Med ei Kånå med nase som ein blodhund…

 

Nå.. Så begynne eg å å bli rimelig sikker på at det va lite gjennomtenkt å fyra Kånå igang på jobb.. For her igår når eg kom heim, så hadde hu ein lattermild historia å fortella.. Sett fra hennas synspunkt, sånn meir eller mindre.. Altså, eg må jo bare få sei at det har vært ein lettelse å få litt hjelp, for trøkket på jobb har bare tatt heilt av i år..

Godsmengden har skutt te værs og eg har nok balansert på ei tynn lina, med tanke på helså, øveskudd og fornuft..

Eg har kjent på kroppen at det nærma seg ett stopp punkt, før Kånå kom inn i bildet.. Og nå, når me har fått alt det formella på plass med tanke på Nav og sånn.. Kor hu har fått godkjent arbeidstrening hos meg, så har det letta godt på arbeidsmengden for min del.. Men, eg har skrevet det ein gang før, trur eg..

 

Som einkvar glede før eller seinare vil erstattas av sorg, oppveies einkvar fordel i livet som oftast av ei ulempa..

 

Så når eg endelig planta stumpen i sofaen, og sette meg godt te rette i hjørna mitt, i går.. Så satt Kånå i andre enden og kikka mistenkelig skøyaraktig på meg.. Eg fornemma heilt klart at et eller anna fantaskap, va i emning.. Og ikkje før tankerekkå mi hadde nådd sin ende, så begynte “Trollet” å snakka..

– Eg høyre du e glad i kaffi rundtomkring på rutå di.. Sa hu, med ett ubestemmelig flir om kjeften..

– Jooo.. Det hende jo eg har meg ein kopp, i ny og ne.. Svara eg, mens alt så hette alarmar meir eller mindre gjekk av på ein gang.. Det ulte som ein flyalarm i krigstid, oppe i hjernebarken..

– Ja, han sa så han Trygve på Tess.. Fortsatte hu, selvsikkert.. Mens fliret blei mindre og mindre ubestemmelig..

– Åja, ja.. Joooda.. Eg har vel tatt nåken koppar med Trygve og Jon Åge ja.. Svara eg.. Nåke på defansiven, mens eg tenkte så det knaka på ka meir som gjerna kunne komma.. Nakkahårå stod te værs som fyrtårn på ett blikkstille hav..

– Jaja, det e nok slutt på det nå farr.. For fra nå av så kan eg levera te Tess, så du komme deg heim te Kånå og ungar.. Istedet for å sitta der å dra ut tiå, mens du kosa deg med lausprat og kaffi.. Mens hu sa detta, så kom Jack Nicholson fliret så godt fram, at eg nærmast fikk frysningar i heila mitt legemet..

Der og då, så va det som om tiå stoppa opp, fliret te Kånå hang fast i kvar munnvik mens hu kikka nådelaust på meg med gudfryktige auger.. Man kunne nærmast høyra vingeslagene te ei flua som surra forbi, før den kom innafor skuddlinjå te Kånå.. Og datt i bakken som ein stein.. Kaboom..

Eg skvatt te av frykt og krøyp så langt opp i sofaen som eg kunne, lengst mulig vekk fra Kånå.. Så braut hu plutselig ut i krampelatter der hu satt..

 

Helsikkens nepa.. Hu og Trygve hadde hatt ett muntert passiar, når hu va innom og leverte her tidligare i vekå.. Og som sjølsagt hadde endt opp med at den fysakken hadde lagt ut om mine kaffieskapader, te Kånå.. Kor hu deretter hadde planlagt ett djevelsk plott, te eg kom heim den ittemiddagen.. Og kjørte ein beinhard spøk på meg, med underfundige undertonar..

Tjera vena meg.. Eg komme aldri te å heilt forstå meg på Kånå.. Og hennas merkelige sans for humor.. Eller alvor, for den slags skyld..

Kåner e som kattar.. Man vett aldri kor man har de.. Eller ka humør de i.. Fra ett minutt te ett aent, kan de forvandla seg fra uovervinnelige amasoner, te skjelvande vrak.. Eller skremmande utspekulerte troll, som har eit forførerisk plott planlagt te den minste detalj.. De tumla seg gjennom livet, som uforutsigbare granater man aldri vett heilt når går av..

 

Og nå låg mi å vrei seg av latterkramper i sofaen.. Hu lo så godt at hu nesten drog på seg nakkasleng..

 

Det va lenge siå hu hadde sett meg såpassa utspilt og rådlaus, hiksta hu fram mellom latteranfallene.. Mens eg satt der og forsåvidt følte det va nåke muntert bedrøvelig øve heile episoden.. Før eg bare måtte krypa te korset å le litt med Kånå, eg og.. Fylt opp av indignasjonens selvrettferdige harme, mens eg tenkte på den fjotten som hadde røpa min lille hemmelighet..

Det at eg gjerna tok ein ekstra kaffikopp innimellom, for å ikkje komma for tidlig heim te hverdagens strabasiøse ferd gjennom småbarnslivet..

Det va ikkje stort meir å sei.. Det ser rett og slett ut som om alle mine små lommer av friminutt, blir omhyggelig luka ut av min strevsomme hverdag, ein itte ein.. Og når Kånå lurte på om eg hadde fleire plasser eg lurte meg vekk på, så løy eg så vakkert at eg nesten blei rørt.. Nei, sjølsagt har eg ikkje det, sa eg te hu..

Mens eg tenkte for meg sjøl at alle har vel ett gjøkeredet man kan søka tilflukt i.. Sjøl om det neppe spilte noen rolle nå.. Alle mine gjøkereder har nærmast forsvunnet i lausa luftå, dei siste årå..

 

Med ei Kånå med nase som ein blodhund, øvefor ein stakkars mann som forsøke å lura seg litt unna..

 

Men det va ikkje stort meir å sei om den saken.. Nå handla det bare om å tenka seg godt om kvar morgen, når eg fordele varene oss imellom..

Eg kan for guds skyld ikkje la Kånå finna alle mine små smutthull, i ein ellers travel hverdag..

Eg ska ihvertfall aldri sleppa hu ner på Wurth på fredagane .. Ånei.. Det ska nå vara sikkert og visst.. Pølsefredagane hos Wurth ska eg jaggu meg ha for meg sjøl.. Det e ihvertfall heilt sikkert..

Sikkert som banken..

 

Litt kaffi, ett par joggesko og snart helg.. Juhu..

Stakkars.. De blei dessverre dimmitert idag og.. Itte ein hjerteskjærande test idag morgens.. ??

Ehem.. Ja, man kan vel sei det e nåke meir ømt idag, en det va igår.. Eg trur ikkje det e nåke øvedrivelse.. Ivertfall når eg tok sko på meg.. Det blir nok te å jogga rundt med andakt idag og, siå verneskornå absolutt ikkje va nåke fornøyelse å ha på.. Mulig dei smertestillande tablettane tok litt luven av smertetoppen igår..

For når skornå kom på og eg tok mine første skritt idag, så va det som det skar inn te marg og bein..

Hjølpe meg.. Men nå sitte eg nå her å lar tablettane virka mens kaffien går ner på høykant.. Heldigvis får eg hjelp av Kånå idag, for far min kunne ta ei økt med Mini’en.. Ein Mini som allerede e tebake i sitt ess, and then some.. Man sko absolutt ikkje trudd han hadde operert for nåken dagar siå.. Der han spratt rundt i sofaen som ei fjellgeit igår ittemiddag..

Men.. Gudskjelov.. Det e snart helg, og den kjenne eg komme te å bli kjærkommen.. Hverken meir eller mindre..

Så ha ein god fredag, Folkens..

???

Ein stjernesmell, Oddsrekord og ei Ravblå tå…

Egentlig, så fikk eg litt sjokk når eg kom heim idag og fikk tatt sokkane av, for å ta status på den her berømta litlatåen min.. Ei tå som meir eller mindre blei maltraktart av ei eska eg sko levera te Tess.. For tånå mi såg jo ikkje ut i månaskinn.. Det paradoksale oppi det heila her, det e jo at verneskornå mine, dei e kjøpt på Tess..

Men, for å vær ærlig.. Så trur eg ikkje det hadde gjort nåke fra eller te, uansett ka type vernesko man hadde hatt på seg..

For i løpet av dagen har eg spurt 5-6 stykker med vernesko på, om de kunne kjenna itte om littlatånå va beskytta.. Og ikkje ein kunne bekrefta det.. Alle hadde ei littlatå som meir eller mindre va totalt ubeskytta, ein hadde til og med 2 tær som dingla utforbi ståltånå…. Det e nesten besynderlig kor lite vernesko produsentane, bryr seg om lilletærna te arbeidsfolk rundtomkring..

Sjøl om den e fryktelig mye mindre enn storatånå.. Så gjør det garantert lika vondt, når man mista ein pakka fra ein 30-40 cm høyde, og rett ner på den stakkars lilletåen..

 

Sånn som eg gjorde idag.. Eg vett ikkje heilt ka eg tenkte på der eg stod å sorterte varer, men eg hadde nettopp posta ett lite morgen innlegg på bloggen.. For arbeidslysten den va som sunken i jordå, når eg kom på jobb idag.. Derfor satt eg bak i skapet på lastebilen og kosa meg med ein kopp kaffi, mens eg skribla ner ett lite innlegg..

Før eg fant ut, at om eg sko bli ferdige idag, så va det best å hoppa i det..

Itte ei litå stund begynte det å bli litt trangt om plassen, der eg samla alle småeskene te Frakkagjerd.. Men eg va sikker på at den eskå eg hadde i nevane, ville passa fint mellom to andre som stod i porten min, der eg lasta og sortere.. Men den gjorde ikkje heilt det, den havna liksom litt på skeivå.. Så eg styrte nå litt på for å få den te å passa..

 

” Og akkurat når eg forventa det minst, så glapp eg taket på denna forbaska eskå..

 

Eg hadde trødd den venste foten min litt inn der eg villa ha eskå ner, for å få riksa litt på dei eskene rundt.. Sånn at den eg hadde i nevane sko passa fint inn.. Men når taket glapp kom eskå med det spissa hjørna, susande rett ner på litlatånå.. Meir eller mindre som ein torpedo som traff midt i “Bulls Eye” ..

Herreguud.. Eg spratt te værs og dansa rundt i sluså mi, mens glosene kom som perler på ei snor..

Nett som ein halvtamme indianerhøvding rusa på Peyote, som snakka med åndene fra andra siå.. Bogdan, som lasta på siå av meg, stakk hovudet inn i porten min, med ett skrekkslagent andletet.. Han må jo ha trudd det hadde klikka heilt for meg.. Der eg hinka rundt i ring og banna som ein nordlending..

 

” Eg vett ikkje heilt kim eg va mest forbanna på, eskå som hadde truffet så perfekt.. Eller meg sjøl fordi eg glapp den fordømta kolliet..

 

Det va så forbaska vondt at svetteperlene begynte å pipla fram i pannen, og eg blei jaggu meg litt uvel.. Eg måtte rett og slett setta meg litt ner igjen.. Ellers trur eg at eg hadde gått rett i bakken.. Innimellom smerteriene, som heilt sikkert kunne likestillast med fødselssmerter, klarte eg å klappra ner ein kommentar på Facebook siå mi..

Og ikkje lenge ittepå, fikk eg ein lattermild melding fra Kånå, om eg savna hu der oppe.. Hu e jo heima med pasienten vår, denna ukå..

Tjera vena meg.. Eg va egentlig ganske så glad hu ikkje va der, for nåke vakkert syn der eg satt og syns synd på meg sjøl.. Det va eg ikkje.. Itte ei stund prøvde eg å jobba litt, men det va som om man stakk 1000 nåler i tånå, kvar gang eg trødde på foten.. Gudhjølpe meg, kossen i helsikke sko eg komma meg gjennom denna dagen, tenkte eg med meg sjøl..

Men, det va ikkje anna enn å bita i seg smertene.. Uansett kossen man snudde å vendte på detta, så måtte jo varene ut..

 

Når Kånå har fødd 3 ungar uten så mye som ein paracet i kroppen, måtte vel eg komma meg gjennom ein dag, med ei skadeskutt littlatå.. Med Mini’en så fikk hu faktisk epidural, og angra seg ihjel fordi at hu ikkje hadde gjort det med dei andre.. Men forsåvidt va nå det litt seint å tenka på då.. Det va nesten såvidt eg ikkje bestillte ein epidural sjøl, der eg hinka rundt..

Eg kan fader meg ikkje huska eingang, at eg nåken gang har hatt så vondt.. Og den forbaska eskå som hadde maltraktert tånå mi, den holdt eg nesten på kasta rett i bosscontaineren..

Men eg summa meg i siste liten, det blei for dumt å skylda alt på den fordømta eskå.. Eg måtte vel ta litt skyld i det sjøl og, som ikkje hadde hatt ett bedre tak på eskå.. Men, for å i det heila tatt få detta te, så må man jo meir eller mindre ha maks uflaks.. Det e jo så mange forutsetningar som må innfris, at det e nesten ikkje te å tru..

” Ka e oddsen for at man ska prestera å mista ei eska, på den einaste plassen man ikkje bør og for så å treffa med millimeter presisjon med tuppen av eskehjørna midt på ei lilletå..

Det sko jo nesten ikkje vært mulig.. Det e som å skyta med luftgevær på ein elefant, og tru at man ska ta knekken på den..

 

Men.. Der igjen.. Alt som meir eller mindre ikkje sko vært mulig.. Eller som e så usannsynlig at man hadde fått rekord odds, om man ville satsa penger på det.. Det e det vel nesten bare eg som kan klara å få te.. Heilt utrolig vettu..

Heldigvis hadde eg ein pakke Ibux i bilen, og itte eg hadda lasta ferdig så hinka eg ut å trødde ett par i kjeften..

Kånå og Mini’en møtte meg litt ut i rutå, og ga meg ett par joggesko.. Det va ikkje plass te tånå i verneskornå meir, og det hjalp ganske så mye.. Itte ei stund slo ibux’en og inn og smertene begynte å avta litt om litt..

 

Verneskornå ska eg forsåvidt frikjenna, for dei e egentlig kanonbra.. Og det e som sagt skrekkelig liten sjanse, for at man ska klara det kunststykket eg fikk te idag..

” Eg syns nesten litt synd på skoparet når eg kom heim.. Der de stod i gangen med ett bedrøvelig oppsyn..

Det va som om de følte skyld i at deiras eigar hadde gått i baret, tidligare på dagen.. Men om ikkje tånå blir verre enn den e nå, så ska de nå få lov te å vær med på jobb imårå.. Tjera vena.. Det e alltid best å komma seg kjapt i jobb igjen, itte ett hendigt lite uhell..

Det e nå ivertfall heilt sikkert.. =D ..

 

To meir eller mindre smådeppa vernesko, som absolutt ikkje ville meg nåke vondt.. Vil eg tru.. =D

 

 

Arbeidslyst kom til meg….

Arbeidslyst kom til meg og motstand du skal finne.. Hjølpe meg.. Idag e det akkurat som eg går i sirup.. Men.. Det e vel bare å drikka opp kaffien, få fart på legemet og gi gass..

Ingenting blir gjort av seg sjøl her i verden.. Man e nødt te å slita for føden.. Heilt klart…

Ha ein strålande torsdag, folkens.. Plutselig så e eg igang her.. Får eg håpa..

Puuh.. Møkkadag.. ???

Kånå, vår Eminente familiebil, og ett Dørhåndtak te besvær..

 

Eg va godt igang med arbeidsdagen idag og sko bare levera sista leveringå i byen, før eg suste innnover i distriktet med resten.. Men, akkurat når eg hadde rygga lastebilen innte varemottaket der eg va, så ringte telefonen.. Det va Kånå.. Eg kikka på klokkå og tenkte det va nå litt tidlig at hu ringte allerede nå.. Hu har jo meir eller mindre fått god gang på rutå våras, og trenge mindre veiledning om kor kundene hu ska levera te, holde hus..

Uten å gjerna øvedriva for mye..Så må eg nesten få sagt, at eg e jaggu meg imponert øve kor kjapt hu har lært seg å lasta, legga opp ei ruta og styra med håndterminalen..

Man kan vel gjerna strekka det så langt å sei, at hu muligens e ett lite naturtalent.. Bare ikkje sei det te na, om dåkke ser hu.. Då har eg det gåande i lange tider.. Men, nå va hu altså i andre enden av røyret og høyrtes meir eller mindre nåke oppgitt ut, både øve dagen idag og bilen våras.. Eg hadde vel ett lite håp når me oppgraderte den gamle Chrysler Voyager’en  me hadde, te denna her Mercedes V-Klasse så me har nå..

 

” Så sko eg få litt mindre pes om alt som gjerna va gale med bilen våras.. Men neida..

 

Det begynte forsåvidt i vinter når batteriet va tomt nåken dagar på rad, fordi eg ikkje hadde kobla om Dvd-skjermane i nakkestøttå.. Som stod og trakk strøm heila tiå.. Så va det eksosluktå i kupeen, fordi det va hull i annlegget, midt unna bilen.. Når det va utbedra va det egentlig stille ei god stund, før hu bestemte seg for å glemma å slå av lyset 2-3 ganger.. Og endte med ein steindau bil, lika mange ganger..

Me hadde jo sånn pipegreier som varsla at lyset stod på, men den tok visst plutselig kveld, uten å gi beskjed te Kånå.. Men det har forsåvidt stabilisert seg litt nå da.. Trudde eg..

Men idag, så va det nåke heilt anna som hadde råka Kånå, og sendt na lukst ut i periferien, med ett smell.. Årsaken kan me nok heilt sikkert diskutera, men det kan virka som om all jobbingen virkelig har gjort susen.. Sånn muskelmessig.. For når hu kom te ein kunde og hasta ut av bilen for å levera, så hadde hu røska te dørhåndtaket for å dra opp skyvedørå.. Men, istedet for at dørå glei opp på sitt sedvanliga vis, når man nappa i håndtaket..

 

” Så løsna heile driten og sendte Kånå avgårde på ein liten heisatur, før hu styrta i bakken med ett mildt sagt forbausa uttrykk..

 

Eg holdt på å setta kaffien i halsen mens latteren kom pressande fra magen, når hu fortalte ka som hadde skjedd.. Men holdt maskå sånn nåkenlunde.. For eg såg det jo føre meg, der hu satt på bakken med dørhåndtaket i den eina handå, håndterminalen i den andra og lurte på ka i all verden som hadde hendt.. Eg sleit sånn med å holda meg alvorlig, at eg klarte nærmast ikkje snakka.. Så eg svara så kort og så lite som mulig..

Tjera vena meg.. Eg trur ikkje eg ska legga meg ut med Kånå med det førsta, hu har heilt klart fått uante krefter..  🙂

Sjølsagt hadde ein bil med 2 arbeidskarar inni, stått og hatt førsterad plass te Kånå sin forestilling.. Og når Kånå fortalte det, så sprakk det for meg..

Eg fikk så krampelatter at eg va sjeleglad for at lastebilen stod i ro, og håndbrekket va på.. For beinå gjekk av seg sjøl i latterkrampå.. Kånå va nå litt på låtten hu og, av heila greiå.. Både oppgitt, lattermild og forbanna, på vår eminente 7 seter som for tiden fungere som bud-bil.. Eg fikk te slutt stotra fram ein bekymring, om det hadde gått bra med hu, innimellom latterhikstene.. Og heldigvis va nok stoltheten meir skadeskutt, enn sjølve legemet..

 

” Eg trur ikkje Kånå va imponert øve kor lang tid eg brukte, før eg hadde tenkt på hennas ve og vel.. Men, skitt au.. Eg trur ikkje eg har ledd så godt på lenge..

 

Så med detta får eg vel bare ønska dåkke ein lattermild og god fredagskveld..

Her har det ivertfall vært mye lått og løye idag..

Det e ivertfall heilt sikkert.. Uff, nå begynne eg fader meg å le igjen.. Mens eg sitte her å ser hendelsesforløpet føre meg, mens eg skrive..

Stakkars Kånå..  😆

 

Ein “goe” kopp Kaffe..

Litt mikronlogging fra skapet i lastebilen idag, mens ein “goe” kopp kaffe blir fortært.. Itte å nesten ha vassa te nakken i varer i lange tider så ser det rett og slett skralt ut idag.. Det e nesten så eg ikkje trur mine egne auger, når eg ser på den litle slumpen med gods som ska kjørast ut idag..

Men det e godt med ett lite pusterom innimellom.. Sjøl om me trives best med full pakke action og ein terminal som flomma over av gods..

Det e då man kjenne man leve og går heim fra jobb med ein utslitt kropp men god følelse i topplokket.. Øve at man har utført ett grepa stykke arbeid.. Åsså blei eg jaggu litt øverraska øve den labre responsen på innlegget fra igår.. E det rett og slett bare eg som har ett innhuga instinkt itte å å vinna einkvar diskusjon eller disputt med Kånå..??

Det nekta eg nesten å tru.. Ingenting e så fælt som å tapa ein diskusjon med Kånå.. Tjera vena meg..

Eller gubben i heimen då, om eg tar lesarskaren min i betraktning.. Det e jo ein kjennsgjerning man gjerna må ta te etterretning, når øvetallet av dåkke leserar, forsåvidt e Kåner.. Kanskje va det der eg bomma.. ??

 

Jaja.. Nå får eg hoppa i det her.. Så eg ikkje går på ein smell og feilberegna heilt her..

Goe tirsdagen.. Folkens..

Alt komme an på Timing og Blikkontakt ..

Ingenting e verre i hverdagslivet eller lignande, enn når man finne ut at man har feil.. Eller har gjort feil.. Spesielt ikkje når det gjerna e Kånå som e den andre part, eller som overhøre når andre poengtere feilen man sjøl har gjort.. Det e nåke merkverdig øve akkurat den der greiå der.. Eg kan godt snu i ein diskusjon med andre som kanskje har dårligare argument, enn ka gjerna Kånå hadde..

Eller innrømma for kunder at det forsåvidt va min feil, når nåke ikkje e heilt e som det ska.. Og andre lignande hendelser, kor Kånå ikkje e inkludert som ein slags part..

Men med ein gang det drar seg te med Kånå, og man havna i ein eller anna diskusjon, disputt eller andre ting man kan vær uenige om.. Då komme piggane ut og man står bastant på sine meiningar eller krav.. Ikkje tale om at man ska innrømma at man har gjort eller sagt nåke galt.. Tjera vena meg.. Sjølsagt gjør man jo ikkje feil.. Ka du trur.. Og e man heldige, så har man ei Kåna som e akkurat på samma nivå.. Eller verre..

 

” Ei Kåna som står lika hardt på sine krav og meiningar, og ikkje går av veien for å bruka ufine knep.. For å vippa saken i rett retning..

Sinn retning..

 

Det e ikkje få ganger eg har gitt itte og endt med å sagt meg enige, mens Kånå holde hovudet mitt godt fast i ett skrustikke tak.. Eller blitt vippa av pinnen midt i ett strålande gjennomtenkt argument, fordi Kånå har lagt hovudet litt på skakke.. Mens hu gjerna bøye seg litt ekstra godt fremover, og samtidig presse armane godt innover.. Sånn at mjølkefabrikkane nærmast strutta ut av ein småsnerten topp.. Eller kanskje hu bare gjør det enkelt, og legge ei hånd på låret mitt..

Ikkje for lavt ner mot kneet, men heller ikkje for høgt opp mot “lillehjernen” .. Men akkurat i rett posisjon te at ein “småsulten” Fatter’n, blir heilt satt ut av fatning..

Kanskje kikka hu deg rett i augene, mens hu blinka ett par ganger ekstra og, mens hu seie  – Nei det trur eg ikkje stemme, eller ….. ? .. Herregud.. Hu hadde sikkert ikkje trengt å tatt ein spørrande tone eingang, når hu sa det.. Fatter’n va solgt i det sekundet handå traff låret.. Garantert.. Sikkert før og, vil eg tru.. Alt komme an på timing og blikkontakt..

 

” Og der e Kåner meir eller mindre upåklagelig synkronisert i sine bevegelsar, tima med spørsmål man aldri får svart på.. Sånn at dei fleste fedre går rett i fellå, og stort sett har tapt på forhånd..

 

Det hende jo ein gang i skuddåret at Fatter’n kanskje går av med seieren.. Men, du kan ta fanden på at det e glemt, meir eller mindre samme dag eller tidligare.. For når man gjerna i ein anna disputt på ett seinare tidspunkt, komme på at Kånå ga itte i ett lignande dilemma, tidligare eingang.. Og triumferande har kjørt akkurat det kortet, og forvente full overgivelse fra den andre part..

Men ende opp med ett totalt spørrande andlet fra Kånå, mens hu garantert utbryte – Ka for nåke.. Nei det har nå aaaaaldri eg sagt.. E du heilt dust eller… ? 

Igjen ei spørrande greia som egentlig ikkje ska besvarast.. Kåner vett allerede svaret på det.. Der hu har grusa deg i senk med motsigelsar fra ein anna verden.. Og plutselig e temaet blitt skifta, punchlinen man hadde e lagt død og sannsynligvis må man forklara ett eller anna som man sjøl har gjort.. Istedet for å innkassera ein nådeløs sjelden seier, har man igjen blitt lurt opp i stry og ende opp som syndebukken..

 

” Kånå her i huset kjøre innimellom “silent treatment” når hu gjerna innser at kampen e tapt.. Nåke som e nåke så inni granskauen irriterande, men eg har lært det nå..

 

Itte 15-16 år sammen.. Så klara eg å ta det som ein seier.. Istedet for å absolutt få hu te å sei at hu hadde feil.. Somme ganger e ein stille seier akkurat lika god, enn ein som enda med trampeklapp og triumferande hopp på gulvet.. Fra Fatter’n.. Eg e jo ikkje ett hakk bedre enn Kånå, eg vett jo det.. Det komme nok alltid te å vær ein slags intens maktkamp, mellom meg og Kånå.. Om akkurat det der med kim som har rett eller ikkje..

Så idag då.. Når både eg og Kånå sko få lista fra kjøreledaren, og eg hadde svetta blod, eder og galle.. Med å sortera tidenes hav av småpakkar sånn at det stod klar, når Kånå kom på jobb..

Og muligens hadde sortert bittelitt feil, eller at håndterminalen kanskje ikkje hadde fått med seg at eg leste ei eska.. For den gjør ikkje alltid det, det e eg skråsikker på.. Eg har ivertfall ikkje glemt å pipa eskå med terminalen.. Trur eg.. Ja, då måtte jo Kjøreledaren vår slenga ut ein kommentar.. Ein kommentar som heilt klart ikkje gjekk min vei, når Kånå stod der og høyrte på og til og med fikk lista før meg.. Sjøl om eg kom inn først..

 

– Ka e detta ? .. Får hu lista før meg.. Sa eg med forbauselse i røsten..

– Ja, når du har gjort så mye feil idag morgens, så e det bare te pass te deg.. Repliserte Kjøreledaren kjapt..

– Kan du ikkje sei det eingang te..?? .. Kom det endå kjappare fra Kånå, mens hu sendte meg ett blikk..

Jack Nicholson blikket…

 

 

Joda.. Kånå har inntatt arbeidsplassen min og..

Men, men.. Det e jo litt kjekt og..

Sjøl om man har lyst å stappa ein stabel med sokkar i kjeften på na innimellom…

=D

 

Jobben, Eg og Kånå – Ett lite vers fra landeveien..

I dei her sjokkerande bloggtider, så får eg vel følga opp eg og.. Tross alt så har det faktisk litt med innholdet å gjera og, ikkje mye.. Men litt ivertfall.. =D

 

Det har blitt noen kommentarer i det sista angående bloggen, når eg har farta rundt og levert varer på jobb.. Og sånn ellers i hverdagen.. Folk har lurt på om den hadde blitt lagt ner, eller nåke lignande.. Siden frekvensen på innleggsfronten nærmast har sunket te bunns.. Men.. Eg kan betrygga alle med at det ikkje e tilfelle i det heila tatt.. Ikkje i nærleiken eingang.. Bloggen går unna som aldri før.. Ja, om mulig, så har eg vel aldri hatt så mye på hjarta, som eg har nå for tiå.. Egentlig..

Utfordringen har rett og slett bare vært å finna ei litå luka te å tømma hjernebarken, i ein hverdag som går unna i et halsbrekkande tempo..

Skolen har begynt for fullt, fritidsaktiviteter på ittemiddagen e i gang igjen og me foreldre har virkelig fått ein utfordring.. Ein utfordring uten sidestykke i vår løpande historie som småbarnsfamilie.. Kidsa går på fotball, karate, trampett og Rg – lek.. Foruten besøk te kompisar og venninner, utover ittemiddagen.. Innimellom så ska man laga middag, gjør lekser med kidsa og gjerna prøva å holda ett nåkenlunde respektabelt nivå på ein heim i fullkommen kaos modus..

 

” Tjera vena meg.. For å sei det mildt, så har hverdagen virkelig kommen som ein løpsk dampveivals, midt i andletet på oss foreldre.. Itte ferien..

 

Og sjølsagt, når man meir eller mindre streva med å holda hovudet øve vannet, sånn i hverdagslivet.. Så har det jaggu meg eksplodert på jobb også.. Det formelig flomma over med varer på terminalen, kvar einaste dag.. Så stort trøkk har det blitt den sista ukå, at til og med Kånå har måtta slenga ut setene i vår tilårskomne 7-seter og hjulpet te med utkjøring av varer..

Nåke som sjølsagt ikkje har gått forbi uten artige episodar, humoristiske feilslag og irritasjon øve dører som gjerna ikkje åpna seg når de ska..

Som idag f.eks.. Når eg prøvde å forklara veien te Nedstrand Akt. og Omsorgsenter som ligge på Hindervåg, med stort hell.. Og fulgte opp med å sei at når hu sko te neste kunde, så va det bare å fortsetta innover te hu kom te ein ferjekai.. Då va butikken på venstra siå.. I farten, så hadde eg jo sjølsagt glemt å sei at hu måtte kjøra ner te rundkjøringå igjen, og ta te venstre mot Nedstrand.. Istedet hadde hu kjørt ut fra Omsorgssenteret, og fortsatt videre innover den veien hu allerede va på, som endte i Vassendvik..

Gudhjølpe meg.. Hadde eg ikkje ringt for å gi ein beskjed, hadde hu forsåvidt havna på ein kai te slutt.. Ein gudsforlatt kai istedet for ein ferjekai, 1,5 mil i heilt feil retning.. Den hadde eg garantert fått høyra ei stund..

 

” Heldigvis stogga eg hu itte nåken km.. Flaks..

 

Eller her ein anna dag, når hu hadde levert ei eska feil.. Det e jo forsåvidt nåke alle kan gjera, til og med eg.. Forskjellen på alle andre og Kånå e vel at hu leverte ei eska feil, hos ein kunde langt inne i gokk.. Meir eller mindre nesten inne i villaste granskauen.. Sjølsagt fant man ut detta når hu va kommen te byen igjen, så hu måtte kjøra heilt tebake te granskauen.. For å henta det hu hadde levert feil, og levera det på rett plass.. Eg hadde forsåvidt stussa litt øve det, når hu sa hu bare hadde eskene ta han inne på Sagbakken igjen.. For det va jo vitterlig bare ei eska..

Men eg rekna med at hu bare hadde forsnakka seg litt, så eg sa ikkje nåke.. Eg sa ikkje nåke om det ittepå heller.. At eg hadde stussa litt øve grammatikken hennas.. Når hu snakka i flertall, på ein måte.. Då hadde det jo blitt min feil, garantert..

Men det e jo sånn man lære av.. Hu har ivertfall vært skremmande nøyen når hu har levert i ittetid, og sjekka antallet opp mot fraktbrevet.. Mildt sagt.. Hu har nå forsåvidt potensiale som pakkesjåfør, hu her Kånå mi.. Hu gir ikkje opp når hu møte ein utfordring og finne nå fram rundtomkring, uten å telefonterrorisera meg om lokasjoner te bedriftene.. Og litt feil i starten må man jo bare rekna med.. Eg hadde nå mine små feilskjær eg og, i mi tid som fersk sjåfør..

Det viktigaste e jo å læra av feilene, så man ikkje gjør det for ofta.. Heilt feilfri blir man aldri, for når man endelig føle seg ovanpå og trur man har kontrollen.. Så går man stort sett på ein smell.. Det e ivertfall heilt sikkert..

 

” Sjøltilfredshet e som regel den største årsaken te at feil blir begått på ny.. Det kan eg nesten skriva unna på sjøl..

 

Eg huska ennå den eine smellen eg hadde 2-3 uker inn i min karriere som yrkessjåfør.. Ein flott vårdag i 1995.. Førsta ukå eg kjørte aleina itte 2 uker med opplæring.. Eg kjørte sentrum i Haugesund for Linjegods og kava på som om eg hadde fanden i hælane.. Eg hadde vel havna på itteskudd allerede fra morgens av, og gjorde ett ærligt forsøk på å komma ovanpå igjen.. Med meir eller mindre lite hell.. Jo meir eg stressa, jo meir på itteskudd havna eg..

Te slutt kom eg te Adolf Horneland i Haraldsgatå, så som oftast sko ha varene sine før klokkå ett.. Men nå hadde klokkå tippa kvart over to.. Og eg hadde fått kjeft allerede, fra andre kunder som syns eg va i øvekant seine med leveringane..

Så sjølsagt fikk eg høyra det der og, når eg trilla første pallen inn dørå.. Tjera vena meg.. Eg kunne jo eksplodert i ett anfall av avmakt og fortvilelse, fordi man ikkje mestra jobben sin.. Men eg tok det med godt mot, og prøvde heller å holda ein humoristisk tilnærming mot kanonaden av misytringar som møtte meg.. Han kunne væra nåke kvass, han Gunnar.. Så eg huska eg svara ett eller anna om at nå måtte ikkje han og kjefta på meg, eg hadde jo fått kjeft i heila dag..

Og me endte nå opp med ein slags småmunter samtale, kor eg meir eller mindre blei tilgitt.. Med grunnlag i min manglande erfaring og kompetanse..

Det gjekk ikkje mange ukene før eg va der før klokkå ett, kvar einaste gang.. Og kvar einaste gang møtte Gunnar meg i dørå, med den samme kommentaren..

 

” – E du blie idag da..?? 

Ein kommentar som blei ein slags signatur kvar gang me møttes, om det va på jobb eller fritid..

 

Det e viktigt med sånne småartige episodar.. Små vers i ein strabasiøs ferd mot evigheten, som bite seg fast i hjernebarken.. Sånne små ting som gjerna gjør forskjellen på om man klara å oppretta ett godt forhold te ein kunde, istedet for å skapa ein arena for surskap og irritasjon.. Når man komme med varer.. Man komme utrolig langt med ett smil og nåken gode ord, når man gjerna aller helst kunne tenkt seg å slippa eder og galle laus..

Eg trur Kånå og har gjort det samma, dei her dagane hu har hjulpet te.. Sjølsagt hjelper det nok på at hu e ett kvinnfolk.. Ei snurren geipa så vimsa rundt med sekkahjulet, varene og levera med ett smil..

Men kjekt med litt hjelp har det jaggu meg vært, dei her dagane kor det nærmast har skutt i været med varer.. Sjøl om man gjerna kan konkludera med at kommunikasjonen oss imellom, muligens har ett forbedringspotensiale.. Men, man kan jo sei at man kan dra sammenligningar te husarbeidet her i heimen, sånn kommunikasjonsmessig.. Når eg på ein måte tok for gitt at Kånå forstod hu måtte kjøra ner te rundkjøringå på Hindervåg, og ikkje bare kjøra videre innover i ødemarkå..

 

” Som nesten kan sammenlignast med når eg absolutt ikkje kan lesa tankane hennas, og forstå at sjølsagt ska eg setta inn i oppvaskmaskinen, når eg har tatt ut av den.. Eller skrua den på, når eg har fullt den opp..

 

Eit strålande bilde på at enkel og grei kommunikasjon, som oftast e det enklaste.. Gjerna heilt nere på teskjeikjerring nivå..

Heilt klart..

Og med det bombenedslaget av ett innlegg.. Eller Bombshell som han i Top Gear alltid seie.. Så må eg hoppa ut av Laptopen, og inn i leggetidland..

Småbarnsfabrikken ska snart stenga for dagen.. Juhu.. =D

 

Det e Min dag, idag.. Joda..

– Det e min dag idag…

Durte øve stereoen når eg fyrte opp lastebilen og eg tenkte – Ja, koffår ikkje.. Været så bra ut, våken va eg og alt låg egentlig te rette for ein flott dag..

Men, snakka deg om skjebnens ironi altså.. For når eg kom på jobb så bugna det jo øve av varer som sko ut.. Og sjølsagt, når eg nesten va ferdig å lasta, så dukka det opp ein svær palle med småplukk som va satt på feil sone..

Typiskt..

Eg trødde det på i mild irritasjon og endte opp med øve 50 stopp idag.. Supert.. Ivertfall når man komme bittelitt skjeivt igang.. Lista blei skreven ut og sendt te Håndterminalen min, ein sånn Pda sak fra 19 pil og bue.. Og på førsta leveringå fant jo den ut at ein restart e akkurat det Frode trenge idag..

Gudhjølpe meg og Herrens Hærskare.. Og når me forsåvidt snakka om Herren, så åpna han alle himmelens sluser, når eg begynte å levera.. Jippi..

 

Ein restart e gjerna vel og bra det, om prosessoren gjerna e av nyare dato og nåkenlunde kjapp.. Men detta trasjverket eg har, bruka jo ett kvarter på å komma igang igjen.. Eg holdt på å trø heile driten i bossbøttå te Coop’en.. Men, der igjen.. Eg e jo avhengig av denne forbaska Pda’en og..

Så.. Når endelig den e oppe å går igjen, og eg kjøre videre te neste kunde.. Så står Biltilsynet å haika i veikanten.. Tjera vena meg..

Full kontroll inne på trafikkstasjonen.. Detta va jo midt i blinken, vettu.. Akkurat denna dagen kor eg sjølsagt har tid te det.. Itte ein liten halvtime får me kjøra ut igjen, itte kvar ein krok av bilen e sjekka.. Lastingå mi va såvidt godkjent og bremsene meir enn god nok.. Bare ca 45 minutt forsinka ut på rutå mi..

Så te slutt, når eg e kommen godt igang og e på vei innover på rutå mi.. Neste levering e ein privat kunde.. Då e det veiarbeid der, og eg må venta 10-15 minutt..

Fantastisk…..

 

Så yepp… Det e min dag idag.. Heilt klart… !!

???

Ein “Fantastisk” dag på Jobb…

Kånå hadde tatt med seg kidsa ut for å lufta seg litt idag, de sko kjøpa seg ein is og kosa seg litt.. Så eg kom heim te tomt hus.. Og akkurat itte dagens arbedsdag så gjorde det ingenting.. Det å finna seg ein kopp kaffi, varma seg litt middag for så og setta seg i sofaen, og nyta roen og freden..

Det va balsam for ei sliten sjel idag.. Itte å ha snodd seg rundtomkringfallera, på veier som ikkje akkurat e laga for lastebilen..

Eg hadde ein privatlevering så ikkje akkurat va rett ved siden av hovedvegen idag.. Meir så langt ifra som man kunne komma, hverken meir eller mindre.. Eg har ikkje nåke imot å levera privatleveringar te kunder eg, men av og te så føles det så inni granskauen meiningslaust.. At eg med ein lastebil som e 10 m lang og 2,55 brei, ska kjøra heim ei eska på ein halv kg..

Dei fleste får sort sett varene sine i “My Pack” systemet våras, og hente det sjøl på nærmaste butikk som har ett “Pick up Point” ..

 

Men.. Nåken tviholde på å få det heilt heim, te min store fortvilelse innimellom.. Eg hadde vært hos denna karen ein gang før, med akkurat lika mye, eller lite.. Eg prøvde å få avtalt om eg kunne få levera det på butikken, den gangen og.. Men sjølsagt ville han helst ha den heim.. Han kunne ikkje kjøra dei 8-9 km ut te hovedveien for å treffa meg heller..

Det va visst tomt batteri på bilen hans.. Ein veteranbil..

Eg tenkte at det va jo beleiligt, men sa jo sjølsagt ingenting om det.. Her va det bare å væra smørblid og gjør som kunden forlangte.. Han hadde jo tross alt betalt for å få den heim.. Og jobben min va jo å kjøra den te der han bor.. Så når eg såg at den private eg hadde innover på rutå mi idag, va te samme fyren.. Kan eg vel ikkje akkurat sei at jubelen stod i taket..

 

Han hadde til og med laga ein veibeskrivelse fra ein aen verden, for at eg sko finna fram.. Og ikkje minst presisert at han bare kunne nås på mail.. Då han ikkje hadde telefon akkurat nå..

 

Eg leste på ein måte mellom linjene, at detta betydde karen helst ville ha meg te å kjøra det heilt heim te han, idag og.. Han huska sannsynligvis min nokså falske blidhet sist gang eg leverte.. Eg kan ikkje nåke for det, men når eg får negativ respons på sånne forespørslar.. Så kan eg fort enda opp med å bli litt for blid..

Såpassa blid at det muligens ikkje e så vanskelig å lesa meg som ei åpen bok, når eg lar sarkasmen og ironi få fritt utløp mens eg levere..

  • Ka ska man liksom sei når kunden lura på om eg har kjørt den svære bilen, på dei smale veiene ut her te.. Sjølsagt har eg jo det, trudde han at eg slo ut vingene ved hovedvegen og fløy dei 8-9 km ut te han, kanskje.. Eller når han va overraska øve at eg fant fram, og seie han nesten hadde glemt ut heile pakken.. Mens veibeskrivelsen han hadde skrevet, vå nåke av det mest detaljerta eg hadde lest på lenge.. Og det lyste gjennom at han heilt klart hadde forventa å få denna pakken tidligare..

 

Det hadde nærmast vært godt gjort å ikkje funnet fram.. Forresten så hadde eg vært der før.. Eg trur han forstod det.. For eg trengte ikkje vær så blid idag, bare ganske kort..

 

Men det gikk nå greit.. 40 minutt ittepå va eg tebake på hovedveien igjen, ikkje akkurat den eskå eg tjente mest penger på idag, men det e viktig at kunden e fornøyd.. Så får eg bare satsa på at det e ei stund te han trenge nåke meir.. For det e nok av andre som sitte heima i ferien, og bestille varer på nettet.. Det e ikkje måte på ka og kor mye privat som går ut med lastebilen, kvar dag..

Nå e me liksom inne i trampoline sesongen.. Det går unna som bare det for tiden.. Og badebasseng, sånne enorme som sikkert tar ett halvt år og fylla opp..

Her ein dagen leverte eg til og med ett oppblåsbart mobilt boblebad.. Det e det galnaste vettu.. Men sikker ufattelig praktisk.. Då kan man jo ha Yakuzi’en med seg på hyttå, til og med.. Eller om man e lei av å ha det på terrassen, så kan man flytta det ner på plenen f.eks.. Eller ta det med seg på strandå, gjerna.. Heilt ufattelig nesten..

Jaja, det e sikkert kjekke greier.. E vel bare eg som e misunnelig sikkert..

 

Men.. Hverken Kånå eller Kidsa va heima idag, når eg va ferdig på jobb.. Så eg har nytt litt ro og fred for meg sjøl, mens eg satt her å hamra laus på tastaturet.. Dab radioen våras stod og lavmælt fylte stuå med musikk.. Eg kjente virkelig ein slags indre ro, når Miley Cyrus sin Malibu smaug seg gjennom stuå og opp i sofaen.. Og masserte øyregangane mjukt..

Og heilt forferdelig har jo ikkje dagen på jobb vært.. Det va jo ein nydelig tur i fantastisk natur..

Og nå har Kånå kommen heim, hinta opp te fleire ganger om eg ikkje snart ska mala og endelig bestemt seg for ka nattbordlamper hu ska ha.. Tjera vena meg.. Det har nærmast vært ein føljetong på lengde med Glamour.. Fram og tebake, opp og ner.. Men nå e det settla.. Lampene e bestemt..

Så eg får vel bare gå ut og mala eg då.. Ha ein flott torsdag Folkens..

=D