Eg, Kånå og Fødestuå(ene) .. ;)

 

Eg har ikkje meir enn nesten slutta å jubla øve 1001 leserar igår, før dåkker gruse den rekorden og. Det e jo heilt sprøtt.

Bare fordi eg blei ein gjengangar i korridorane på fødestuen, og oppretta ein blogg om hverdagen vår. Så gnistra tellaren, øve kor mange som e innom og lese.

 

Det må jo seiast, at eg muligens blei litt for husvarme, der på fødestuen. Sjøl om me ikkje hadde dei samme jordmødrene, kvar gang.

Men du blir jo litt kjente i korridorane, på ein måte. Med Litlajentå fekk me til og med velga favoritt rommet vårast.

Hjølpe meg …

 

Det e gale, når du har favoritt rom, på Fødestuå..

 

Eg huska godt første gangen eg og Kånå fløy avgårde der til, når Eldstemann meldte sin ankomst. Kånå hadde gått å kjent på nåke murring, heila nattå.

Når eg vakna den morgenen hadde Kånå gått rundt i leiligheten vår, heila natta, og kjent på ei murring som liksom aldri ga seg.

Eg spiste frokost, spilte litt playstation og gjorde andre ting som man gjorde, før man fekk barn. Men ikkje gjorde etter etterpå. Prøvde å spør Kånå innimellom, om det va nåke, sko me kjøra på føden, men nei, hu visste ikkje…

 

I ett tiå for me på fødestuå, eg tenkte at om ikkje Kånå visste, så rekna eg med at dei visste. Det versta så kunne skje, va at de sendte oss heim igjen. Men då visste me ivertfall nåke.

Me kom inn, og ein nåke småforvirra turnuslege sjekka forholdå, før hu reiste seg og føyk ut. Hu kom tebake med ei aen, så og sjekka forholdå, altså “åpning”, på fødestue språk.

 

For menn, som e fystereis på fødestuen, e det 3 ting du bare kan begynna å huska med ein gang.

Forholdå, altså åpning, ska vær ca 10 cm før man e klar for action. Alt så skjer før det, e venting, støtting og holding av kjeft. Sei ingenting, om du ikkje blir snakka te og velg dine ord med omhu.

Hjertefrekvensen, te det lilla vidunderet inni der, e nåke du bare må bita deg merke te med ein gang. Det e ein indikator på om det e rier på gang. Når den fyke te himmels, går du te verks med støtting og kalde klut på pannen. Men husk, snakk kun når du blir snakka te, og svar med andakt.

Og husk for guds skyld kamera…

 

Men, nr 2 va altså kommen inn for sjekka, ei meir erfaren tydligvis. For her bar det rett inn på fødestuå, Kånå hadde full åpning.

Halv 4 va Eldstemann ute, og eg satt gjennom våt av svetta, totalt utslitt og mentalt utmatta ved siden av sengå.

Og kikka på Kånå så satt uforskamma frisk og rask og holdt på Eldstemann, mens hu kauka te meg at eg måtte ta bilder.

 

Med Han i midten, va det nærmast samma historien. Men me kom inn tidligt om morgenen, litt klok av skade. For det blei nåke hektiskt med eldstemann.

Kånå lika ikkje å ligga i ro, så hu for tråkka i korridorane, hu syns det va bedre å gå, enn å ligga å kjenna på smertene.

Eg satt på rommet, hadde med meg ei bok, men klarte ikkje heilt å konsentrera meg. Sengå såg fryktelig fristande ut, Kånå va jo ute og gjekk alikavel.

Så eg såg mitt snitt te å få ein liten blund på auga, hadde ikkje sove så mye på nattå, då Kånå hadde stått opp hundre ganger, minst.

Eg trur eg slokna på minuttet, og våkna av ett skrik. Jordmorå sko inn å sjekka Kånå, men fant absolutt ikkje det hu hadde forventa å finna, unda dynå.

Tjera vena meg…

Eg fekk unnskyldt meg med det samma, før Kånå kom hinkande inn dørå, og meinte at nå va det på tide.

Halv 12, va Han i Midten kommen te verden.

 

Litlajentå meldte og sin ankomst om morgenen. Det va avtalt at me sko komma inn på føden i 0800 tiå, så me stilte rutinert opp på tiå.

Fekk velga oss detta berømta favoritt rommet og Kånå gjekk på tur igjen.

Eg la meg ikkje i sengå, men sette meg i ein stol med ei bok, og tok rundetidene på Kånå. Nåke hu ikkje syns va løye, i det heila tatt.

Itte ei stund kom Kånå inn og la seg. Sonder blei plassert på Litlajentå, og eg følgte rutinert med på hjertefrekvensen.

Kånå hadde fått litt stopp i riene på begge dei to fyste, å det samma skjedde her. De diskuterte kor mye de sko setta dryppet på, og når de hadde bestemt seg.

Så brøyt eg inn og foreslo, at eg trudde nok de måtte ett hakk og to te opp. De kikka bare løye på meg, før de marsjerte ut.

Det varte og rakk, men riene begynte å bli svakare. Ei ny jordmor kom inn, sammen med dei to andre så va der sist. Hu sjekka dryppet, sette det 2 hakk opp og nevnte nåke om at det burde de ha gjort, sist de va innom.

Eg smilte litt for meg sjøl, mens dei 2 andre kikka i bakken, når de gjekk ut.

Klokkå 4, skreik Litlajentå, for fyste gang.

 

Mini’en, va det verre med. Den turboen ville ut så altfor tidlig. Heile 6 uker til og med og Kånå hadde vært innlagt i over 2 uker, før det blei bestemt at nå va dagen kommen.

Eg kom innom på ittemiddagen, på visitt. Me visste vel egentlig ingenting, men håpte jo på at de sko setta det igang den kvelden.

Og litt utpå kvelden, kom det ein lege inn.

Det hadde vært litt diskusjon om keisarsnitt, ellår det vil sei Kånå nærmast hadde forlangt det, for å få fjotten ut.

Hu hadde fått sjukehus sjukå, og va drita leie.

Så når han begynte å snakka om ett par dagar te, blei an fort avbrøten av ei småprovosert akutt hissige Kåna.

– Han ska ut ikveld… !!!

Og sånn blei det.

“Når Kånå har bestemt seg, så blir det så” .. gammelt jungelord.. ( Kun dei se har lest Fantomet i barndommen, så tar den =D )

Klokkå 0300 blei han født. Kånå hadde fått epidural, for fyste gang. Og angra seg ihjel for at hu ikkje hadde tatt det på dei andre. Men det va nå forsåvidt litt for seint då.

 

Tjera vena meg… Nå blei det ett heilt aent innlegg enn eg hadde tenkt, men skitt au.

Då har dåkke fått med dåkke det og. For det va dåkke eg tenkte eg sko skriva om idag..

Dåkke se lese, se igjen øverraska med å sletta den nye lesar rekorden, bare 24 timar itte dåkke satte den forrige…

1403

egentlig 2800 og nåke nå, men igjen, detta e ein reprise..  😉

Det e den nye lesar rekorden..

Og det hadde vore jysla gøy, om dåkke stikke innom titt og ofta.. Dele, lika og kommentere..

 

Tusen hjertelig takk, igjen…

=D


#rekord #fredag #helg #fødsel #kånå #mamma #pappa #familie

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg