Ein veps, 2 Stikk og ei Tuba med Tannkrem..

” Det e min dag idag… ” .. Synge Åge Aleksandersen i ein muntert lada sang, som blei populær for 2-3 tiår siden.. Eg måtte nesten finna den på Spotify idag, før eg lot den fylla lastebilhyttå mens eg sang med i et muntert bedrøvelig tonefall.. For det va virkelig min dag idag, men det va ikkje heilt ein sånn dag som Åge synge om.. Med milliongevinstar strømmande på fra alle kanter.. Ånei, du.. Regningsbunkå e stort sett meget stabilt anlagt, forsvinne det nåken i bunnen dala det som regel ner nåken nye fra oven, som legge seg på toppen.. Og Lotto premier har definitivt ikkje tikka inn på konto, eller lignande.. Såvidt eg vett..

For idag morgens, då gikk det mesta meir eller mindre på tverke.. Så te de grader på tverke, at eg ei litå stund lurte på om det va fredag den trettende..

Eg hadde funnet meg ein kopp kaffi før eg begynte på jobb, som eg i ett uforvarande øyeblikk mens eg sorterte litt varer, klarte å velta.. For all del, det va ikkje verdens undergang akkurat det, eg gjekk og fylte den opp på ny igjen eg.. Men, det va gjerna ett slags forvarsel, te ka som va i vente seinare, på ein måte.. For når eg kom på første levering, så hadde eg glemt jekketrallå mi på terminalen.. Herreguud.. Sjølsagt hos ein kunde som ikkje hadde jekketralla sjøl.. Man drar liksom ikkje av ein palle på 5-600 kg, med bare nevane heller.. Så eg måtte kjøra tebake for å henta den.. Forbaskade sosemikkel, sa eg te meg sjøl, Kånå har forsåvidt heilt rett i det, innimellom.. At eg e ein sosemikkel, liksom..

 

” Når eg hoppa inn i lastebilhyttå, så skalla eg hovudet rett i solskjermen øve dørå.. Au Au.. Helsikken og altså, nå må eg snart læra meg at det skjer kvar gang, når eg bruke den..

 

Eg suste opp på terminalen, luska meg usett inn dørene for å henta jekketrallå, før eg spant avgårde te den første kunden, igjen.. Nå gikk det bedre og pallen rulla fint av bilen og inn på lageret, før eg kjørte videre te neste kunde.. Så, itte at eg hadde gjort meg ferdig ute i byen satte eg kursen innover på rutå, og kjørte mot Frakkagjerd.. På vei oppover mot Raglamyr kjente eg nåke som kitla litt på armen, så eg kikka flyktig ner, og skvatt te som når nåken skremme vettet ut av meg.. Tjera vena meg.. Ein forbaska veps satt og kikka meg rett i augene med ett hovent blikk, før den satte stumpen ner og kjørte brodden inn i armen min..

Hjølpe meg.. Eg skreik te og slo itte veps’en, i meir eller mindre blindå og mild panikk.. Mens eg tross alt måtte ha ett auga med veien og trafikken foran meg..

Vepsen føyk i sidå på dørå og forsvant ner på gulvet, eg fikk tebake ett snev av sjølkontroll og trampa litt tilfeldig nere på gulvet, for å forsikra meg om at vepsen va dau.. Eg svingte opp på Esso’en for å besikta skaden på armen, som forsåvidt ikkje va stort meir enn ein liten hevelse der den stakk.. Brodden stod heller ikkje igjen så eg satsa på at den fjotten av ein veps, den blei oppdaga i tide, sånn at ikkje så altfor mye gift blei spruta inn.. Men, det e jo biene som slippe brodden, og daua itte de har stukket deg, ikkje vepsen.. Ein veps, den kan faktisk stikka deg fleire ganger den, om den finne det for godt..

 

” Eg har alltid levd i den tru at det va vepsen som slapp brodden sin, når den stakk deg, før den daua ittepå.. Men, itte å ha lest meg opp på detta i ittemiddag, så vett eg bedre nå..

 

Faktisk, om eg ska få lov te å bruka ett av Mini’en sitt favoritt ord, så vett eg også bedre, fordi eg fant det ut av meg sjøl, idag morgens.. For før eg hadde sjekka skadeomfanget på armen, hadde eg sjølsagt forsikra meg om at veps’en va dau, eller ihvertfall saumfart gulvet.. Uten å finna liket av denna hersens vepsen.. Så eg slo meg te ro med at den sikkert hadde falt ut, når eg åpna dørå og hoppa ut.. Derfor.. Så va forbauselsen rimelig stor, når eg kjente nåke som kravla oppover leggen min, ikkje så lenge itte eg hadde begynt å kjøra igjen.. Før ei kraftig smerte, som om nåken hadde kjørt ei nål rett inn i leggskinnet, kom fra intet..

Svarte, salte og forbannade bananer, altså.. Den venstre foten gjekk lukst ut i full strekk, og eg prisa meg lykkelige for at lastebilen hadde automatgir.. Ellers hadde eg sikkert tråkka clutchen, rett gjennom dørken..

Eg ska ærligt innrømma at alskens ord og utrykk, som heilt klart ikkje egna seg på trykk, suste ut av kjeften som ei mitraljøse av eder og galle.. Eg tok av på første avkjørsel og holdt høyre i rundkjøringen, te eg kunne stoppa i veikanten.. Før eg spratt ut av lastebilen, som om eg va skutt ut av et katapultsete, å hoppa rundt som ein våryr ungkalv under vårslippet.. Det må jo ha sett umåtelig komisk ut, mildt sagt, så eg håpa virkelig ikkje nåken eg kjenne, observerte meg.. Syndaren datt te slutt ut av buksebeinet og lå nåke fortumla på asfalten, mens den kikka desperat på meg i ett sekund og to, før sålen på verneskornå mine, tok ei grusom hevn.. Og gjorde kort prosess med utysket..

 

” Om stikket på armen hadde vært av den milde sorten, så va det definitivt ikkje tilfellet på leggen.. Den svei som om man hadde hatt salt i ett åpent sår, og foten dunka som besatt for kvart pulsslag..

 

Gudhjølpe meg.. Eg hoppa inn i bilen og sko te å kjøra videre, før eg bestemte meg for å kjøpa tannkrem, borte på butikken der me bor.. Eg hadde lest ett kjerringråd eingang, om at tannkrem gjerna ville lindra et vepsestikk litt, og litt va uansett ein god del meir enn ingenting.. Så mye svei det akkurat der og då.. Forsåvidt, så trengte me tannkrem og, for det va ikkje mye igjen på tubå når eg pussa tennene, denna fatale morgenen.. Men, på vei inn i butikken så fant eg ut at lommabokå ikkje låg der den sko gjør, for den låg heima på kjøkkenbordet, itte eg hadde handla igår.. Så, eg heiv meg inn i lastebilen igjen, og satte kursen heimover, for å henta lommabokå..

Akkurat når eg kjørte ut fra butikken, så kom eg i hug at arbeidsjakkå mi låg på terminalen, eg hadde slengt den av når eg henta jekketrallå, som eg hadde glemt tidligare..

Herreguud.. Heilt typisk vett du, for eg sko jo absolutt hatt den jakkå nå.. Nøklane te dørå i heimen lå jo i jakkelommå.. Eg hadde kasta jakkå for eg va nåke varm og småstressa, fordi eg hadde glemt jekketrallå.. Gudhjølpe meg, altså.. Eg ga opp heila prosjektet og tok ein runde ekstra i rundkjøringen, før eg suste mot hovedveien igjen.. Før eller seinare, så ville vel smerten gi seg litt i den fordømte leggen, tenkte eg for meg sjøl, eller ihvertfall håpa eg det.. Eg fikk forsåvidt rett te slutt, men det va meir seinare enn før, der svien og dunkingen i leggen ga seg, godt ut på dagen idag..

 

” Himmel og hav altså.. Det e ingenting som ein fredagsmorgen, som virkelig byr på seg sjøl med uforutsette hendelsar.. Det e ihvertfall heilt sikkert.. Det va heilt klart “min” dag, idag..

 

Så.. Dåkke får jaggu meg ha ei fantastisk helg, Folkens.. Både arm og fot e heilt klart på bedringens vei, her i heimen.. Men, pass dåkke for øveivrige vepsejæklar, som plutselig tar fram et forsvinningsnummer av stort kaliber..

Det komme ihvertfall eg te å gjør, fremover..

Man vett aldri heilt kor de kan finna på å gjemma seg, det har eg smertelig fått erfara idag.. Eg har bare blitt stukken ein gang av veps tidligare i mitt liv, så at nummer 2 og 3 kom på samme dag, av samme veps.. Det va gjerna lika godt..

Vil eg tru.. Då e eg gjerna immun ei litå stund, muligens.. =D

 

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg