Det blei ein vennlig Morgen idag…

Mini’en og Litlajentå… Kim sko trudd at deia to sko bli ett radarpar uten like.. =D

Alt låg te rette for ein blodtravel dag igår.. Me sko rydda litt ut av Bodå, kjøra på bosset og så hadde eg lova Svigerfar å kikka på ei av “Paddene” hans.. Han som ikkje sko ha hverken pc, mobiltelefon eller lignande.. Han har nå minst 2 padder, 2 laptoper og ein flott smart telefon.. Og har for lengst gått forbi både meg og Svogeren min, med tanke på tekniske duppedittar i heimen..

Eg vil strekka det så langt å sei at han nok har omfavna den nye teknologien, mye lengre enn han sikkert hadde sett føre seg..

Men, med alskens duppeditter av teknologisk snitt, så komme det nåken utfordringar, i ny og ne.. Då trur eg han e glad for at både eg og hans sønn, GulrotkakeSvogeren min, kan hjelpa te med problemene.. For der må han melda pass.. Jaja, med tiå så har han jaggu meg lært seg mye.. Så det har blitt lengre og lengre mellom kvar gang me på Supporten, må rykka ut..

 

” Så itte eg hadde vært på bosset stakk eg innom Svigers, for å sjå på problemet..

 

Kånå hadde tatt bussen te byen med dei 2 minste, hu sko møta søster si for litt kos i sentrum.. Meiningå va jo at eg sko kjøra heim og rydda litt meir i bodå, mens hu hadde Kidsa med seg i byen.. Så eg sko få jobba litt i fred, liksom.. Sjølsagt gikk det som ein draum, for eg og Svigers blei jo sittande på plattingen utanfor huset deiras, i det nydeliga været..

Mens me prata oss heilt vekk.. Det gikk fra bilsnakk te detta her bLEST greiene mine.. Øve te mimring fra sydenturane me har vært på sammen.. Mens klokkå raste avgårde lika fort som kaffien gikk ner..

Me drog historiar som fikk latteren te å gå varm.. Og når me mimra litt om spilloppene eg og Svigerfar fant på i syden, så lo han så godt at han rista og man formelig såg latteren strekka seg ut i tærna.. Og når bølgene hadde lagt seg, og ei heil ungdomstid nærmast hadde gallopert øve andletet hans.. Så gikk me inn og fiksa dataproblemene..

 

” Tjera vena meg.. Me hadde jabba vekk ei heil kaffikanna, ett par ispinnar og meir eller mindre heile ittemiddagen.. Men, gu kor løye me hadde det.. Goe kaffi va det og.. Takk ska dåkke ha, Svigers.. For ein alle tiders ittemiddag..

 

Eg fikk jo svi litt seinare, når Kånå fant ut at Bodå såg akkurat likadan ut som når me forlot na, på føremiddagen.. Men skitt au, eg tok den på strak arm.. Det va ihvertfall verdt det.. Ett friminutt på 2-3 timar e det lenge siå eg har hatt..

Av og te må man bare spela med og utnytta det man får.. Vil eg tru..

Det kom jo ein dag imårå og, tenkte eg igår.. Og dagen idag den kom som ett skudd den.. Men, av ein eller anna grunn så har dagen idag gått over all forventning te nå.. For når Mini’en kom tuslande i gangen, tidlig idag morgens.. Så høyrte eg han allerede når han kom ut av rommet sitt..

 

” Eg hadde nettopp vært å tømt tanken..

 

Ein plan bare datt inn i topplokket og blei iverksatt på null komma niks.. Eg jumpa inn i midten av sengå våras, og smaug meg innte Kånå.. Og tenkte at nå.. Nå fikk nok Mini’en nåke å tenka på.. Fjotten kom klatrande opp i loppekasså, og eg nærmast høyrte at hjernen jobba på høygir..

Han satt ei litå stund nere i enden, før han tok ein avgjørelse og krøyp ut på vingen.. Mine dedikerte 30 cm.. Og slokna som ein stein..

Igjen lå eg og jubla stille men hemningslaust.. Endelig.. 678 – 1 te meg.. Eg hadde brutt smultringen og endelig fått meg ett poeng.. Eg la meg fornøyd te rette bak Kånå, som snorka så søtt på si sida.. Før eg sovna med ett lite flir om kjeften.. Ett Jack Nicholson flir.. Garantert.. Og vakna ikkje før klokkå tippa 8:45..

Mildt utkvilt og i ett usedvanlig godt humør.. Mini’en hadde fått selskap av Litlajentå, men de lå fortsatt å slumra.. Der ute på vingen..

 

Det blei ein vennlig morgen idag, og ikkje sånne spisse som nærmast klore ut augene på deg.. Ein mjuk morgen som tok meg vennleg inn i dagen..

Heilt te eg oppdaga at dei 2 småtrollå har gumla i seg ett hav av snop.. Mens eg har forfatta detta innlegget..

Gudhjølpe meg.. Eg trur eg får senda ein melding te Svigerfar.. Å høyra om det va meir eg sko hjelpa han med idag.. For her brygga det nok opp te ett haraball, om ikkje lenge.. Heilt klart..

 

Men. men.. Ha ein flott søndag, Folkens.. Det går seg nok te..

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg