Ballespark, Kånå og Dronning Maud puddingen te hu Farmor…

julekort-2016
Eg fant ikkje nåke bilde så liksom illustrerte akkurat det så står i teksten, så då la eg bare inn Julakortet våras for i år… =D

 

Det nærma seg jul med store skritt når kalenderane har blitt spretta, adventslysene har blitt fyrt opp og Kånå har gått inn i ein sånn trance lignande julemodus..

Det e ivertfall ikkje langt ifra at det kan vær ein fullgod beskrivelse, av Kånå sin glede øve jul og alt så følge med.. Eg derimot, har nok vært ein smule meir avbalansert te heila greiå med jul.. Det e ikkje det at eg ikkje gleda meg, for all del..

Men itte 12 år som distribusjons sjåfør i Haugesund sentrum fra ’95 te ’07, med juladekorasjoner, julamusikk og nissefigurar i alle former øve alt. Mens man kjørte villmann gjennom gatene for å få levert varene te butikkane, varer som de helste sko hatt for 2 uker siden..

Så e det gjerna ikkje nåke overraskelse at eg som oftast va i overkant metta av jul, lenge før juleaftå..

 

Det va liksom ikkje nåke pusterom og få heller, når man kjørte sentrum i julå. Man kjørte 20m så stopp og levera, 20-30 m te så stopp og levera, mens man brøyta seg vei gjennom folkahavet av julahandlande mennesker..

Så trengte seg fram overalt, som ein fryktinngytande flokk med zombier..

Innimellom fekk man seg ein “langtur” øve Risøybruå og inn på Aibel og rakk 10 inn og utpust.. Og fekk tuta når eg passerte vinduet te svigerfar, og såg at bowlingkulå blei bytta ut med to smått forvirra auger øve ein streng bart..

“Så spratt ut av “jobbsøvnens” umistelige favn..

Det tok ei stund før svigerfar huska kossen lastebilen min såg ut, sjøl om an va “bittelitt” profilert, på ein måte..

Det sto jo Linjegods meir eller mindre rundtomkring heile bilen..

 

Jaja, ein liten digresjon der.. Men denna avmaktslause følelsen for julå, den kom seg litt når eg slutta å kjøra sentrum.. Og ikkje fekk detta eviga julamaset trødd i trynet gjennom heile arbeidsdagen.. Men heller litt meir periodevis, alt itte ka ruta eg kjørte..

Men julastresset fra dei 12 årå satt godt igjen i kropp og sjel, sånne høgt traumatiske inntrykk påført øve lang tid e vanskelige å bli kvitt i ein håndvending..

Altså, eg e jo oppvokst i ein heim kor me omfavna julå, og storkoste oss i akkurat denna høgtiå.. Og eg har masse gode minner fra allsang med familien, besteforeldre og onklar og tanter mens me valsa rundt julatreet og alt det så følge med julå..

“Så det e ikkje det at eg ikkje lika jul, det har vel heller vært meir at eg blei ein smule lei av alt hurlumheien rundt..

 

Men så traff eg Kånå.. Så va i stikk motsatt ende av skalaen, av det å gleda seg te jul.. Det tok jo heilt av når hu sko pynta te jul, i første leiligheten me kjøpte sammen.

Man måtte formeligt slåss seg både inn og ut av stuå, gjennom jungelen av julapynt..

Og i årå som har følgt etter det, har eg opplevd mangt og mye sammen med Kånå.. Som har fått denna avmaktslausheten te å forsvinna inn i skyggenes dal, og latt julå komma fram på sin rettvise måte igjen..

For å ikkje glemma alle slags små hverdagsøyeblikk, så bare i seg sjøl har slått ein spiker inn i denna avmaktsfølelsen. Og nærmast tvunget meg te å tenka annerledes på kor kjekk førjulstiå e..

 

F.eks når man på ett kjøpesenter før jul, ende opp i fosterstilling på gulvet. Fordi man trudde at 3 års trasset bare va nåke andre foreldre sleit med..

Sånn at man i god tro bøyde seg pedagogisk korrekt ner i kneståande, for å irettesetta sin mildt sagt infernalsk sinte sønn.. Så ikkje har tenkt å venta te jul, for å sjå om han får det han ønske seg, men heller vil ha det nå..

“Då fortelle man barnet i roligt og beherska tonefall, at nå får poden bare vær stille og venta te juleaftå..

Så ende Fatter’n opp med ett realt ballespark, så Bjelleklang ule over heila senteret.. Og huske for evigt og alltid at man aldri, ALDRI blottlegge seg sånn for ett kruttsint barn igjen.. Pedagogisk korrekt liksom, joda..

 

Eller den gangen Kånå hadde store planer om kossen åpning av pakker sko foregå, med fint opplesning av kim, ka og kor så alle huska og fekk med seg ka man fekk av kim og koffår, og lignande..

Sånn at det blei ei skikkelig koselig jul, med rolig oppakking av gaver, litt lett applaus og tusen takk i opp og mente..

Men… Så i stedet ente opp med tidenes gaveoppakking kalas, kor gaver føyk i hytt og pine, Flokken gjekk nærmast amok og Mini’en ei litå stund va “missing in action” men heldigvis blei funnen oppi ein pose med brukt julapapir.. Gudskjelov…

 

Og for all del.. Eg kan jo ikkje komma foruten den julå når mor mi tok ein trippel salto med skru, når hu bar inn Dronning Maud puddingen te kaffien..

“Tjera vena meg, og himmelens hærskare…

Hu kom seilande inn i stuå med ei pudding skål i kvar hånd, men hekta foten fast i ein julapakke tråd så låg på golvet..

Gjekk inn i ein spinn og mista balansen, så Dronning Maud pudding skålene fauk te værs.. Mens hu mor gjekk ner med flagget te topps..

Heldigvis landa skålene på nåke mjukt og rett vei så desserten va redda.. Ja, begge to.. Den eina oppe i eskå vår med sengatøy me fikk te jul, og den andra på ett pledd..

Men hu mor stakkar, hu endte opp med ei forslått kneskål og gjekk resten av kvelden på krykker..

 

Lika itte denna episoden, altså på samma juleaftå.. Og ganske så sikkert fordi hu va mildt sagt forskrekka øve piruetten te hu Farmor, så tok jaggu meg Litlajentå ett svalestup og..

“Og besvimte rett foran nasen for oss..

Heldigvis så kom hu seg fort itte sjokket, både Litlajentå og hu Farmor.. Ein ting e ivertfall heilt sikkert, det blir stort sett livligt kor enn me feire jul.. Av ein eller anna merkelig grunn…

 

Så nå… Itte at eg å Kånå har vært sammen i sikkert 14-15 år, sånn ca.. 4 galne ungar har me fått sammen, og mange juleafter har me feirt ilag..

Så kjenne eg nesten at julastemningå e på vei, altså..

Hjølpe meg.. All avmaktsfølelse for jul e nærmast forsvunnen, og i år har eg til og med kjøpt litt lys te å pynta huset.. Det e det galnaste vettu..

“Så blir det jaggu meg snart jul i år og… Vil eg tru…

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg