Delfinen må man kasta ut i igjen, sant Pappa.. ?

Me har vært på fisketur idag, eg, Eldstemann og Mini’en.. Det va egentlig meiningå Han i Midten sko vær med, så Kånå fikk litt avlasting fra trollet.. Men han blånekta, han va vel redd for å få fiskaslo på seg, han e jo så forfengelige for tiå.. Men Eldstemann blei superglad for å få vær med, både han og eg elska å fiska..

Ein gang fiska me så lenge, at Kånå holdt på å ringa redningstjenesten..

Mobilen va tom for strøm, men fiskelykkå va så inni granskauen bra den kvelden.. At me klarte ikkje å stoppa, me kasta ut, nappa 2 ganger og drog opp ein makrell.. Heila tiå.. Det va som om man va i sjølvaste fiskemann himmelen.. Der man får napp kvar gang man slippe sluken ner i havet, og dra opp ein gullfine makrell kvar einaste gang..

Sjølsagt tenkte ikkje me på at det gjerna va greit å kjøra inn te land, lada mobilen litt for så å ringa te Kånå og ivertfall gi beskjed.. Klokkå halv elleve va me i land, og fekk ringt Kånå.. Som sjølsagt va sinte som krut..

Men me hadde jo ein svær balje med makrell med heim da, og ein tosk.. Eller 2..

 

Men idag, så kjørte me tidligare avgårde, og la ut fra kai i halv 1 tiå.. Eldstemann e blitt ein kløpper som Styrmann, så han tok føringå utover.. Eg og Mini’en satt å kosa oss med litt kjeks.. Itte ei litå stund, begynte bølgene å bli større og båten på ein måte mindre.. Eldstemann va nåke betenkt ei litå stund, men slappa litt av når eg sa det blei bedre når me kom i ly for øyå der ute..

Heldigvis hadde eg rett.. Både sjøen og vinden roa seg ganske så bra ner..

Det hadde forsåvidt vært strålande fiskevær når me gjekk.. Varmt, lett skydekke og ikkje ett vindfnugg.. Men me hadde ikkje kommen oss i båten før vinden kom, med ett kaldt gufs fra havet.. Skyene blei mørkare og mørkare, og rett itte me hadde sluppet sluken ner for første gang.. Så kom regnet og..

Fantastisk..

 

Eg minnast første gangen Litlajentå va med i båten, og satt på dørken og hylgrein utøve.. Hu va nærmast i fistel heile turen ut te ei litå strand, kor me bada, grilla og kosa oss.. På turen heim satt hu framme med meg og styra, mens hu sang kaptein sabeltann for fulle mugger.. Somme ganger må man bare pressa ting gjennom..

Mini’en, som hadde sin første tur idag.. Satt så ett lys og va meir eller mindre i himmelen.. E ikkje mye så skremme den karen der.. Det e ivertfall heilt sikkert..

Eldstemann slapp sluken i havet først, mens eg kom lika itte,, Mini’en si stang virka ikkje meir, eller forsåvidt va det Litlajentå si da.. Men hu hadde nærmast ikkje brukt den, hu likte jo te slutt å kjøra båt.. Men fisking klarte hu seg fint uten, så den hadde sikkert rusta fast inni snellå.. Men, Mini’en fikk stolt låna mi, og stod som ein ekta fiskargut og drog stongå opp og ner..

Før han itte ett par minutt blei lei, siå han ikkje fikk fisk..

 

Denna lekså hadde eg jo vært gjennom fleire ganger med Eldstemann, så når eg la ut om at når man fiska.. Då må man ha tålmodighet, satt han med meir eller mindre med ei oppgitt grimasa om andletet.. Akkurat så han ikkje hadde høyrt den før, på ein måte.. Men han e indoktrinert han nå, nett som meg kan han sitta i timasvis med stangå uten så mye som ett napp..

Uten å bli lei så mye som ett sekund.. Fisking e av og te som balsam for sjelå..

Nåken minuttar seinare begynte det å nappa i stangå mi.. Det e jaggu meg verdt kvar eit minutt med venting, den følelsen kvar gang nåke bite på.. Eldstemann ensa at eg hadde nåke på kroken, og kauka te..

– Har du fått nåke pappa.. ? .. Spurte han

– Det kjennest sånn ut, trur eg.. Svara eg usikkert..

Eg va ikkje sikker på om rakkaran bare svømte oppover med sluken, eller om den hadde sluppe.. Mini’en fikk med seg dramatikken og kom styrtande te, han hadde sittet på toftå unna kalesjå og gumla på meir kjeks, og drukke litt saft..

– Få du fisk, pappa ? .. Spurte han ivrig..

– Ja, jaggu meg gjør eg det.. Svara eg, itte stangå nappa te nedover..

Det va ikkje tvil lengre nå.. Mini’en higra te seg håven, Eldstemann hadde forklart ka den va te.. Og nå stod han klar så ett egg, te å håva te seg fangsten når den kom te overflatå.. Eldstemann tok ett tak i selen bak på vesten hans, for sikkerhetsskyld.. Me hadde ikkje tenkt å komma heim med ein søkkvåt Mini, fordi me brukte han som Første Håvmann..

Plutselig sprella fisken i håven, og Mini’en nappa den opp i båten.. Stolt som ein hane..

Men… Så gjekk det mesta i stå.. For når eg nappa kroken ut av kjeften på fisken, og slengte den ner i baljen.. Så stod Mini’en og kikka bekymra på den.. Før han gråtkvalt sa..

– Jammen, den e jo så unge pappa.. Me må kasta den ut te mamma og pappa’en sin..

– Nei, me kan ikkje det vettu.. Det e middag det der.. Svara eg..

Mini’en kikka på fisken igjen, før han såg på meg igjen med tårer i augene.. Og eg fikk ett kraftig anfall av dårlig samvittighet, kommende fra langt ner i sjelå..

– Ska me spisa stakkars fisken, pappa ?  .. Spurte han trist..

Eldstemann begynte å bli berørt han og, og eg såg han sleit med blanke auger .. Eg forsøkte å forklara Mini’en livets uransaklige veier, sånn fiskarmessigt.. Men det va meir eller mindre som å snakka te døve øyrer.. Guten hadde bestemt seg.. Han ville ikkje fiska meir, men me fikk te nøds lov å fiska videre me..

Men kun fisk så me kunne spisa, fikk eg ein delfin måtte eg lova å kasta den ut igjen..

Eller andre fiskar som såg “unge” ut.. Tjera vena meg.. Eg vett ikkje om det e så smart å ha Maxi med seg på fisketur meir, meinte Eldstemann.. Siå han la så kraftige føringar på ka me kunne dra ombord og ikkje.. Men itte ei litå stund, så roa han seg litt ner om akkurat det med fiskane.. Rett itte fisken begynte å sprella infernalsk, og skremte livskiten ut av Mini’en..

Eldstemann kubba fisken i skallen ein gang te.. Og Mini’en kjefta på den idiotiske fisken så hadde skremt han..

Me seig sakte mot land med vinden, og kjørte lengre ut ett par 3 ganger.. Før både eg og Eldstemann begynte å kjenna litt på kroppen at det va blitt kaldt.. Mini’en satt jo inn unna kalsesjå i ly for både vind og regn.. Men, va forsåvidt enige i at me kunne nok dra heimover..

Så me drog igang maskineriet og suste mot kaien igjen..

Me stoppa lika utenfor for og sløya fisken, og då følgte Mini’en heile prosessen med svære auger.. Og syns det va meir eller mindre gørrekkelt når eg drog innmaten ut av fisken.. Og når eg skar hovudet av utbrøyt han ett høgt ..

– OOI.. Fisken mista hævet, pappa..

– Ja, me kan jo ikkje spisa det.. Svara eg..

– Måkene kan, ed kasta ut te Måkene pappa.. Insisterte han..

Og sjølsagt kunne han det.. Uten problemer nappa han fiskahåvet ut av stampen, og kasta det øve rekkå.. 2-3 sekund seinare blei det plukka opp av ei svær måka.. Te Mini’en sin store begeistring..

Eldstemann og eg nikka samstemnde te kvarandre.. Det e håp for denna karen, betydde det nikket..

Me kjørte te kaien og fortøyde båten.. Før me rusla opp te søster mi, som bor lika ovanfor der båten ligge.. Hu hadde miksa i hop litt rundstykker og ein kopp kaffi.. Mini’en fortalte stolt om fisketuren og leka litt med Duplo’en..

Før me kjørte heim te Kånå og resten av Flokken.. Akkurat tidsnok te BarneTv og Pizza..

Ein herlige dag va øve igjen.. E me heldige e det gjerna bedre vær imårå..

Så me kan ta ein liten fisketur, igjen..

Det e viktig å smi mens jernet e varmt.. Så Mini’en forstår seg på dettta her fiskegreiene..

Ha ein flott lørdagskveld, Folkens.. =D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg