Hovudverket, eg og eit Monster i gangen …

 

 

Kånå, hu e sur som ei potta idag, på grunn av meg, som sikkert ikkje kom som ei bomba … Eg vakna i halv fira tiå inatt med eit dundrande hovudverk, ett slikt ett som nærmast kan driva deg hinsides all fornuft, og får deg te å gjør totalt irrasjonelle ting … 

 

Som f.eks å leita febrilsk rundtomkringfallera i heila huset, på jakt itte nåke smertestillande, mens man trur man e ekstremt diskre … 

 

Nåke eg forsåvidt fant ut at eg heilt klart ikkje hadde vært når eg søvndrukken, men i hvert fall kvitt hovudverket satt sånn ca omtrent lykkelig i lastebilskapet å drakk ein kopp kaffi, i dag morgens … 

 

” For då tikka det inn ei stram melding fra Kånå, som på sjeldent vis ikkje la to fingrar imellom, for ka hu meinte om mi romstering i heimen, i natt … 

 

Eg ska ikkje gjenta ordrett ka hu skreiv, men Kånå har som Hans Morten Hansen proklamere i Ikea nummeret sitt, ett meget godt ordforråd. Kånå kan og mange tusen ord, det kan eg forsåvidt skriva under på, uten å tenka meg om … 

 

Men, i motsetning te Hans Morten Hansen e det ikkje Ikea som gjør at Kånå finne det heilt kurant og nærmast påkrevd, å ty te småstygge forsvergelser …

Det e det tydeligvis eg som gjør … 

 

For som nevnt, vakna eg klokkå halv fira inatt og hadde ett “mildt” migrene anfall fra ein anna verden, som endte opp med at eg lå å vrei meg i smerte i sengå. Allerede her, med tanke på at Kånå nærmast e som Prinsesså på ertå når hu sove, har eg nok påkalt meg vreden te mørkests Fyrsterinne … 

 

” Når alle gode triks va brukt opp i forsøket på å sova det av meg, fant eg ut at det bare va te å bita i det sura eplet, stå opp og finna smertestillande … 

 

Det va enklare sagt enn gjort for sjølsagt når man trenge slike ting som verst, då e det ikkje å oppdriva eit einaste sted i heimen. Kjøkkenskapet, baderomskapet og alle andre steder me har slikt liggande, der fantes det ikkje så mye som ett spor av nåke som kunne hjelpa meg ut av denna knipå … 

 

Akkurat her, så gjorde eg nok tabbe nummer to om man tar med “vri og venda på seg forsøket”, i å bli kvitt hovudverket ..  

 

For eg fikk ein strålande plan føre meg, om at hvis eg bare blei distrahert i stor nok grad, så kunne det jo vær eg glemte hovudverket, og tenkte på nåke heilt anna. Så eg krøyp opp i loppekasså igjen og la meg tett innte Kånå, sånn skikkelig “spooning” liksom, og tok ett grepa tak i nåke eg tenkte kunne vær sterkt avledande, i så hende … 

 

” Tre ting skjedde nå i rask rekkefølge. Handå mi blei reven vekk fra distraksjonspunktet mitt med lynets hastighet, før ein albue lika raskt sank langt inn i solar plexus … 

 

Før Kånå fresande “kviskra” at nå va det **** meg nok, og at eg for ******* fikk la vær å vekka hu sånn som detta, midt på nattå. Nå … Så hadde eg ikkje bare ett forferdelig hovudverk, men va også tom for luft mens eg gispande konkluderte med at magaregionen va i fullt opprør, itte ein trøkk seksten av sjeldent kaliber … 

 

Eg ramla nåke fortumla ut av sengå og gikk nåke forkrøpla ut i gangen og tråkka på bilnøklane som av ein eller anna idiotisk årsak, lå midt på gulvet der … 

 

Eg kvelte ett skingrande smertehyl med den ein neven, men beit den nesten te blods i iveren itte å ikkje forstyrra Lucifers Ypperstepresterinne inne på soverommet, mens eg kom på at det kanskje lå ein pakke tabletter i hanskerommet te bilen. Det e merksnodig ka man plutselig kan erindra, under dei rette omstendighetane, på ein måte … 

 

” Eg hinka krokbøyd ut på badet for å ta på meg ei buksa, men presterte å skli på teppet der inne, å ramla med ryggen lukst i det nya dasslokket … 

Stjernar dansa øve netthinnå og neve nummer to blei bitt te blods … 

 

Eg lista meg i den grad det e mulig, med ein skadeskutt fot, ein mildt skeiv rygg og fortsatt med lite luftsirkulasjon i lungene, ut i gangen. Dørå blei lirka opp og eg gikk som Ringeren fra Notre Damme bort te bilen, men fant sjølsagt ikkje smertestillande tabletter der heller … 

 

Tjera vena meg … Aldri før, har eg trengt nåke meir enn akkurat der og då, men vært så langt fra å finna det … 

 

Eg gjorde kanossagang og satte kursen inn dørå igjen, og skimta at ein slags liten skygge fulgte med meg inn i gangen der nede på gulvet, lika ved mine barføtte bein … Gudhjølpe meg og Herrens trofaste Hærskare … Ka i svarte salte bananer va det der !!?? … Ligna ikkje det skrekkelig på ein edderkopp, ein Sambadansande Brasiliansk Vandreedderkopp !!?

 

” Eg stivna te i skrekk på sekundet og livet passerte i revy foran netthinnå, mens eg tenkte som Fleksnes … – Jaja, dett var dett …

 

Så gjorde “edderkoppen” ett hopp fremover og ett lydlaust skrekkhyl skingra ut av kjeften på meg, all viljestyrke som va igjen blei brukt for å holda lydnivået på null. Enten så ville eg bli drept av krapylet på gulvet, eller så ville porten fra mørkets nederste dyp åpna seg og sjølve “kvinnen med Ljåen” storma ut av soverommet, og ta meg av dage … Ingen av de frista nevneverdig … 

 

Eg stod som forsteina å kikka på “edderkoppen”, som forsåvidt begynte å minna meir om ein liten frosk, itte som augene begynte å venna seg te mørket, ute i gangen … 

 

Eg bøyde meg ytterst forsiktig ned for å ta skapningen nærmere i augesyn, og joda, jaggu meg så va det bare ein bitte liten frosk eller padda, som hadde lurt seg inn dørå når eg lista meg inn. Eg pusta letta ut, øve at eg hverken ville døy av ein blodtørstig aggressiv Brasiliansk Vandreedderkopp, eller “Kvinnen med Ljåen” … 

 

” Så, eg plukka opp det stakkars amfibiedyret, som sikkert va lika skremt som meg, åpna dørå å slengte den ut i frihet før eg nappa dørå te meg og hinka innover i gangen … 

KABOOOM … Sa det, når dørå slo igjen med ett smell … Herreguuuud … 

Eg hadde nettopp gjort det me iherdig forsøke å få Flokken unisont te å slutta med. Nemlig det å bare nappa dørå igjen, istedet for å lukka den forsiktig … 

 

Nå gikk ting så meget raskare enn det nåken gang har gjort før, når eg har tråkka i salaten, med begge beinå… Eg treiv te meg nøklane te varebilen som hang rett foran meg, i det åpna nøkkleskapet, kor personbilnøklane sikkert hadde ramla ut av og maltraktert foten min … Så spratt eg oppi ett par ledige sko, spurta ut dørå klokkå fem på fira inatt og kjørte ned te den døgnåpne Shell stasjonen, kor eg kjøpte hovudtablettar og ei flaska vann.

 

Eg tok nåken tabletter med solskinn før eg kjørte heim igjen, parkerte bilen å gikk lukst inn i Bodå. Liggeunderlaget blei lagt ut og eg krøyp stille inn i soveposen, mens eg lykkelig kjente smertene som herja i ett medtatt legemet, sakte forsvant ut av kroppen omtrent i samme øyeblikk som eg seig inn i søvnens mjuke favn … 

 

Jøje meg, altså og gudbevare meg vel, for ein fantastisk følelse, når ein skallebank av sjeldent kaliber slippe taket … 

 

Alt det andra … Det får me bruka dagen på å ordna opp i, vil eg tru … Goe tirsdagen, Folkens … Det e tirsdag … !!! 👌👍

 

Og te mi kjæra Kåna, og for det det e verdt … Unnskyld … ❤❤

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg