Fjols te Fjells – Eg, Kånå og Flokken Del 2.

  1. Det va jo Del 2 og te denna…


Eg begynne denna me å minna nye leserar på, at detta e ett Del 2 innlegg, Del 1 kom ut i går og kan lesast her.

Fjols te Fjells – Eg, Kånå og Flokken del 1.


Det slutta altså igår, med at me våkna te strålande sol og vindstille ver her oppi fjellheimen.

Perfekte forhold for ein tur på ski.

Ungane satt og lekte ute i stuå, og det va alarmerande roligt, alt låg te rette for ein nydelige familiekos dag på fjellet. Det va nesten for godt te å vara sant. Og e det nåke eg har lært med årenes løp, så e det at det mesta se e for godt te å vara sant, som regel e det og.

Eg frykta i stillhet, at det bare va stille før stormen. Men, man leve jo alltid i håpet.

 

Det e ein evne du utvikle som småbarnsforeldre, evnen te å ofta sjå katastrofane komma imot deg, og handla der itte. Men her såg nå alt forsåvidt roligt ut, frokosten blei fortært ilag i ein surrealistisk idyll med kjøkkenbordet. Ka dei to eldste gutane hadde funne på, det vett ikkje eg, men de va bestevenner, plutselig.

Eg begynte å sjå lyst på resten av denna turen. Kunne me vara med ett vendepunkt??

Og akkurat når eg gjør sånt, begynne å sjå føre meg ei heile helg med komplett familie idyll, så har ting ein tendens te å snu seg den andre veien, alikavel.

Kånå sko finna fram skiskonå te Litlajentå…. Ikkje før hu har funne den eine, så stoppa hu heilt opp og sende meg ett panisk blikk og dukke ner i sekken med sko igjen. Den andre skiskoen har ikkje blitt med på fjelltur, men ein aen, nesten lik har fått blitt med istede. Men den e størrelse 31 og den andre va 28

– Åhh, det e så typiskt oss… 

Bryte hu ut, og sukka motlaust, se bare hu kan….

Litlajentå ser ikkje problemet, og komme med løysningen se e lika enkel se an e smart.

– Jammen, eg kan jo bare ha ein ekstra sokk på den eine foten…

[metaslider id=2777]

Så va det problemet løyst. At Litlajentå gjekk på ski, se Marit Bjørgen med ein sko str. 28 den andre str 31, det va ikkje langt fra sannheten. Men meir om det litt seinare.

Med hadde kommen oss ut på trappå, itte å ha hatt OL i påkledning av ungar, hjølpe meg, man kan jo bli utslitt av mindre vettu. Eg holdt på å ta bæremeisen med Mini’en opp i, på ryggen. Så høyrte eg ett sviiiitsj se slutta med ett smell …  Eg snur meg…

 

Der ligge Kånå, i ett samsuriun av armar, ski og bein i alle retningar, Gudhjølpe meg…

Hu hadde blitt litt “baktunge” på grunn av “ryggsekken” og med framglatte ski, på speilblanke is, så hadde skiene sett sitt snitt te å ta av, før Kånå va klar, kan man jo sei. Hu jammra av smerte, og fleire scenarioer seilte nå øve netthinnå mi. Ska me enda opp på sjukehus og nå?

Det hadde jo vært typiskt oss.

 

Itte ein tirade av ord, eg ikkje visste hu kunne ein gang. Så priste eg meg lykkelige øve at Litlajentå og Minien hadde tjukke luer. Hu har jo tross alt fødd 4 ungar før, så eg trudde eg høyrt det mesta, men her hadde funne opp nåken nye, tydligvis.

Luå te Minien, hadde tydligvis ikkje vært tjukk nok, for han satt og kauka på det sista hu hadde sagt, bak i bæremeisen. Kånå kikka strengt på han, og han stoppa på sekundet, han har lært at du ikkje ska kødda me ei skadeskutt Kåna, han og…

Tøffe se hu e, kom Kånå seg på beinå, og me fekk starta på turen.

Men, nå komme det eina itte det andre.

 

Itte det omvendta svalestupet te Kånå, har Litlajentå blitt i øvekant skeptisk te ski, og vil ikkje, hu har blitt “FrøkenVill ikkeMer” igjen. Ikkje tal om at hu ska gå på detta her, e jo livsfarligt, meina hu. Men litt godsnakking og godt med bestikkelsar gjør underverker.

Men då har Han i Midten fordufta, han hadde fått beskjed om å ikkje ta av seg skiene, for det va ett helsikke å få de på han… Men nå stod skinå så fint igjen her, aleina uten nåke Han i Midten oppå.

Tjera vena meg…  Pilå på Kånå sin dampmålar nærma seg det rauda området, så eg finne det lurast å senda di avgårde. Mens eg tar oppgaven med å søka itte Han i Midten. 40 sek ittepå, dukka han opp fra i ei snøhula likaved. Eg får på han skiene og me sette itte dei andre.

 

Planen vår va og dela dei to eldste, ein foran og ein bak meg, åsså sko di bytta plass på veien heim. Ein god plan i teorien, se burde vær lett å gjennomføra i praksis og.

Me hadde ennå den intense kampen om å vær først, heila tiå, i fra sist gang me va her oppe, friskt i minnet. Så ein vanntett plan va høgst nødvendig, og den gjekk jo sjølsagt…… Rett i dass.

Me gjekk i fint tempo innover fjellheimen, med Eldstemann i tet, eg, Litlajentå og Kånå bak der igjen. Men kor va Han i Midten, se sko gå bak meg igjen.

 

Joda…. Han går på så snøspruten står bak han i sporet på siå av. Han fyke forbi i ein fart, Eldstemann klikka, og sette itte, detta e jo nødt te å gå gale.

 

Men eg lar de bare fyka avgårde, klok av skade fra sist gang. Detta nya “vennskapet” fra kjøkkenbordet, har forsvunnet fortare enn minibank kortet te Kånå blir varmt…

– Hjelpemeia… Komme det ifra Mini’en i bæremeisen, og eg e heilt enige.

Itte ett par hundre meter, e det full fyr der framme. Det ende med at Han i Midten tar skiene av seg, og styrte te skogs. Eldstemann står igjen, og har sjølsagt ikkje sagt eller gjort nåkenting, men det e “snømannen” fra skauen ikkje enige i.

 

Han komme vassande tebake, kvit fra topp til tå og blånekte å gå meir på ski. Me nekte å bera skiene hans, så det må an gjør sjøl. Sur se ei sitron, går han midt i løypå å stura.

Hjelpemeia altså… Komme det ifra Mini’en, igjen

Galen, gutar i halen.. Legge an te…

 

Og igjen, e eg enige. Sjøl om eg vil tru det va  “gutane va galen i halen” han meinte. Men me meina ka me forstår, eg og han.. Stort sett.

Me har kommen te det punktet med nådde sist gang, men i år går me litt lengre. Me tar opp te høyre, rundt nåken svingar, ner ein bakke og opp ein bakke, ein sving te og så opp igjen. Før me finne ein flotte plass å ha oss ein matbit og ein liten pause.

Kånå nappa fram kakao, pølser og pølsebrød. Og her finne me ut ka se redda Kånå fra akutten. For posen med pølsebrød e pressa flat se ei pannekaka og har tydligvis tatt den verste støyten. Jaja, me rulla de rundt pølsene, dei se virka, og får nå mat i oss, på ett vis.

Mini’en heia på alle se går forbi, nåke se blir satt stor pris på.

Foruten ein kar, litt oppi årå se går på, som om fanden va i rævå på han, opp øve bakken. Itte ett halvt minutt kjeme ei dama i godt driv, ikkje heilt nye hu hellår, sikkert Kånå hans. Så eg hadde jo rett på ein måte, i at han gjekk se fanden va itte han.

Når me har pakka i sammen, og e klar for returen. Nekte Han i Midten å ta skiene på seg igjen, men itte litt godsnakking og fleire bestikkelsar, så får me de på han.

Litlajentå har allerede begynnt å gå.

Eg nevne for Kånå, om hu har fått med seg at Litlajentå har gått på heile veien, uten å klaga seg ein einaste gang.

Det har hu..

Jaja, godt hu har nåke itte far sin og sa eg, og sette avgårde. Eg kjente det varmte i nakken, og visste ka det va, men det va ett stykke å gå tebake, så eg rekna med at blikket hadde kjølna, te me kom te hyttå.

Det går skrekkelig mye bedre på tebake veien, Eldstemann går fyst av alle, litt for seg sjøl. Så komme eg, Mini’en og Litlajentå før Kånå og Han i Midten danna baktroppen. Me e jo nesten ett heilt skiløp, bare oss nesten. Vas(a)loppet…

I den eine bakken, får Kånå god fart, litt for god. For hu suse forbi se ett prosjektil der me sko ta av te venstre mens hu hyle av fryd, eller frykt, alt itte auga se ser…


Me sko inn te venstre, Kånå endte rett fram, langt utpå vannet, svinga i fart va ikkje hennas styrke..

Litlajentå, hu imponere stort og har skikkelig funne teknikken, der hu går med sko i forskjellige størrelsar. Hu har nåken knall og fall, men reise seg opp igjen uten hjelp..

Ska klara det sjøl, seie hu når eg prøve å hjelpa na.

Og jaggu meg går hu heile veien tebake te hyttå og, uten ett einaste klagande ord. Rett og slett imponerande.


Når me kom på hyttå tok eg og Mini’en oss ein velfortjent kvil. Før det blei litt aking og lek i snøen, utforbi hyttå. Så va det Barne-tv tid og hjemmalagd pizza fra Kånå stod på timeplanen.

Og om eg ska få sei det sjøl, så har det tross litt småknuffing i mellom dei to eldste, vært ein strålande fjelltur te nå.

Har eg nåke øveskudd, når me komme hjem. Så ska me ikkje sjå vekk ifra ein liten snutt med del 3.

Me har jo tross alt ein heil søndag igjen.

(red.. Det ble aldri noe del 3.. )


#fjelltur #helg #familie #tur #ski #litlajentå #kånå

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg