Hytteturen..

 

 

Me hadde fått låna mi kjære søsters hytta på fjellet, så bilen blei stua full og me satte kursen te fjells fredags ittemiddag. Guuuuud, ka me gleda oss te å komma litt vekk fra hverdagens tjas og mas og bare skifta stua, om så bare for ei litå helg..

Det e morosamt med det, men det ska ikkje mye te innimellom, for å få litt ekstra øveskudd i ein travel hverdag. Og ungane gleda seg i hjel te å få stå litt på ski og leka i snøen.

 

Ja, me va i ett særdeles godt humør heile gjengen…

 

Me kom oss velberga fram te Vågslid, kor hyttå befant seg og fikk lossa Flokken, varer og bagasje inn.. Det va ein nydelig kveld med ca 12 minus grader, stjerneklart og ikkje ett vindkast va å kjenna..

Jøje meg.. Detta komme te å bli ei fantastisk helg, minnast eg at tenkte for meg sjøl.

Me hadde tatt ein liten Ingrid Espelid Hovig å juksa litt me middagen, Kånå hadde lagd pizzafyll hjemma og hadde me ein ferdig pizza bunn.. Jaja, ein liten funfact om Fru Hovig, som eg høyrte i ett portrettprogram eingang, om denna stauta damå, det va at hu aldri hadde sagt at hu juksa.. Den kommentaren va det Trond Kirkevåg som va opphavet te.. Sånn kan det gå, når parodien blir større enn originalen..

Så maten kom på bordet i ein fei.. Flokken satt fint rundt bordet og spiste fint før de la seg.. Kvelden va perfekt.. Og som blei avslutta lika perfekt med tv-kos, Kånå i armkroken og fyr i peisen..

 

 

Neste morgen, så våkna me te full storm på fjellet, det va ivertfall ikkje langt ifra.. Jaja, frokosten kom på bordet og me kosa nå oss inne alikavel.. Her va det varmt og godt.. Itte ett par timar hadde vinden stillna litt, så eg tok guttane med ut for å renna litt på akebrett og leka i snøen..

Me fant oss ein bakke å sette i gang, og når det e sagt, så sjøl om eg forsåvidt har fått nåken år på baken, sånn aldersmessig.. Så har eg nå alltid følt meg i god form, hverken meir eller mindre.. Eg har ihvertfall stort sett kommen meg greit gjennom hverdagens strabaser..

Men, somme ganger har man rett, andre ganger tar man feil.. Detta va heil klart ett av dei tilfellene kor man tar feil..

For, itte å me hadde aka ner bakken ein gang og to og va på vei opp igjen.. Kjente eg at melkesyrå begynte å siva ut i musklene, eller ut av, eg vett ikkje heilt.. Guttane føyk sikkert opp og ner 3 ganger, før eg nådde toppen igjen.. Meir eller mindre kav utslitt..

 

Tjera vena meg.. Kossen ska detta enda huska eg at eg tenkte.. Eg sendte nåken misunneliga tankar te Kånå, som satt inne i peiskosen med Litlajentå.. Men fant ut at her va det bare å manna seg opp, å gi gass..

 

Neste tur opp holdt på å ta knekken på meg.. Pusten gjekk som ein kval midt i ei hyrdestund.. Rødsprengt i andletet bikka eg toppen å la meg rett ner i snøen.. Kvite prikkar raste øve netthinnå, brystet skreik som ei gammal dør og beinå kjentes ut se betong.. Guttane ilte te å lurte på ka det va..

 

– Neei, pappa må bare ha ein pust i bakken.. klarte eg såvidt å gispa ut.

 

Lettare forskrekka fortsatte de leken i snøen.. Fløy opp å ned som to røyskattar i snøen, mens eg lå som ein hvalross på toppen.. Og ønskte meg tebake i toppform..

Vel tebake på hyttå, og såvidt i livet såg Kånå bekymra på meg, før hu fortsatte med sine huslige sysler.. Guttane sette seg foran tv`en med Litlajentå og koste seg med ein film. Mens eg slokna på sofaen raskare enn Usain Bolt springe 100 meteren.. Når eg våkna igjen, ville guttane ut på ski for nå va det angivelig blitt heilt vindstille, kauka kånå.. Alle bekymra blikk mot far i heimen, va forsvunnet som dugg i plettfritt solskinn..

Kånå hadde spist bakepulver og endt med ei bolla i ovnen, så det va sjølsagt min jobb å ta de med ut på ski.. Hu va jo te hevings og måtte vær forsiktig..

Gubbevaremegvel..

Øveleve eg denna helgå så e det ett under, huska eg at sa stille te meg sjøl, mens eg rusla slukøra ut i gangen.. Men, men.. På an igjen..

 

Me sette avgårde, og detta gjekk mye bedre enn akebakken.. Guttane suste som nåken lyn bortøve løypå og eg fant nå ein fin rytme sjøl og.. Det blei litt knall å fall, men eg må sei me kosa oss.. Itte ei god stund hadde me kommen ett godt stykke innover fjellheimen, og tok oss ein liten pause, før me snudde og sette nesen hjemover mot hyttå igjen.

 

Då merka eg koffår me gjerna hadde hatt så god flyt innover i fjellheimen, for ut av den igjen, hadde me ein stiv motvind..

 

Gud hjølpe meg.. Det va som å gå i sirup og når me sko gjennom ett lite dalsøkke, kor vinden fekk litt ekstra tak va det hakket før Han i Midten nesten letta fra sporet å tok av som ein fullblods drage.. Uansett kor mye han staka å strevde, så kom han nærmast ikkje av flekken..

Eldstemann sleit og, men kom nå litt meir fremover enn bakøve.

Enden på viså blei at eg igjen måtte ner i kjellaren og henta kreftår.. Han i Midten hengande på ryggen mens Eldstemann holdt fast i skistaven min der eg kava meg framøve..

Eg ramla inn i hyttå te slutt med guttane på slep.. Kånå tok Kidsa mens eg lå på golvet i gangen, og såg livet gå øve netthinnå i reprise, som ein god film med ein muntert bedrøvelig slutt..

 

– Kor e den eine skistaven te Eldstemann ?..  Seie Kånå..

 

Filmen på netthinnå forsvant og eg va tebake i hyttå, Eldstemann meinte at han gjerna hadda mista den, der i dalsøkket..

Fri og bevare meg vel.. Ut på tur igjen.

Nå va det definitivt ikkje vindstille og eg føyk innøve som ett prosjektil.. Runda svingen før dalsøkket å finne jaggu meg staven med ein gang, liggande ved siden av sporet.. Eg snur og stålsette meg te returen.. Setter opp ett tempo som føltes temmelig vra..  Om kroppen va sleten itte akingå, så har det absolutt ikkje blitt bedre nå..

Men, itte ett par hundre meter har eg kommen inn i ein god flyt og føle meg litt som Oddvar Brå.. Der eg går klassisk som ein gud ut av fjellheimen..

Så, ut av ingenting, dukka det ein kar opp ved siå av meg i godt driv..

“NEI” tenkje eg.. Ikkje svarten om du ska ta gullet fra meg, eg auka farten og fyren forsvant bak meg igjen.. Lykken va stor, men kortvarig.. Plutselig e han der igjen, skøytande som om ein olympisk gullvinnar.. Han passere og drar ifra, først 5meter, så gjerna 10 før han forsvinne i snøfokket..

– Jækla juksepave.. Kauka eg itte han.. – Det e jo klassisk.. Heldigvis høyrte han meg ikkje gjennom den ulande vinden og snødrivet som hadde omringa meg.. Eg kjempa meg videre, og tenkte at om Roald Amundsen klarte å nå Sydpolen må vel eg klara å nå hyttå, før kulden å snøfokket tar meg.. Det ville vært flaut å måtta gi opp nå, midt ute på vannet her..

Dei siste meterane mot hyttedørå føltes nesten som ett år, beinå va tømt for krefter, luå hadde frøset fast i håret og resten av kroppen skalv av påkjenningen.. Eg ramla inn hyttedørå med skiene på, både Kånå og kidsa kom forskrekka ilande te og hjalp meg av med både ski og klær.. Før eg blei satt te defrosting foran ovnen, med ein varm kopp kakao..

 

Om Kånå hadde vært mildt bekymra itte aketuren, trur eg det va meir medfølelse å spora nå.. Der hu pakka et varmt teppe øve meg og ga meg nåken oppmuntrande ord.. – Kanskje du må begynna å trena litt, Frode.. !!?

 

Resten av lørdagen forsvant i sofaen, liggande med beinå høgt, mens kroppen kjentes ut som om den va i fullt opprør.. Før eg ein gang i løpet av kvelde slokna totalt utslitt på sofaen.. Søndagen kom, ett nyyyyydeligt ver. Sol fra blå himmel, ikkje ett vindsus å høyra og 3 pluss grader..

Kakao blir kokt, pølser varma og me sette innover igjen, heile gjengen.. Kånå har til og med spent ski på seg.. Eg har Litlajentå i bæremeis på ryggen, og kjenne at det gjør ingenting.. Hadde eg ikkje hatt hu bak der, trur eg at eg gjerna hadde tippa fremover itte kraftprøven dagen før.. Me gjekk i roligt tempo innover og kosa oss glugg i hjel..

Eg har ikkje vært så sleten siden eg sprang 3000m i milliteret, med ett ilter befal piskande i ryggen på meg.. Men lar nå ikkje Deja Vu følelsen ødelegga idyllen.. Nei, tjera vena meg..

Kånå som kom stakande nåken meter bak meg, ser endelig ein fin plass, og spør om ikkje me ska ta ein pause der.

– Joda, går fint for meg.. Svara eg, å puste letta ut..

 

 

Me satte oss ner og fant fram nistå. Kånå hadde laga pølser på termos, ingen dum tanke, men hvis noen gjør det samma, fest noen små trådbetar i kvar pølsa, så får du gjerna pølsen ut av igjen og.

Herreminhatt, ka eg strevde med det, men itte ett kvarters kamp, 3 sultne ungar og litt kjeft fra kånemor, så klarte eg å lirka di ut.

På tebake turen mot hyttå har guttane funne ut at de ska gå om kapp.. Gudhjølpe meg.. uansett kim av de som vant, så blei det ein som hylte av sinne.

Tap å vinn med samme sinn, det e tydeligvis ikkje nåke me har klart å læra gutane ennå, og kanskje ska me ikkje det heller.. “Vinnarinstinkt”  det e jo ein god egenskap det, tenkte eg for meg sjøl.. Og minnast alle dei “koselige” Monopol spill kveldane, med mine søsken, i barndommen..

 

Tebake på hyttå e det på tide å tenka på heim turen. Hyttå blir rydda og vaska av Kånå, mens eg leka litt lett ute i snøen med Kidsa..

Klok av skade lar eg akebretter vær i fred.. Når Kånå e ferdig med vaskingen, eg har lasta bilen og ungane har blitt plassert i setene så suse me mot byen igjen.. Så, når me parkere heima, ungane blir geleida rett i seng og bilen blir tømt for bagasje.. Så ranla eg TOTALT utslitt om i sofaen..

Detta øveskuddet eg prata om i starten, har endt som ett dualigt underskudd, sånn energimessig..

Men minnebanken e fyllt opp, med nye opplevelsar og erfaringar. Og tross alt, hadde me det jo fantastiskt, der oppe i fjellheimen.. Summa summarum..

 

Og som ein liten Grand Finalė ..

Fikk Kånå Eldstemann te å ringa heim te Svigermor og Besse..  For å gi de den lykkelige beskjeden om at de sko bli besteforeldre igjen.. For Kånå hadde ikkje turt å sei at fjerdemann va på vei, og lurte guten te å røpa denna fantastiske nyheten..

Ei “nydelig” helg va over, og aldri før har eg vel gjerna både grudd og gleda meg på ein gang, te å gå på jobb om mandagen..

Ja, eg grugleda meg te å få litt ro og fred, med ein kropp som sikkert ville knirka og knaka i alle ledd, minst heilt te onsdag.. Om ikkje lengre..

=D

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg