Kaoset va komplett.. Kidsa nådde fullt inferno modus..

Til og med Mini’en va øvgidde idag…. ;D

Eg hadde akkurat rygga innte terminalen idag, og lossa lastebilen for innhentingar.. Mobilen hadde eg glemt i lastebilhyttå når eg gjekk for å lossa, så sjølsagt oppdaga eg at Kånå hadde ringt ett par 15 ganger, når eg kom ut igjen.. Hmm, kan det vær at det e nåke viktig, mon tro..?  Eg prøvde å ringa tebake men det va kul umulig, Kånå satt tydligvis og ringte meg opp igjen..

Så eg la mobilen i fra meg og venta på neste gang hu ringte..

Men då skjer det sjølsagt ingenting.. Kjenne eg Kånå rett, satt hu garantert å bante å steikte øve den fjotten så ikkje svara på mobilen nå.. Men om eg ringe meir enn ein gang, då får hu jo åndenød.. Om eg ikkje forstår at hu har det travelt, å ringe meg opp så snart hu kan..

Så snart hu gidda ville nå eg sagt, av erfaring.. Men eg seie det aldri høgt..

 

Eller, ein gang så sa eg det høgt, og det reinasta haraballet utspilte seg.. Eg kunne jo ikkje bare forventa at hu kunne ta telefonen te einkvar tid.. Hu holdt gjerna på å støvsuga, vaska huset, henga opp klær….. Eller såg på ein eller anna såpeopera, avbrøyt muligens eg..  Og både jordfeilbrytar, sikringar og Kånå sprakk.. Om eg trodde hu bare satt og såg på tv når hu va heima aleina..?? ..

Tjera vena meg.. Eg hverken sa eller trudde det eg.. Men eg bare antok at hu gjorde det innimellom, siå hu alltid måtte sjå ein såpeopera når eg gjerna va sjuk, eller hadde fri..

Man sko jo tru at eg gjerna lærte av ein sånn episode, men det e vel godt dokumentert her inne på bloggen at det ikkje e sant.. Men.. Det va dagen idag då, kor Kånå heilt klart ville ha tak i meg.. Og itte å ha venta ett minutt og to, så prøvde eg å ringa hu opp igjen.. Men eg hadde ikkje fått toucha det grønna symbolet, før bildet av Kånå dukka opp på skjermen..

Eg e nærmast sikker på at augene på det bildet, skifta blikk alt itte humøret te Kånå når hu ringe.. Og å sei de såg olme ut, e nok ikkje å overdriva.. Men, det va bare te å svara.. Ein eller anna gang måtte eg snakka med hu alikavel..

 

– Hallo, min kjære.. Smiska eg så det holdt..

– Dust… Har du ein plan idag, du eller.. Svara hu konsist og kontant..

– Ehh.. Plan, eg.. ?? ..

 

Herreguuud…

Det e 16 mai idag, det betyr at det e 17 mai, imårå.. Og om ikkje Kånå har ein plan, men forvente at eg ska ha det.. Då e me ille ute å kjøre.. Eg kjente ett kaldt gufs av skrekk bre seg fra skjelettet og ut.. Hjernebarken gjekk for fullt og eg vridde kvar ei cella, for å huska om eg burde hatt ein plan idag.. Men det va tomt.. Eg hadde ikkje den fjernaste anelse om ka eg sko svara, så eg holdt kjeft..

Eg har lært meg at om eg stort sett holde kjeft, så får eg som oftast vita ka eg burde gjort, huska på eller lignande.. Ganske så kjapt..

Det e egentlig det besta tipset eg kan gi te alle herremenn i ett nybakt eller nåkenlunde ferskt forhold.. Om din bedre halvdel spør deg ett spørsmål, gjerna eit heilt vilkårlig ett.. Så ikkje gå ut ifra nåke anna, enn at hu allerede vett svaret.. Det stemme meir eller mindre i 99% av tilfellene.. Nåken ganger får du fasiten som ein geysir rett i fleisen, andre ganger komme den snikande som ei skummel tåka øve det speilblanka vannet..

Enten så svara man som sant e og så godt som man kan, eller så kan man holda kjeft og venta på at det retta svaret komme av seg sjøl.. Å venta te det komme av seg sjøl, har eg lært meg at e den mest skånsomma, for min egen del..

 

Itte 10 sekund ga Kånå opp og ei lang leksa om ting og tang, kom på løpamde bånd.. Han i Midten sko på karate, me sko handla inn te selskap imårå og handla sko te dei 2 eldste.. Kidsa hadde ikkje fått middag endå, kler måtte prøvast og huset sko takast så det såg respektabelt ut te folk kom imårå.. Og spørsmålet om eg hadde ein plan, følte eg egentlig va overflødig..

Kånå hadde heilt klart ein plan klar, det som va uklart va mi rolla oppi alt detta..

Og der igjen synast eg det e best at Kånå gjerna får kjøra løpet, eg kan for all del komma med innspill.. Men passa alltid på å formulera innspillet sånn, at Kånå har valget på ein måte.. At det e hu som har sista ordet, rett og slett.. Det e tryggast sånn, og minimal sjangs for å gå på ein smell av stort kaliber..  Så eg foreslo at hu kjørte Han i Midten på karate, og handla mens ha trente..

Så kunne me stikka å spisa på McDonalds for ein gangs skyld, ittepå.. Resten fiksa me når Flokken va i seng.. Og for første gang på lang, lang tid, va Kånå meir eller mindre enig..

Gudhjølpe meg.. Detta gikk for lett..

 

Og sjølsagt gikk det for lett.. Ikkje at det va Kånå så hadde ein underordna plan.. Heller det at Han i Midten plutselig blånekta å bruka bunaden, som ikkje passa meir heller.. Han sko ha dress, sånn som Eldstemann.. Han e blitt ein liten forfengelig primadonna, heile guten.. Jaja, tenkte eg.. Me spise jo på Amanda Senteret alikavel, så då kunne me vel bare stikka innom ein butikk.. Og se om me ikkje finne ein dress te ein ok pris..

Ein dress te overkommelig pris va enkelt å finna.. Finna ein så primadonnaen va fornøyd med, det va det verre med..

Han la sin elsk på ei svart dressjakka, men den passa akkurat.. Prøva å forklara Han i Midten at det va dårlig økonomi, va som å snakka for døve øyrer.. Me kunne jo likagodt finna ein dress så passa te jul, men akkurat det brydde han seg fint lite om.. At me nå begynte å nærma oss grenså, for kor lenge han takla å vær på ett kjøpesenter.. Va og ein kjennsgjerning..

Me har øvd oss opp te ca 40-50 minutt nå, før han får for mye å fordøya og går i spinn.. Nå nærma me oss timen..

 

Te slutt blei det inngått ett kompromiss og jakkå va i boks.. Men så va det buksa då, og gudhjølpe meg og herrens hærskare.. Då begynte kaoset for fullt.. Me hadde planta Mini’en i vognå, og tatt på selane, men når Han i Midten gjekk på ein smell og overtidå va slutt.. Så gikk han heilt i spinn.. Først klikka han på Kånå øve bukså hu valgte, så slapp han Mini’en laus og Litlajentå stod og kauka for å visa nåke hu ønska seg..

Kaoset va komplett.. Kidsa nådde fullt inferno modus og Eldstemann flykta fra åstedet..

Herreminguud.. Eg la ut i fullt firsprang for å fanga Mini’en, så pilte rundt som ein røyskatt på speed.. Litlajentå fikk ikkje nok oppmerksomhet om det hu sko visa og begynte å hylskrika.. Mens Han i Midten gikk rundt og surmulte verre enn han nåken gang hadde gjort.. Kånå stod i kassen og betalte, og va indisponibel.. Eldstemann hadde stukket på Pokemon jakt, for å slippa å bli sett med oss, trur eg..

Så eg hadde min fulle hyre heilt aleina, med å få kontroll på galskapen.. Eg trur ikkje det va vanskelig å få med seg kim som va på handletur idag.. Eg trur det sa seg sjøl..

Gubbevaremegvel…

 

Infernoet av hverdagsgalskap på kjøpesenter nådde nye høyder, når me te slutt sko fiksa sko te dei 2 eldste.. Eg trur ikkje eg har vært meir oppgitt, øvgidde og dritaleie av galne ungar, enn eg blei då.. Eldstemann fant seg sko med ein gang, Litlajentå og men hu sko ikkje ha.. Som sjølsagt va urettferdig og blei behørig proklamert for heile butikken.. Han i Midten va nå på bristepunktet, og totalt uenig i alt me prøvde å visa han av sko..

Te slutt skar Kånå gjennom og bare tok et par, te gutens ville protester.. Han va mildt sagt ravsint..

Kånå fikk betalt og me raska med oss Flokken ut av Senteret, kjappare enn på lenge.. Kånå, Eldstemann og Litlajentå tok av i front, eg og Mini’en gjekk bakerst.. Mens Han i Midten gjekk og skjelte og smelte i midten.. Der me sprada øve parkeringsplassen og mot bilen.. Tjera vena meg, aldri før har bilen vært meir kjærkommen å komma seg inn i, enn i dag..

Det va nærmast som når man har trava seg gjennom ein snøstorm fra he…te, og man endelig ser ei varm litå koia med lys i vinduet og røyk fra pipå i horisonten..

 

Me suste rett heim.. Fekk Flokken i seng og datt sammen som to vrak i sofaen.. Itte ett ramaskrik av sjeldent format, til og med te oss og vær..

To blikk blei delt mellom meg og Kånå..

Før me bare braste ut i krampelatter begge to, eller va det gråt, eg vett ikkje.. Det e ikkje godt å sei.. Men at det e lenge te me ska på Kjøpesenter med heile Flokken, igjen..

Det e ivertfall heilt sikkert.. Definitivt..

 

Men først må me forsåvidt overleva 17 mai..

Grøss og gru….

 

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg