Ein disig morgen, rånebilar og ein Mini man ikkje kan stola på !

191962882-s

Det va tirsdags morgen, det lå ein tynn dis øve landskapet nett så ein hær av dansande mytiske alveprinsesser. Solå lå og vaka i horisonten som ein halvfeit laks, på vei opp laksatrappå.

Eg satt bak rattet i lastebilen på vei te jobb, og myste inn litt frisk morgenluft med dugg på.

Når ein morgenfrisk valp i ein blodtrimma Bmw fra seint 90′ tallet suste forbi meg med ett brøl. Og eg fekk halve kaffikoppen i fanget i forfjamselse.

 

Normalt sett hadde eg vel blitt i øvekant irritert, og hutta med neven. Men det va nåke Deja Vu aktigt øve heile hendelsen, som om nåken i lastebilen kjente seg sjøl igjen “littegrann”.

Hadde eg gjerna ikkje hatt ein Bmw i ungdomstiå sjøl. Og briefa litt med gasspedalen i ny og ne.

Jaja.. Men når intens girskifting, luktå av eksos og brølet fra ein V6’er får deg ut av morgendvalen. Og minner fra ein fordums tid dukka opp, då e det gjerna greit om litt kaffi skvulpa over.

På ein merkelig forskrudd måte.

 

Men ungdomstiå med raske bilar og spinnande hjul e forbi, nå e det minivan og plass te barnavogn så gjelde i ein bil. For oss med litt øve gjønåsnittet med ungar.

Men av og te, når eg gjerna e aleina i “vidunderet” våras, trør eg på litt i førsta og andra giret og flira litt for meg sjøl. Før eg treffe 60km/t itte 4 og ett halvt minutt…

Mens eg minnast storhetstiå.

 

Ein liten digresjon der. Men eg kom meg nå gjennom arbeidsdagen, så forsåvidt va i øvekant travel. Eg fekk nåken impulsive hentingar i slutten av dagen og tids skjemaet begynte å bli trangt.

Eg måtte vær heima før halv 5 for å kjøra Han i Midten på karate trening. Og det gjekk meir eller mindre akkurat

Kånå hadde gitt streng beskjed om at det va mi oppgava, hu sko på barnadans med Litlajentå og sjå Eldstemann spilla kamp.

Det blei forsåvidt ein kjapp disputt om kim så sko ta ansvaret for Mini’en.

Men den va egentlig over, før an hadde begynt.

 

For Kånå spurte meg om kim så sko ta med seg Mini’en, og eg har blitt såpassa erfaren at eg forstod det va bare ett riktig svar på det spørsmålet.

Det va jo egentlig ikkje ett spørsmål, men ein forkledd kommando.

Av og te, når me mannfolk vett at det ikkje e ett spørsmål med 2 svar. Så klara me alikavel å svara feil, mest på trass men somme ganger vett me ikkje bedre.

Me går rett og slett på ein smell.

Det e ikkje alltid lika lett å luka ut dei her kamuflasje spørsmålene te Kåne’ene, det e ivertfall heilt sikkert.

Det burde fulgt med ei håndbok om sånt nåke.. Akkurat sånn så Ole, Dole og Doffen’s Hakkespettbok, med svar på alt me mannfolk trenge svar på.

Ei universalbok om kvinnfolks lunefulle og uransaklige væremåtar. Det hadde nok løyst mange problemer her i verden. Og sendt mange skilsmisse advokater lukst ut i Nav kø..

 

Men eg svarte rett, eg va sliten itte jobb men ikkje hjernedød.

Forresten hadde karate trenaren sagt at det va kafe og lekerom lika ved trenings lokalet…

Det hadde eg sjølsagt ikkje sagt te Kånå. Hu trenge jo ikkje vita alt hu heller.

Så når me kom heim itte treningå og Kånå lurte på kossen det hadde gått, svara eg bare med ei sliten mina om fjeset.

At det hadde gått heilt greit, hverken meir eller mindre.. Før eg la te ett lite sukk.

“Uffda, stakkars deg… Sa hu, mens hu kikka omsorgsfullt på meg…

Eg måtte springa på do før eg blei avslørt, for detta her Jack Nicholson fliret te Litlajentå. Det har begynt å bli smittsomt, trur eg..

“Well played… Kviskra eg te han i speilet, så flira mot meg..

 

At eg og Mini’en hadde sett litt på starten av treningå, før eg hadde gått i Kafe’en og kost meg med ein god kopp kaffi mens Mini’en gjekk amok i lekerommet.

Det fekk væra vår lille hemmelighet, min og Mini’en si hemmeliga pakt.

Itte det “falska” dassbesøket, måtte eg susa ut på jobb igjen. Litt administrativt arbeid måtte gjerast.

Ein liten bonus der, va jo at eg slapp leggekaoset… Eg ska ikkje begynna på ein digresjon om den, aent enn at det stort sett blir interessant.

 

Så når eg seint på kveld parkerte i gården igjen heima, og tusla inn dørå te Kånå.

Så spurte hu meg, nesten før eg hadde fått satt meg ner i sofaen..

“Ka gjorde dåkke på når Leander trente da? …

Eg kunne kaldkvelt Mini’en… Den fjotten hadde tydligvis ikkje forstått meiningå med hemmelige pakter.

Eg forstod det med eingang.. Kånå hadde heilt klart ana ugler i mosen.

Hadde me snakka litt først, for så og fått spørsmålet innimellom nåke aent me snakka om.. Så kunne eg glatt gått på limpinnen, men denna såg eg og komma på laaaang avstand …

 

Så det spørs om eg ikkje må gå på barnadans neste tirsdag, istedet for karate trening …… Rett og slett..

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg