Ein Pappa’s bekjennelser om livet som Fatter’n …

Sjølvaste Fatter’n … Eller meg då … Forsåvidt for nåken år siden, mens eg sitte nåke tankefull, og venta på bussen te flyplassen … Når me sko heim fra Tyrkia …

 

Det va ett fantastisk vårvær som manifisterte seg øve Haugalandet idag, men eg har ikkje satt foten ut av dørå, ennå. Eg har drukket kaffi, holdt styr på Flokken og bladd gjennom innlegg eg har skrevet tidligare, nesten heilt tebake te starten. Eg kan heilt ærlig ikkje skryta på meg å ha lest alt, då eg fant ut at det jaggu meg har blitt langt øve sjuhundre innlegg, på omtrent tolvhundre ord kvar, sånn ca i snitt … Det vil omtrent tilsvara seksten korte romaner det, om man rekna at ei bok har omtrent femti tusen ord. Eller 8 gjennomsnitts romaner, på hundre tusen ord …

 

Det e jo rett og slett heilt sinnsjukt. Så eg tok ein tur innom denna her statistikk funksjonen, bare for å se kor mange sidevisniger bloggen har hatt, opp gjennom årenes løp …

 

Og om antall innlegg og ord blåste meg sjøl av banen, så datt eg nærmast av sofaen, når eg såg tallet som lyste mot meg. For, på tre år så har bloggen blitt vist frem, og nå har eg bare tatt med tall fra den bloggen eg hadde/har på eget domene, 1 406 692 ganger. Nesten halvannen million sidevisninger … Gudhjølpe meg … Det e liksom når man trykke på litt andre valg, enn dagen idag eller gårsdagen, men heller på tre år tebake, at ein sånn statistikk gjør ett visst inntrykk …

 

” Det e sikkert småtterier for bloggerne øverst på listetoppen, men for meg, så synast eg det jaggu meg e heilt sprøtt, og meina heilt klart at ett lite klapp på mi egen skulder, det e heilt på sin plass … 

 

At tekster fra ein massebarnsfamilie liv, liksom sko engasjera såpassa mye, at slike tall dukka opp. Det hadde eg aldri trudd, når eg begynte med detta greiene. Det at ein Fatter’n går på smeller i heimen, gang itte gang, i ein heim med fira spinnville ungar og ei ilter, småsint, men stort sett snill Kåna … Det har engasjert ett mangfold av mennesker, te å trykka seg inn på siden, det e nærmast ufattelig. Som den gangen, når eg vakna ein søndags morgen i ett mildt depressivt humør, og gikk ut på badet for å tømma tanken … 

 

Og høyre Flokken kviskra ute i gangen, før Mini’en komme spankulerande inn på badet, med hendene bak ryggen. Nett som ein eldre kar som e ute å går tur i fin været … 

 

Før han med eit kjapt trekk slenge ut håndå si, deisa dasslokket igjen og løpe ut av badet i ein forrykande fart. Fatter’n står igjen i sjakk matt, og rekke ikkje å reagera før katastrofen e ett faktum, herreguud vett du. Dei tre andre i Flokken hadde lurt fjotten te å gjør detta, og lå ute i stugo å lo seg skakk. Det samma gjorde Kånå, når hu blei oppdatert … Knekken i knærnå kom på rekordtid … Eller den gangen når eg måtte handla på Obs’en heilt aleina, fordi Kånå hadde vrikka foten og kunne ikkje gå … 

 

” Og for sikkerhets skyld, skreiv hu ei handlelista i pur fandenskap som sendte Fatter’n ut på ein ferd som gikk i sikk sakk, mellom reolane med matvarer, shampo og truseinnlegg, oppe på Obs … 

 

Tjera vena meg … Eg minnast ennå når eg møtte ei dama i påleggs disken, rett før eg kapitulerte og sa meg fornøyd, ei dama som eg sikkert hadde passert ørten ganger tidligare. Og som sendte meg ett blikk, ett sånt blikk som man gjerna ellers bare får i begravelser, eller lignande. Eg nekte fortsatt den dag i dag, å tru på Kånå, som meinte at handlelistå absolutt ikkje va skreven sånn, med vilje. Kånå hadde svart belte i handling på Obs’en, og visste akkurat ka hu gjorde … Utspekulert va hu, hverken meir eller mindre …

 

Også har man den episoden ein tirsdag, for mange år siden, kor Kånå va i ett usedvanlig godt humør, når eg kom heim fra jobb. Og suste til og med ned på butikken, for å handla litt digg te kvelds, på ein heilt vanlig tirsdag …

 

Fatter’n fikk litt blod på tann og trudde det virkelig ville bli “ild i torvå”, te kvelds, men så va det bare Grey’s Anatomy på tv, den kvelden. Yndlings tv-serien te Kånå … Typisk vett du … Ikkje minst, så har det vært endalause beretninger, fra helgemorgener, kor Fatter’n nærmast kronisk har gått på ein smell. Enten før eg forsåvidt har visst det sjøl, når gjerna Mini’en og Litlajentå har okkupert midten i sengå våras, eller ittepå. Når man trur man har kontroll på Flokken, og tenke at ein liten tur på rammå, det e nå trygt, siden Flokken sitte fint sammen, og ser på tv …

 

” Men, så enda man opp med fullstendig kaos oppe i stuå, akkurat i det sekundet, som jobben nere på badet har starta. Og man får full panikk for at Flokken ska vekka Kånå, å ende opp med å rømma badet, mens dasspapir henge itte seg, som ein hale …

 

Feriekaos, middagskaos, jobbkaos, ja det mesta som egentlig kan finnast av kaos, i ein familie, det trur eg gjerna har blitt dokumentert, i løpet av deia årene som bloggen har eksistert. Som den gangen Litlajentå bare va halvt anna år, og stod midt på det nya langhårete gulvteppet te Kånå, og laga nåken merkelige boblelydar fra bleiå. Man kunne formelig sjå at bleiå hennas blei større i takt med boblelydane, omtrent som når man blåse opp ein ballong. Eg spratt opp som ein ungkar når tannhjulå i hjernen endelig greip tak i kvarandre igjen, og eg oppfatta ka ulykka jentå hadde havna oppi …

 

Tjera vena meg … Stanken som begynte å fylla stuå va utholdelig og gutane flykta gispande opp på rommene sine, med hendå på nasen …

 

Mens eg jogga mot trappå, holdt eg Litlajentå unna armane hennas med strake armar vekk fra meg sjøl. Boblelydande hadde avtatt nåke og om man ikkje la nåke press på den bugnande bleiå, ville eg nok rekka å komma meg ner på badet … Puuh … Så e det som når man i action filmar senke hastigheten på filmen, og dei neste hendelsane skjer i slow motion. Kånå har enten høyrt at eg ropte ut når eg oppdaga nesten-katastrofen, eller høyrt gutane som sprang opp trappå mens de uffa seg. Så hu kom jo sjølsagt ilande te i ein fart …

 

” Eg ska ikkje sei sikkert om hu kom nerante første etasje, eller oppante loftet, uansett spille det ingen rolle for utfallet. Man kunne nesten høyra at teipen på bleiå holde på å gi itte nå, der den begynte å laga sånne knitrelydar …

 

Kånå strekke ut hendene sine og grabba Litlajentå te seg, mens eg i forbauselsen utbryte «Neeeeeeeeeiiiiiiiiii» … Fortsatt i sakte film. Fri og bevare meg vel … Tre ting skjer nå i eksplosiv fart, men alikavel i slow motion … Eg ser det fortsatt for meg som om det va igår. Kånå trekke Litlajentå te seg og slenge jentå inn i ett fast hoftafeste. Bleiå eksplodere i ett inferno midt i trappå. Og itte nåken sekundar, når det går opp for Kånå ka som nettopp har skjeddd … Eksploderte vel hu og …

 

Hu ser opp på meg med ett vantro andletet, mens eg har sunket sammen på knærnå og kikka ner på ett reinaste vanvidd av ett grusomt kaos … Kånå hiksta liksom te ett par ganger, før hu får pusten igjen, og kauka ut …

– Fordømrande sosemikkel … Koffår i helsikke seie du ikkje i fra da, Frode !!!??? …

 

Eg kikka lika vantro tebake på Kånå … EG sei ifra ?? … Hadde ikkje Kånå nettopp nappa jentå i fra meg, før eg hadde sjangs te å advara hu om den prekære situasjonen. Kånå har allerede fortsatt i full fart ned på badet, med ei brun fartsstripa i hælane … Eg stod igjen der oppe og kikka ner på den «tidligare» kvita flotta trappå våras, mens eg tenkte eg sko ropa ner te Kånå … At hadde eg fått sjangs te å sei ifra så sko eg gledeligt gjort det, men når hu ikkje gir folk sjangsen te å advara … Så hadde hu bare seg sjøl å takka …

 

” Eg gjorde jo sjølsagt ikkje det … Det e forskjell på å vær toskjen og idiot, og eg hadde ikkje tenkt å ta idiot tittelen fra Kånå, med det førsta … Filmen va slutt, og ting gjekk tebake te normal fart …

 

Trappå såg ikkje ut, det gjorde forsåvidt ikkje veggane heller, itte at Kånå hadde detonert klasebombå, som Litlajentå hadde hatt i bleiå … Så eg svelgte alle kommentarene som lå på tungå, og gikk heller ner på vaskerommet. Fant fram vaskebøttå, klor og ein haug med filler. Før eg sette igang med å vaska galskapen vekk, så det ikkje sko setta seg i veggane … Kånå kom og hjalp te, itte hu hadde lagt Litlajentå, og itte ett par timar, trur eg trappå va lika kvit som første dagen, når me flytta inn …

 

Seinare på kvelden, når me satt i sofaen og meir eller mindre hadde fått «samla oss» litt igjen. Så delte me ett blikk, tenkte det samma og brøyt ut i ei total latterkrampa …

Gudhjølpe meg vett du, eg måtte jo fuga mellom trappå og veggen på ny, for dritten ville ikkje gå av akryl’en, når me vaska …

 

Jøje meg … Akkurat den episoden, det e vel ein av mine favoritt historier, der Kånå for ein gangs skyld, gikk på ein kraftig smell … Men, det e vel gjerna derfor denna bloggen har slått te, i den grad den gjerna har gjort … Nettopp fordi den vise ein hverdag, akkurat slik den gjerna e rundtomkringfallera, i dei fleste norske hjem … 

 

Den gir ein usminka versjon av livet som foreldre og Fatter’n, i ein massebarnsfamilie med fira barn i heimen. Ei slags motvekt te alle perfekte statusoppdateringer på sosiale medier, rosabloggere og lignende, med sine elleville, vondt-i-magen gøyale og til tider tankevekkende historier … 

 

” Ein helsprø og forfriskende, hverdagslig heseblesende og muligens ekta blogg … Ein blogg som folk kjenne seg igjen i, og kan både le av og med … 

 

Ein blogg kor eg gjerna har klart å skapa ein arena, som gjerna får andre foreldre, te å gi litt slipp på jaget itte å fremstå som at alt, alltid e på gehør. For det e det jo ikkje hos nåken, vil eg tru, me har nok alle våre spøkelser i skapet, i heimen … Også dei, som gjerna aldri gir uttrykk for det, og som andre kanskje higra itte, for å nå opp te … 

 

Men, som muligens e ein illusjon av ein perfekt hverdag … Et luftslott som det før eller seinare vil gå hull på .. 

 

Ein blogg som gjerna gjør ein liten forskjell, for alle fortvilte foreldre, rundtomkring i landet. Som gjerna lese om vår hverdag, og pusta letta ut, øve at andre også har det sånn som dei har det … 

At den hverdagen dei leve i e mot normalt, og dei perfekte illusjons hjemmene, e dei som kanskje helle mot unormalt … På ein måte. Om dåkke meina ka eg forstår, liksom … 

 

” Ein blogg eg kanskje synast hadde fortjent endå meir plass i rampelyset, men som eg e enormt fornøyd med at har nådd så langt den har nådd … 

 

Så lik og del, anbefal og snakk varmt om, hvis dåkke synast det samma som meg, Folkens …

Og ha ein aldeles nydelig søndags kveld …

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg