Lebestiften …

Kjørte forbi ei dama idag som va meget opptatt med å ta lebestift på seg i bilen, midt i ein sving nede i Industrigatå, mens hu kikka iherdig opp i sladrespeilet … Normalt, så pleie eg gjerna å rista på hovudet, irritera meg ei litå stund øve idiotien før det stort sett blir glemt …

Men, siden denna damå nettopp hadde kjørt forbi idrettsbarnehagen, kor eg ofta må stoppa for å slippa ein gjeng ellevillt turklare barnehagebarn over gatå, så gikk det ein liten djevel i meg …

Så … Eg tok å trykka på hornet i lastebilen, dama spratt i taket og ein fin rød strek blei tegna opp mot øyra … Eg har nemlig to effektive kompressorhorn på taket, som forsåvidt laga “litt” lyd, når eg trykka på hornet …

Eg vett ikkje, kanskje blei hu sint og forbante den forbaska tosken som tuta på hu …

Men … Som han galningen fra Odda sa i Fjorden Cowboys, når de reiste te Shetland uten gps te sjø, men tross alt hadde ein globus med seg …

Det e forskjell på å vær toskjen og idiot, sånn egentlig …

Eller ??

🙊🙊🙊😇😇😇

Hovudverket, eg og eit Monster i gangen …

 

 

Kånå, hu e sur som ei potta idag, på grunn av meg, som sikkert ikkje kom som ei bomba … Eg vakna i halv fira tiå inatt med eit dundrande hovudverk, ett slikt ett som nærmast kan driva deg hinsides all fornuft, og får deg te å gjør totalt irrasjonelle ting … 

 

Som f.eks å leita febrilsk rundtomkringfallera i heila huset, på jakt itte nåke smertestillande, mens man trur man e ekstremt diskre … 

 

Nåke eg forsåvidt fant ut at eg heilt klart ikkje hadde vært når eg søvndrukken, men i hvert fall kvitt hovudverket satt sånn ca omtrent lykkelig i lastebilskapet å drakk ein kopp kaffi, i dag morgens … 

 

” For då tikka det inn ei stram melding fra Kånå, som på sjeldent vis ikkje la to fingrar imellom, for ka hu meinte om mi romstering i heimen, i natt … 

 

Eg ska ikkje gjenta ordrett ka hu skreiv, men Kånå har som Hans Morten Hansen proklamere i Ikea nummeret sitt, ett meget godt ordforråd. Kånå kan og mange tusen ord, det kan eg forsåvidt skriva under på, uten å tenka meg om … 

 

Men, i motsetning te Hans Morten Hansen e det ikkje Ikea som gjør at Kånå finne det heilt kurant og nærmast påkrevd, å ty te småstygge forsvergelser …

Det e det tydeligvis eg som gjør … 

 

For som nevnt, vakna eg klokkå halv fira inatt og hadde ett “mildt” migrene anfall fra ein anna verden, som endte opp med at eg lå å vrei meg i smerte i sengå. Allerede her, med tanke på at Kånå nærmast e som Prinsesså på ertå når hu sove, har eg nok påkalt meg vreden te mørkests Fyrsterinne … 

 

” Når alle gode triks va brukt opp i forsøket på å sova det av meg, fant eg ut at det bare va te å bita i det sura eplet, stå opp og finna smertestillande … 

 

Det va enklare sagt enn gjort for sjølsagt når man trenge slike ting som verst, då e det ikkje å oppdriva eit einaste sted i heimen. Kjøkkenskapet, baderomskapet og alle andre steder me har slikt liggande, der fantes det ikkje så mye som ett spor av nåke som kunne hjelpa meg ut av denna knipå … 

 

Akkurat her, så gjorde eg nok tabbe nummer to om man tar med “vri og venda på seg forsøket”, i å bli kvitt hovudverket ..  

 

For eg fikk ein strålande plan føre meg, om at hvis eg bare blei distrahert i stor nok grad, så kunne det jo vær eg glemte hovudverket, og tenkte på nåke heilt anna. Så eg krøyp opp i loppekasså igjen og la meg tett innte Kånå, sånn skikkelig “spooning” liksom, og tok ett grepa tak i nåke eg tenkte kunne vær sterkt avledande, i så hende … 

 

” Tre ting skjedde nå i rask rekkefølge. Handå mi blei reven vekk fra distraksjonspunktet mitt med lynets hastighet, før ein albue lika raskt sank langt inn i solar plexus … 

 

Før Kånå fresande “kviskra” at nå va det **** meg nok, og at eg for ******* fikk la vær å vekka hu sånn som detta, midt på nattå. Nå … Så hadde eg ikkje bare ett forferdelig hovudverk, men va også tom for luft mens eg gispande konkluderte med at magaregionen va i fullt opprør, itte ein trøkk seksten av sjeldent kaliber … 

 

Eg ramla nåke fortumla ut av sengå og gikk nåke forkrøpla ut i gangen og tråkka på bilnøklane som av ein eller anna idiotisk årsak, lå midt på gulvet der … 

 

Eg kvelte ett skingrande smertehyl med den ein neven, men beit den nesten te blods i iveren itte å ikkje forstyrra Lucifers Ypperstepresterinne inne på soverommet, mens eg kom på at det kanskje lå ein pakke tabletter i hanskerommet te bilen. Det e merksnodig ka man plutselig kan erindra, under dei rette omstendighetane, på ein måte … 

 

” Eg hinka krokbøyd ut på badet for å ta på meg ei buksa, men presterte å skli på teppet der inne, å ramla med ryggen lukst i det nya dasslokket … 

Stjernar dansa øve netthinnå og neve nummer to blei bitt te blods … 

 

Eg lista meg i den grad det e mulig, med ein skadeskutt fot, ein mildt skeiv rygg og fortsatt med lite luftsirkulasjon i lungene, ut i gangen. Dørå blei lirka opp og eg gikk som Ringeren fra Notre Damme bort te bilen, men fant sjølsagt ikkje smertestillande tabletter der heller … 

 

Tjera vena meg … Aldri før, har eg trengt nåke meir enn akkurat der og då, men vært så langt fra å finna det … 

 

Eg gjorde kanossagang og satte kursen inn dørå igjen, og skimta at ein slags liten skygge fulgte med meg inn i gangen der nede på gulvet, lika ved mine barføtte bein … Gudhjølpe meg og Herrens trofaste Hærskare … Ka i svarte salte bananer va det der !!?? … Ligna ikkje det skrekkelig på ein edderkopp, ein Sambadansande Brasiliansk Vandreedderkopp !!?

 

” Eg stivna te i skrekk på sekundet og livet passerte i revy foran netthinnå, mens eg tenkte som Fleksnes … – Jaja, dett var dett …

 

Så gjorde “edderkoppen” ett hopp fremover og ett lydlaust skrekkhyl skingra ut av kjeften på meg, all viljestyrke som va igjen blei brukt for å holda lydnivået på null. Enten så ville eg bli drept av krapylet på gulvet, eller så ville porten fra mørkets nederste dyp åpna seg og sjølve “kvinnen med Ljåen” storma ut av soverommet, og ta meg av dage … Ingen av de frista nevneverdig … 

 

Eg stod som forsteina å kikka på “edderkoppen”, som forsåvidt begynte å minna meir om ein liten frosk, itte som augene begynte å venna seg te mørket, ute i gangen … 

 

Eg bøyde meg ytterst forsiktig ned for å ta skapningen nærmere i augesyn, og joda, jaggu meg så va det bare ein bitte liten frosk eller padda, som hadde lurt seg inn dørå når eg lista meg inn. Eg pusta letta ut, øve at eg hverken ville døy av ein blodtørstig aggressiv Brasiliansk Vandreedderkopp, eller “Kvinnen med Ljåen” … 

 

” Så, eg plukka opp det stakkars amfibiedyret, som sikkert va lika skremt som meg, åpna dørå å slengte den ut i frihet før eg nappa dørå te meg og hinka innover i gangen … 

KABOOOM … Sa det, når dørå slo igjen med ett smell … Herreguuuud … 

Eg hadde nettopp gjort det me iherdig forsøke å få Flokken unisont te å slutta med. Nemlig det å bare nappa dørå igjen, istedet for å lukka den forsiktig … 

 

Nå gikk ting så meget raskare enn det nåken gang har gjort før, når eg har tråkka i salaten, med begge beinå… Eg treiv te meg nøklane te varebilen som hang rett foran meg, i det åpna nøkkleskapet, kor personbilnøklane sikkert hadde ramla ut av og maltraktert foten min … Så spratt eg oppi ett par ledige sko, spurta ut dørå klokkå fem på fira inatt og kjørte ned te den døgnåpne Shell stasjonen, kor eg kjøpte hovudtablettar og ei flaska vann.

 

Eg tok nåken tabletter med solskinn før eg kjørte heim igjen, parkerte bilen å gikk lukst inn i Bodå. Liggeunderlaget blei lagt ut og eg krøyp stille inn i soveposen, mens eg lykkelig kjente smertene som herja i ett medtatt legemet, sakte forsvant ut av kroppen omtrent i samme øyeblikk som eg seig inn i søvnens mjuke favn … 

 

Jøje meg, altså og gudbevare meg vel, for ein fantastisk følelse, når ein skallebank av sjeldent kaliber slippe taket … 

 

Alt det andra … Det får me bruka dagen på å ordna opp i, vil eg tru … Goe tirsdagen, Folkens … Det e tirsdag … !!! 👌👍

 

Og te mi kjæra Kåna, og for det det e verdt … Unnskyld … ❤❤

 

 

 

Familien Vandrende Kaos på Ferie – Hemsen …

 

Me har vært her på Ramton Camping i snart ei uka nå, programmet har vært tett og det har blitt lite tid te epistler fra ferielivet. Men, det e vel gjerna på tide å tørka litt støv av tastaturet. Kånå og Småtrollene har ikkje hatt noen vansker med å forstå min, Eldstemann og Han i Midten’s høge lovprisninger, øve Ramton Camping. Her kor me har tilbringt den sista ukå av ferien våras. Alt har levert te tjue i stil, og kanskje litt te, der strand, leilighet og fasiliteter virkelig har levert varene. Legge man te ett fabelaktig sumarvær, som nærmast slo knock-out på syden, så har man heilt klart formelen te suksess … 

 

Me våkna te tjueseks grader den dagen me reiste fra Flekkerøya, ein temperatur som jevnt og trutt steig, etterhvert som me forflytta oss nordover. Trettito grader stod det i bilen, når me svingte av vegen og inn på Ramton Camping … 

 

Det va nett som første gangen eg opplevde syden, når me gikk ut av bilen og inn ein vegg av varme, nett som på Rhodos i 2004. Kor eg gispande forsøkte å pusta når eg forlot flyet, og møtte ein grautvegg av sjeldent kaliber, slå imot meg ned flytrappå. Ein anna sammenligning eg må dra fra den turen, siden me ikkje fikk Air-Condition anlegget te å funka førsta nattå, det må vær følelsen av å sova inni ein komfyr. Me hadde ikkje heilt oversikten over kossen sengeplassene va fordelt, her i leiligheten, men fant raskt ut at det va ei køyseng inne på soverommet med dobbeltseng nede. Og oppe på hemsen, der va det to senger …

 

” Trappå opp te hemsen gikk lukst te himmels, så sjøl om Litlajentå hadde svært lyst te å sova der oppe, så blei det eg og Han i Midten som drog det kortaste strået …

 

Kånå turte ikkje å lå Litlajentå sove på hemsen, med den bratte trappå opp, og kommanderte både meg og Han i Midten te å rigga oss te der oppe. Strengt talt, så tenkte eg ikkje nåke særlig over det, før kvelden kom, og eg va på vei opp himmeltrappen te hemsen. Men, den lille turen opp trappå, den føltes nesten som kjøreturen opp te Ramton fra Flekkerøya, der temperaturen steig for kvart trappetrinn. Åtte graders forskjell blei te åtti og allerede på øverste trinnet, rant svetten fra pannen og Fatter’n begynte å svimla. Nå ska det seiast at eg på toppen av edderkoppfobien min, lide av lett høydeskrekk og ein smule klaustrofobi … 

 

Men, alt av fobier blei trumfa av ønsket om litt lett gjennomtrekk, slik at i hvert fall litt luft blei bytta ut der oppe, så vinduene ut mot edderkoppbefengte møner, dei blei åpna på vidt gap … 

 

Eg va meir engstelig for å forgå av varme der oppe på hemsen, enn å bli spist av ein nåke øve middels stor norsk husedderkopp. Alikavel, så blei det smått med søvn den førsta nattå, der eg lå å høyrte itte kravlende ufyselige vesen og gispa itte frisk luft. Kånå klaga seg lika mye øve den trykkande varmen nede på deiras soverom, så eg tenkte at det va vel forsåvidt likt for alle, i detta hete syden været. Litlajentå sko te å sei nåke når Kånå samtykkende sa seg enige, når eg klaga min fulle hyre øve varmen mens me spiste frokost, men blei kjapt avbrutt av Kånå. Kånå sendte jentå ett merksnodig blikk, når Litlajentå sko te å dra det videre …

 

” Men plutselig så va det som om Litlajentå tok hintet av ett eller anna, og tidde stille, som om de nettopp hadde hatt ein slags telepatisk forbindelse. Og blitt enige om å la det ligga … 

 

Eg tenkte forsåvidt ikkje nåke særlig øve denna hendelsen heller, før eg itte to-tre netter oppe i detta ulidelig varme helsikke, sko inn å synga litt te Mini’en før han sko sova. Kånå og Litlajentå va gått for å kasta bosset og kikka seg litt om, så Mini’en måtte ta te takke med Fatter’n, som nattasang vokalist. Eg tenkte det va best å kasta t-shortå, før eg rusla inn i steikeovnen, for å synga for fjotten. Ellers så ville eg vel nærmast få heteslag itte to vers. Men … Når eg rusla inn på rommet kor Kånå, Mini’en og Litlajentå sov, og la meg ned ved siden av Mini’en for å synga. Så forstod eg jo kjapt koffår Kånå hadde stoppa Litlajentå, i å gjerna avsløra heile hemmeligheten deiras … 

 

For det den varmen oppe på hemsen, den va jo definitivt ikkje å finna her inne, ikkje i nærleiken eingang. Faktisk, så begynte eg forsåvidt å frysa litt, der eg lå og sang i bare overkroppen … 

 

Her e det jo ikkje så steikje varmt her jo !? Seie eg, nåke overraska te Mini’en. – Ånei. Svara Mini’en, før han la te. – Mamma lukka opp vinduet førsta nattå, å då blei det masse mindre varmt, altså. Jasså ja, tenkte eg for meg sjøl. Det va derfor de liksom hadde hatt detta lilla øyeblikket seg imellom. Kånå og Litlajentå. Det kom jo frem fra Mini’en, at de hadde ledd litt sånn innbyrdes første kvelden, når me klaga oss ihjel øve varmen oppe på hemsen. Der dei hadde åpna vinduet og kjapt fått ein kjølig trekk, gjennom rommet, fordi terrassedørå stod litt oppe. Så, når Kånå og Litlajentå kom tebake fra spaserturen, og eg fortsatt lå inne sammen med Mini’en … 

 

” Så sa eg te Mini’en, når jentene kom inn dørå. – Hjølpe meg altså, kor varmt det e her inne. Og Mini’en svara akkurat som eg hadde forutsett. – Jammen nei, Pappa. Det e jo ikkje så varmt her inne, som dåkke har det der oppe … 

 

Eg kunne formelig både høyra og sjå føre meg, kossen dei to utspekulerte hønene, gjerna delte ett blikk der ute i gangen. Mens de forsåvidt forstod at de va avslørt … 

Og når eg kom ut i stugo itte at Mini’en hadde slokna … 

Så satt de i kvar sitt hjørna i sofaen, og gjorde som ingenting, før de te slutt måtte snu seg å kikka på meg. Der eg stod med ett strengt blikk og armane i hoftefesta, og kikka vekslevis på løgnhalsane … 

 

Jaja … Heldigvis, så sank tempen litt den fjerde nattå, slik at både eg og Han i Midten, klarte å få sova på normalt vis. Uten å stå opp om morgenen, for å vri og henga opp to søkkvåte laken og dynetrekk … 

 

Typisk kvinnfolk, altså … Ska ikkje dela på nåkenting, vettu … Sjøl ikkje litt avkjølande gjennomtrekk, i tropevarmen … 

 

 

Men utsikten om morgenen, den kan jaggu meg ingen ta fra oss, om morgenen … Der oppe på Hemsen …