Kaos e mitt Dop …

 

Detta innlegget skreiv eg for ein del år siden … Men, det e fortsatt høyaktuelt, sånn for vår del, her i heimen …

Når huset plutselig e tom for ungar, og me voksne plutselig har stuå heilt for oss sjøl …

Uten å heilt vita ka me ska bruka vårt dyrebare friminutt på, og ende opp med å gjera ingenting, liksom … 🙈🙈🙈😁😁

 

 

Kaos e mitt Dop …

Det skjer fanken meg kvar gang …

Alt eg planlegge. Kossen eg ska kosa meg foran tv’en. Uten å måtta vær pisseredd, for at Han i Midten ska knusa Kahler vasen te Kånå. Når han gjerna mista kontrollen, midt i ein trippel axel.

Slippa det evinneliga trasset te Litlajentå.

Gu, kor deiligt det ska bli å sitta i sofaen, uten Kleggen som ikkje vike fra mi sia, når han sitte og ser på film. Tenka seg te, å ha salongen heilt for seg sjøl. Uten ein Flokk med galne ungar, ravande rundt seg.

 

Kanskje eg bare ska slenga på ein cd av Live, og la Lightning Crashes fylla rommet. Nyta ein av dei mest fantastiske låtane som e laga. Den ubeskrivelige perfekte oppbygningen av ein melodi, som smyge seg inn under huden. Før den ende i ett crescendo uten like.

Ingenting slår ett reinspikka sofa slaberas med gamle slagerar, som sødmefylt strøyma ut i rommet. Smashing Pumpkins med Galapagos kanskje. Eller noe tidlig Pearl Jam, muligens.

Nei … Det må bli Dinosaur Jr, med Alone. Herreguuud … Bare legga seg ner på sofaen, lukka augene å føla den røffe gitaren krypa inn i dei mørkaste hjørnene i sjelå. Nett som om man drar piggtråd øve sanseinntrykkene.

La den klagande vokalen, langsomt messa deg inn i ein herlige døs.

Før gitarsoloen i slutten drar deg opp av sofaen, og man ende i kneståande midt på stuegolvet. Spille luftgitar så intenst og lidenskapelig, at om Kånå hadde sett meg då. Hadde det ikkje vært Bodå hu hadde sendt meg te.

 

Men … Det e ikkje det som skjer når eg komme heim te folketomt hus. Fordi Kånå e i byen med Flokken, og har sagt eg bare får nyta den litla stundå eg får for meg sjøl.

Neeeida …

Eg sette meg i sofaen, finne litt digg og skrur på Netflix. Men klara ikkje å bestemma meg for ka eg ska sjå på. Man scrolle opp og ner, men den eine tingen itte den andre blir kassert.

Det e nett som man sitte i ein karusell som ikkje vil gå, man vett det ska vær gøy … Men det sette aldri igang …

 

Eg klara rett og slett ikkje å finna roen. Ett tomt hus uten endalause ekko av barnalatter, Kånemas og Pow Patrol på repeat. Det e ikkje min medisin for å slappa av i full harmoni.

Eg må ha kaos …

Sjøl det å legga seg på sofaen, i ett forsøk på i kvila cellå e nyttelaust. Eg får tydligvis ikkje te å kvila, uten at 2-3 galne ungar bruka meg som lekeunderlag, saccosekk eller punching bag …

 

Ein heim uten Kleggen, Kånå og resten av Flokken … Det e som bøker uten skrift … Man åpna bokå og gleda seg te å lesa, men det e blanke ark fra perm te perm …

Derfor, så gleda eg meg allerede grenselaust …

Te kaosfabrikken komme heim, og fylle huset med liv, latter og skrål. Te skamløs ulydighet, forrykande trass og repetivt mas.

 

Det skjer kvar gang …

 

Kaos e mitt dop, stillheten min nemesis …

 

 

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg