta, og høyra om guten har skifta meining..

Så vrenga han opp dørå og kasta seg ut i ein vilter fart.. Med ett glitrande lurt glimt i auga, og akkurat rett før dørå smellet igjen, så seie han..

– Eg må stikka eg pappa, må rekka treningå.. MEN, Lamborghini har 6 seter… !!

Dørå smalt igjen, guten labba bortøve plassen og eg satt igjen med munnen full..

Sjakkmatt..

 

” Fortærande og.. Den guten begynne å bli altfor lik mor si ….

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg