Fuglereir, Sommarfuglar og Litlajentå

 


 

Talefeil e sjarmerande når dei små vokse te…  Og Litlajentå våras e ikkje nåke unntak.

 

Me har opp te fleire ganger blitt sjarmert i senk av hennas vetlevaksne utsagn, kryddra me vokalar og konsonantar som komme litt i hytt og pine… Men nåken ord, må eg få sei at gjedna ikkje passe heilt i samen med ei tale yre, vetlevaksen og nysgjerrige litå tulla på 3 år, me ein bitte liten smule tale feil…

 F.eks så har F ein tendens te å bli te P når di komme foran diverse vokalar og konsonantar… Som oftast går det jo fint (pint), og me syns jo hu e flinke (pinke), som prøve så godt hu kan å utrykka seg muntlig om det mesta… Men så e det deia her i utgangspunktet uskyldige ordå då, som får ein “litt” aen betydning, bare pga ei litå jenta sine “sjarmerande” talefeil…

 

Eldstemann hadde f.eks store problemer med å forstå koffår han absolutt måtte sei Svalereir, istede for “fugle”reir, når me va i Danmark i sommar…

Og Svaleungar istede for “fugle”ungar…
Han kunne jo ikkje vita om det va Svale, stær ellår stork, så då meinte jo han at det va best å sei fugl…

 Prøva og forklara koffår, va på ein måte heller ikkje nåke valg, liksom…. Også har du detta me omvendt psykologi, får man ikkje lov te no, ja då ska me jaffal gjør det….

Hjølpe meg, ka hadde me vikla oss inn i….

 

Heldigvis kom det ein eldre vaktmester kar på hyttå, han sko fjerna alle Svalereirå, så det ikkje kom så møkje Svaleungar….

 Så fekk me forsåvidt løyst den floken… Men då sko jo vår eldstefødte sjølsagt ut på sommar”fugl” jakt…. Tjera vena meg, så va det på an igjen…. Eldstemann sprang rundt me håven, og Littlajentå for itte å hylte sommar”fuuuugl”, på sitt litt småvulgære vis…Gubbevaremegvel….

 

 

 Jaja, eg får sei som an far min alltid seie… 

 

“Det e ein øvegang, Frode” …..”Det e ein øvegang”

 

Men an seie aldri om det e te det bedre, ellår verre…. 

 


#familie #språk #blogg #litlajentå #pappa #mamma #hverdag #ferie #danmark

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg