Ein Snømann med Gulrotnase, Steinauger og nåken Trekvister te armar..

Så sitte eg her igjen og prøva å knota ner nåken ord på laptopen, ein sein tirsdags kveld.. For eg ska ikkje legga skjul på det lenger, at eg rett og slett slite litt for tiå, med å trylla fram ord fra hjernebarkens uransaklige stier.. Der eg før gjerna sitra itte å setta meg ner å tømma hjernen, fordi det formelig rant over av hendelsar eller episoder som ville ut.. Der e det heilt tomt.. Null, Niks og Nada.. Så, istedet for å gå runt grauten og lura meg sjøl, synast eg det e bedre eg seie det rett ut..

Eg trur eg har mista Mojo’en min.. Altså, eg har mista evnen te å forvandla våre hverdagslige eskepader om te godslige anekdoter krydra med humor og ein salig dose med sjølironi..

Eller, har me te slutt klart å forvandla vår te tider heseblesande og småsprø hverdag, om te ett velsmurt småbarnsfamilie maskineri som endelig går i takt med omverdenen..!? .. At tidå kor me nærmast uten stopp og gjerna fleire ganger te dagen, gjekk på ein smell og 2 av astronomiske dimensjoner, den tiå e over.. Har Kånå lest for mange av innleggene mine, sånn at hu tenke seg om ein gang og to ekstra.. For å ikkje trø ut i salaten med begge beinå, på ein gang..

 

” Sånn at eg får blod på tann og går amok på tastaturet, for å dokumentera fadesen hennas.. Eller meg sjøl for den saks skyld, har eg og begynt å overanalysera saker og ting så ikkje det går på tverke meir..??

 

Eg har jo vondt for å tru at det e tilfellet, man kan jo ikkje mista Mojo’en sånn uten videre.. Eller kan man det..?? .. Eg va tidlig ferdig på jobb idag og ringte Kånå for å høyra kossen hu låg ann, og hu va forsåvidt i ruta hu og.. Men, akkurat når eg sko te å gå heim og Kånå va på vei opp på terminalen, så fikk hu ett par oppdrag te av kjøreledaren våras.. Så Kånå ringte meg å sa at eg kunne jo bare kjøra heim å nyta freden eg, før hu kom heim med kidsa..

Kånå sa hu kunne henta Mini’en, så eg gjerna fikk setta meg ner å skriva ett innlegg.. Hu har vel fått med seg at eg ikkje akkurat bobla over av entusiasme, på den fronten..

Men, eg gjør jo det.. Eg har så lyst å skriva at eg nesten dirra i fingertuppane, eg får bare ikkje nåke ut.. Så når eg parkerte heima i carporten, rusla opp trappene, laga meg ein kopp kaffi og satte meg i sofaen med laptopen på fanget.. Ja, då bestemte eg meg for at nå, ja nå sko det jaggu meg skrivast.. Nå sko eg slippa opp alt av hemningar og andre ulumskheter der inne i hjernebarken, som gjerna lå og sperra for kreativitetens krumspring og lek med ord.. Endelig liksom..

 

” Men, når Kånå kom luskande opp trappene ca halvannen time itte meg og lurte på kossen det gjekk, så kunne eg jaggu meg ikkje anna enn fortvila stotra fram at eg ikkje hadde fått skrevet ner ett einaste ord..

 

Det va som om hjernen virkelig va aleina.. Eller tom.. Men, Kånå va og aleina.. Hu hadde ikkje Mini’en med seg heim fra barnehagen, for han hadde blitt skikkelig skuffa når hu kom, de sko jo akkurat ut å aka då.. Så Kånå hadde latt guten få vær litt lengre, i barnehagen.. Tjera vena meg.. Går det an ???? .. Altså, eg e gjerna bare ein enkel stakkars massebarnspappa, som stort sett gjør så godt han kan.. Og får eg beskjed om nåke, så utføre eg det te punkt og prikke.. F.eks akkurat det å henta i barnehagen..

Eg går ikkje heim uten å ha fjotten med meg, det sko jo tatt seg ut, trudde eg.. Heilt te Kånå kom heim og liksom bare uten videre sa at hu hadde latt Mini’en fått vær litt te.. Som om det va den største selvfølgelighet, her i verden..

Den gangen eg stod småflau og pinlig berørt, mens Mini’en rasande proklamerte at eg henta han for tidlig.. Så va det jo fordi de akkurat sko teå gå inn for å leka litt meir, med Duplo’en, som han hadde bygd ett hus te apekatten sin med.. Ingen hadde nåkengang fortalt meg om muligheten for at guten kunne vært litt lengre, at eg kunne dratt å henta guten ein halvtime seinare, liksom.. Og hadde eg alikavel gjort det av ein eller anna uforklarlige grunn, så hadde det garantert vært feil det og..

 

” Men, om Kånå finne på nåke sånt, så e det jo liksom heilt greit.. Herreguuud.. Tenk, all den eder og galle som eg fikk av Mini’en den dagen, på vei heim.. Fordi eg va for tidlige.. Ja den kunne eg sluppet klar.. Faktisk..  (Som Mini’en alltid seie..)

 

Og, på toppen av det heila så hadde Kånå lova Mini’en, at Fatter’n sko ta han med ut å aka itte me hadde spist middag.. Eg.. Som hadde tilbringt halvannen time med absolutt ingenting der heima, foruten å bli irritert, sur og vrang fordi eg ikkje fikk proppen ut av det kreativa senteret.. Eg sko liksom ta guten med ut å aka.. Hjølpe meg, som om om eg ikkje hadde viktigare ting å gjera.. Som f.eks å få klatta ner ett forbaska innlegg, sånn at leserane endelig strøymte inn te bloggen igjen..

Og løfta den opp fra den djupe statistikk avgrunnen den nå va nere i.. Gudhjølpe meg, Kånå sine lovnader på mine vegne, dei hjalp jo ikkje akkurat på ett synkande humør.. Mildt sagt..

Så eg gikk jo totalt i lås.. Skallebank hadde eg jo og dradd på meg, med all denna helsikkens hjernevridningen.. Så, gå ut å aka med kidsa va meir eller mindre det sista eg hadde planlagt.. Hverken meir eller mindre.. Altså, det e ikkje det at eg ikkje lika å kosa meg med Flokken ute i snøen, når me først har fått den her på vestlandet.. Men, eg hadde kjørt meg inn i ett blindspor eg ikkje kom ut av, og protesterte høylytt te Kånå sine truslar om både det eina og det andra, om eg ikkje gjorde som hu sa..

 

” Sjøl når hu forstod at tomhendte trusler ikkje virka, la om taktikken og lovte saligt både det eina og det andra, så stod eg på mitt.. Alle vett jo at hu sove som ein stein, før klokkå tippa ti.. Ihvertfall vett eg det..

 

Te slutt så endte det med ett kompromiss, eller ultimatum.. Alt itte kossen man ser det.. Livet som aleinapappa for 4 spinnville ungar, det frista liksom ikkje så skrekkelig mye.. Egentlig.. Ingenting e verre i ein diskusjon, enn når man innser at man har tapt.. Det finnes ikkje rettferdighet i denna verden, heilt klart.. Så eg tok ett par tablettar med solskinn, trødde på meg vinterklær og marsjerte ut dørene blid som ei råtten sitron.. Og, av og te så har eg meir flaks enn forstand..

Eg gjekk lukst i Bodå og nappa fram akebrettet te Mini’en, som stod og trippa klar som ett egg i carporten, når eg kom ut igjen.. Eg smelta litt då..

Og når me gikk øve gatå og opp i bakken her hos oss, og fyrte igang med aking.. Så gikk det ikkje langa tiå før eg storkosa meg, forsåvidt.. Det va gjerna akkurat detta eg trengte innsåg eg innerst inne, sjøl om eg ikkje sa ett kvekk te Kånå.. Det hadde vært som å hella kaldt vann på ei blottlagt nerva i ei ødelagt tann, å innrømma øvefor Kånå at detta va som balsam for sjelå.. Så langt inne i indignasjonens selvrettferdige harme begynte eg vel å tina litt opp, oppe i topplokket.. Og kosa meg med både Kånå og Kidsa..

 

” Me laga til og med ein snømann med gulrotnase, steinauger og nåken trekvister te armar.. Det va ikkje stort å sei, anna enn at både skallebanken og motviljen min mot å gå ut, plutselig va fordufta i lausa luftå..

 

Kånå gjekk nå der å flirte for seg sjøl, med ett lurt glimt i auga.. Eg kunne fornemma blikket hennas i nakken, og eg løy så vakkert at eg nesten fikk tårer i augene sjøl, når hu spurte om eg kosa meg.. – Nei, eg gjere ikkje det.. Svara eg så ampert som eg fikk te, uten at det høyrtes tegjort ut.. Sjøl om sannheten va at eg storkosa meg, der eg trilla på ein svær snøball som snart sko bli kroppen te snømannen våras.. Mini’en for å pludra ved siå av meg, og det va svært vanskelig å sjå sur og vrang ut.. Heilt klart..

Litlajentå stod på ski og har virkelig blitt ein kløpper på de, der hu suste ned bakken med perfekt knekk i knærnå.. Før hu gjekk opp igjen som om hu aldri hadde gjort anna..

Han i Midten føyk rundt og tulla som han alltid gjør, rant litt ner på ett sånt brett me har, hadde litt snøballkrig med oss alle og hjalp te med å laga snømannen.. Kånå gjekk heim og henta ei  gulrot te nasen, før hu og Litlajentå leita itte steinauger.. Mens eg, Mini’en og Han i Midten satte på hovudet te snømannen, som gutane hadde rulla sammen.. Og når alle va fornøyd for kvelden så gikk me inn kor Kånå mekka i hop kakao med krem, laga nåken herlige ostasmørbrød før me fikk Flokken te sengs..

Kånå slokna på sofaen klokkå halv ti, eg satt å glodde på ett program på tv’en når lynet plutselig slo ner i topplokket.. Laptopen blei fiska fram i ein fart og før eg visste ordet av det, så føyk fingrane øve tastaturet..

 

Og med det litla bombenedslaget, kan man vel bare konstantera at det gjerna løsna litt i hengmyrå, oppe i hjernebarken.. Forhåpentligvis.. Så god morgen, god ettermiddag eller god kveld, Folkens..

Alt itte ka tid dåkke lese detta innlegget.. =D

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg