Det “Glade Vanvidd” på Julekosetur til Byen…

 

Det “Glade Vanvidd” på Julekosetur til Byen

 

Igår va med ein tur i byen og kikka på Pepperkake byen, med ein påfølgande tur på Julamarknaden.. Eg å Kånå tenkte me sko kosa oss litt med Flokken, og komma i litt julastemning..

Og 3 søndag i advent leverte så det holdt..

Med ett strålande stabilt vestlandsk julavær, 10-12 grader, flau vind og ett tindrande duskregn man blir dassblaut av på bare 2 minutt..

 

Itte ein overraskande flott morgen, kor Flokken ikkje våkna te live før litt over 08:00.. Så gjekk det i ett med ein god frokost, stelling av ungar og klargjøring te bytur..

Alt i alt, så gjekk det så knirkfritt så det kunne gått, tatt i betraktning at det va oss det va snakk om..

I bilen på vei te byen satt eg å Kånå å kikka småfornøyd på kvarandre, og såg fram te litt herlige julekos med Flokken våras.. Sjøl om været ikkje va nåke aent enn mot normalt, så såg me lyst på det..

 

Men sjølsagt, når me foreldre endelig har fått hovudet over vannet, så ser me jo ikkje isfjellet så ligge å ulma under overflaten.. Og gjekk på den saftigaste smellen på lenge..

Me hadde kosa oss og kikka på alle dei flotte Pepperkakahusene, så stod utstilt før me fant ut at tiå va inne for å forflytta oss.. Og gå opp te Julamarknaden..

Regnet pøste ner når me gjekk ut fra Slakthuset, kor Pepperkakebyen stod utstillt..

Utenfor hadde de laga ein liten labyrint, med ein rutsjebane som endte på ein dassblaute palle.. Flokken vil absolutt ta denna, men me hadde jo ikkje akkurat kledd de itte forholdå..

Me sko jo bare kikka på Pepperkakebyen og Julamarknaden, ikkje hoppa i søleputtar og skli på våte rutsjebanar.. Men me kunne jo ikkje sei nei te Flokken, når et dusin med andre foreldre stod der og..

Foreldre så hadde kledd ungane sine og hadde paraply med seg..

Men te slutt måtte me jo bare gå, det e grenser for kor lenge me klara å være pedagogisk korrekte.. Å la Flokken få utfolda seg i litt fri lek, uten at me blanda oss inn..

 

Då gjekk sjølsagt alle sikringane te Litlajentå på ein gang, hu sko jo bare ein gang te.. Men det va tredje gangen hu sko det nå, og både eg å Kånå hadde fått nok av “siste gangen” lovnaden..

Hu sette seg på bakbeinå og hylte så ein stukken gris, om kor fæle foreldre me va..

Eg kan ikkje akkurat sei eg syntes synd på hu, men gudhjølpe meg for ein konsert.. Me trødde Mini’en i vognå, fekk hanka dei 2 eldste inn og tok “Mariah Carey” på fullt volum med oss ut porten..

Det varte ikkje så lenge, men ikkje før hu hadde stoppa så va Han i Midten igang..

Me hadde egenetlig “bestemt” at denna turen sko vær Pokemon fri, men i ett svakt øyeblikk hadde Kånå gått på ein glipp.. Og gitt Han i Midten telefonen sin nere på Slakthuset, så han kunne fanga litt Pokemon..

 

Han i Midten hadde sagt at Eldstemann fanga Pokemon med sin telefon, og då ville sjølsagt han og.. Med Kånå sin telefon, han får ikkje ha telefon endå.. Så Kånå hadde gitt itte, sjøl om hu va småforbanna for at Eldstemann hadde brøte avtalen..

Men Eldstemann blei jo kanon fornærma..

Koffår sko Han i Midten få lov, når ikkje han fekk.. Og alt forseint forstod Kånå at Han i Midten hadde rundlurt na.. Så sjølsagt måtte jo begge få lov då..

Tjera vena meg….

 

Hu hadde forsåvidt fått mobilen igjen, før me gjekk fra Slakthuset.. Men Eldstemann hadde oppdaga ein “sjelden” Pokemon, og då ville Han i Midten ha an tebake..

Kånå sa nei og Han i Midten sprakk…

Herrreguuud, for ein herlige kosetur… Kåna ga opp og me rusla ivertfall i tilsynelatande full harmoni, opp te Julamarknaden..

Dei to eldste forsvant, og Mini’en oppdaga karusellane.. Ein med masse forskjellige ting så gjekk i rundt, og ein med sånne koppar man snurre i rundt.. Og om rutsjebanen va våt, va dei her om muligt endå våtare..

 

Me prøvde å gå videre, men i fare for å dra imot oss all oppmerksomhet fra marknaden.. Siå Mariah Carey og Van Halen hadde kjørt igang med ein duett, så snudde me tvert om..

Men me måtte jo kjøpa billettar, og me hadde ikkje penger på oss..

Eg kikka irritert på Kånå og mumla ett eller anna, om at me kunne jo tatt ut når me gjekk forbi på veien opp.. Men fant fort ut av blikket så kom i retur, at enten gjekk eg rett i Bodå eller så sprang eg i minibanken og tok ut kontanter.. Nå..

 

Som sagt så gjort, hundrelappane blei spytta ut og eg spurta opp igjen.. Fekk kjøpt ett par billettar og stilte oss i kø.. Der klara eg å lira utav meg ett par meiningar om Kånå sin slepphendhet, angåande Pokemon greiene..

Men enda kun opp med ei endå hissiagare Kåna, å eg rykka sporenstreks rett fram te Rådhusplassen.. Bokstavlig talt..

Eg forstod at ett skeivt ord te nå, betydde strake veien lukst i Bodå.. Eg snudde meg heller, fiska fram mobilen og knipsa nåken bilder av “gladlaksane” i karusellen..

I striregnet hadde Mini’en paradoksalt nok, satt seg oppi ein båt.. Litlajentå på ei svana i alle regnbuens fargar.. Og itte å sett litt på dei 2 sjarmørane så kosa seg glugg ihjel, blei både eg og Kånå i bittelitt bedre humør..

 

Når karusellen va ferdig traff me på dei 2 eldste, og fant ut me sko ta ett bilde av de.. Det va ein sånn stand med ein plakat de stappa hovudene inn i, med julamønster..

Men akkurat når Kånå sko te å knipsa bildet, va telefonen hennas tom for strøm.. Sannsynligvis itte ein heseblesande Pokemon jakt, med Han i Midten..

Så sjølsagt ikkje ville bli avbilda, når han forstod at mobilen va tom for strøm..

Altså, eg hadde jo fått foto oppdraget, siå Kånå ikkje hadde meir batteri.. Det va det han blei pissesur for, og blånekta å vær med på ett koselig familie bilde.. Siå ha ikkje kunne fanga meir Pokemon nå..

Typiskt..

 

Så nå va han i toppform, igjen.. Og når Eldstemann lika ittepå fiska opp sin mobil, bruste Han i Midten kraftigt med fjærå.. Detta va jo brutalt urettferdig, Eldstemann kunne jo ikkje få lov når han ikkje hadde mulighet..

Svarte salte bananer, og sirup i suppå.. Snakka om Deja Vu..

Kånå va på randen av raserianfall og eg holdt på å konfiskera alt så hette mobiltelefonar, for å kasta de i fontenå.. Heile koseturen te byen, holdt på å bli ein farse uten like..

 

Det e heilt utroligt kossen dei her små, kan på ett uvirkelig vis snu ein nåkenlunde flott dag.. Om te ett durabeligt mareritt uten like, kan me liksom ikkje gå nåken plass uten at ragnarokk ligge å vente rundt kvar ein sving.. ??

For all del, me kunne jo bare latt de ta heilt av, og ikkje brydd oss..

Mens Flokken sprang villmann rundtomkringfallera, og raserte heile Julamarknaden på Rådhusplassen.. Men tjera vena meg, me har jo litt sunt folkavett innabords..

Om ikkje me syns at alt ska vær pedagogisk korrekt, har me tross alt grenser de må forholda seg te.. Det e bare det at nåken ganger, så e det totalt umuligt å klara å komma seg ovanpå..

Når heila “isfjellet” under overflatå, komme te synet på ein gang..

 

Det va bare å innsjå at detta va ein av dei dagana, ein opp ner isfjell dag.. Så me pakka i sammen Kidsa, og sette snuten strake veien mot bilen..

15 – 20 minutt med harmonisk julekosetur nere på Pepperkakebyen, va alt me klarte å få te idag..

Men for all del.. Det e ikkja så steikje gale det, om man tenke seg om sånn i ittetid.. Ein gang gjekk det rett i dass på Amanda senteret itte 5 minutt, når me ikkje ga itte å gikk på McDonalds med ein gang..

Eller den gangen når me sko rusla ein tur i byen ein flott sumar dag, men ikkje kom oss ut av bilen eingang.. Før Flokken va i full borgarkrig i baksetene, og mekling ikkje førte nåken vei..

 

Så tross alt.. Så lova det godt før me ska feira jul hos Svigers i år.. Kanskje klara me å holda fasaden i ein halv time – time då.. ? ..

Det e ikkje godt å sei,  aent enn at livligt.. Det blir det garantert..

Vil eg tru…

 

Ein ting e ivertfall sikkert.. Om eg ikkje har vært så aktive her på bloggen, i det sista..

Me e fortsatt “still going strong” her i i heimen..

Det e ivertfall utenfor einkvar tvil…

 

=D =D =D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg