Eg, Kånå og Flyskrekk Tabletten …

Itte 2 uker på ferie med Kånå og flokken våras, har den “harde” hverdagen innhenta oss.. Kjente eg “grua” meg heilt fryktelegen, te å tuttla meg opp på jobb idag.. Men eg klarte te slutt, å trø øve dørstokken og løysriva meg, fra ferien sitt siste åndedrag.

Kjenne forsåvidt at eg eg glad eg ikkje ska ut å fly på ei stund og.. For eg ska vær den fyste te å innrømma, at eg ikkje e øve gjennomsnittet glad, i å fly.. Nåke så Kånå lett kan bekrefta, vil eg tru.

Turen ner te Sydenland trur eg Kånå mest vil gløyma, for ein ting e når eg flyr aleina.. Då e det bare å setta seg ner, spenna setebeltet og kun bekymra seg for seg sjøl…

 

Det ein heilt aen ting å sitta me Kånå og flokken, innestengt i ein blikkboks med motorar og ett par vinger.. Då må eg jo bekymra meg for dei og.. Hjølpe meg, akkurat som eg ikkje har nok med meg sjøl, liksom.. Men, eg har jo valgt det sjøl, det e ikkje det.

For Mini’en, han føyk fram og tebake øve seteryggen som ein tornado på veien ner.. Å legga seg fint ner å sova, som me hadde planlagt og håpa på.. Det hadde han ingen planer om, å eg va vel ikkje akkurat tålmodigheten sjøl hellår, forsåvidt. Så kim som va verst, det e ikkje godt å sei.

Stakkars Kånå…

 

Så før hjemreisen, hadde Kånå alliert seg med Svigermor, og trygla te seg nåke beroligande.

 

Te meg…

 

Tjera vena, det e jo Mini’en som e problemet, prøvde eg å sei. Men det va som å snakka te døve øyrer, enten så tok eg denna tabletten, ellår så fekk eg ta neste fly.

Fyst va eg jo frista te å ta detta tilbudet, men det va før Kånå forklarte at det va forskjell på ultimatum og tilbud.

Så eg tok nå denna tabletten då.

 

Me sette oss på på bussen og durte mot flyplassen. Mini’en va i full vigør på siå av Kånå, så eg fekk klar beskjed om at fra flyplassen av, så va han mitt ansvar.

Og såg hu så mye se luggen hans på vei øve seteryggen i flyet, kunne eg belaga meg på ett par uker i bodå, når me kom heim.

Jojo, denna her tabletten begynte å siga inn, så eg smilte så fint eg kunne, mens eg betrygga na om at sjølsagt sko eg gjør se eg blei fortalt, ka du trur.

 

Me kom oss inn på flyplassen, fekk med flokken og bagasjen inn og durte gjennom 40 sikkerhets kontrollar, sjekka inn koffortane og va klar for tax free’en.

Nå hadde Eldstemann blitt bilsjuk på bussturen, og blitt nåke bleike om nebbet. Men han va Kånå sitt ansvar, siå eg, småredd for boden. Hadde tatt jobben me å passa på dei tri andre.

Hadde hørt rykter om at sumaren ikkje akkurat hadde kommen hjemma ennå, så bodå frista ikkje.

Så mens me trålte gjennom TaxFree’en, for hu på leit itte toalett, i tilfelle Eldstemann måtte tømma magasekken.

Det klarte an ikkje før me kom te fly dørå, heldigvisen hadde me hanka te oss ein pose, så det gjekk nå så bra så det kunne gå. Egentlig va me vel heldige se fekk vær med, at de ikkje trudde det va noe værre.

 

Me kom oss nå omsider inn og hadde fått plass på første rad, Kånå og Eldstemann satt rett bak oss.

Eg sette meg ner, spente fast belte på meg, Mini’en og Han i Midten, Litlajentå klarte det heilt sjøl. For pappa måtte forstå at hu va store jenta nå

 – Passa på Maxi du, mamma sagt du må det, ellår sova bodå ” sa hu, nåke veslevoksent.

Ja, me vett jo alle kor hu hente inspirasjonen ifra, så eg fant ut det va best og lya….

 

Mini’en hadde forsåvidt slokna i innsjekkings køen, der han hadde hengt i ein bæresele på ryggen min. Men låg nå i fanget, og sov så søtt, der me satt i flysete. Ein kjekke flyvertinnemann bøye seg ner og hviske te meg.

– Skal finne en seng til den lille, når vi er kommet i luften, jeg ” og sendte meg ett Colgate smil…

Tabletten hadde jo gjort underverker, så eg takka fint og blunka tebake, te an.

Mens eg tenkte

– Hjølpe meg, ka va det i den tabletten. “

 

Eg priste meg sjøl lykkelige, at eg ikkje hadde tatt den tabletten når eg satt i frisør stolen, te Tyrkia’s mest innpåslitne frisør. Måtte jo holda hendå i fånget når eg satt der, for an gnidde jo gosakene sine innte over alt, mens an svinsa rundt å klyppte litt her og der.

Men sengå kom, Mini’en havna oppi. Han i Midten som hadde fått reisesjuke tabletten Eldstemann burde fått, slokna fortare enn svint.

Litlajentå klarte å smiska seg opp i fånget te kånå, uten at eg hadde nåke med den saken å gjør. Eg holdt klokeligt kjeft eg, når hu spurte Kånå.

Så eg slokna øve Istanbul og våkna ikkje før me passerte øve Danmark.

 

Kånå derimot, hu hadde vært så heldige å få ei pratesjuke 9 år gammal jentå, på siå av seg.. Som nåken tydligvis hadde gløymt de hadde med seg. Litlajentå hadde slokna på fanget te Kånå, halveis inn i Nord Europa. Men hu sove jo akkurat så ein våte hund gjør når an tørke seg. Og Eldstemann hadde vært ein håndfull, han og.

Så hu hadde ikkje fått blund på aua i det heila tatt….

 

Men for ein gongs skyld, kunne hu ikkje takka nåken andre enn seg sjøl. Sjølsagt så e eg ikkje så toskjen at eg sa det te na, e jo ikkje heilt idiot hellår.

Eg har lært meg at sjøl om eg ikkje har vore skyld i nåke, e det ikkje långe veien fra uskyldig te skyldig i sånne tilfeller.

Men sånn uansett, trur eg me begge e jysla glad for at hverdagen har innhenta oss…

 

Og at det e lenge te neste ferie, ja det trur eg ikkje gjør nåkenting…

 

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg