Ballongen – Ein spøk Som gikk Lukst i Dass …

 

Ein god gammal liten story fra Bodens lille store arkiv igjen …

Fra den gangen eg forsøkte meg på ein practical joke på Kånå.

Gjerna ikkje hundre prosent vellykka, men gu kor morosamt … .. .

Ballongen …

 

Eg har havna i Bodå igjen ikveld, og det va på ein måte Svigerfar sin feil.. Jaja, ikkje heilt sånn direkte då, men ivertfall kan det ikkje seiast anna enn at han sterkt indirekte va involvert.. For Svigerfar e ein liten skoiar, ein kar som sette pris på litt humor i hverdagen..

 

Og her for ei stund siå, kviskra han ein rett og slett genial “Practical Joke” inn i øyra mitt..

 

Eit så inni granskauen utspekulert plott, som eg ikkje klarte å legga i fra meg.. Og idag bød muligheten seg for å setta denna planen, ut i verden.. For detta va ikkje bare nåke eg kunne setta igang med, heilt sånn uten videre.. Forholdene måtte ligge te rette for det, visse forutsetningar måtte innfris og Kånå va nødt te å seg ett bad..

 

Og itte Kånå hadde henta Eldstemann ikveld, ymta hu frampå om at hu rett og slett tok seg ein tur i karet..

 

Eg kom ikkje på det heilt med ein gang, men plutselig slo det inn for fulle mugger.. Forholdene va perfekt, forutsetningane va innfridd og Kånå sko ta seg ett bad.. Nåken minuttar itte hu hadde gått på badet, lista eg meg ner trappå, stille som kjettå..

 

Eg hadde funnet fram det eg trengte, og gjorde meg klar for denna i utgangspunktet strålande planen..

 

Den som Svigerfar allerede hadde utført på Svigermor, når hu tok seg ett bad.. Der han hadde lurt seg bort te dørå, itte hu hadde hoppa i badekaret.. For så å blåsa opp ein ballong, før han lirka dørå musestille opp og slapp ballongen laus inn på badet.. Resten kan dåkke jo tenka dåkke..

 

Heldigvis har Svigerfar og ei Bod, eller ei Bu.. “BesseBuå” ..

 

Alle vanntette planer har som regel eit svakt punkt.. Min va ei låst dør.. Kånå gjør ofta det, og eg har absolutt ingen problem med å forstå hu der.. At hu låse dørå.. For ska Kånå få seg litt tid for seg sjøl, e hu nok pukka nødt te å gjør akkurat det.. Hvis ikkje kan det fort komma ein klåfingra froskemann inn på badet, eller ein flokk spinnville ungar.. 

 

Derfor va detta ett hinder eg forsåvidt hadde forutsett.. Problemet va at eg ikkje hadde testa min teori i praksis..

 

Der Svigerfar følsomt hadde lirka opp dørå, og lurt inn ballongen.. Der tok eg å skjøv ballongen inn under dørå, kobla den te den pumpå me bruka på luftmadrassen.. Og eg hadde lada beltet med ett lite skrujern, te å lirka ballongen av pumpe tuten..

 

Så langt hadde alt gått knirkfritt..

 

Men alt eg styra på med av goe planar, har stort sett potensiale te å gå lukst te helsikke.. Mang ein gang gjenfortalt her inne på Bloggen.. Så også denna gangen..

 

Eg begynte så stille eg kunne å pumpa på fotpumpå.. Både for å ikkje vekka dei to små, som har rom lika ved..

 

Og forsåvidt for at Kånå ikkje sko ana ugler i mosen.. Men det høyrtes ut som om hu styrte på med hårvasken, dermed va nok kysten klar..

 

Herifra og ut, så skar alt seg.. Kraftigt..

 

Enten så hadde eg funnet fram ein råten ballong, eller så pumpa eg for mye luft inn i den.. For skrujernet som sko lirka ballongen av tuten, det fikk eg aldri brukt..

 

Ballongen sprakk med ett helsikkes smell.. Og Kånå skreik te så veggane rista..

 

Eg skvatt fader meg sånn av ballongsmellet at rognpåsen vrengte seg, eg hoppa ein halv meter bakover og skalla hovudet i vaskeromsdørå, med ett smell..

 

Dei 2 minste bråvåkna og satte i å gråta.. Dørå blei reven opp av ei mildt sagt illsint Kåna, med bare ett vått håndkle rundt seg, fulla håret i shampoo og ett blikk som kunne drept på 1900 meter..

 

Eg lå på gulvet å klødde meg i bakhovudet, mens eg tenkte at det va godt eg hadde fått rydda i Bodå.. For sånn som detta hadde utvikla seg, va det heilt klart ingen vei utenom..

Ein absolutt strålande plan, sabotert av meg sjøl..

Eg tenkte ei litå stund på om eg sko prøva å fortella ka som egentlig sko ha skjedd, men fant kjapt ut at det sannsynligvis ikkje ville setta meg i nåke bedre lys..

 

Av og te, så lura eg fanken meg på ka du tenke med.. Freste Kånå, før hu jogga inn for å roa kidsa.. 

 

Eg lurte forsåvidt litt på det sjøl, mens eg tenkte på å legga kortå på bordet å skylda på Svigerfar.. Før eg tok meg i det.. Ein vaske ekta spøkefugl røpe ikkje sine kilder, sjøl om man går på ein smell..

Det e som sagt forskjell på å vær toskjen og idiot..

 

Men.. Der igjen.. Nå hadde eg gjerna vært begge deler, på ein gang .. Sånn strengt tatt..

 

Jaja.. Man får sjå på det positiva oppe i det heila.. Nå kan det forsåvidt bare gå oppover, mot helgå.. Om eg slippe ut før den e over da..

 

Og ka va det… Va det ein edderkopp så kravla borte i hjørna med haga slangen, mon tro..??

 

Grøss og gru….

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg